Reklame9_kindervsguns

Retorisk analyse

Denne oppgåva gjekk ut på å gjere ei retorisk analyse av eit bilde allment tilgjengelig. Vi valte eit reklamebilde for organisasjonen “Moms Demand Action”. Grunnen til at vi valte dette bildet, var at det er eit sterkt bilde som får fram kjensler og skapar diskusjon om notida sine lover og reglar.

Reklame9_kindervsguns

Denotasjon
I bildet ser vi to barn i midten av bildet, eine med eit kinderegg og andre med eit våpen. Ein kan sjå at dei er i eit klasserom med tanke på pultane og tavla i bakgrunnen. Det er litt tekst på bildet og ein logo.

Konnotasjon
Om vi konnoterer bildet kan vi sjå at det er ein asiatisk gut som held et kinderegg og ei kvit jente som held eit gevær. Dette kan vere et spill på at det er guten som oftast held våpenet og at dei har bytta kjønnsroller. Begge barna er alvorlige og har et seriøst ansiktsuttrykk. Dei står inne i eit klasserom, som er ein normal kvardagssituasjon for desse barna. Det gir oss også et inntrykk av kor gamle dei er siden vi kan sjå noko av det som heng på veggen og som står på tavla. Det sei oss at dei mest sannsynlig fortsatt går på barneskulen og ikkje burde halde så store våpen, men det går helt greit at de held eit kinderegg. Da kan vi sjå på teksten og logoen som står på bildet og kople dei saman. “Ein av disse tinga er ulovlig i Amerika for å verne barn, gjett kvifor ein.” Da vil vi tro at maskingeværet er ulovlig, men så står det. “Vi sel ikkje Kinder-egg fordi barna skal vere trygge, kvifor sel vi da våpen.” Deretter ser vi at det er ein logo til organisasjonen “Moms demand action” som mest sannsynleg er ein organisasjon som skal verne om barn. Vi ser også at raudfargen på t-skjorta til guten blir henta opp igjen i den raude fargen på skriften.

Dokumentarisk effekt
Bildet har ei dokumentarisk effekt fordi den representera noko. Det representera korleis reglane i Amerika er, og kor merkeleg det er at noko så uskyldig som kinderegg ikkje er lovleg, medan våpen er mogleg å få fatt i for alle og ein kvar.

Mimesis
Mimesis går på å framstille noko som kunne vore verkelig. I dette bildet ser vi då på sannheita bildet viser til, om korleis det faktisk er i Amerika, og forskjellane mellom det ulovlige og lovlige, som for mange er heilt snudd på hovudet. Noko av det første ein kan få ut av bildet, med tanke på våpenet jenta held og at ho er i eit klasserom, er skulemasaker. Opp gjennom åra har det vore utallige brutale skyteepisodar på skuler rundt om i verden, der enten elevar eller utanforståande drep barn med våpen. Ein kan tenke seg til at dette er noe “Moms Demand Action” spiller på bevist.

Nærvær
Dette er eit bilde, reklame, som kanskje ikkje er så nært, eller appellera, like godt til oss her i Norge som folk i Amerika. Bildet er likevel nært for oss spesielt med tanke på at ein ser ei ung jente med eit gevær som appellera til kjenslene våre, og gjer oss nyfikne. Mange, dei alle fleste, meina at barn og våpen ikkje høyre saman, uansett om vi er fra Norge eller Amerika. Dette bildet er sterkt aleine, det trengs ikkje tekst for at vi skal føle eit nærvær. Det spelar på emosjonar og dei fleste blir påverka av dette bildet, enten om ein har barn sjøl, søsken eller andre barn i familien eller rundt seg generelt.

Retorisk realisme
Bilder kan skape to former for retorisk realisme. Den ene er ikonisk. Det vil si at bildet er realistisk i den forstand at det ligner det som er avbildet, eller har en viss form for virkelighetspreg (…) Den andre formen for retorisk realisme er den indeksikalske. Denne forekommer i bilder som fungerer som ett avtrykk av virkeligheten” (Kjeldsen, 2014, s.283).

Dette handla då om bildet si evne til å framstille røyndomen. I dette tilfellet så fungera bildet som ein del i debatten om våpen og er samfunnskritisk. Det er ein representasjon på mykje vondt innan politikk, og sumerar mykje sjøl om det ikkje blir vist noko direkte konflikt.

Retorisk fortetning
Vi kan si at et bilde har retorisk fortetning når det oppfattes i et umiddelbart nå – nærmest i et øyeblikks eksplosjon av inntrykk og mening” (Kjeldsen, 2014, s.285).

Det handla altså om den umiddelbare oppfatninga mottakaren får av bildet og det som bildet representerar. Det kommer da an på bildet sin eigenskap om å lokke fram kjensler. Dette bildet skapar da et sterkt uttrykk på mange måtar, og mottakar får ein god del ting å ta til seg. For det første ser vi ei lita jente med et våpen, og dette er eit effektivt verkemiddel da barn symbolisera noe uskyldig, medan våpenet er et symbol på makt og krig. Man kan da føle seg nesten ukomfortabel ved første augekast. Deretter har vi guten som held eit kinderegg som skapar ein veldig stor kontrast til kva jenta held. Blikket på disse personane verkar også tomme og veldig seriøse, noko som igjen gjer at ein føler seg bekymra og kanskje engstelig. Her spelar det mykje på folk sine forutbestemte oppfatningar om ting som barn, skule og våpen, og samlar desse til eit visuelt uttrykk som skapar store kontrastar og dermed gjev eit stort inntrykk når ein ser det for første gang.

Konklusjon
Bildet skapar eit veldig sterkt uttrykk og gjev dermed eit sterkt inntrykk. Her er mange retoriske verkemiddel blitt tatt i bruk for å få fram eit bodskap, som til dømes symbolikken, kontrastane, til dels humor, tonen i plakaten, personane som framstillast og måten dei framstillast på.

Kjelder:

Gripsrud J. (2011). Mediekultur, mediesamfunn. Oslo: Universitetsforlaget.

Kjeldsen J. E. (2014). Retorikk i vår tid. Oslo: Spartacus

http://www.buzzmania.no/33-kraftfulle-reklameplakater-som-vil-fa-deg-til-a-stoppe-opp-og-tenke/

https://kdybvik.wordpress.com/fellesemnet/oppsummering-av-pensumtekster/visuell-retorikk/

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>