DESIGN – Fargebruk

Eg har fått i oppgåve å finne eksempel på forskjellige måtar ein brukar fargar innanfor design.

Funksjonelle fargar

oljebilde

 

  • Her har designaren brukt funksjonelle fargar for å få fram produktet sitt. Det er brukt komplementærfargar; blå og oransje. (Fargen er kanskje litt vel gul til å bli kalla oransje i det bildet, men synes det er nok til å vise fram kor godt fargane utheva kvarandre.)

Ikkje funksjonelle fargar

all or nothing

  • Her er det for mykje som skjer, slik at fargane gjer det rotete, MEN alle fargane går saman pga tonen. Fargane i dette bildet kan vere berre til pynt, men med tanke på teksta «all or nothing», kan det vere funksjonelt ved at fargane representerar nettopp det.

For å skape merksemd

mind

  • I denne plakaten er «MIND» meir eit blikkfang, enn dei andre orda, både fordi det er det einaste i bilde med ein sterk farge, og pga størrelsen på skrifta.

unicef

  • Dette er ei reklame for unicef, her har dei brukt blåfarge (som er unicef sin farge). Blått kan ha mange forskjellige betydninga, men i denne samanhengen kan det vise til at unicef er ein profesjonell organisasjon med mykje kunnskap ovanfor emne, og blå kan også stå for til dømes rettferdighet som nok er tenkt på i dette tilfelle.

Skape ei atmosfære

dans

  • Her ser ein, ein balletdansar, men den raude fargen kan gi blide meir ein peikepinn på betydninga av bilde, f.eks. ei historie som kjærleik, som gjev bilde meir ei romantisk atmosfære.

yoga

  • I dette bildet ser vi ei kvinne i ein yoga-positur, dette er eit stemningsbilde der dei får fram ro og varme; fargane fra sola er varme, i gule og oransje tonar, og i stor kontrast mot personen som blir heilt svart pga bakgrunnslyset.

Informere

info

  • Dette er ein gammal reklameplakat om kvinner i arbeid. Her har dei brukt dei tre primærfargane (raud,blå og gul), som er ein måte å gi blikkfang, ved at det er sterke fargar.

star tour

  • Dette er ei annonse fra Star Tour om eit av deira juletilbod. Her har dei brukt raudfargen som er i logoen deira til å framheve det viktigaste i annonsa. Det raude blir ekstra framheva pga den blå bakgrunnen som gir ein stor kontrast. Personleg synes eg ikkje dette er noko bra annonse mtp det raude og blå ilag, men det kan vere fordi eg er ein som ikkje kan tenke meg å reise til eit anna land i juletider, slik at den raude nissehua er, for meg, litt malplassert.

Strukturere

dna

  • Her har eg funne ei framstilling av eit DNA der eg meiner dei har brukt fargane på ein god måte for å strukturere og forklare bildet. MEN eg trur dette bilde kunne vore mykje betre dersom dei til dømes brukte komplementære fargar på «A» og «T», og «C» og «G», og kanskje også på dei to, raud og blå, «søylene» (i mangel på eit betre ord).

periodic table

 

  • Dette er eit bilde av periodesystemet. Her har dei hatt forskjellige fargar på, for å gjere forskjell på dei ulike inndelingane i systemet. Dette er ein god måte å få ei oversikt på, som kanskje også gjer det lettare å hugse?

Lære

Kissmetrics

  • Dette er eit bilde fra Kissmetrics, her har dei brukt blå og oransje som er komplementære fargar for å få godt fram informasjonen i bildet. Det at dei brukar igjen same fargane gjennom heile bildet/dokumentet gjer det strukturert og lett forståelig.

MUST formidling

  • I dette bildet frå MUST, har dei brukt mange tertiærfargar til å dele opp i ulike infoboksar. Ein ser lett kva bilde som høyrer til kva for ein boks, som gjer det godt forståelig.

Eg føler at gjennom denne oppgåva har eg forstått litt meir om bruk av fargar, og
dei forskjellege funksjonane dei kan ha.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>