Critical Analysis of «Red Balloon»

Dette er ein thriller kortfilm laga av Damien Mace og Alexis Wajsbrot. Du kan finne filmen HER.

Denne filmen handlar om Julie (spelt av Rachel Bright) som er barnevakt for ei lita jente, Dorothy. Fleire gangar gjennom natta oppfører Dorothy seg merkelig, og griner på rommet sitt. Kvar gang dette skjer legg Julie ho tilbake i senga og sei at det berre var eitt mareritt, men var det verkeleg det..? Etter dette ringer Julie foreldra til Dorothy og lurer på om ho har hatt problem med å sove i det siste, og fortelje dei at det verkar som om ho er redd den eine dukka på rommet hennar. Etter å ha forklart korleis dukka ser ut, får ho vite at Dorothy aldri har hatt noko slik dukke. Her går Julie for full panikk, og det viser seg at dukka er ein pasient frå eit mentalsjukehus som har rømt.

red balloon

I byrjinga av filmen ser ein utanfor huset der handlinga tek plass. Der er to skilt som gjev oss ei forståing på kvar dette er, som på huset står det «Redford». Det var mørkt og det regna utanfor, dette sett stemninga for filmen. Når vi kom inn i huset blir ein introdusert til Julie, barnevakten. Ho sit i sofaen og snakkar i telefon med ei venninne, og ein kan høyre støy fra tven i bakgrunnen. Etterkvart kan ein høyre grining, Julie legg på telefonen og går opp til Dorothy for å trøste ho. Julie legg Dorothy tilbake i senga si og sei at ho må sove, og at det ikkje er noko å vere redd for.

Julie sett seg tilbake i sofaen og ser på tv. Ho går litt fram og tilbake mellom kanalane, nyheite og det som ser ut til å vere ein skrekkfilm. Medan ho ser på tven for ein sjå litt meir av omgjevnadane, blant anna kan ein sjå eit bilete av Dorothy og ein person til som er skribla over. Og kameraet går så ut av huset og opp til rommet til Dorothy. Når kameraet går ut av huset ser det av og til litt «feil» ut, ved at det kanskje kan sjå litt animert ut. På dette punktet i filmen ser ein at noko startar.

Julie går opp igjen til Dorothy etter å høyre lydar, og legg ho tilbake i senga, for så å gå ned igjen til tven. Kvar gang Julie er oppe på rommet til Dorothy, får vi sjå klipp av ein haug med dukker og bamsar i hjørnet av rommet. På tven kan ein sjå og høyre om ein mentalpasient ved namn Alistair Redford som har rømt. Han har også eit kallenamn «The Essex monster», og det oppfordrast til å vere forsiktig rundt det området. Dette er eit stort hint om kva som eigentleg foregår i filmen.

Julie drøymer, i drøymen ser ho Dorothy stå i enden av sofaen, med den raude ballongen, som tidlegare vart sett oppe på rommet hennar. Når ansiktet til Dorothy plutselig endrar seg og ho hyler, som om ho er besatt av ein demon, er det umogleg å ikkje hoppe i sofaen! Julie vaknar brått, og redd. Eg synest det er bra at denne delen er med i filmen, sjølv om den ikkje har mykje med handlinga å gjere. Denne scena startar på ein måte sjølve skrekk-delen av filmen, og eg likar at det går ganske brått på, med eit jumpscare.

Etter å ha vakna til litt på sofaen, høyrer Julie eit skrik fra rommet til Dorothy. Ho spring opp til ho, og Dorothy peikar på ei kanindukke i hjørnet av rommet sitt. Dorothy verkar redd denne dukka, så Julie ringer til foreldra hennar. Ho spør dei om Dorothy har hatt problem med å sove for tida, og også om denne kanindukka. No får ho vite at Dorothy aldri har hatt noko slik dukke. Julie høyrer at ei dør opnar seg, og får heilt panikk. Julie spring ut av huset, og ringer politiet. Her får vi vite at denne dukka som vi har sett gjentatte gangar er eit hovedfokus, som ein kanskje ikkje har forstått.

Julie står ute i telefon med politiet då ho ser Dorothy i vindauget. Julie må inn igjen for å hjelpe ho. Lyset i huset blir skrudd av, men Julie klarer med hjelp av mobillyset å finne Dorothy i trappa. Vi får sjå den raude ballongen igjen og fleire av dei hinta vi har fått gjennom filmen. Julie prøvar å få Dorothy med seg ut av huset, men «The Essex monster» kjem bak Julie, og tek ho. Dette er endinga på filmen, som knyttar alle hinta gjennom filmen saman.

Kanindukka i filmen er «the bad guy», og vi ser av hinta, som biletet av Dorothy og ein person som er skribla over, av nyheitene som er om ein rømt mentalsjukehuspasient, og av namnet utanfor huset, «Redford», at kanindukka må vere storebroren til Dorothy, Alistair Redford. Eg synest denne filmen er godt laga og har ei oppbygging som gjev ein fin flyt og samanheng gjennom filmen.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>