Semiotisk analyse

Vi har fått i oppgåve å presentere ei kvalitativ semiotisk analyse for klassa på fredag. Vi har blitt delt inn i grupper på fire-fem personar som har jobba saman om dette.

Her er løysinga til gruppa mi!

ODplakat

Vi har brukt eit bilde frå OD-prosjektet 2015. Operasjon Dagsverk er ein solidaritetsaksjon for ungdom. Der ungdom kan bruke ein dag av utdanninga si til å arbeide og gi pengane til ungdom i sør, slik dei kan få utdanning. 

Denotasjon
Dette er det vi ser i bildet. Det er abstrakt, ein ser eit kyss og mykje fargar. Her er litt tekst og ein logo.

Konnotasjon
Det er kva ein forstår ut ifra det ein ser. Det er to personar som kyssar, ein gut og ei jente, det er eit kryss over som kan få oss til å tenke at det kanskje handlar om forboden kjærleik. I tillegg viser logoen til kven plakaten kjeme frå.

Overskrifta “Med lik rett”, kan gi oss eit nytt syn på kva plakaten skal bety, då kan ein tenke seg at alle skal ha rett til å uttrykke kjærleik. Det ser ein også i teksta i plakaten, der det står om akkurat det å skulle ha lov å uttrykke kjærleik.

Ut ifra fargane i plakaten og på personane kan ei tenke seg at dette viser til at det gjelder alle, uansett farge og nasjonalitet, og uansett korleis ein ser ut.

Konklusjon
Vi meiner at alle kan relatere seg til dette bildet, sidan ingen av personane har sterke særtrekk som viser til kven dei er, eller korleis dei ser ut.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>