Analyse av multimedia

Dette er òg ei gruppeoppgåve, med same gruppene som ved forge innlegg, Semiotisk analyse. Her har vi tatt for oss ei Applenettside, med info om Apple Watch.

Klikk på bildet for å gå til linken!

applewatch

Denne sida er svært godt designa, den er både minimalistisk og oversiktleg. Det er brukt lite fargar, noko som får klokka til å stikker seg meir fram. Klokka er altså det ein ser aller først når ein opnar sida, blikkfanget. Sida er ein kombinasjon av statisk og dynamisk, der er vanlig tekst og stillbilder, men også bilder i bevegelse og filmar ein kan klikke seg inn på. Det er ein god balanse mellom bilder og tekst, som gjer det til ei god side.

Websida har blitt laga på ein slik måte at klokka kjem fram på ein positiv måte, og den speilar produktet i den samanheng at den er veldig rein og enkel, som klokka. På sida blir det lagt vekt på at vi alle er forskjellige, og at klokkene kan både ha forskjellige fargar og reimer som kan passe til ein kvar person.

Applesida er oppsatt med overskrifter, brødtekster og fleire lenkjer. På toppen av sida ligg ein meny, der ein kan gå til andre appleprodukt, søke og liknande. Menyen er i svart med kvit skrift, den er tydeleg og minilalistisk, som passar godt inn med sida. Lenkjene på sida går til relaterte sider, som til dømes til meir info om produktet, til sider for meirsalg (accesories, som headphones, lader o.l.) og til filmar.

Filmane på sida forklarar veldig mykje og på ein enkel måte. Det er lite blanding av statisk og dynamisk i filmane, det er for det meste dynamisk med bevegelse og lyd. Ein klarer godt å følgje med på filmane på grunn av at det er lite tekst som kan stjele oppmerksamheit frå det dei seier. Det kan komme enkelte keynotes, prisar e.l., men ellers er det lite, slik ein får med seg det som skjer.

Alt i alt er dette ei bra side som har ein god balanse, eller kombinasjon, mellom det statiske og dynamiske.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>