Digitale plattformar

Forge veke starta vi for alvor på MID – Medie, IKT og Design. Vi har i den samanheng registert oss på diverse digitale plattformar, både som hjelpemiddel og kommunikasjon mellom medelevar og lærarar. Våre plattformar: Google (plus, docs, osv.), Evernote, Diigo, Twitter og Mindomo.

Google-kontoen har eg allereie brukt ein god del, både til å få informasjon frå lærarar og til skriving/redigering av dokument. Google er både god som backup av filer fra datamaskina, som e-post, kommunikasjon og fleire andre hjelpsame verktøy.
Vi fekk ei øving som gjekk ut på å bruke Google docs til å rette eit dokument og skrive kommentarar om korleis det kunne bli betre. Dette dokumentet skulle vi i tillegg dele med ein medelev slik han/ho også kunne kommentere det. Dette synes eg er ein svært god måte for å kunne hjelpe kvarandre med til dømes oppgåver på, og liknande.

Evernote har eg ikkje fått testa ut så mykje enda, men det verka som ei god side for notering og lagring av notat. Eg har til no kun ein gratisversjon og veit ikkje om eg vil oppgradere med tanke på at Google har mykje av dei same tilbuda, og meir. Eg meinar det vil vere lettare å bruke færre sider for å ha betre kontroll over arbeidet mitt.

Diigo er ganske likt Evernote synest eg, med notat funksjon. Diigo har lagringsfunksjonar av både notater, PDF-filer og  av bilder. Eg har heller ikkje fått brukt denne sida mykje, men trur eg kan få meir bruk for den etterkvart som eg kjem meg vidare i studiet mitt.

Twitter har eg hatt ganske lenge, men har aldri brukt det i samanheng med skule. Twitter har vi ikkje brukt noko enda, men eg er svært interessert i å finne ut korleis vi skal få bruk for det som eit hjelpemiddel.

Mindomo er ein veldig bra plattform der ein kan lage tankekart. Denne sida har eg brukt tidlegare i skulesamanheng, og er veldig smart å bruke før ein til dømes skriv ei oppgåve for å halde kontroll over innhald og oppsett.
Vi fekk ei øving der vi skulle bruke Mindomo til å lage eit tankekart over digitale verktøy som kan vere gode å bruke for elevar på vidaregåande skule, HER er mitt eksempel på dette.

Om rundt ein månad vil eg legge ut eit nytt innlegg som vil handle om korleis det har gått vidare med desse plattformane. Eg vil då ha litt betre innsikt i korleis dei fungerar og kva som passar best for meg.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>