FOTO – oppgåve del 1

I første del av oppgåva vi har fått i foto, har eg valgt ut to bilder av fotografar og skal svare på enkelte om dei.

HER er link til det første bilde eg har valgt, Cherry Blossom Girl.

Dette er eit fashion bilde av Nicoline Patricia Malina. Eg vil legge mitt fokus på det øvste bilde, fordi det gjorde mest inntrykk på meg. Grunnen til at eg valgte dette bilde var mest på grunn av lyset og skyggane i bildet, i tillegg til at det generelt er eit moderne og godt fashion bilde. Lyset i dette bildet er laga av ein prosjektor med eit bilde av abstrakte blomster, som eg synest gjev ei kult effekt på bilde. Dette lyset gjer også slik at skyggen av modellen viser svært tydeleg, som i dette tilfelle er positivt (synest eg), fordi det gjer bilde sterkare og meir intenst. I bildet er den største kontrasten håret og den mørke sminka til modellen, mot resten av bilde som er veldig lyst. Eg synest det er ein fin balanse i dette bilde der fargane går godt ilag både i tonane, og med kontrastane i bildet som gir det liv.

 

Absent-ceciliehatløy

©Cecilie Hatløy

Dette er det andre bilde eg har valgt, det er eit bilde av Cecilie Hatløy, ved Lykkeliten Studio AS, som er kalla Absent. Dette har eg valgt fordi eg synest det er eit veldig sterkt bilde, som eg trur dei fleste kan lett forstå betydninga av. Namnet på bilde, Absent, gjev eit stort hint på kva betydninga bak bildet er. Motivet i bildet er ein mann og ei lita jente, som ein kan sjå sitt i ei stue e.l. Mannen, kan ein tenkje seg er faren som sitt og ser på tv og drikk ei øl. Jenta sitt og held på faren, som om ho søke oppmerksamheit. Ein kan forstå at dette bildet viser til ein distansert far, som kanskje brukar meir tid på å sjå på tv og drikke, enn på si eiga datter. Ein leggjer òg merke til gifteringen til mannen, som kan hinte til at han kanskje har mista kona si, og dermed har blitt meir fraværande overfor dattera og kanskje er blitt alkoholikar i den samanheng. Kleda til mannen er skitne og jenta har nesten ikkje på seg kle, noko som kan hinte til at dei ikkje har så mykje pengar. Dette kan òg vere ein peikepinn på at han er alkoholikar, og brukar dermed alle pengane sine på det istadenfor til dømes nye kle.

I bildet er der mykje skygge, noko som gjer at bildet viser kjenslar og gjer det dramatisk. Hadde dette bildet vore lysare, eller kanskje også berre i fargar, hadde ikkje buskapet komt like godt fram, det ville ikkje vore like sterkt. Skyggane i bildet viser godt kontrasten mellom personane, der ein kan sjå ribbeina til den vesle jenta, medan på mannen kjem det godt fra at han svært kraftig i forhold.

Del 2 av oppgåva vil komme i neste innlegg! 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>