FOTO – praktisk oppgåve

1) Ta to bilder av samme motiv, en medstudent. Ta ett bilde med stor blenderåpning og ett med liten blenderåpning. Komponer bildet slik at bildets mening endres med endret blenderåpning.

oppg1b1

Dette bildet er teke med ei blendaropning på 14, 1/80 i lukkertid, 200 ISO og med ei brennvidde på 55mm (som er maks på mitt kamera/objektiv). Histogrammet til dette bildet viser at det er litt undereksponert, som ein også kan sjå litt i bildet.

 

oppg1b2

Dette bildet er teke med ei blendaropning på 5.6, 1/320 i lukkertid, 200 ISO og brennvidde på 18mm. Histogrammet til dette bildet viser at det er ganske «close to perfect», utanom at det som eg meinar på er himmelen som er overeksponert.
I desse bilda ser ein korleis dybdeskarpheita endrar seg med forskjelleg blendaropning og endring i brennvidda (tele og vidvinkel). Ein ser at på det første bildet er bakgrunnen veldig uklar i forhold til det andre bildet. Første bildet kan eitt portrett, medan det andre kan gje litt meir, det kan til dømes handle om staden eller generelt fortelje meir om personen i bildet.

2) Ta tre bilder av samme motiv, en medstudent. Ta ett bilde med vidvinkel (mindre enn 50mm), ett med normal brennvidde (50mm), og ett med tele (mer enn 50mm).

opg2b55

Dette bildet er teke med ei blendaropning på 5.6, 1/250 i lukkertid, 200 ISO og med ei brennvidde på 55mm (min maks). Histogrammet viser at bildet er undereksponert.

opg2b50

Dette bildet er teke med same innstillingar som forge bildet, utanom brennvidda som her er 50mm. Histogrammet viser at det er litt mindre undereksponert enn forge bildet, så det er litt betre, slik sett.

opg2b18

Dette har òg same innstillingar som første bildet, utanom brennvidda som her er 18mm. Histogrammet viser at det er såvidt undereksponert, men det er ganske nært den perfekte grafen, utanom at det er skyvd litt til venstre, og ein litt høgare topp på venstre sida.
På desse bilda viser eg korleis dybdeskarpheita endrar seg ved kun endring av brennvidda. Endringa i tydinga i desse bilda kan, slik eg har tenkt, vere: første bildet er eit portrett med personen i senter, andre bildet kan kanskje vere til ei historie rundt personen og statuen, medan tredje bildet kan vere om dei fine omgjevnadane rundt sjukehuset i Volda, som ein ser i bakgrunnen.

3) Ta to bilder av samme valgfrie motiv, ett bilde med lang lukkertid, og ett bilde med kort lukkertid.

opg3kort

Dette bildet har blendaropning på 4.5, 1/320 i lukkertid, 100 ISO og brennvidde på 35mm. Histogrammet viser at dette bildet også ei litt undereksponert.

 

opg3lang

Dette bildet har ei blendaropning på 18, 1/5 i lukkertid, 100 ISO og ei brennvidde på 35mm (likt det forge bildet). Histogrammet for dette bildet viste at det var veldig overeksponert, som eg endra litt på ved bruk av Lightroom. Dette bildet veit eg at ikkje blei særlig bra på nokon måte, både mtp lys og skarphet i bildet. Eg hadde ikkje tilgjengeleg noko slags stativ, eller noko anna eg kunne bruke for å holde kamerat heilt stille, for å få ein klar bakgrunn.
I bilda blir det vist ein klar forskjell på korleis lukkertida endrar bilda. På begge bilda er der ein av mine medstudentar, Julie, som går på ein sti. Det som kan vere kjekt med lang lukkertid kan ver å ta «spøkelsesbilder», det gjev mykje av den effekten om ein tek bilder av personar.

Alle desse bilda vart tatt på ein svært solfylt dag, som gjorde det litt vanskeleg å mtp lyset, altså det vart lett for at dei vart enten over- eller undereksponerte.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>