Speilbilde

FOTO – valfrie motiv

I denne foto-oppgåva fekk vi velge litt friare om kva vi skulle ta bilde av, det har vore veldig kjekt og her er mine resultat av dette.

1) «Sur høst», men «livet er greit for det!»

Hoest

I dette bildet ønska eg å få fram gledene ved hausten. Ein ser her ei jente som kastar blad i lufta, og ho har på seg eit stort skjerf, som kan vise til at det er kaldt ute. For å vere litt sjølkritisk må eg seie at det store adidas-merke på gensaren stel mykje merksemd, og sidan det er kvitt blir det nesten sjølve blikkfanget i bildet. MEN eg likar dette bildet ganske godt fordi det vise fram haustfargane, både brunt, oransje og litt grønt. På bildet ville eg ha bakgrunnen til å vise godt (og har då brukt innstillingar på kameraet i samhøve med det) for å få med røtene og blada på bakken, som eg synest har sin sjarm.

2) «Speilbilde»

Speilbilde

Mitt budskap i dette bildet er at det ytre ikkje alltid speilar det indre, og at ein sjølv ikkje ser seg sjøl slik andre ser personen. Eg tenkjer då at det kan vere vanskeleg å forstå andre personar berre med tanke på utsjånad, men at for ein sjølv kan det vere nok å sjå seg i spegelen, aleine. I mitt bilde har modellen min på seg lyse og «uskyldige» kle, men når ein ser i spegelen kan ein sjå det mørke, mørk augesminke. Her skal kleda representere slik folk ser på personen, uskyldig, glad og snill, og ansiktet i spegelen skal representere det indre av personen, dyster, kanskje depressiv, og kanskje ikkje så uskyldig som folk trur. Bakgrunnen er klar for å få med trestammane, som ikkje berre er veldig fine syns no eg, men som eit symbol på at alle er aleine sjøl om ein står saman.

3) «Vindu mot verden»

Vindu-mot-verden

I dette bildet ser ein ei hand som peikar eller strekke seg mot landskapet, gjennom eit vindauge. Dette skal vise til ein person som kanskje vil meir ut og sjå verda, men ikkje har tid eller pengar, til dømes. Eg har valgt å legge fokuset i bildet på utsikta, ikkje på handa, fordi eg synest det får betre fram budskapet.
(PS: Dette var eigentleg eit back-up bilde, men ting gjekk ikkje heilt etter planen, så slik vart no det!)

4) «Alene mot resten»

Alene-mot-resten

I dette bildet ser ein ei jente som sitt einsam på eit dissestativ, ein ser og på bildet at der er (i alle fall) to personar til, som gjer noko som hovudpersonen ikkje er med på. Her har eg brukt litt lang lukkertid for at blikkfanget skal dette på personen i rosa, og for at dissa og personane skal vise at er i bevegelse. Dette er då for å fange einsemda ved personen i senter.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>