DESIGN – Sjokoladeskisse 1

I Design faget har vi no starta med eit lite prosjekt der vi skal redesigne ein emballasje. Eg har her valgt EuroShopper Milk Chocolate.

Euroshopper Milk Chocolate orginal

Dette (over) er orginalemballasjen som eg no har starta å redesigne.

framside førsteutkast  bakside førsteutkast

Her er mitt førsteutkast som eg har tatt bilde av og lagt inn på pc’en. I forge Designtime satte vi oss saman i grupper og hadde «kundemøte», der vi fekk kritikk (positivt og negativt) på skissene våre. Vi snakka om korleis vi hadde tenkt rundt både målgruppe og om typografi og fargebruk.

Mitt design har eg laga slik at det skal skille seg ut i sjokoladehyllene, eg har tenk sterke fargar (som eg skal vise lenger nede i innlegget), og ein litt meir moderne look på emballasjen, som då skal appellere betre til målgruppa (18-30år). Emballasjen skal vere i tynn papp, og «Milk chocolate» skal vere med ein atikva skrifttype. På toppen er EuroShopper-logoen, som eg ikkje har endra design på, og under bilde av ein sjokoladeknekk. Under det kjem sjølve skrifta som skal vere svart og under dette eit felt med «pynt» der mønsteret frå sjokoladeknekken skal gå igjen. På baksida (vist ovanfor) skal all tekst stå med grotesk skrifttype, der skal stå innhald på dei forskjellege språka og strekkode og slikt som ein må ha med. I tabellen om næringsinnhald tenkjer eg at omrissene til rutene skal vere i same farge som pynten på framsida.

Det eg fekk som oppgåve å gjere til neste gong, (i morga), var å teste ut fargane eg hadde funne. Eg har laga eit kjapt utkast i InDesign for å teste dei ut.

fargetest

Eg likar desse fargane kjempegodt saman, men tenkjer òg at dette designet kunne hatt andre fargar, som kanskje mørkare i svart eller kanskje brunt, for å gjere designet «roligare» eller meir eksklusivt. Når eg fann desse fargane satt eg med fargehjulet til adobe og såg på komplementærfargar. Den mest rosa fargen i «fargetesten» er ein lysare valør av den mørke meir cerise fargen.

Eg skal fortsette å jobbe med dette designet, så her kjem nok ut fleire innlegg om dette etterkvart.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>