Arbeidskrav 2A – Semiotisk analyse

Introduksjon
I denne oppgåva skal eg ta for meg ei semiotisk analyse av plakaten som er vist under frå Operasjon Dagsverk (
http://www.od.no/). Eg skal skrive litt generelt om semiotisk analyse (under Teori), så kjem sjølve analysa og deretter ettertanke og konklusjon, der eg skal skrive litt om tankar rundt analysa og avslutte denne oppgåva. Først skal eg ta for meg litt om Operasjon Dagsverk.

OD er ein solidaritetsaksjon for ungdom, der dei kan bruke ein dag av utdanninga si til å jobbe. Pengane dei tene går så til barn og unge i sør, slik dei òg kan få ei utdanning. OD har valt å arbeide for utdanning fordi det er noko ingen kan ta frå dei, og det varer livet ut, utdanning er ein menneskerett. I tillegg vil ikkje utdanninga kun hjelpe personen som får utdanninga, men òg alle rundt. Dersom ein utdannar seg til dømes til lege, syerske, snekkar eller lærar vil dette gagne heile samfunnet (sjå lenke i Litteraturlista nedst på sida).

Denne plakaten er for dette året sin aksjon. I år, 2015, går pengane til Argentina, Chile og Peru, der dei skal jobbe for at ungdom der skal få bestemme over eigen kropp og seksualitet. Dette skal dei gjere gjennom å starte menneskerettsundervising, her vil dei lære om sine rettar, som dei så skal lære vidare til alle rundt seg. Det vil då òg hjelpe for dei seinare generasjonane. I denne aksjonen skal dei òg hjelpe ungdommen til å bli talspersonar, slik dei kan ha ei påverking både i det politiske og for å hjelpe andre forstå kor viktige rettane deira er. Dette kan hjelpe dei ved at dei kan ha noko å seie i det politiske, spesielt når det er saker som gjelde ungdommen. Dei skal byggje nettverk der ungdommen får samarbeide om å nå sine felles mål, ved til dømes kampanjearbeid. Dei vil òg få trening i mediearbeid for å kunne delta i mediedebattar.

Teori
Ei semiotisk analyse er ei analyse, brukt på forskjellege typar tekst, som går inn på teikn, kodar og kulturar. Ferdinand de Saussure skapte omgrepet semiologi, og han meinte at eit teikn er ein heilskap som består av eit materielt uttrykk (signifikant) og eit immaterielt innhald (signifikat). Materielt uttrykk er då det konkrete og fysiske, som strekar, figurar og lydbølgjer, medan det immaterielle innhaldet er det ein knyter til det fysiske, ein tanke eller ei framstilling. Det at vi forstår det immaterielle innhaldet er fordi vi kanskje har lært at slik er det frå vi var veldi unge, og det er blitt ein vane at vi forstår det på den måten på grunn av fellesskapet og samfunnet rundt oss (Gripsrud, 2011, s.117).

Denotasjon og konnotasjon er nemningar, i den semiotiske teorien, for det ein ser og det ein forstår av det. Denotasjon er det ein ser, altså den første tydinga, medan konnotasjon er den indirekte tydinga. Mannen bak skilje mellom desse var Louis Hjelmslev, han vidareutvikla Saussure sin tanke om signifikant og signifikat, til denotasjon og konnotasjon, i etterkrigstida. Denotasjon er altså det ein ser heilt konkret utan noko form for tolking av bildet, men dette kan nok vere litt vanskeleg, sidan ein vil gjerne tolke det ein ser med ein gong utan å i det heile tenke over det. Konnotasjon er ikkje noko som er fastslått, det kan vere forskjelleg frå tid, personar og kulturar. Eit eksempel på tid, som Gripsrud skriv om i boka si (2011, s.119), er solkorset, som ikkje hadde nokon slags negative tydingar før krigen, då dette vart brukt som eit teikn på nazisme.

Konnotasjonskodar er kodar som kanskje ikkje alle forstår eller har same tyding på. Dette går mykje på kunnskap og på kulturelle forskjellar, det kan til dømes vere ei referanse til ei historisk hending, eit symbol som tyder forskjellege ting i forskjellege kulturar eller stereotypi som kan vere forskjelleg frå land til land, eller samfunn til samfunn (Gripsrud, 2011).

Innanfor konnotasjonen og sjølve tydinga i det ein analysera, er det svært individuelt korleis ein tolkar det. Ein forstår teikn på forskjellege måtar og ved forskjellar innanfor forståing blir det fort mange spørsmål, som kan starte store diskusjonar om kva som faktisk er det «riktige» svaret. Dette vil seie at sjølv om ein har fleire ulike personar som skal skrive ei semiotisk analyse om det same, kan svara bli heilt ulike, på grunn av bakgrunnen og personlege tankar personen har.

Charles Saunders Peirce hadde òg tankar rundt teikn, men han hadde ei anna oppfatning enn Saussure. Peirce meinte at teikn er «alt som på ein eller annan måte står for noko anna for nokon i ein eller annan forstand» (Gripsrud, 2011, s.124). Han delte teikntypane inn i tre kategoriar; symbol, ikon og indeks. Symbol definerte han som teikn der samanhengen mellom teiknet og det det står for var tilfeldig og konvensjonell. Ikon definerte han som teikn som likna på det dei står for, typisk då fotografi eller visuelle teikn av realistisk type. Indeks definerte han som teikn som viser til det dei står for, eller peikar på (Gripsrud, 2011, s.125-126).

Fotografi og andre fotografiske teikn kan bli sett på som indeksikalske teikn, etter Peirce sine definisjonar, men dette gjev oss lite forståing om kva det står for. Semiotikken kjem her inn, ved hjelp av konnotasjon og konnotasjonskodar kan ein sjå meir på uvissa i det fotografiske teiknet, og ein kan sjå på dei forskjellege tydingane ein kan få fram frå det (Gripsrud, 2011, s.138).

ODplakat
Link til plakaten, med bakside, her

Analyse
Denotasjon er kva ein kan sjå i plakaten, altså det direkte og første ein ser (Gripsrud, 2011, s.119-120). I denne plakaten er det første ein legg merke til det store, svarte krysset i midten av bildet, etter det ser ein at bildet er abstrakt med mange forskjellege fargar, i linjer og forskjellege former, som skaper mykje kontrast i bildet. Ein ser fort at dette er eit slags grafisk maleri, som då er laga ved bruk av ei datamaskin eller liknande. Alle formene og fargane ser ein etterkvart at formar to personar, ein gut og ei jente, som kyssar. På plakaten er der òg to overskrifter, ein brødtekst, ein link og ein logo.

Konnotasjon er om den indirekte tydinga av plakaten. Når ein skal snakke om konnotasjon må ein vere varsam for ikkje å blande det saman med assosiasjonar. Konnotasjonar er felles-assosiasjonar,assosiasjonar som fleire delar, eit land, ein by, ei folkegruppe og liknande, medan assosiasjonar er noko ein person har, personlege assosiasjonar (Gripsrud, 2011, s.119-120). Med tanke på dette kan eigentleg semiotikk tenkast på som noko ein burde praktisere saman i grupper, for å lettare kunne skilje mellom assosiasjonar og konnotasjonar.

I plakaten eg har tatt for meg ser ein at det er ein gut og ei jente som kyssar med eit kryss over. Med dette kan ein tenkje seg at det handlar om forboden kjærleik, men dersom ein ser nærmare på plakaten kan ein forstå meir om kva det konkret handlar om. Dersom ein ser på overskrifta «Med lik rett» kan ein forstå litt meir, som at alle skal ha lik rett til kjærleik. I brødteksta står det: På film er kjærlighet komplisert. I virkeligheten enda verre. Kjærlighet er en rar følelse i magen. Søvnløse netter. Hodet i skyene. Men noen betaler en høyere pris enn andre. Det er urettferdig. All ungdom er ikke lik. Men vi burde ha lik rett til å utrykke kjærlighet. Både ovenfor oss selv og andre. Her får ein sjølve forklaringa på plakaten, den handlar om at alle skal «ha lik rett til å uttrykke kjærlighet».

Det er mange fargar i plakaten, og det spesielt på personane, dette kan vise til at kjærleiken skal vere for alle. Ved desse fargane kan ein forstå at dette gjelder uansett hudfarge. Når ein ser på personane må ein tenke over alle formene og linjene dei er sett saman av, for dette gjer det utydelig, på den måten at ein ikkje kan sjå spesielle ansiktstrekk, slik at plakaten gjelder i tillegg for alle uansett utsjånad generelt. Fargane gjer slik at plakaten ikkje berre er for personar frå til dømes Afrika eller Sør-Amerika, men at det kan appellere til personar forskjellege stadar i verda, sidan personane ikkje har nokon særeigne trekk og/eller hudfarge.

Logoen viser oss kvar bodskapen kjem frå, som er Operasjon Dagsverk. Og linken i plakaten er til heimesida deira, www.od.no, der ein kan finne informasjon om kva OD jobbar for og generelt kva det er.

I plakaten er det brukt avløysingsfunksjonen, det vil seie at teksten seie noko som ikkje framstår i bildet, altså tilføye eit nytt tydingselement (Gripsrud, 2011, s.134). Her er eit bilde som kan ha fleire tydingar, men med teksten blir det heilt klart kva plakaten, og Operasjon Dagsverk, vil få fram med den.

Etter Pierce sine definisjonar av teikn, har vi her som symbol fargane på personane, som symboliserar at farge har ikkje noko å seie, rase eller hudfarge har ikkje noko med kor mykje ein person er verdt. Ikonet i bildet er det abstrakte bildet av to personar som kyssar, som står for kjærleik. Det indeksikalske teiknet i bildet er krysset over kysset, som peikar til og forklarar meininga, i sjølve bildet, og bak kysset. Her hjelper indeksen til at ikonet skal få fram bodskapen meir tydeleg.

Ettertanke og konklusjon
I plakaten frå Operasjon Dagsverk kjem bodskapen svært godt fram. Her går både tekst og bildet godt saman, og peikar mot den same bodskapen. Kva hadde skjedd dersom teksten ikkje var der? Eg vil sjå litt på bildet aleine, for dersom teksta er der står det veldig konkret kva bodskapen er. På bildet er der to abstrakt tillaga personar som kyssar, med eit kryss over, og på den eine sida, som eg har nemnt tidlegare, kan dette sjå ut til å handle om forboden kjærleik, men på den andre sida, dersom ein tenkjer meir over bildet og analysera det meir, så kan ein tenke på; kvifor er personane framstilt på denne måten, kvifor er det ikkje dette berre eit vanleg bilde? Her må ein tenke på kva desse fargane, som guten og jenta er samansett av, representera. Eg trur at etnisitet er ein av dei første tankane dei fleste vil ha angåande dette. Det kan då peike på at plakaten gjeld alle dei forskjellege personane i verda. Dette kan då vise til det orginale buskapet i bildet, at alle skal ha lik rett til kjærleik.

På ein annan måte kan dette òg mogleg bli tenkt på som ein plakat om at personar med forskjelleg etnisitet kan nokon plassar blir nekta for å vise kjærleiken sin, av enten familie eller kanskje samfunnet generelt, på grunn av til dømes religion eller hudfarge.

Denne plakaten verkar på meg som ein emosjonell plakat, der eg tenker på korleis det må vere for dei som ikkje får vere saman med den dei elskar. Det får meg, personleg, til å tenke på kor heldig eg er, og generelt andre ungdomar her i Norge, med så mykje aksept som vi får, av til dømes foreldre og alle andre rundt oss. Eg synest det er grufullt urettferdig at nokon plassar er det slik at ungdomar blir så nedtrykt og har så lite rettar, at dei verken får uttrykke kjærleik ovanfor seg sjølv eller andre.

I denne analysa har eg sett mest på denotasjon og konnotasjon i plakaten frå Operasjon Dagsverk. Eg har i tillegg sett på kva semiotikken går ut på, og litt om korleis den har utvikla seg. Eg har her funne ut kva denotasjonen er i plakaten, altså kva ein ser. Eg har òg sett på ulike måtar å tolke plakaten på, og konnotasjonen, tydinga. Det ein først ser i denne plakaten er kanskje ikkje nok, men dersom ein ser på teksten vil ein forstå bodskapen, òg om ein analysera bildet grundig, om at alle skal ha rett på kjærleik.

Eg synest Operasjon Dagsverk har gjort ein god jobb med denne plakaten, både med tanke på utsjånad og på korleis dei har fått fram bodskapen sin, om sitt nye prosjekt. Dette er ein god plakat fordi at den klarer å seie så mykje ved hjelp av så lite. Eg håper dei får inn mykje pengar til dette prosjektet, slik dei får hjelpe så mange som mogleg.

 

Litteraturliste:

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>