Monthly Archives: September 2014

Komposisjonsprinsipp i foto

I denne oppgåva skulle vi ta i bruk teorien vi har lært om komposisjonsprinsipp i boka “Composition.” Dei komposisjonsprinsippa eg ville prøve meg på var Bevegelse, Balanse, rytme, Kontrast og harmoni.

Bilde nr. 1: Bevegelse.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 4.0   Lukkertid: 1/25 sek

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker å oppnå i dette bilete er bevegelse. For å klare å illustrere at denne bilen er i bevegelse så må ein ha lang lukkertid og følge elementet som er i bevegelse slik at resten av bildet blir uklart.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
Grunnen til at eg valgte å ta desse innstillingane er fordi eg ville ha ein uklar bakgrunn på bildet, men eg ville ha heile bilen i fokus. For å få til dette måtte eg ha lang lukkertid og ha blender på 4.0.

Bilde nr. 2: Harmoni.
_MG_9222 Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 4.0   Lukkertid: 1/50 sekund

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker i dette bildet er å skape harmoni. Her har eg satte 2 store element mot kvarandre. Fjellet er i bakgrunnen for at det skal bli mindre og brygga er i forgrunnen for at den skal virke større. Dette er for å skape ein balanse i bildet slik at bildet ikkje hell mot kun ei side.
Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
I dette bilete kunne eg ha hatt eit større blendertall enn 4.0, men eg ville ha brygga i fokus og resten uklart derfor holdt eg meg til 4.0. Lukkertida er på 1/50 sekund, dette var fordi det var relativt mørkt og grått ute.

Bilde nr. 3: Balanse.

_MG_9106

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 2.8  Lukkertid: 1/160

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker å oppnå her er eit bra komponert bilete som skaper ein balanse. Eg plasserte han i det sekundære bildeområdet og balanserte det med å ha ein uklar bakgrunn.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
Grunnen til at eg har brukt 2.8 i blender er fordi eg ville at kun han skulle vere i fokus. Objektivet går ned til 1.8, men da ville ikkje heile han ha vore i fokus. Lukkertida er på 1/60 for at bildet verken skal bli for lyst eller for mørkt.

Bilde nr. 4: Balanse.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 2.8  Lukkertid: 1/80.

Kva eg ønsker å oppnå:
Dette er det andre bildet eg har innanfor kategorien “balanse.” Her var det meininga å sette bilen i det gylne snittet. Hadde bilen stått utanfor det gylne snittet så trur eg at bilete hadde blitt “tungt” på den eine sida.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
Grunnen til at eg valgte å ha 2.8 i blendertall er fordi eg ville kun ha fokusen på bilen. Men i og med at bilen står nær veggen, så blir ikkje den så uklar likevel. På grunn av rytme og repitisjon i bakgrunnen ser det likevel ut til å funke uten å bli ein “rotete” bakgrunn. Lukkertida er på 1/80 for at bildet verken skulle bli for lyst eller for mørkt.

Bilde nr. 5: Kontrast.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 4.0  Lukkertid: 1/25 sekund

Kva eg ønsker å oppnå:
Dette bildet har samme konsept som bilde nr. 1 som handler om bevegelse, men i dette bilde har eg også fokusert på kontraster. Kontrastane eg ville fokusere på er fargekontraster.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
I dette bildet har eg brukt 1/25 sekund for å få ein uklar bakgrunn og ha bildet i “fart.” Eg burde ha tatt i bruk eit kamerastativ for å unngå enda meir at bakgrunnen blir “støy” istadenfor eit virkemiddel for å få fram kontraster. Blenderen er på 4.0 for å få fokus på heile bilen.

Bilde nr. 6: Enhet = Rytme i bildet.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 4.0  Lukkertid: 1/50 sekund.

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker å oppnå i dette bilete er rytme i bilete. Bilete og detaljane i bilete består av repitisjon. Fordi alt i bilete går i linjer og har like lang avstand så er ikkje dette eit bilete som er slitsomt å sjå på med mange detaljer.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
I dette bilete var det kun meininga å få alt i fokus, her har eg brukt blendertall 4.0, men kunne ha brukt eit høgare tall enn det. Lukkertida er 1/50 sekund for å ikkje få eit for lyst eller for mørkt bilete.

Oppgåve CSS i Web

Nettside: https://minerva.hivolda.no/~dortheam/mid131/
I lekse til veke 39 har vi fått i lekse å vise korleis CSS kan styre utsjånad på ei nettside.

Fyrste dagen eg starta på denne nettstaden så blei den sjåandes slik ut:
Skjermbilde 2014-09-10 kl. 16.35.34

Mykje har blitt endra sidan den gongen. Eg har laga 3 ekstra sider i HTML “Om meg, Om Volda, Arbeidskrav og eg har linka til wordpressbloggen min.” Vi fikk denne nettsida opp på ein server for høgskulen i Volda, så no kan resten av verda også besøke sida mi. Eg har dessverre ikkje bilete frå denne stunda.

Da eg begynte med CSS-en så bestemte eg meg for å få nettsida på midten, ha mellomrom mellom toppen, headeren, menyen og brødteksta for nettsida.

Skjermbilde 2014-09-26 kl. 18.36.05Her har eg fått laga til linkane, laga mellomrom og endra bakgrunnsbilde.

Skjermbilde 2014-09-26 kl. 20.34.18

Deretter lagde eg “buttons” til menyen og på den linken du har pila over så endra dette farge.

Slik blei resultatet:
Er fortsatt ting som kan endrast på og forbedrast, men eg er fornøgd for øyeblikket.


Skjermbilde 2014-09-26 kl. 20.33.39
Skjermbilde 2014-09-26 kl. 20.33.49 Skjermbilde 2014-09-26 kl. 20.33.57 Skjermbilde 2014-09-26 kl. 20.34.06

 

Arbeidskrav 3 (del 1) i design

I denne oppgåva skulle vi lage vår eigen logo av namna våra. Vi kunne enten velge heile namnet eller berre fornamnet. Eg valgte å kun ta fornamnet sidan eg har eit passe langt namn. Vi skulle lage 2 – 3 skisser av logoar som representerar oss (meg sjølv).

Eg byrja arbeidsprossesen med å skrive ned ting som kan beskrive meg som person:
Barnslig, men likevel seriøs.
Feminin.
Minimalistisk.
Glad i rosa.
Glad person.
Eg leita på nettet etter noko som kunne relatere til desse orda. Eg er veldig glad i feminine logoar til t.d. kosmetikkkjeder så eg henta en del inspirasjon derifrå. Eg ville derimot ikkje ha det for feminint, fordi eg ville det skulle vere leselig og en grei font. Designa eg tok inspirasjon ifrå er Chanel, Avon, Cartier, Dove og Estee Lauders Pleasures logo.
Legger inn bilde av dei forskjellige logoane eg tok inspirasjon ifrå. Det var altså slik som dette det skulle sjå ut, men tegnekunnskapane mine var dessverre ikkje like bra som originalane.

cartier-2-logo-primary chanel-logo-primary avon-2-logo-primary estee-lauder-pleasures-logo-primarydove-5-logo-primary

Her kjem mine forsøk på å etterligne:

IMG_1020

IMG_1021

IMG_1022

synes den enkle og minimalistiske stilen til Avon var den som kom best ut i namnet mitt.

Arbeidsoppgåve 7 i Web

 

Arbeidsoppgåve 7 i Web

TONO:

«TONO forvalter og beskytter rettigheter av opphavsrettslig art på vegne av rettighetshavere i musikkverk.» – Sitat Tono.no

KOPINOR:

«Kopinor inngår avtaler om kopiering og annen bruk av åndsverk på vegne av opphavsmenn og utgivere. Vederlaget blir fordelt til rettighetsavere i inn- og utland.» – sitat Kopinor.no

NORWACO:

«Norwaco er en opphavsrettsorganisasjon som inngår avtaler om sekundær utnyttelse av lyd og levende bilder.» sitat Norwaco.no

Datatilsynet:

Det eg synes var tre viktige spørsmål til denne sida er

Kva er personvern?

«Enkelt sagt handler personvern om retten til et privatliv og retten til å bestemme over egne personopplysninger.» sitat Datatilsynet.no

Kva lover og regler er der?

Ein finner fire forskjellige kategoriar innan lovar og regler inne på datatilsynet sin nettstad.

  • Personopplysningsloven

  • Personopplysningsforskriftens sikkerhetsbestemmelser med kommentarer

  • Lover og forskrifter med bestemmelser om personvern

  • Forarbeider til det sentrale personvernregelverket.

Kan arbeidsgiveren lese ansattes private e-poster og filer?

Arbeidsgivaren he som regel ikkje lov til å sjå på arbeidstakaren sine private e-poster og filer, men det finnes likevel situasjonar der arbeidsgiver har rett til å gjennomsøke, åpne eller lese e-post. Innsyn i e-post er regulert i personopplysningsforskriften kapittel 9.

Grunnen til at eg synes dette er bra spørsmål er fordi t.d. Dei to første er peikepin på kva nettstaden handlar om og kva rettigheter enkeltmennesket har. Det tredje spørsmålet er eit døme på spørsmål som ofte har kommet inn til datatilsynet. Eg ville ha gjetta at det ikkje var lov å sjå i dei private e-postane til dei ansatte, men det finnest ein regel for unntak.

4. Besøk mediearkivet (berre tilgjengeleg frå HVO sine datamaskinar):

https://www.retriever-info.com/services/archive.html

Søk i fritekst med til dømes søkefrasen: opphavsrett AND (skolen OR skulen)

Eller: personvern AND (skolen OR skulen)

5. Andre stader de eventuelt kan søka:

http://digi.no/ http://www.theregister.co.uk/ http://www.wired.com/wired/

Arbeidskrav 2 (del 2) i design

I denne oppgåva skal vi utvikle skissene våre frå tilbake meldingane vi fikk frå gruppa vår i klassa. Eg fikk høre at det hadde våre fint med mørkare grønfarge, gå tilbake til 2 Liter, Større bilde av Eple/ glas, glaset skal stå høgare opp frå bordet og bordet lenger ned i bilete.

IMG_0973

Dette er skissa eg begynte med forige gong. Det var ikkje så store forskjellar dei ville endre i designet mitt fordi dei synest det funka som eit design, men nåken småting blei endra.

IMG_1016

Her har eg gått ilbake til 2 liter på kartongen fordi dei ville ha mest mulig juice for pengane. Eg har brukt ein grønare farge, men dette er ikkje grønnfargen eg var ute etter og skal i hovudpunktet ha ein mørkare grønfarge enn dette. Eg har også kutta ned høgda på bordet som var 8 cm i den første skissa og 6,5 cm i den andre skissa. Eg har også prøvd å laga epla og juiceglaset enda større for å få fram bodskapen betre.

 

Grunnen til at den første skissa er betre enn den andre er fordi t.d. står glaset høgare opp og det får ein betre 3D effekt i bilete + det blir meir balanse i bilete. Eplene er også større for å få dei fram enda betre. Det kvite bordet er kunna ned fordi det blei for mykje “luft” i designet. Grønnfargen er fortsatt ikkje den grønfargen eg vil ha den i (mangler rette fargen heime), men den skiller seg meir ut enn grønfargen i det forige designet. Dette er for å få fram at dette er ein “billig” variant av Eplejuice.

Foto, oppgave 3

Bilde nr. 1: Karakterportrett

Brennvidde: 36mm. ISO: 200. Blender: (4.5)  Lukkertid: (1/125 sek)

 

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg prøver å oppnå er å ta eit bilete av Lovise for å vise kven ho er og kva interesse ho har. I dette bildet har ho på seg treningsklær som skal formidle at ho er ein glad og aktiv person. Vi brukte fotballbana som “Location” for å få fram stemninga av ein plass der ein holder til med idrett.

 

Virkemidler:

Canon EOS 450D

Objektivmodell: ES – S18 – 55mm.

 

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Grunnen til at eg har brukt desse innstillingane er fordi t.d. så var det skugge og grått vær ute så eg satte ISO-en opp til 200. Brennvidda er 36 mm for å få fram heile antrekket til Lovise, men også får å få ein noko lunde uklar bakgrunn i bilete. Blenderen er på 4.5 for å få heile ho i fokus. Lukkertida er på 1/125 for at bilete ikkje skulle bli for lyst/mørkt.

 

Bilde nr. 2: Karakterportrett.

Brennvidde: 47 mm. ISO: 400. Blender: 5.6. Lukkertid: (1/160 sek)

 

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå er å vise kva person Louise er. Ho har hatt på ein gensar som står “I love my sneakers” på som ho synes beskriver henne. For å få fram teksta betre så  valgte eg å ta eit nærbilete av henne.

 

Virkemidler:

Canon EOS 450D

Objektivmodell: ES – S18 – 55mm.

 

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Lyset ute var ganske dårlig i det vi fotograferte, så ISO-en blei stilt inn på 400 for å få litt lysare og finare farger i bilete. Brennvidda er på 47 mm som får fram at eg har zooma på ansiktet hennar. Blender er på 5.6 for å få ein litt uklar bakgrunn. Lukkertida er på (1/160 sek) for at bilete verken skulle bli for lyst eller for mørkt.

 

Bilde nr. 3: Karakterportrett

Brennvidde: 41 mm. ISO: 400. Blender: 5.6. Lukkertid: (1/160 sek)

 

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg prøver å oppnå her er å vise fellestrekka til Lovise og Louise. Ein ting begge har til felles er t.d. foto. Begge to er så og si like høge i dette bilete også som skaper ein viss symmetri. Eg prøvde å få begge i fokus og ta i bruk det gylne snitt der begge er på kvar sin side av det gylne snittet.

gylnesnitt

 

Virkemidler:

Canon EOS 450D

Objektivmodell: ES – S18 – 55mm.

 

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Brennvidda er på 41 mm fordi eg ville ha ein noko lunde uklar bakgrunn, men samtidig få med begge personane i bilete. ISO-en er på 400 p.g.a. været. Blendertalet er på 5.6 for å få begge personane i fokus, men eg kunne gjerne hatt det litt meir opp.

 

Bilde nr. 4 og 5. Ta bilde av samme motiv der du bruker to forskjellige brennvidder til å endre hva bildet formidler.

Brennvidde: 46 mm. ISO: 100.  Blender: 6.3. Lukkertid: (1/320 sek)

Brennvidde: 18 mm. ISO: 100. Blender: 6.3.  Lukkertid: (1/250 sek)

 

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå i desse bileta er å vise korleis brennvinna kan endre eit bilete. Det første bilete skal handle om “Haust” der ein bruker stige for å plukke ned dei modne epla frå epletredet. Det andre bilete blir meir “tilværelse og bustad” fordi der har det plutselig dukka opp eit hus og resten av hagen.

 

Virkemidler:

Canon EOS 450D

Objektivmodell: ES – S18 – 55mm.

 

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Den første brennvidda er på 46 mm. Eg hadde den ikkje heilt inn på 55 mm fordi eg skulle få med heile epletredet i bilete. Den neste brennvidda er på 18 mm som gir ei mykje betre oversikt over “tilværelsen.” Blendertalet i begge bileta er på 6.3, men eg kunne gjerne hatt eit høgare blendartal i bilde nr. 2 for å få meir fokus på alt. Lukkertida er 1/320 sekund i det første bilete og 1/250 sek i det andre bilete. Det er fordi i det eg endra på brennvidda i bilete, så blei det nederste bilete meir lysare enn det andre som som hadde brennvidde på 46 mm.

Gruppearbeid, prosjekt web

Denne veka fikk vi i oppgåve om å analysere ei nettside. Vi på gruppa har valgt å analysere Expert.no sin heimeside.

expert-logo

Struktur:

Førsteinntrykket man kan få i det man laster expert sin nettside er at den er litt rotete. Her er det mye informasjon på en gang. Men det tar ikke mange sekundene før man forstår oppsettet og strukturen på nettsiden. Oppe er det en enkel meny med hovudkategorier for hva expert tilbyr, og i det man drar musepekeren over denne menyen dukker det opp en oversiktlig meny med underkategorier som hjelper deg å finne fram til produktet du ser etter. Dette gjør at du kan komme deg inn i akkurat den produktkategorien du ønsker på et eneste klikk.

 

Stort sett alt du ser på hjem-siden er lenker, noe som hjelper deg å finne det du ser etter. Men der er gjerne litt mye reklame slik at nettsiden blir rotete og ustrukturert. Det hjelper heller ikke her at nettsiden har en bakgrunn med rotete mønster som tar oppmerksomheten bort fra selve innholdet på siden, og stor skrift der man egentlig ikke ser hva som står der pga. den er plassert så langt ut i kanten. Når det kommer til innholdet på selve siden kan det minne om en nettside som er reklamefinansiert: hadde det ikke vært for at alt er relevant stoff fra expert, kan man spørre om adblock ikke har gjort jobben sin.

 

Skroller man nedover hjem-siden finner man salg, kampanjer og populære produkt delt inn i noen valgte kategorier. Dette er i alle fall etter min mening “smør på flesk” i og med at man finner det man trenger med den gode menyen øverst på siden. Søkefeltet på siden er hendig plassert helt øverst, ilag med kontaktinformasjon og info om fysiske butikker. Nederst på siden (om man gidder å scrolle så langt) finner du mer kontaktinfo og andre snedige hjelpemidler delt inn i fine rammer/menyer.

(Kennet)

 

 

Innhold på nettsiden:

Nettsiden til Expert inneholder tekst, animasjon, design og bilder. Bruken av innholdet gjør at de kan formidle hvem de er og hva de gjør. Noe de klarer, på grunn av at når man klikker seg inn på denne nettsiden ser man at de selger elektroniske produkter, og da skjønner man at Expert er en butikkjede som har som mål å selge elektroniske produkter. Når man klikker seg inn på siden virker den ved første øyekast veldig ustrukturert, men etterhvert som man skal gå videre inn på siden så er det ikke så vanskelig å finne fram. Dette er på grunn av at de har tatt i bruk en søkemotor, menyer og stier for å hjelpe kundene sine med å finne frem. På nettsiden bruker de farger og tekst til å lage bevegelse. Det er brukt en sterk oransj farge hvor de vil at kundene skal lese eller trykke seg inn på. For eksempel når man går inn på siden så ser man med en gang der det står: ‘’SUPERSØNDAG’’ med store bokstaver og en sterk oransj farge som fanger all oppmerksomheten. Dette med at de bruker kampanjer som for eksempel ‘’supersøndag’’ er med på å tiltrekke seg kunder å selge flere produkter på grunn av at det er på en måte ‘’kun i dag’’ man kan få et produkt til denne prisen. Kunden skal føle at de gjorde et kupp på grunn av at dem slo til å kjøpte et produkt på akkurat på denne en dagers kampanjen og fikk et supertilbud som de ikke kunne ha fått en annen dag. Og på kampanjene sine skriver de at det er ‘’kun på Expert. Dette er gjort bevist for å fange flere kunder og få en større mågruppe. Nettsiden tilbyr også kundeservice og man kan lage seg en egen brukerkonto.

(Petter)

 

 

Heilheta i designet

funksjonell grafikk:

Framsida til Expert.no har fire eksempel på funksjonell grafikk på framsida si. Det samme designet går igjen på alle bannerane. Bruken av farger er Svart, grå, kvit og to forskjellige nyanser av oransje. På den største banneren har dei også brukt grafisk illustrasjon av ein fraktbil for å få fram “Fri frakt på alle varer.”

Skjermbilde 2014-09-21 kl. 12.43.00 Skjermbilde 2014-09-21 kl. 12.43.14 Skjermbilde 2014-09-21 kl. 12.43.23 Skjermbilde 2014-09-21 kl. 12.43.31

Heilheta i fargebruken:

Fargane som går igjen er svart, kvit og oransje. Sidan ein assosierer Expert med fargen oransje p.g.a. logoen. Derfor er det smart å ta i bruk oransje i fonten også slik det blir heilhet i designet og ikkje for mykje fargar å forholde seg til. Bruker ein for mange farger blir nettsida og designet fort sett på som “rotete.”

Fargen oransje er assosiert med “kreativitet” og “forandring” som passer godt til en beskrivelse av Expert sine varer. Fargen kvit er assosiert med “reinhet, heilhet, sannhet og utvikling” noko eg trur Expert vil oppnå fordi det er viktig å virke truverdig ovanfor kundane sine. Fargen svart vil derimot skape kontrast mot resten av fargane.

lesbart oppsett:

Oppsettet på nettsiden er lett leselig. Dei har forholdt seg til 2 fonter for å unngå at sida skal vere rotete. På bannerane ser det ut som dei har brukt fonten “Verdana” og på resten av tekstane er det brukt “Arial.” Begge to er lett leselige fontar og gjer at sida får bra fram kva dei vil selge.

Skjermbilde 2014-09-21 kl. 16.48.03

Dei har delt opp nyhetene i kategoriar der det er 6 linkar på kvar linje. Antall linker går igjen på alle kategorier for at det skal vere mest mulig ryddig og oversiktelig. Dei forskjellige nyhetene som gjelder søndag er “Supersøndag, Forhåndsbestill Iphone 6 og ryddesjau.” Alle desse er “lokketilbud” for å få interessen til kunden.

På kvar link så får du eit bilde av vara, ei overskrift som som oftest er namnet på varen og deretter en kort beskrivelse av varen under for å vekke interesse. Prisen eller tilbudsprisen står under der igjen ved siden av en “kjøp” knapp som får fram at dette er en nettbutikk.

(Dorthea)

 

 

Kjelder:

Blenderåpning og lukkartid

Bilde nr. 1 og 2

Korleis dybdeskarphet kan framheve eit motiv.

Brennvidde: 55 mm. ISO: 800. Blender (f/36). Lukkertid (1/0 sek)

Brennvidde: 55 mm. ISO: 100. Blender (f/5.6). Lukkertid (1/8 sek)

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker å oppnå i desse bileta er å illustrere korleis dybdeskarphet kan framheve eit motiv, i dette tilfellet blomsten. Eg følte det var ein betre måte å få fram poenget mitt ved å ta bilde av det samme motivet, deretter skrive kamerainnstillingane mine. Hovudinnstillinga her går på blender. Til lavare blendertall ein har (stor blenderåpning) til meir ufokusert blir bakgrunnen. Her hjelper det også å ha lav ISO. Til lavare ISO til betre kvalitet og meir blurry bakgrunn blir det. Eg har også tenkt på komposisjonen min ved å tenke på «Det gylne snittet.» Bilete blir meir harmonisk for auget å sjå på om motivet er litt til sides i stadenfor i midten på bilete.

«Det gylne snitt»

Dette bilete illustrerer det gylne snittet ved å ha eit grønt kryss i kvar sine retningar. Det er der det egner seg best å ha eit motiv i bilete. Som ein ser på bileta mine har eg ikkje plassert blomsten heilt til kanten av bilete, men berre litt til sides oppe i høgre hjørne som det eine krysset i dette bilete illustrerer.

Virkemidler:

Virkemidler eg har brukt i dette bilete er komposisjon og kamerastativ sidan eg tok dette bilete når det begynte å bli kveld.
Eg har også brukt objektivmodell: EF- S18 – 55 mm.
Canon EOS 450 D.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Sidan eg hadde eit objektiv som ikkje ville gå lenger ned enn til (f/3.5 – f/5.6) brukte eg 55 mm brennvidde. Dersom eg bruker 18 mm brennvidde kan eg få blenderen ned til (f/3.5), eller eg kan velge å bruke 55 mm brennvidde, men da får eg kun blendertallet ned til (f/5.6). Begge to gir omtrent samme effekten, berre at 18 mm må du gå lenger inn på motivet om du skal få ein «blurry» bakgrunn.

Sjølve objektivet eg brukte er ikkje det beste for å få ein uklar bakgrunn derfor måtte eg tenke på fleire ting når eg skulle ta dette bilete (det nederste).

55 mm brennvidde hjelper på å få ein meir uklar bakgrunn og lav ISO (100) hjelper på det samme. Eg tok ned blenderåpninga så langt som objektivet tillot meg (f/5.6), og hadde ein relativ lang lukkertid også (1/8 sekund). Lang lukkertid va meir fordi det var begynt å bli mørkt ute. For å kunne ha alle desse innstillingane var det nødvendig med eit kamerastativ sidan det ville blitt uklart om eg skulle prøvd å holde kamera stille i 1/8 sekund med henda mine.

Med tanke på det øverste bilete så var det meininga å gjere det stikk motsatte fra det nederste bilete, altså ha heile bilete i fokus. Brennvidde var fortsatt på 55 mm sidan motivet skulle stå på den samme staden som det første bilete. Her stilte eg blenderåpning på (f/36), dette gjer at alt kjem i fokus (og bilete blir desto mørkare også). For at bilete ikkje skulle bli så mørkt fordi eg har mindre dybdeskarphet (i øverste bilete) så måtte ISO-en opp. Eg stilte ISO-en på 800. Eg ville ikkje ha ISO-en noke høgre opp sidan ulempa med høg ISO er kornete bilete. Bilete var fortsatt ikkje lyst nok, så eg måtte stille på lukkertida. Desto lengre lukkertid ein har, desto lysare blir bilete. Eg valde å ha lukkertida mi på 1 sekund, derfor var det nødvendig med eit kamerastativ i tillegg.

Bilde nr. 3 og 4.

Korleis dybdeskarphet kan brukes for å endre fotografiets mening.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender (f/2.2). Lukkertid (1/4000 sek)

Brennvidde: 50 mm. ISO: 100. Blender (f/11). Lukkertid (1/250 sek).

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå med desse bileta er å vise korleis dybdeskarphet kan endre fotografiets meining. I bilde nr. 1 ser ein to venniner som ler og har det gøy ilag. Guten i bakgrunnen skulle i grunnen vere meir uklar, men om begge jentene skulle komme i fokus so måtte blendertalet ligge på (f/2.2) i det øverste bilete. Synes fortsatt eg får fram i bilete nr. 1 at guten i bakgrunnen ikkje er meint å «kjenne til» desse jentene. I bilete nr. 2 var det meininga å få med guten. Han skulle sjå sint ut fordi desse jentene har det gøy utan han/ han får ikkje bli med. Då kan betydninga av bilete skifte om til å handle om «utestenging eller mobbing» i stadenfor eit bilete som handla om «vennskap.»

Virkemidler:

Komposisjon: Jentene er i det primære bildeområdet, imens guten er i det sekundære bildeområdet. Dette er for at vi skal legge merke til jentene først, deretter finne ut kva bilete egentlig handlar om. Objektivmodell: EF- 50 mm f/1.8. (Eit objektiv med fast brennvidde)
Canon EOS 1000D.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

I det første bilete var det meininga at guten skulle vere uklar, for at han skulle bli uklar og jentene i fokus måtte blendertalet vere lavt = Stor dybdeskarphet. Eg stilte blendaren ned til (f/2.2). Med objektivet eg har brukt her går det an å stille blendartalet ned til (f/1.8), men ulempa da er at bilete mest sannsynlig ville endt med kun 1 av jentene er i fokus da.

Sidan blendertalet mitt var lavt og ISO-en min var lav (som hjelper på å få ein blurry bakgrunn), så måtte lukkertiden min heilt opp til 1/4000 sekund. Dette er fordi at til lavare blendertalet er, til lysare blir bilete. I dette bilete var det allereie ganske lyst ute og jentene står mot sola. Sidan dei står mot sola var det fare for at bilete kunne bli overeksponert (for kvitt). Eg prøvde å unngå overeksponeringa, men bileta blei likevel litt overeksponert. For å unngå overeksponeringa kunne eg ha tatt bileta ein plass der det var meir skygge. Eg kunne valt ein betre bakgrunn også, der garasjene og bilen blir støy i bileta.

Bilde nr. 5 og 6

Hvordan endret lukkertid kan brukes for å framheve eit motiv.

Brennvidde: 40 mm. ISO: 100. Blender (f/32). Lukkertid (-4 = 4 sekund)

Brennvidde: 40 mm. ISO: 1600. Blender (f/5.6). Lukkertid (1/80 sek)

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå her er å vise korleis endret lukkartid kan brukast for å framheve eit motiv. Det eg ville framheve her er elva og måten den renner nedover steinane på. Eg venta til det blei litt seint på dagen og at det blei mørkare ute for å ta desse bileta sidan lang lukkertid = lysare bilete.

Virkemidler:

Objektivmodell: EF- S18 – 55 mm.
Canon EOS 450 D.
Eit godt virkemiddel når ein skal ha lang lukkertid er eit kamerastativ for å holde kamera i ro. Komposisjonen i bilete kunne ha våre betre her sidan bilete ikkje er heilt «behagelig» å sjå på. Det eg måtte tenke på her er at elva går i forskjellige retningar, i tillegg til at steinane rundt også er i fokus. Eg prøvde å lage ein balanse i bilete mellom elva og steinane for at bilete verken skulle helle til venstre eller høgre.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Brennvidda blei på 40 mm fordi på den steinen eg sto på i elva så var det den brennvidda som ga best «totalutsnitt.» Ein kan få eit «slørete» preg på elva allereie ved lukkertida (1/8 sek), men eg hadde lukkertida heilt ned til 4 sekund fordi eg likte effekten det gav bilete. Ser i ettertid at eg kunne hatt ei kortare lukkertid for å få meir teksturar i elva. For å unngå at bilete skulle bli for lyst så måtte eg gå opp i blendertal (f/32) og ha so lav ISO som mogleg (100).

Bilde nr. 2 for fram korleis bilete blir om ein har kortare lukkartid (1/80 sek). Blendaren min var på (f/5.6) fordi eg prøvde å unngå støy. Sidan lukkartida mi er høg så måtte ISO-en opp for at bilete skulle bli lysare (1600).

Bilde nr. 7 og 8.

Korleis lukkertid kan brukes for å endre fotografiets mening.

Brennvidde: 48 mm. ISO: 100. Blender (f/29). Lukkertid (30 sek).

Brennvidde: 55mm. ISO: 1600. Blender (f/5.6). Lukkertid (1/10)

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå her er å vise korleis lukkartid kan brukast for å endre fotografiets meining. Det som var meininga her var tanken «lys». Ei lang lukkertid gjer at lyset på bilane blir «lysstråler» i bilete. Bilete nr. 2 avslører kva som er kjelda til desse «lysstrålane» i bilete nr. 1. Motivet er det samme, men ved hjelp av lukkertid blir resultatet veldig annleis i bilde nr. 1 frå bilde nr. 2.

Virkemidler:

Objektivmodell: EF- S18 – 55 mm.
Canon EOS 450 D.
Kamerastativ.
Komposisjonen var meininga at «linjene» i bilete skulle gå i samme retning. Inn frå det primære biletområdet til det sekundære biletområdet. Eg ville også unngå å ha dette på midten, men litt ovanfor får å skape ein viss «balanse.» Bakgrunnen blei derimot støy fordi det var eit hus som sto i vegen. Eg kunne dessverre ikkje gjere så mykje med å ta bort det.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Brennvidda var på 48 – 55 mm. Det var ikkje meininga at det skulle vere noko forskjell på brennvidda i dei to forskjellige bileta. Grunnen til at eg stilte inn brennvidda såpass var fordi eg sto ved siden av gangvegen og skulle ha meir fokus på hovudvegen.
ISO-en var 100 på det første bilete fordi det ikkje var nødvendig med noko høgre ISO sidan lukkartida var på 30 sekund. Bilete nr. 2 derimot var ISO-en høg fordi bilete skulle bli lysare sidan eg hadde bytta lukkartida om til (1/10 sekund).

Eg stilte også blendartalet ned i bilete nr. 2 (f/5.6) for at bilete skulle bli lysare i det eg tok opp sekunda i lukkartida (1/10). I bilete nr. 1 derimot var det nødvendig med høgt blendetal (f/29) sidan ei lukkartid på 30 sekund gir eit relativt lyst bilete.

Arbeidskrav 2 i design

Til neste torsdag har vi fått i oppgåve i design å lage skisser og redesigne emballasjen på eit produkt. Vi kunne velje mellom First-Price eplejuicen, Trondhjems Cowboygryte eller Nidars Hobbysjokolade. Den eg følte eg fikk best idé til av dei 3 valga var First-Price eplejuicen.

Den originale emballasjen ser slik ut:

Skjermbilde 2014-09-10 kl. 18.48.36

For meg så er ikkje dette designet så altfor gale, så eg bestemte meg for å heller bygge ut på konseptet som er i det gamle designet. Eg ville beholde den kvite fonten, men heller flytte “100% ren juice” under der det står Eplejuice. 2 Liters kartongen endra eg om til ein 1,5L, men kunne også holdt med 1,5 Liter. Skal dette gå til ein ung person så synes eg det holder med 1L – 1 1/2 Liters kartong. Grunnen til dette er fordi dei fleste “yngre” bur enten aleine eller på ein hybel der ein berre kjøpe inn mat og drikke til seg sjølv. Det er også den faktoren at skal ein velje Eplejuice som “blandevatn” på ein fest t.d. så vil ein ikkje at handbagasjen skal vere så stor. Det er heller ikkje alle som får tid til å drikke opp 2L med Eplejuice og veljer derfor ein Juice med litt mindre i pakken.

IMG_0974

Det eg først ville gjere var å “kutte ned” på detaljar i bilete på emballasjen. Eg prøvde meg først på ein kartong der ein ser eit glass som “søler” eplejuice utanfor glasset. Eg prøvde meg også på å ha eit halvt eple istadenfor eit heilt eple ovanpå. Eg var usikker her på om eg skulle velje eit rødt eller grønt eple sidan resten av kartongen er grønn. Dette blei berre ei skisse for å prøve meg fram. Konseptet var at eg skulle gå nærmare inn på eplet og få enda betre fram at dette er Eplejuice!

Eg blei derimot ikkje fornøgd med denne skissa fordi glasset og emballasjen går i eit. Det var heller ikkje nok luft rundt fonten, så eg prøvde meg på nytt med ei ny skisse.

IMG_0973

Her ser ein at eg har basert meir på den originale emballasjen på Eplejuicen, men forandra litt på bilete. Eg har kutta ut mannen i bakgrunnen og alle epla som var med i bilete. Det eg beholdt var det kvite bordet i bilete og glasset. Eg valte å gå for 2 grønne eple, eit heilt og eit halvt. Sidan eg har lært tidlegare frå VGS at ein blir meir frista om det er eit halvt eple enn eit heilt så valgte eg å kombinere det.

Hierarki:

Det første eg prøvde på her var å fordele bakgrunnen. Halvparten grønn og andre halvparten kvit. Det kvite skal da framstå som eit bord som glasset og epla står på. Det var viktig å plassere epla og Juicen godt ned på den kvite bakgrunnen fordi det ikkje skulle gå i ett med den grønne bakgrunnen. Glasset med Juice i måtte stå litt ovanfor slik at det kjem betre fram at det står på eit bord og at dette ikkje berre er ein vanleg kvit bakgrunn. Eg plasserte også slik at glasset står meir på den kvite bakgrunnen istadenfor den grønne. Om denne linja er litt over midten blir bilete i seg sjøl meir harmonisk å sjå på. Teksta ville eg ha øverst på kartongen, men ikkje for langt oppe. Det er meininga det skal vere luft mellom topp – tekst – illustrasjon. Eg plasserte First-Price logoen og “1,5L” på høgre side der dei går i linje med kvarandre. Hadde eg plassert “1,5L” på venstre side ville det nok sett meir rotete ut igjen.

Fargebruk:

Eg var usikker på om eg skulle bruke raude eller grønne epler, men kom fram til at grønne epler står meir i kontrast med fargen på Juicen. Fargen grøn symboliserar også “Natur, vekst, Orden, samt sunne relasjonar.” Resten av emballasjen (pakninga rundt juicen) skulle vere i ein mørkare grønntone slik det ikkje går i ett med den illustrerte Juicen og epla. Eg beholdt den vanlege First-Price logoen og den kvite teksta. Den kvite teksta gjor slik at heilheta av kartongen såg meir “reint” ut. Hadde det våre i alle regnbuens farger kunne det framstilt juicen som ein meir kunstig juice.

Biletbruk:

I og med eg har tatt utgangspunkt i det forige bilete, men berre gjort nokre få endringar, så var ikkje det forige bilde så gale. Det einaste eg synes er at det får betre fram kva denne kartongen er, om ein går meir inn på detaljane. Det er også meininga at dette skal bli eit fotografi og ikkje ein illustrasjon. Eg føler eit foto framstiller juicen som meir sunn enn kva eit illustrert eple ville ha gjort.

Skrift og skrifttyper:

Eg prøvde å etterligne den originale fonten som eg trur skal vere Arial. Eg valgte også å skrive eplejuice med ein stor borbokstav istadenfor liten. For meg blir designet litt for anonymt om eit kun skal bruke små bokstaver, men eg ville heller ikkje brukt store bokstaver på heile teksta. Derfor kom eg fram til at eg skulle ha ein stor forbokstav.

Korleis designet appelerar til målgruppa:

Eg føler at dette designet er meir “fresh” enn det forige. Grunnen til dette er fordi det er minimalt med detaljar, enkelt og ryddig design og oppsett. Ein ungdom vil også velge det som ser “fresh ut” fordi mange er opptatt av å være sunn og holde seg i form. Er det stilreint design så vil produktet med ein gong sjå meir ut som eit sunnare alternativ. Dei sunne alternativa/ økologiske alternativa i matbutikken har for det meste ein svakare nøyanse av fargar på designet sitt. Eg skil meg litt ut her fordi eg ville behalde den mørke grønnfargen for å framstille dette som eit “billigare” alternativ. Kombinasjonen “sunt og billig” var derfor det eg var ute etter og som eg synes passer best for målgruppa “20 – 30 år.”