Monthly Archives: September 2014

Arbeidskrav i Web

IMG_0972

I lekse til neste gong i web fikk vi i oppgåve å jobbe med Arbeidskrav 1 og 2. Det gjekk ut på følgjande at vi i oppgåve 1: skulle lage skisse av ein nettstad vi skal lage sjølv. På denne nettstaden skal vi presentere oss sjølve, litt om Volda, linke til wordpressbloggen vår (denne bloggen) og skrive inn arbeidskrava våra.

Eg begynte da med å tenke ut korleis strukturen på nettstaden min skal vere, så eg byrja å skisse ei startside. Eg måtte tenke ut kva tekst som skal stå på sidene, kva bilete som skal vere med og korleis strukturen mellom sidene skal vere.

Som ein ser i bilete starta eg med ei framside. På framsida mi vil eg ha ein header med eventuelt eit bilete av Volda som headerbilete. Dette er for å vise at dette er ein blogg/ nettstad om livet i Volda. Deretter ville eg ha ein meny. På denne menyen skal eg klare å linke til ei ny side som handla om meg, ei side til som handla om Volda, ei side til med arbeidskrava mine og deretter klare å linke til wordpressbloggen min også.

Under vil eg ha sjølve kroppen til websida mi. Den skal innehalde nokre innlegg eg har skrevet om forskjellige tema, stader eller aktiviteter i Volda. Til høgre for innlegga vil eg ha ein sidebar som inneheld “Tidligare poster” og “Arkiv” slik ein har god oversikt over nettstaden min.

For å gå vidare på korleis eg vil ha “Om meg” sida so va det tenkt å innehalde eit bilete, litt tekst om kva eg studerar, eit bilete av meg og kvar eg kjem ifrå. Er alltid greit å ta med kontaktinformasjon på nettstader så eg kan også legge til ei E-post adresse om nokon som les nettstaden skulle ha noko spørsmål.

Om Volda sida mi skal innehalde eit bilete av Volda, litt bakgrunnsinfo om Volda, aktiviteter i Volda og om dei forskjellige bygga til høgskulen i Volda sidan dette skal vere ein nettstad retta mot studentar.

På “blogg” kategorien skal eg berre linke vidare til denne wordpressbloggen. På kategorien “Arbeidskrav” skriver eg om både arbeidskrav 1 og 2 i web. Eventuelt også legge inn denne skissen for å vise korleis eg har arbeida og tenkt ut nettstaden min.

 

Arbeidskrav 2

Skjermbilde 2014-09-10 kl. 16.35.34

Arbeidskrav 2 gjorde vi med lærar Svein forige undervisning i web. Vi skulle lage ein nettstad som innehald følgjande:

Web Arbeidskrav 2: Nettsider

  1. Lag eit nytt dokument med bakgrunnsfarge
  2. Skriv litt tekst
  3. Hent inn eit bilete (til dømes volda.jpg som ligg på Felles L/: underMID131
  4. Lag ei link til ei intern side (du må altså lage ei side til som du linkar til og tilbake).
  5. Lag ei ekstern link.
  6. Sett inn link til e-post adressa
  7. Sett inn anker frå ned på sida di ”Til toppen”
  8. Lag biletkart med link på kyrkja, båthamna og eventuelt andre
  9. Skriv inn tekst i Alt feltet slik at det syner seg ved musepeiking.

Tre eksempler på grafisk design

I forige veke fikk vi i oppgave å ta med tre eksempler på grafisk design. Eg ville derfor ta noko design som eg hadde litt kjennskap til fra før og som eg hadde litt kunnskap om. 

 

ny

Eg byrja først med det ikoniske “I <3 NY” av den kjente grafiske designeren Milton Glaser. Han er blant annet kjent for sin “Bob Dylan poster”, “DC bullet logo” og han grunnla “New York Magazine” med Clay Felker.

Oppbygginga av Hierarkiet:

Det eg legger merke til først i bilete er hjartet fordi det er raudt. Fargen raud har ein “stoppeffekt” og skil seg difor meir ut enn den svarte fonten i bilete. Auget går vidare til bokstaden “I” som i “eg.” Det er fordi hjerna veit ein skal byrje å lese frå venstre til høgre. Til slutt ser ein “NY” som da er forkortning for “New York.”

Fargevalet i bilete:

Glaser har også valt å ha eit raudt hjarte istadenfor ordet “love.” Raudfargen skal symbolisere varme, lidenskap og kjærleik, det får fram bodskapen av at New York er noko som står nært hjartet hans. Fonten er svart på kvit og skapa derfor kontrast mot kvarandre som gjer lesbarheita i logoen betre.

I følgje: http://lightlines.no/farger så skal fargen kvit stå for “reinhet, klarhet, heilhet og lojal kjærleik.” I og med fargen står for lojal kjærleik så kan det være ein grunn til at Milton Glaser ville ha den fargen som bakgrunn.

I samme lenkja eg hadde om kvit, så fann eg ei tydning på svart: fredfull tomhet. Fredfull tomhet betyr “tømme ut negative energier.” Eg synest det passa til resten av logoen, der ein heller forbinda kjærleik med noko positivt enn negativt.

Bruken av luft i bilete:

Eg synes bruken av luft i logoen er bra. Logoen skal vere enkel og går rett på sak, så det er ikkje noko meir han treng å formidle. Det er romslig med luft mellom bokstaver og Ikon slik at lesbarheta på fonten er enkel og bra. Hadde skrifta og ikonet våre meir samantrykt ville det våre verre å fått med seg kva som egentlig står her.

Bruk av font i bilete: 

Bruken av font i bilete er bra. Han har brukt store bokstaver, som er lettare å lese enn små bokstaver. Fonten har enkel lesbarheit og er ikkje dekorativ sidan det er vansklegare å lese og forstå ein dekorativ font.

Bruken av dei 20 designreglane: Er det andre av dei tjue designreglane du kan knytte opp mot eksempla?

Glaser har brukt designregelen “Ha eit tydelig konsept.” Eg synes det han prøva å formidle i logoen kjem veldig godt fram. Han har også brukt designreglane “kommuniser, ikkje dekorer!” og “snakk med ei visuell stemme.” Han har også ikkje brukt meir enn 1 font som kan knyttast til regelen “bruk maks 2-3 skrifttyper.” Regelen “Vel fargar med meining” synest eg også han klarte med tanke på raudt står for kjærleik og kvit står for lojal kjærleik.

Kvifor dette er god eller dårleg design:

Dette er god design fordi det får fram bodskapen på ein enkel og lett leselig måte. Han forsterkar bodskapen med fargar og ikon. Han held seg innanfor mange av dei 20 designreglane.

 

neville-brody-4

Desse neste to eksempla høyre til ein filmtriologi med namn “Ocean`s eleven.” Begge filmposterane for både “Ocean`s eleven” og “Ocean`s twelve” er laga av den grafiske designeren Neville Brody. Han er også kjent for å lage CD-cover til blant annet “Depeche Mode.”

 

Oppbygginga av Hierarkiet:

Det fyrste ein legg merke til i desse filmposterane er tala i raudt. Det er det same i filmposterane som i logoen ovanfor at raud har ein “stoppeffekt” og auget legger merke til den fargen fyrst. Deretter går auget vidare til menna i svart fordi ein ser at dei går på dei raude tala. Til slutt legg ein merke til teksta med namnet på skodespelarane. Det er nok fordi teksta er mindre enn illustrasjonen i bileta.

Fargevalet i bilete:

Dei svarte illustrasjonane av menna i dress trur eg er for å få fram at det er noko mystisk med desse menna. Fargen svart kan formidle “det ukjente”, “det vi ikkje ser” og “mystikk.” Dei som har sett denne filmen veit at desse menna er kriminelle business menn. Eg synes difor Illustasjonen hjelper å formidle litt av det vi har i vente, men på ein mystisk måte.

Tala elve og tolv har fått fargen raud. Raudt kan symbolisere “fare, liv, vitalitet og overlevelse.”  Sidan dette er ein actionfilm vil nettopp “fare, liv og overlevelse” dukke opp i filmen.

Fargen kvit som bakgrunn kan enten vær brukt for å framheve dei raude tala og menna for å skape kontrast, eller det kan være fordi kvit betyr “sannheit, klarheit og ny start.”

Bruken av luft i bilete:

Bruken av luft i bileta er ikkje så gale, men kunne gjerne hatt litt meir luft rundt teksta slik den kjem betre fram. Han har valgt å hatt illustrasjonane litt bort frå teksta, noko som eg synes er bra visst ikkje kunne det sett meir rotete ut.

Bruk av font i bilete: 

Fonten som er brukt er lett leselig, det einaste eg ynskjer er at teksta nederst på plakatane kunne vore litt større slik ein klarte å lese det skikkelig. No er bileta eg har her i ein ganske liten format, så den nederste teksta er sikkert betre å lese på ein filmposter som er i ein mykje større format enn det eg har her. Sjølve fonten i seg sjølv synes eg er bra, den er ikkje dekorativ og dei fleste skal klare å lese og forstå den.

Bruken av dei 20 designreglane: Er det andre av dei tjue designreglane du kan knytte opp mot eksempla?

I posterane ser eg Brody har tatt i bruk designregelane “Vel fargar med meining”, “Bruk maks 2-3 fontar”, “skap spenningsmoment i layouten”, “lys og mørke” og “Lag eigne, unike bilete.”

Som forklart lenger opp i innlegget så trur eg desse fargane blei valt med meining med tanke på betydninga og stemninga dei ulike fargane gjer. Han har kun brukt ein font og posterane blir derfor ryddigare enn det ville ha vore med mange forskjellige fontar. Eg synes både dei raude tala og menna i posterane skapa eit spenningsmoment, tala og illustrasjonane går også under “lag eigne, unike bilete.” Til slutt har vi “Lys og mørke” der vi ser han har brukt mørke illustrasjona på ein lys bakgrunn for å skape kontrastrar.

Kvifor dette er god eller dårleg design:

Eg synes dette er god design fordi posterane får fram kva filmane skal handle om. Her er mystikk og fare i fargane som får fram at filmen ligg i kategorien “Action.” Har ein sett begge filmane veit ein at denne kriminelle gjengen (i første filmen) har 11 hovudkarakterar. I den andre filmen trappa dei opp til 12 hovudkarakterar og bytta derfor fra “Ocean`s eleven” til “Ocean`s twelve.” Hovudkarakterane er også menn, noko han får fram med at illustrasjonane er kun av menn.
Det einaste eg sakna var litt meir luft rundt teksta slik den hadde komt betre fram.

 

Barack_Obama_Hope_poster

Det neste bilete er “Barack Obama: Hope” av shepard Fairey. Denne ble laget til Obamas presidentkampanje i 2008. Shepard Fairey er også kjent for “André the giant has a Posse” som blei brukt som ei kampanje for OBEY Giant.

 

Oppbygginga av Hierarkiet:

Det ein først legger merke til i bilete er høgre sida på andletet til Obama. Deretter flytta auget seg til venstre for å få med seg heilheta av kven det er bilete av. Både raudt og gult har ein “stoppeffekt” som gjer at vi ser meir på andletet enn teksta. Til slutt ser ein ned på teksta “Hope.”

Fargevalet i bilete:

Fargane som er brukt i bilete er Rødt, blått og gult.

Gult har i likheit med rødt ein “stoppeffekt”, men ikkje i like stor grad. Fargen gul symbolisera “intellektualitet, visdom, klarhet og bevissthet.” Det får med på å sette Obama i eit positivt lys. Ein ledar for ei stor folkegruppe må være intellektuell og ha visdom for å føre eit folk. Fargen gul kan også symbolisere “Håp” som teksta på plakaten også formidla. Dette kan vere eit verkemiddel for å få folk til å tenkje at det er håp for forandringar om Barack Obama blir president.

Fargane rødt og blått trur eg først er brukt fordi det er dei fargane USA bruker på Demokrati og Republikk. Fargen blå kan også symbolisere “sannheit og psykisk styrke.” Raudfargen kan også vere brukt for å symbolisere “lidenskap, liv og kjærleik.”

Bruken av luft i bilete:

Eg synes bruken av luft i bilete er bra. Det er ingenting som forhindra meg i å sjå kven dette er og kva som står i teksta.

Bruk av font i bilete: 

Fonten i bilete er lett leselig. Han har tatt i bruk store bokstavar istadenfor små. Det vekker meir oppsikt med store bokstavar enn små bokstavar. I og med at det berre står “Hope” så kan ein tenkje seg ein person som ropa ut “håp” og dette er da mannen som kan få det til. Teksta er ikkje dekorativ, noko som eg synes er bra visst ikkje hadde ikkje plakaten hatt like bra effekt.

Bruken av dei 20 designreglane: 

Det første eg la merke til at han har tatt i bruk er designregelen “Less is more.” Det var med tanke på teksta sidan det berre står “Hope.” Der står ingenting om kven denne personen er, men eg synes det ikkje er nødvendig med ein introduksjon på kven det er bilete av sidan Barack Obama er ein så kjent og profilert person for heile verda. Ellers ser eg at her også går designreglane “maks 2-3 fontar, vel fargar med meining og ha eit tydelig konsept.”

Kvifor dette er god eller dårleg design:

Igjen synes eg dette også er ein god design p.g.a. den er oversiktelig, lett å lese, ein ser kven dette skal forestille og dei politiske fargane for republikk og demokrati kjem fram.

 

Kjelder:

http://lightlines.no/farger

http://en.wikipedia.org/wiki/Barack_Obama_%22Hope%22_poster

http://en.wikipedia.org/wiki/Shepard_Fairey

http://en.wikipedia.org/wiki/Neville_Brody

http://en.wikipedia.org/wiki/Milton_Glaser

http://www.creativebloq.com/graphic-design/names-designers-should-know-6133211

http://ashleyattwood1.wordpress.com/top-10/top-10-designers/

 

Prosjekt Reklamefilm

Implisert leser:

Implisert leser er hvem reklamefilmen er ment til. Og i denne reklamefilmen til Rema 1000 er lagd for en stor målgruppe. Generelt sett er den lagd til alle som bryr som om sin egen økonomi. Det med at butikken er ment for mennesker som er opptatt av sin egen økonomi kommer fram i logoen hvor det står ”Bare lave priser”. Dette anntyder at butikkjeden er relativt billig og dette tilltrekker seg menneser som er opptatt av å handle billig å spare penger. Noe som mange er opptatt av og dermed tiltrekker reklamefilmen seg seg en stor målgruppe. I reklamefilmen er det brukt både unge og eldre mennesker som er med på å fremheve at butikkjeden er ment for alle i alle aldre.

(Petter)

Denotasjon:

Reklamen viser tre unge gutter som fremstår som utrykningspoliti. De stopper en bil som kjører for fort og forteller sjåføren om en fartskontroll lenger ned i veien. Ene gutten forteller at han nettop sparte sjåføren penger og kanskje prikker på førerkortet. Sjåføren takker gutten og gir han penger og et blunk. Gutten svarer “bare hyggelig å hjelpe til”, vinker bilen videre og sier farvel til sjåføren. Teksten “Noen liker å spare for andre – Rema 1000, bare lave priser” dukker opp nede på skjermen, og guttene feirer. Neste bilde viser de to politimennene som har fartskontroll, der den ene sier til den andre “Det er stille idag Johan”. Bilen guttene hjalp triller sakte forbi politibetjentene. Gjennom hele reklamen unntat det siste bildet med politibetjentene spilles det musikk i bakgrunnen.

(Kennet)

Konnotasjon:

Reklamen begynner med et nærbilde av refleksvesten til gutten i reklamen som anslag. Man ser at det står “Polizei” til høgre på vesten hans. Folk kan derfor tenke at dette skal være en kontroll av noe slag og at dette muligens er et utenlandsk politi siden det ikke står “politi.” I det kamera tilter oppover blir vi presentert en liten gut, og mottakeren forstår at dette ikke er noe seriøst opplegg.

Vi går videre til opptrappingen der det kommer et totalutsnitt der disse tre kompisene har fått vinket inn en bil som en vanlig kontroll. Personen i bilen tar ned ruta og viser i ansiktsutrykket at han ikke skjønner hva dette dreier seg om. Sjåaren vil derfor forstå at mannen som er mottakaren i reklama heller ikke tar disse guttene noe seriøst.

Som vendepunkt og klimaks sier gutten at mannen kjørte fort, men mannen svarer tilbake “Har du noe med det å gjøre?” gutten svarer “Nei, men det er noen politifolk lenger nedover vegen som kanskje har noe med det å gjøre. Jeg sparte deg for kanskje noen tusenlapper nå og kanskje noen prikker? Skjønner du?”  Han hinter til mannen at å betale han for denne redningen vil være mye billigere enn å bli stoppet av det ekte politiet og betale bot. Som belønning rekker mannen i bilen frem en 50 lapp og sier “tusen takk” og blinker til gutten. Deretter slår inn reklamefilmens slagord “Noen liker å spare for andre” med Rema 1000 sin logo som tekst under. Vi ser dette i måten gutten sparer mannen for penger ved at han slipper å betale fartsbot.

Som avslutning ser vi de ekte politimennene som har fartskontroll. Slutten er basert på humor der den ene politimannen til den andre sier “Det er stille idag, Johan!” Reklamen slutter med at vi ser bilen som ble stoppet av guttene kjøre sakte i bakgrunnen, vi hører bilen knirker og forstår derfor at den kjører veldig sakte forbi.

(Dorthea)

Assosiasjoner:

Musikken i reklamefilmen blir hovedsaklig brukt til å skildre og fremheve filmen i et gammelt, amerikansk “western” format. Denne assosiasjonen kommer også frem i selve filmen, med virkemiddel som; skyen med støv bilen etterlater seg i starten av filmen, location (et øde område, som kan forsterke assosiasjonen til “den ville vesten”), kameraarbeidet (måten kameraet sakte beveger seg oppover beina til gutten på samme måte de gjorde når de introduserte nye, mystiske karakterer i gamle westernfilmer. Merk også det gradvise fokuset her). Stoppingen og omringelsen av bilen, gjort av guttene, kan også minne om scener i westernfilmer der banditter omringer hestevogner på samme måte, for deretter å rane dem. Dette på en måte “kule”, “lovløse” bildet av guttene forsterkes også med solbrillene deres.

(Kristian)

 

Kjelder: Mediekultur, Mediesamfunn av Jostein Gripsrud.

Nye nettstader

 

Vi fikk i oppgave i Web å registrere oss på tre nettstader: Twitter, Diigo og Evernote.

Det eg hadde minst kjennskap til var Diigo.

diigoLOGO_transparent

Slik eg har forstått det kan ein bruke Diigo til å dele så og seie alt. Ein kan dele det ein har som “favoritter” på pc-en sin, ein kan dele notata, screenshots, bilder, lydfiler, dokumenter og andre ting. Dette er ein god idé når ein skal samarbeide med resten av klassa. Det eg finn ut som kan vere relevant innen for eit fag, kan eg dele vidare, og omvendt. Eg har ikkje satt meg godt nok inn i Diigo enda, men eg vil prøve å få det til etterkvart. Av dei tre nettstadane synes eg Diigo var den som var mest vanskeleg å skjøne meg på. Det er også nettstaden eg har minst erfaring med.

diigo-evolution

 

Evernote

evernote

Evernote var eg allereie medlem av, men har ikkje brukt det så lenge eg har vore medlem. Synes det var litt vanskeleg å få til ting her også i byrjinga, men det kjem seg seinare. Evernote kan ein lagre alt inne på ein plass. Dette gjelder for det meste notater og kladder.

twitter-logo

Twitter er den nettstaden eg kan mest om. Har vore ein aktiv brukar på Twitter sidan 2010, men har vore sjeldnare inn på det siste året. Her kan ein velje sjølv kven ein vil følgje: Venar, kjendisar, fagfolk, komikarar, politikarar, nettaviser etc. Kven du velge å følgje blir resultatet av informasjonen du får i “newsfeeden” din. Eg har brukt twitter til å følgje venar, nettaviser og kjendisar, men er åpen for å følgje fleire fagfolk også.

 

 

Øvingsoppgave

 

DSC_0007 copy1

Gjenskaping av bilete: Sensommer.

Hva og hvorfor: Det som er annleis i bilde nr. 2 er at det ikkje er noko forstyrrande foran motivet. Vi får meir augekontakt med motivet og han kjem betre fram i bilete. Eg endra plass å ta bilde på p.g.a. Det som blei seinsomar i bilde nr. 1 var sollyset, det fikk eg ikkje til under bilde nr. 2. Synest det blei meir «seinsomar» med høstlige blad i bakgrunnen.

Korleis dette bilete er betre til å formidle det eg vil få fram: Personen i bilete kjem betre fram enn i det forige bilete. Eg meinar haustfargen på treet i bakgrunnen er meir seinsomar enn sollyset i det første bilete.

DSC_0016

2

Gjenskaping av bilete

Hva og hvordan: Det som er annleis i bilde nr. 2 er at graset i seg sjølv ikkje blir eit forstyrrande element på personane i bilete. Bilde nr. 2 ser meir ryddig ut sidan dei ikkje sit i eit uklipt gras som kan bli sett på som «støy». Bakgrunnen i bilde nr. 2 er litt meir «ryddig» enn den i bilde nr. 1 fordi eg har prøvd å få motiva der fjella er og ikkje rett foran eit tred.

Kvifor eg gjor det slik: er fordi eg ville ha eit bilete som er meir «harmonisk» å sjå på. Da er det best å unngå støy både i forgrunn og bakgrunn. Emil (til høgre i bilde nr. 2) hadde også nokon sko som var litt opplysande, så vi satte bevisst beina hass slik som det er i bilete for at dei ikkje skulle ta noko oppmerksamd.

1

Tema: Arkitektur

Kva eg prøva å formidle: Det eg prøva å vise er Sjukehuset i Volda. Heile sjukehuset er laga av mur og gir eit inntrykk av at dette er eit «gammalt bygg.» Dette til liks med mange andre sjukehus er laga av mur og ikkje tre.

Kva eg har gjort for at mottakaren skal forstå bodskapen:

Eg ville ta bilde av «fronten» på sjukehuset fordi at mottakaren skal sjå kor ein kan gå inn på sjukehuset. Vegen er ei hjelpande linje som føre mottakaren mot inngangen og blikket endar venstre hjørne (der inngangen er). Ser i ettertid eg kunne ha flytta meg meir mot høgre for å unngå å få den eine lyktestolpen som eit forstyrrande støy foran motivet.

2

Tema: Ungdomstid

Kva eg prøva å formidle:

Det eg prøva å formidle er nåtidens ungdomstid. Vi leve i den digitale utviklinga og er mykje på mobilar uansett kor vi er. Før så hadde ein kun telefonar innendørs, men no kan ein ta det med seg kor enn ein går. Det eg også prøva å formidle er det nye ordet «selfie», som tyda å ta bilete av seg sjølv med mobilen.

Kva eg har gjort for at mottakaren skal forstå bodskapen:

Det eg måtte gjer for at mottakaren skal forstå bodskapen min er å plassere to ungdomar poserande foran ein mobil. Dei fleste ungdomar vil kjenne seg igjen i dette bilete. For at mottakaren skal skjøne at dei tek bilete av seg sjølv måtte dei derfor smile i bilete, viss ikkje kunne det berre sjå ut som ein ser på noko anna på mobilen. Motiva ser også rett på mobilen og ikkje kamera, blikket deira vil føre mottakaren til å automatisk sjå mobilen Camilla har i handa.

3

Tema: Vennskap

Kva eg prøva å formidle:

Det eg prøva å formidle er vennskap. Eg ser at bilete også kan misforståast som sorg i og med at motiva har på seg svart, klemmer kvarandre og sit foran ei kirke.

Kva eg har gjort for at mottakaren skal forstå bodskapen:

Det eg har gjort for å få fram bodskapen er å plassere dei på ein benk og få ei vertikal linje i bilete som skal gi mottakaren eit inntrykk av at dette er «harmonisk» og vennskapelig. Det var også viktig at dei gav kvarandre ein klem, visst ikkje kunne det sett ut som to fremmede som satt vedsiden av kvarandre. Er motiva bort i kvarandre viser dette at dette er to bekjente/venner.

4

Tema: Hjelpsomhet

Kva eg prøva å formidle:

Det eg prøvar å formidle er at Birte (i kvit topp) prøva å hjelpe Camilla (som sit på ryggen) til å nå tak i noko.

Kva eg har gjort for at mottakaren skal forstå bodskapen: Det eg har gjort for at mottakaren skal forstå bodskapen min er at Birte har Camilla på ryggen slik at ho skal klare å nå opp til eit blad som ho ikkje var høg nok til å nå tak i sjølv. Det som også hjelper er at begge ser på den greina Camilla prøva å nå tak i. Ein kan sjå at dei tenke på å nå tak i den same tingen.

Eg prøvde å få greina i fokus samtidig som personane, men den kunne våre litt meir i fokus. Det vi også tenkte på i bilete va at Camilla var nødt til å strekke ut handa og nå tak i noko, visst ikkje hadde Camilla berre såtte på ryggen til Birte for ingen grunn. Dei fleste kjenner til ordtaket «ei hjelpande hand».