Komposisjonsprinsipp i foto

I denne oppgåva skulle vi ta i bruk teorien vi har lært om komposisjonsprinsipp i boka “Composition.” Dei komposisjonsprinsippa eg ville prøve meg på var Bevegelse, Balanse, rytme, Kontrast og harmoni.

Bilde nr. 1: Bevegelse.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 4.0   Lukkertid: 1/25 sek

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker å oppnå i dette bilete er bevegelse. For å klare å illustrere at denne bilen er i bevegelse så må ein ha lang lukkertid og følge elementet som er i bevegelse slik at resten av bildet blir uklart.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
Grunnen til at eg valgte å ta desse innstillingane er fordi eg ville ha ein uklar bakgrunn på bildet, men eg ville ha heile bilen i fokus. For å få til dette måtte eg ha lang lukkertid og ha blender på 4.0.

Bilde nr. 2: Harmoni.
_MG_9222 Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 4.0   Lukkertid: 1/50 sekund

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker i dette bildet er å skape harmoni. Her har eg satte 2 store element mot kvarandre. Fjellet er i bakgrunnen for at det skal bli mindre og brygga er i forgrunnen for at den skal virke større. Dette er for å skape ein balanse i bildet slik at bildet ikkje hell mot kun ei side.
Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
I dette bilete kunne eg ha hatt eit større blendertall enn 4.0, men eg ville ha brygga i fokus og resten uklart derfor holdt eg meg til 4.0. Lukkertida er på 1/50 sekund, dette var fordi det var relativt mørkt og grått ute.

Bilde nr. 3: Balanse.

_MG_9106

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 2.8  Lukkertid: 1/160

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker å oppnå her er eit bra komponert bilete som skaper ein balanse. Eg plasserte han i det sekundære bildeområdet og balanserte det med å ha ein uklar bakgrunn.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
Grunnen til at eg har brukt 2.8 i blender er fordi eg ville at kun han skulle vere i fokus. Objektivet går ned til 1.8, men da ville ikkje heile han ha vore i fokus. Lukkertida er på 1/60 for at bildet verken skal bli for lyst eller for mørkt.

Bilde nr. 4: Balanse.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 2.8  Lukkertid: 1/80.

Kva eg ønsker å oppnå:
Dette er det andre bildet eg har innanfor kategorien “balanse.” Her var det meininga å sette bilen i det gylne snittet. Hadde bilen stått utanfor det gylne snittet så trur eg at bilete hadde blitt “tungt” på den eine sida.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
Grunnen til at eg valgte å ha 2.8 i blendertall er fordi eg ville kun ha fokusen på bilen. Men i og med at bilen står nær veggen, så blir ikkje den så uklar likevel. På grunn av rytme og repitisjon i bakgrunnen ser det likevel ut til å funke uten å bli ein “rotete” bakgrunn. Lukkertida er på 1/80 for at bildet verken skulle bli for lyst eller for mørkt.

Bilde nr. 5: Kontrast.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 4.0  Lukkertid: 1/25 sekund

Kva eg ønsker å oppnå:
Dette bildet har samme konsept som bilde nr. 1 som handler om bevegelse, men i dette bilde har eg også fokusert på kontraster. Kontrastane eg ville fokusere på er fargekontraster.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
I dette bildet har eg brukt 1/25 sekund for å få ein uklar bakgrunn og ha bildet i “fart.” Eg burde ha tatt i bruk eit kamerastativ for å unngå enda meir at bakgrunnen blir “støy” istadenfor eit virkemiddel for å få fram kontraster. Blenderen er på 4.0 for å få fokus på heile bilen.

Bilde nr. 6: Enhet = Rytme i bildet.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender: 4.0  Lukkertid: 1/50 sekund.

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker å oppnå i dette bilete er rytme i bilete. Bilete og detaljane i bilete består av repitisjon. Fordi alt i bilete går i linjer og har like lang avstand så er ikkje dette eit bilete som er slitsomt å sjå på med mange detaljer.

Virkemidler:
Canon EOS 1000D.
EF 50mm/ f 1/8.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:
I dette bilete var det kun meininga å få alt i fokus, her har eg brukt blendertall 4.0, men kunne ha brukt eit høgare tall enn det. Lukkertida er 1/50 sekund for å ikkje få eit for lyst eller for mørkt bilete.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>