Arbeidskrav 2 (Del 3) og arbeidskrav 3 (del 3)

Vi har fått i oppgåve å digitalisere skissene vi har laga tidligare i haust. I arbeidskrav 2 så skulle vi redesigne Eplejuice kartongen til First Price. I arbeidskrav 3 skulle vi lage ein logo til nettsida vår (som ein header) som representerar oss (meg sjølv) som person.

Vi byrjar med arbeidskrav del 2.

IMG_0973

Eg starta skissa mi sånn. Men etter råd fra medelevar så skulle eg gå tilbake til 2,0Liter, bordet skulle vere lenger nede, glasset lenger oppe, epla større og ein mørkare grønnfarge.

IMG_1016

Vi fortsetter vidare med skisse nr. 2. Her har eg laga til skissa ut ifrå tilbakemeldingar frå medelevar. Ikkje så stor forskjell, men ei forbetring. Grønnfargen skulle også vere mørkare enn dette. (her var det mangel på fargekritar for min del)

Eg tenkte eg skulle prøve meg ut med å skisse logoen over på eit bakepapir igjen, denne gongen med tusj for at det skulle vise betre når eg satte skissa inn i Photoshop.

eplejuicedesign

Her var planen å tegne over igjen med brush i Photoshop. Det gjekk for så vidt fint, men eg var ikkje nøgd med resultatet som endte slik:

eplejuicedesigneksempel

Sidan eg ikkje synest dette var den beste måten for meg å framstille produktet slik eg ville ha det, så begynte eg på nytt og teikna opp i photoshop sjølv. Ved hjelp av “Line tool” og “Ellipse tool” så blei produktet mitt redda. Eg blei meir fornøgd sidan linjene ikkje var “taggete” som det blei når eg brukte “brush tool.”

firstpriceeplejuiceeksempel2

Resultatet blei deretter slik. Eg hadde allereie byrja å farge epla og glasset i Photoshop, men fann ut seinare at det var ikkje nødvendig sidan eg hadde det i “Greyscale” og resultatet blei svart/kvit.  Eg valgte å ta resten av fontane i Illustrator i tilfelle eg fann ut at eg ville ha noko “effect” på det.

eplejuiceferdig
(Fargane i dette blogginnlegget blei mykje lysare enn den lagra fila på pc-en min).

Det ferdige resultatet etter Illustrator blei slik. Men fargane hadde ein mørkare grønnfarge.

Etter dette byrja eg å tenkje på korleis eg skulle presentere det ferdige produktet mitt. Eg ville styre unna ein vanleg Powerpoint presentasjon og ta noko litt meir spennande for å “selge” produktet mitt. Eg kom fram til at eg skulle prøve meg på ein reklameplakat, ispirert av Lerum sin reklameplakat som blei så populær for nokon år sidan.

Lerum_NyKartong_210x278.indd

Eg byrja å leite etter bakgrunnar som skulle sette mottakaren i den rette “stemninga.” Eg leita lenge til eg kom på at nokon hadde foreslått at eg kunne ha eit mørkebrunt trebord i bildet mitt. Så eg baserte søket mitt på dette og endte opp med denne bakgrunnen:

Wooden-Table-copy

Denne var perfekt i mine auger der fargane i bakgrunnen var med på å “heve” produktet mitt.

reklameplakat

Grunnen til at desse to fontane blei tatt i bruk var fordi eg ville ha det litt adskilt det som var “faktabasert” og det som skulle “lokke mottakaren.” Derfor ville eg ha ei “håndskrift” over der kartongen står, som kan vere ein beskjed frå “sendar” til “mottakar.” Deretter ville eg ha ei litt meir nøytral skrift på det faktabaserte. Dette fordi det ikkje skulle overstride produktet på nokon måte.

Arbeidskrav 3 del 3.

I arbeidskrav 3 så skulle vi lage ein personleg logo som vi kan bruke til header på t.d. ein blogg eller privat nettstad. Sidan eg ville få fram “meg sjølv” i logoen så byrja eg fyrst å ramse ned stikkord på kva eg kunne ta med: glad i rosa, jentete, litt barnslig, men samtidig seriøs. Ut i frå dette ville eg ha noko som ikkje såg altfor voksent ut, i og med eg ikkje føler det beskriver meg heilt enda.

10721042_10152261528811841_182268342_n

Eg kom fram til at eg skulle ha ei litt tjukk samanhengande skrift. Litt tjukk font for å få fram “litt barnslig” samtidig som samangengande skrift for å få fram “jentete.” Eg trengte litt inspirasjon til dette og byrja å søke meg rundt på nettet etter “girly logos.” Det var mykje å velje mellom, men med litt humor bak blei eg inspirert av “Barbie” logoen. Ikkje fordi eg samanliknar meg med dukka, men fordi eg forstod at det var den logoen eg kjente meg best igjen i. Eg likte også den illustrerte jenta i logoen som passa perfekt for meg når eg skulle ha denne logoen som ein “blogg-header.” Ikonet viser berre at denne bloggen er skrevet av ei jente.

path4264

10736155_10152291129296841_1646995965_n

Eg teikna deretter også dette over på bakepapir. Denne gongen gjekk det betre med Photoshop til Illustrator metoda. Eg tok å teikna over med “brush tool” i Photoshop og fjerna unødvendige strekar og flekkar med “eraser tool”.

Eg fann deretter ut at eg ikkje ville ha ikonet over namnet likevel, så eg satte det på enden av namnet i stedet. Ikonet blei også justert mindre slik at det ikkje skulle overstride bokstavane i logoen.

logodortheabw

Etter dette byrja eg å leike meg i Illustrator. Eg visste på forhånd at eg ville ha logoen min i ein rosafarge, men det var til eg fann effektane Illustrator har å tilby at eg fikk laga resultatet litt meir “interessant”. Fyrst enda det slik:

dorthealogorosa32

Deretter blei det ferdige resultatet slik:

dorthealogorosafullfort

Eg prøvde meg deretter på å ha det på ein header til bloggen min:

tema2_høst.copy_ copy copy

Her ser vi at fargane går i ett med resten av bildet og at det går igjen i krusa eg holder.

Eg tenkte eg skulle prøve å lage eit anna produkt som eg kunne bruke logoen min til enn “privat bruk” så eg prøvde meg på å lage cover til eit jentemagasin, men kom fram til at fargane går, men ikkje fonten.

magasinmedlogo33

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>