Tre eksempler på grafisk design

I forige veke fikk vi i oppgave å ta med tre eksempler på grafisk design. Eg ville derfor ta noko design som eg hadde litt kjennskap til fra før og som eg hadde litt kunnskap om. 

 

ny

Eg byrja først med det ikoniske “I <3 NY” av den kjente grafiske designeren Milton Glaser. Han er blant annet kjent for sin “Bob Dylan poster”, “DC bullet logo” og han grunnla “New York Magazine” med Clay Felker.

Oppbygginga av Hierarkiet:

Det eg legger merke til først i bilete er hjartet fordi det er raudt. Fargen raud har ein “stoppeffekt” og skil seg difor meir ut enn den svarte fonten i bilete. Auget går vidare til bokstaden “I” som i “eg.” Det er fordi hjerna veit ein skal byrje å lese frå venstre til høgre. Til slutt ser ein “NY” som da er forkortning for “New York.”

Fargevalet i bilete:

Glaser har også valt å ha eit raudt hjarte istadenfor ordet “love.” Raudfargen skal symbolisere varme, lidenskap og kjærleik, det får fram bodskapen av at New York er noko som står nært hjartet hans. Fonten er svart på kvit og skapa derfor kontrast mot kvarandre som gjer lesbarheita i logoen betre.

I følgje: http://lightlines.no/farger så skal fargen kvit stå for “reinhet, klarhet, heilhet og lojal kjærleik.” I og med fargen står for lojal kjærleik så kan det være ein grunn til at Milton Glaser ville ha den fargen som bakgrunn.

I samme lenkja eg hadde om kvit, så fann eg ei tydning på svart: fredfull tomhet. Fredfull tomhet betyr “tømme ut negative energier.” Eg synest det passa til resten av logoen, der ein heller forbinda kjærleik med noko positivt enn negativt.

Bruken av luft i bilete:

Eg synes bruken av luft i logoen er bra. Logoen skal vere enkel og går rett på sak, så det er ikkje noko meir han treng å formidle. Det er romslig med luft mellom bokstaver og Ikon slik at lesbarheta på fonten er enkel og bra. Hadde skrifta og ikonet våre meir samantrykt ville det våre verre å fått med seg kva som egentlig står her.

Bruk av font i bilete: 

Bruken av font i bilete er bra. Han har brukt store bokstaver, som er lettare å lese enn små bokstaver. Fonten har enkel lesbarheit og er ikkje dekorativ sidan det er vansklegare å lese og forstå ein dekorativ font.

Bruken av dei 20 designreglane: Er det andre av dei tjue designreglane du kan knytte opp mot eksempla?

Glaser har brukt designregelen “Ha eit tydelig konsept.” Eg synes det han prøva å formidle i logoen kjem veldig godt fram. Han har også brukt designreglane “kommuniser, ikkje dekorer!” og “snakk med ei visuell stemme.” Han har også ikkje brukt meir enn 1 font som kan knyttast til regelen “bruk maks 2-3 skrifttyper.” Regelen “Vel fargar med meining” synest eg også han klarte med tanke på raudt står for kjærleik og kvit står for lojal kjærleik.

Kvifor dette er god eller dårleg design:

Dette er god design fordi det får fram bodskapen på ein enkel og lett leselig måte. Han forsterkar bodskapen med fargar og ikon. Han held seg innanfor mange av dei 20 designreglane.

 

neville-brody-4

Desse neste to eksempla høyre til ein filmtriologi med namn “Ocean`s eleven.” Begge filmposterane for både “Ocean`s eleven” og “Ocean`s twelve” er laga av den grafiske designeren Neville Brody. Han er også kjent for å lage CD-cover til blant annet “Depeche Mode.”

 

Oppbygginga av Hierarkiet:

Det fyrste ein legg merke til i desse filmposterane er tala i raudt. Det er det same i filmposterane som i logoen ovanfor at raud har ein “stoppeffekt” og auget legger merke til den fargen fyrst. Deretter går auget vidare til menna i svart fordi ein ser at dei går på dei raude tala. Til slutt legg ein merke til teksta med namnet på skodespelarane. Det er nok fordi teksta er mindre enn illustrasjonen i bileta.

Fargevalet i bilete:

Dei svarte illustrasjonane av menna i dress trur eg er for å få fram at det er noko mystisk med desse menna. Fargen svart kan formidle “det ukjente”, “det vi ikkje ser” og “mystikk.” Dei som har sett denne filmen veit at desse menna er kriminelle business menn. Eg synes difor Illustasjonen hjelper å formidle litt av det vi har i vente, men på ein mystisk måte.

Tala elve og tolv har fått fargen raud. Raudt kan symbolisere “fare, liv, vitalitet og overlevelse.”  Sidan dette er ein actionfilm vil nettopp “fare, liv og overlevelse” dukke opp i filmen.

Fargen kvit som bakgrunn kan enten vær brukt for å framheve dei raude tala og menna for å skape kontrast, eller det kan være fordi kvit betyr “sannheit, klarheit og ny start.”

Bruken av luft i bilete:

Bruken av luft i bileta er ikkje så gale, men kunne gjerne hatt litt meir luft rundt teksta slik den kjem betre fram. Han har valgt å hatt illustrasjonane litt bort frå teksta, noko som eg synes er bra visst ikkje kunne det sett meir rotete ut.

Bruk av font i bilete: 

Fonten som er brukt er lett leselig, det einaste eg ynskjer er at teksta nederst på plakatane kunne vore litt større slik ein klarte å lese det skikkelig. No er bileta eg har her i ein ganske liten format, så den nederste teksta er sikkert betre å lese på ein filmposter som er i ein mykje større format enn det eg har her. Sjølve fonten i seg sjølv synes eg er bra, den er ikkje dekorativ og dei fleste skal klare å lese og forstå den.

Bruken av dei 20 designreglane: Er det andre av dei tjue designreglane du kan knytte opp mot eksempla?

I posterane ser eg Brody har tatt i bruk designregelane “Vel fargar med meining”, “Bruk maks 2-3 fontar”, “skap spenningsmoment i layouten”, “lys og mørke” og “Lag eigne, unike bilete.”

Som forklart lenger opp i innlegget så trur eg desse fargane blei valt med meining med tanke på betydninga og stemninga dei ulike fargane gjer. Han har kun brukt ein font og posterane blir derfor ryddigare enn det ville ha vore med mange forskjellige fontar. Eg synes både dei raude tala og menna i posterane skapa eit spenningsmoment, tala og illustrasjonane går også under “lag eigne, unike bilete.” Til slutt har vi “Lys og mørke” der vi ser han har brukt mørke illustrasjona på ein lys bakgrunn for å skape kontrastrar.

Kvifor dette er god eller dårleg design:

Eg synes dette er god design fordi posterane får fram kva filmane skal handle om. Her er mystikk og fare i fargane som får fram at filmen ligg i kategorien “Action.” Har ein sett begge filmane veit ein at denne kriminelle gjengen (i første filmen) har 11 hovudkarakterar. I den andre filmen trappa dei opp til 12 hovudkarakterar og bytta derfor fra “Ocean`s eleven” til “Ocean`s twelve.” Hovudkarakterane er også menn, noko han får fram med at illustrasjonane er kun av menn.
Det einaste eg sakna var litt meir luft rundt teksta slik den hadde komt betre fram.

 

Barack_Obama_Hope_poster

Det neste bilete er “Barack Obama: Hope” av shepard Fairey. Denne ble laget til Obamas presidentkampanje i 2008. Shepard Fairey er også kjent for “André the giant has a Posse” som blei brukt som ei kampanje for OBEY Giant.

 

Oppbygginga av Hierarkiet:

Det ein først legger merke til i bilete er høgre sida på andletet til Obama. Deretter flytta auget seg til venstre for å få med seg heilheta av kven det er bilete av. Både raudt og gult har ein “stoppeffekt” som gjer at vi ser meir på andletet enn teksta. Til slutt ser ein ned på teksta “Hope.”

Fargevalet i bilete:

Fargane som er brukt i bilete er Rødt, blått og gult.

Gult har i likheit med rødt ein “stoppeffekt”, men ikkje i like stor grad. Fargen gul symbolisera “intellektualitet, visdom, klarhet og bevissthet.” Det får med på å sette Obama i eit positivt lys. Ein ledar for ei stor folkegruppe må være intellektuell og ha visdom for å føre eit folk. Fargen gul kan også symbolisere “Håp” som teksta på plakaten også formidla. Dette kan vere eit verkemiddel for å få folk til å tenkje at det er håp for forandringar om Barack Obama blir president.

Fargane rødt og blått trur eg først er brukt fordi det er dei fargane USA bruker på Demokrati og Republikk. Fargen blå kan også symbolisere “sannheit og psykisk styrke.” Raudfargen kan også vere brukt for å symbolisere “lidenskap, liv og kjærleik.”

Bruken av luft i bilete:

Eg synes bruken av luft i bilete er bra. Det er ingenting som forhindra meg i å sjå kven dette er og kva som står i teksta.

Bruk av font i bilete: 

Fonten i bilete er lett leselig. Han har tatt i bruk store bokstavar istadenfor små. Det vekker meir oppsikt med store bokstavar enn små bokstavar. I og med at det berre står “Hope” så kan ein tenkje seg ein person som ropa ut “håp” og dette er da mannen som kan få det til. Teksta er ikkje dekorativ, noko som eg synes er bra visst ikkje hadde ikkje plakaten hatt like bra effekt.

Bruken av dei 20 designreglane: 

Det første eg la merke til at han har tatt i bruk er designregelen “Less is more.” Det var med tanke på teksta sidan det berre står “Hope.” Der står ingenting om kven denne personen er, men eg synes det ikkje er nødvendig med ein introduksjon på kven det er bilete av sidan Barack Obama er ein så kjent og profilert person for heile verda. Ellers ser eg at her også går designreglane “maks 2-3 fontar, vel fargar med meining og ha eit tydelig konsept.”

Kvifor dette er god eller dårleg design:

Igjen synes eg dette også er ein god design p.g.a. den er oversiktelig, lett å lese, ein ser kven dette skal forestille og dei politiske fargane for republikk og demokrati kjem fram.

 

Kjelder:

http://lightlines.no/farger

http://en.wikipedia.org/wiki/Barack_Obama_%22Hope%22_poster

http://en.wikipedia.org/wiki/Shepard_Fairey

http://en.wikipedia.org/wiki/Neville_Brody

http://en.wikipedia.org/wiki/Milton_Glaser

http://www.creativebloq.com/graphic-design/names-designers-should-know-6133211

http://ashleyattwood1.wordpress.com/top-10/top-10-designers/

 

One thought on “Tre eksempler på grafisk design

  1. Silja

    Hei, Dorthea!

    Først og fremst vil eg seie at du skriv utruleg godt om designeksempla! Du viser innsikt og forståelse, går grundig igjennom kvart spørsmål. Kjekt å lære litt meir om desse eksempla, og ei fryd å lese. Eg vil advare mot å bruke Wikipedia og Lightlines som kjelde – om du sjekkar Lightlines.no nærare er dette ei side for klarsynte, og difor ikkje ei kjelde som ein “stoler” på i designsamanheng. Wikipedia er heller ikkje kjeldesikra. Berre eit tips, sidan desse kjelden ikkje skal brukast til eksamen.

    Men som sagt, flott skrive om interessante eksempel!

    S :-)

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>