Arbeidskrav 2 i design

Til neste torsdag har vi fått i oppgåve i design å lage skisser og redesigne emballasjen på eit produkt. Vi kunne velje mellom First-Price eplejuicen, Trondhjems Cowboygryte eller Nidars Hobbysjokolade. Den eg følte eg fikk best idé til av dei 3 valga var First-Price eplejuicen.

Den originale emballasjen ser slik ut:

Skjermbilde 2014-09-10 kl. 18.48.36

For meg så er ikkje dette designet så altfor gale, så eg bestemte meg for å heller bygge ut på konseptet som er i det gamle designet. Eg ville beholde den kvite fonten, men heller flytte “100% ren juice” under der det står Eplejuice. 2 Liters kartongen endra eg om til ein 1,5L, men kunne også holdt med 1,5 Liter. Skal dette gå til ein ung person så synes eg det holder med 1L – 1 1/2 Liters kartong. Grunnen til dette er fordi dei fleste “yngre” bur enten aleine eller på ein hybel der ein berre kjøpe inn mat og drikke til seg sjølv. Det er også den faktoren at skal ein velje Eplejuice som “blandevatn” på ein fest t.d. så vil ein ikkje at handbagasjen skal vere så stor. Det er heller ikkje alle som får tid til å drikke opp 2L med Eplejuice og veljer derfor ein Juice med litt mindre i pakken.

IMG_0974

Det eg først ville gjere var å “kutte ned” på detaljar i bilete på emballasjen. Eg prøvde meg først på ein kartong der ein ser eit glass som “søler” eplejuice utanfor glasset. Eg prøvde meg også på å ha eit halvt eple istadenfor eit heilt eple ovanpå. Eg var usikker her på om eg skulle velje eit rødt eller grønt eple sidan resten av kartongen er grønn. Dette blei berre ei skisse for å prøve meg fram. Konseptet var at eg skulle gå nærmare inn på eplet og få enda betre fram at dette er Eplejuice!

Eg blei derimot ikkje fornøgd med denne skissa fordi glasset og emballasjen går i eit. Det var heller ikkje nok luft rundt fonten, så eg prøvde meg på nytt med ei ny skisse.

IMG_0973

Her ser ein at eg har basert meir på den originale emballasjen på Eplejuicen, men forandra litt på bilete. Eg har kutta ut mannen i bakgrunnen og alle epla som var med i bilete. Det eg beholdt var det kvite bordet i bilete og glasset. Eg valte å gå for 2 grønne eple, eit heilt og eit halvt. Sidan eg har lært tidlegare frå VGS at ein blir meir frista om det er eit halvt eple enn eit heilt så valgte eg å kombinere det.

Hierarki:

Det første eg prøvde på her var å fordele bakgrunnen. Halvparten grønn og andre halvparten kvit. Det kvite skal da framstå som eit bord som glasset og epla står på. Det var viktig å plassere epla og Juicen godt ned på den kvite bakgrunnen fordi det ikkje skulle gå i ett med den grønne bakgrunnen. Glasset med Juice i måtte stå litt ovanfor slik at det kjem betre fram at det står på eit bord og at dette ikkje berre er ein vanleg kvit bakgrunn. Eg plasserte også slik at glasset står meir på den kvite bakgrunnen istadenfor den grønne. Om denne linja er litt over midten blir bilete i seg sjøl meir harmonisk å sjå på. Teksta ville eg ha øverst på kartongen, men ikkje for langt oppe. Det er meininga det skal vere luft mellom topp – tekst – illustrasjon. Eg plasserte First-Price logoen og “1,5L” på høgre side der dei går i linje med kvarandre. Hadde eg plassert “1,5L” på venstre side ville det nok sett meir rotete ut igjen.

Fargebruk:

Eg var usikker på om eg skulle bruke raude eller grønne epler, men kom fram til at grønne epler står meir i kontrast med fargen på Juicen. Fargen grøn symboliserar også “Natur, vekst, Orden, samt sunne relasjonar.” Resten av emballasjen (pakninga rundt juicen) skulle vere i ein mørkare grønntone slik det ikkje går i ett med den illustrerte Juicen og epla. Eg beholdt den vanlege First-Price logoen og den kvite teksta. Den kvite teksta gjor slik at heilheta av kartongen såg meir “reint” ut. Hadde det våre i alle regnbuens farger kunne det framstilt juicen som ein meir kunstig juice.

Biletbruk:

I og med eg har tatt utgangspunkt i det forige bilete, men berre gjort nokre få endringar, så var ikkje det forige bilde så gale. Det einaste eg synes er at det får betre fram kva denne kartongen er, om ein går meir inn på detaljane. Det er også meininga at dette skal bli eit fotografi og ikkje ein illustrasjon. Eg føler eit foto framstiller juicen som meir sunn enn kva eit illustrert eple ville ha gjort.

Skrift og skrifttyper:

Eg prøvde å etterligne den originale fonten som eg trur skal vere Arial. Eg valgte også å skrive eplejuice med ein stor borbokstav istadenfor liten. For meg blir designet litt for anonymt om eit kun skal bruke små bokstaver, men eg ville heller ikkje brukt store bokstaver på heile teksta. Derfor kom eg fram til at eg skulle ha ein stor forbokstav.

Korleis designet appelerar til målgruppa:

Eg føler at dette designet er meir “fresh” enn det forige. Grunnen til dette er fordi det er minimalt med detaljar, enkelt og ryddig design og oppsett. Ein ungdom vil også velge det som ser “fresh ut” fordi mange er opptatt av å være sunn og holde seg i form. Er det stilreint design så vil produktet med ein gong sjå meir ut som eit sunnare alternativ. Dei sunne alternativa/ økologiske alternativa i matbutikken har for det meste ein svakare nøyanse av fargar på designet sitt. Eg skil meg litt ut her fordi eg ville behalde den mørke grønnfargen for å framstille dette som eit “billigare” alternativ. Kombinasjonen “sunt og billig” var derfor det eg var ute etter og som eg synes passer best for målgruppa “20 – 30 år.”

 

One thought on “Arbeidskrav 2 i design

  1. Silja

    Hei, Dorthea!

    Utruleg gode refleksjonar! Du skriv godt og klokt om vala du tek, som f.eks å nedjustere størrelsen på eplejuicekartongen. Heilt einig – eg drikk aldri opp ein heil slik kartong før den er for gammal…

    Når det gjeld første skisse! Hadde vore veldig tøft om du fekk nokon (ein assistent) til å sleppe eit eple eller eplebitar ned i eit glas så det “splasha”. At det heile fekk litt meir bevegelse enn det ser ut til i skissa.

    Skisse 2 er litt meir tradisjonell, ikkje så kreativ som første skisse. Men forstår at layouten kan vere lettare å lage til denne.

    Skisse 2: Fint om fargebruk, og at du bevisst tenkjer på å dele opp bakgrunnen i kvitt/grønt ved hjelp av evt. vegg og bord.

    Fint at du allereie i skissene ser nærare på layout, tekst og luft! Det hjelper deg når du etter kvart justerer på skissene. Elles synest eg du deler opp teksten i gode avsnitt, og rett og slett skriv knakande godt.

    S :-)

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>