Blenderåpning og lukkartid

Bilde nr. 1 og 2

Korleis dybdeskarphet kan framheve eit motiv.

Brennvidde: 55 mm. ISO: 800. Blender (f/36). Lukkertid (1/0 sek)

Brennvidde: 55 mm. ISO: 100. Blender (f/5.6). Lukkertid (1/8 sek)

Kva eg ønsker å oppnå:
Det eg ønsker å oppnå i desse bileta er å illustrere korleis dybdeskarphet kan framheve eit motiv, i dette tilfellet blomsten. Eg følte det var ein betre måte å få fram poenget mitt ved å ta bilde av det samme motivet, deretter skrive kamerainnstillingane mine. Hovudinnstillinga her går på blender. Til lavare blendertall ein har (stor blenderåpning) til meir ufokusert blir bakgrunnen. Her hjelper det også å ha lav ISO. Til lavare ISO til betre kvalitet og meir blurry bakgrunn blir det. Eg har også tenkt på komposisjonen min ved å tenke på «Det gylne snittet.» Bilete blir meir harmonisk for auget å sjå på om motivet er litt til sides i stadenfor i midten på bilete.

«Det gylne snitt»

Dette bilete illustrerer det gylne snittet ved å ha eit grønt kryss i kvar sine retningar. Det er der det egner seg best å ha eit motiv i bilete. Som ein ser på bileta mine har eg ikkje plassert blomsten heilt til kanten av bilete, men berre litt til sides oppe i høgre hjørne som det eine krysset i dette bilete illustrerer.

Virkemidler:

Virkemidler eg har brukt i dette bilete er komposisjon og kamerastativ sidan eg tok dette bilete når det begynte å bli kveld.
Eg har også brukt objektivmodell: EF- S18 – 55 mm.
Canon EOS 450 D.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Sidan eg hadde eit objektiv som ikkje ville gå lenger ned enn til (f/3.5 – f/5.6) brukte eg 55 mm brennvidde. Dersom eg bruker 18 mm brennvidde kan eg få blenderen ned til (f/3.5), eller eg kan velge å bruke 55 mm brennvidde, men da får eg kun blendertallet ned til (f/5.6). Begge to gir omtrent samme effekten, berre at 18 mm må du gå lenger inn på motivet om du skal få ein «blurry» bakgrunn.

Sjølve objektivet eg brukte er ikkje det beste for å få ein uklar bakgrunn derfor måtte eg tenke på fleire ting når eg skulle ta dette bilete (det nederste).

55 mm brennvidde hjelper på å få ein meir uklar bakgrunn og lav ISO (100) hjelper på det samme. Eg tok ned blenderåpninga så langt som objektivet tillot meg (f/5.6), og hadde ein relativ lang lukkertid også (1/8 sekund). Lang lukkertid va meir fordi det var begynt å bli mørkt ute. For å kunne ha alle desse innstillingane var det nødvendig med eit kamerastativ sidan det ville blitt uklart om eg skulle prøvd å holde kamera stille i 1/8 sekund med henda mine.

Med tanke på det øverste bilete så var det meininga å gjere det stikk motsatte fra det nederste bilete, altså ha heile bilete i fokus. Brennvidde var fortsatt på 55 mm sidan motivet skulle stå på den samme staden som det første bilete. Her stilte eg blenderåpning på (f/36), dette gjer at alt kjem i fokus (og bilete blir desto mørkare også). For at bilete ikkje skulle bli så mørkt fordi eg har mindre dybdeskarphet (i øverste bilete) så måtte ISO-en opp. Eg stilte ISO-en på 800. Eg ville ikkje ha ISO-en noke høgre opp sidan ulempa med høg ISO er kornete bilete. Bilete var fortsatt ikkje lyst nok, så eg måtte stille på lukkertida. Desto lengre lukkertid ein har, desto lysare blir bilete. Eg valde å ha lukkertida mi på 1 sekund, derfor var det nødvendig med eit kamerastativ i tillegg.

Bilde nr. 3 og 4.

Korleis dybdeskarphet kan brukes for å endre fotografiets mening.

Brennvidde: 50mm. ISO: 100. Blender (f/2.2). Lukkertid (1/4000 sek)

Brennvidde: 50 mm. ISO: 100. Blender (f/11). Lukkertid (1/250 sek).

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå med desse bileta er å vise korleis dybdeskarphet kan endre fotografiets meining. I bilde nr. 1 ser ein to venniner som ler og har det gøy ilag. Guten i bakgrunnen skulle i grunnen vere meir uklar, men om begge jentene skulle komme i fokus so måtte blendertalet ligge på (f/2.2) i det øverste bilete. Synes fortsatt eg får fram i bilete nr. 1 at guten i bakgrunnen ikkje er meint å «kjenne til» desse jentene. I bilete nr. 2 var det meininga å få med guten. Han skulle sjå sint ut fordi desse jentene har det gøy utan han/ han får ikkje bli med. Då kan betydninga av bilete skifte om til å handle om «utestenging eller mobbing» i stadenfor eit bilete som handla om «vennskap.»

Virkemidler:

Komposisjon: Jentene er i det primære bildeområdet, imens guten er i det sekundære bildeområdet. Dette er for at vi skal legge merke til jentene først, deretter finne ut kva bilete egentlig handlar om. Objektivmodell: EF- 50 mm f/1.8. (Eit objektiv med fast brennvidde)
Canon EOS 1000D.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

I det første bilete var det meininga at guten skulle vere uklar, for at han skulle bli uklar og jentene i fokus måtte blendertalet vere lavt = Stor dybdeskarphet. Eg stilte blendaren ned til (f/2.2). Med objektivet eg har brukt her går det an å stille blendartalet ned til (f/1.8), men ulempa da er at bilete mest sannsynlig ville endt med kun 1 av jentene er i fokus da.

Sidan blendertalet mitt var lavt og ISO-en min var lav (som hjelper på å få ein blurry bakgrunn), så måtte lukkertiden min heilt opp til 1/4000 sekund. Dette er fordi at til lavare blendertalet er, til lysare blir bilete. I dette bilete var det allereie ganske lyst ute og jentene står mot sola. Sidan dei står mot sola var det fare for at bilete kunne bli overeksponert (for kvitt). Eg prøvde å unngå overeksponeringa, men bileta blei likevel litt overeksponert. For å unngå overeksponeringa kunne eg ha tatt bileta ein plass der det var meir skygge. Eg kunne valt ein betre bakgrunn også, der garasjene og bilen blir støy i bileta.

Bilde nr. 5 og 6

Hvordan endret lukkertid kan brukes for å framheve eit motiv.

Brennvidde: 40 mm. ISO: 100. Blender (f/32). Lukkertid (-4 = 4 sekund)

Brennvidde: 40 mm. ISO: 1600. Blender (f/5.6). Lukkertid (1/80 sek)

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå her er å vise korleis endret lukkartid kan brukast for å framheve eit motiv. Det eg ville framheve her er elva og måten den renner nedover steinane på. Eg venta til det blei litt seint på dagen og at det blei mørkare ute for å ta desse bileta sidan lang lukkertid = lysare bilete.

Virkemidler:

Objektivmodell: EF- S18 – 55 mm.
Canon EOS 450 D.
Eit godt virkemiddel når ein skal ha lang lukkertid er eit kamerastativ for å holde kamera i ro. Komposisjonen i bilete kunne ha våre betre her sidan bilete ikkje er heilt «behagelig» å sjå på. Det eg måtte tenke på her er at elva går i forskjellige retningar, i tillegg til at steinane rundt også er i fokus. Eg prøvde å lage ein balanse i bilete mellom elva og steinane for at bilete verken skulle helle til venstre eller høgre.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Brennvidda blei på 40 mm fordi på den steinen eg sto på i elva så var det den brennvidda som ga best «totalutsnitt.» Ein kan få eit «slørete» preg på elva allereie ved lukkertida (1/8 sek), men eg hadde lukkertida heilt ned til 4 sekund fordi eg likte effekten det gav bilete. Ser i ettertid at eg kunne hatt ei kortare lukkertid for å få meir teksturar i elva. For å unngå at bilete skulle bli for lyst så måtte eg gå opp i blendertal (f/32) og ha so lav ISO som mogleg (100).

Bilde nr. 2 for fram korleis bilete blir om ein har kortare lukkartid (1/80 sek). Blendaren min var på (f/5.6) fordi eg prøvde å unngå støy. Sidan lukkartida mi er høg så måtte ISO-en opp for at bilete skulle bli lysare (1600).

Bilde nr. 7 og 8.

Korleis lukkertid kan brukes for å endre fotografiets mening.

Brennvidde: 48 mm. ISO: 100. Blender (f/29). Lukkertid (30 sek).

Brennvidde: 55mm. ISO: 1600. Blender (f/5.6). Lukkertid (1/10)

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå her er å vise korleis lukkartid kan brukast for å endre fotografiets meining. Det som var meininga her var tanken «lys». Ei lang lukkertid gjer at lyset på bilane blir «lysstråler» i bilete. Bilete nr. 2 avslører kva som er kjelda til desse «lysstrålane» i bilete nr. 1. Motivet er det samme, men ved hjelp av lukkertid blir resultatet veldig annleis i bilde nr. 1 frå bilde nr. 2.

Virkemidler:

Objektivmodell: EF- S18 – 55 mm.
Canon EOS 450 D.
Kamerastativ.
Komposisjonen var meininga at «linjene» i bilete skulle gå i samme retning. Inn frå det primære biletområdet til det sekundære biletområdet. Eg ville også unngå å ha dette på midten, men litt ovanfor får å skape ein viss «balanse.» Bakgrunnen blei derimot støy fordi det var eit hus som sto i vegen. Eg kunne dessverre ikkje gjere så mykje med å ta bort det.

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Brennvidda var på 48 – 55 mm. Det var ikkje meininga at det skulle vere noko forskjell på brennvidda i dei to forskjellige bileta. Grunnen til at eg stilte inn brennvidda såpass var fordi eg sto ved siden av gangvegen og skulle ha meir fokus på hovudvegen.
ISO-en var 100 på det første bilete fordi det ikkje var nødvendig med noko høgre ISO sidan lukkartida var på 30 sekund. Bilete nr. 2 derimot var ISO-en høg fordi bilete skulle bli lysare sidan eg hadde bytta lukkartida om til (1/10 sekund).

Eg stilte også blendartalet ned i bilete nr. 2 (f/5.6) for at bilete skulle bli lysare i det eg tok opp sekunda i lukkartida (1/10). I bilete nr. 1 derimot var det nødvendig med høgt blendetal (f/29) sidan ei lukkartid på 30 sekund gir eit relativt lyst bilete.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>