Foto, oppgave 3

Bilde nr. 1: Karakterportrett

Brennvidde: 36mm. ISO: 200. Blender: (4.5)  Lukkertid: (1/125 sek)

 

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg prøver å oppnå er å ta eit bilete av Lovise for å vise kven ho er og kva interesse ho har. I dette bildet har ho på seg treningsklær som skal formidle at ho er ein glad og aktiv person. Vi brukte fotballbana som “Location” for å få fram stemninga av ein plass der ein holder til med idrett.

 

Virkemidler:

Canon EOS 450D

Objektivmodell: ES – S18 – 55mm.

 

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Grunnen til at eg har brukt desse innstillingane er fordi t.d. så var det skugge og grått vær ute så eg satte ISO-en opp til 200. Brennvidda er 36 mm for å få fram heile antrekket til Lovise, men også får å få ein noko lunde uklar bakgrunn i bilete. Blenderen er på 4.5 for å få heile ho i fokus. Lukkertida er på 1/125 for at bilete ikkje skulle bli for lyst/mørkt.

 

Bilde nr. 2: Karakterportrett.

Brennvidde: 47 mm. ISO: 400. Blender: 5.6. Lukkertid: (1/160 sek)

 

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå er å vise kva person Louise er. Ho har hatt på ein gensar som står “I love my sneakers” på som ho synes beskriver henne. For å få fram teksta betre så  valgte eg å ta eit nærbilete av henne.

 

Virkemidler:

Canon EOS 450D

Objektivmodell: ES – S18 – 55mm.

 

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Lyset ute var ganske dårlig i det vi fotograferte, så ISO-en blei stilt inn på 400 for å få litt lysare og finare farger i bilete. Brennvidda er på 47 mm som får fram at eg har zooma på ansiktet hennar. Blender er på 5.6 for å få ein litt uklar bakgrunn. Lukkertida er på (1/160 sek) for at bilete verken skulle bli for lyst eller for mørkt.

 

Bilde nr. 3: Karakterportrett

Brennvidde: 41 mm. ISO: 400. Blender: 5.6. Lukkertid: (1/160 sek)

 

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg prøver å oppnå her er å vise fellestrekka til Lovise og Louise. Ein ting begge har til felles er t.d. foto. Begge to er så og si like høge i dette bilete også som skaper ein viss symmetri. Eg prøvde å få begge i fokus og ta i bruk det gylne snitt der begge er på kvar sin side av det gylne snittet.

gylnesnitt

 

Virkemidler:

Canon EOS 450D

Objektivmodell: ES – S18 – 55mm.

 

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Brennvidda er på 41 mm fordi eg ville ha ein noko lunde uklar bakgrunn, men samtidig få med begge personane i bilete. ISO-en er på 400 p.g.a. været. Blendertalet er på 5.6 for å få begge personane i fokus, men eg kunne gjerne hatt det litt meir opp.

 

Bilde nr. 4 og 5. Ta bilde av samme motiv der du bruker to forskjellige brennvidder til å endre hva bildet formidler.

Brennvidde: 46 mm. ISO: 100.  Blender: 6.3. Lukkertid: (1/320 sek)

Brennvidde: 18 mm. ISO: 100. Blender: 6.3.  Lukkertid: (1/250 sek)

 

Kva eg ønsker å oppnå:

Det eg ønsker å oppnå i desse bileta er å vise korleis brennvinna kan endre eit bilete. Det første bilete skal handle om “Haust” der ein bruker stige for å plukke ned dei modne epla frå epletredet. Det andre bilete blir meir “tilværelse og bustad” fordi der har det plutselig dukka opp eit hus og resten av hagen.

 

Virkemidler:

Canon EOS 450D

Objektivmodell: ES – S18 – 55mm.

 

Kvifor eg har brukt desse innstillingane:

Den første brennvidda er på 46 mm. Eg hadde den ikkje heilt inn på 55 mm fordi eg skulle få med heile epletredet i bilete. Den neste brennvidda er på 18 mm som gir ei mykje betre oversikt over “tilværelsen.” Blendertalet i begge bileta er på 6.3, men eg kunne gjerne hatt eit høgare blendartal i bilde nr. 2 for å få meir fokus på alt. Lukkertida er 1/320 sekund i det første bilete og 1/250 sek i det andre bilete. Det er fordi i det eg endra på brennvidda i bilete, så blei det nederste bilete meir lysare enn det andre som som hadde brennvidde på 46 mm.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>