Oppgåver til Onsdag, 30/09 – Foto.

 

Her har eg fått ei god utfordring, då eg berre er fornøgd med eit sett av dei tre. Eg vil seie det er tydeleggjort at eg er heller fersk innan dette med foto.

Her finn vi 7 foto, der medstudent Stig Even er modell i 5(2 sett).

 

Oppgåve 1

Oppg1_1Foto 1:

Her har eg teke eit bilete med automatisk ISO innstilling, og blendaropning F4.0. Bakgrunnen blir utydeleg, og sjølv om ein ser sånn nokonlunde kva som er i bakgrunnen, er det Stig Even som er i fokus.

 

Oppg1_2Foto 2:

Dette biletet vart teke med ei langt mindre blendaropning, noko som fører til at biletet, med so mykje meir synlege detaljar, omhandlar meir enn berre Stig Even. Inntrykket eg sjølv får her, er at Stig Even er ute langs sjøkanten i Volda, for å dokumentere eller liknande.

 

Oppgåve 2

2Oppg2_1Foto 1:

Fotografi nummer 1 var teke med telelinse, 70mm. Her blir bakgrunnen uklar, og vi har Stig Even i fokus. Inntrykket er at han er ute og tek bilete. Kva han tek bilete av er irrelevant.

 

2Oppg2_2Foto 2:

Dette biletet tok eg med vanleg zoom-linse, og med normal brennvidde(50mm). Her ser ein både fotografen og motivet til denne karen.
2Oppg2_3Foto 3:

Her har eg brukt same zoom-linsa, og teke eit bilete med vidvinkel(~30mm). No får ein inn all informasjon som kan seiast å vere relevant til fotografen(Stig Even). Vi ser han, det han tek bilete av, og plassen han tek bilete frå.

 

Oppgåve 3:
IMG_9474(compressed)Foto 1:

Dette biletet vart teke med lukkartid 1/125, som er normalen for kameraet eg har brukt. Vi ser tydeleg kva veret seier om dagen idag. Vi ser ein bil, veit ikkje kvifor den er i biletet, og motivet er uklart.
IMG_9470(compressed)Foto 2:

Dette vart ikkje stort vellykka, men det viser likevel forskjellen på kva effekt lang og kort lukkartid kan ha. Sjølv om eg ikkje presterte å presentere noko spesiell meining med korkje eine eller hitt, viser dei i det minste kva forskjell du vil få i eit statisk bilete med «røyrsle» i seg. Vi ser kva som er fokuset i biletet, og vi ser at bilen her er passerande, og skjønar kvifor den er der den er. Det som og er vrient med lang lukkartid, er å tilpasse ISO og blendaropning, då auto-ISO ikkje taklar denne utfordringa so veldig godt. Du får langt meir lys å styre med, noko eg skjønar eg må øve meg på.

  • Erlend Å. E.