Oppgåve 4 – Tekst med musikk

Her skulle vi kombinere musikksporet frå øvingsoppgåve 2 med talesporet vi tok opp i oppgåve 3. Vi skulle vidare foreta nødvendig etterarbeid. Til dømes å sørge for at fokuset er på talesporet, og justere volumet til dei to ulike spora. Slik vart resultatet:

Oppgåve 2 – Musikk

Til denne oppgåva skulle vi laste ned eit musikkspor lovlig og gratis frå nettet. Eg brukte sida www.looperman.com, og importerte musikksporet i Audition. Der kunne eg redigere musikksporet etter eget ønske, men sporet skulle ikkje vare i meir enn 40 sekund og vi skulle lage inn- og uttoning. Slik vart resultatet:

Oppgåve 3 – Tekst

Vi skulle finne ein kort tekst (dikt e.l.) og lese dette inn i Audition. Vidare skulle vi foreta etterbehandlingar etter eige ønske. Til dømes bruke støyfjerning, komprimering og tonekontroll (EQ). Deretter skulle vi eksportere resultatet som MP3, publisere dette på Soundcloud og dele det her på bloggen.

Eg valte første verset i diktet «Då Gud heldt fest i fjaler» av Jakob Sande. Sidan eg sjølv ikkje la merke til noko bakgrunnsstøy, forandra eg ikkje noko på dette. Eg brukte komprimering, satt terkselen til -30 dB, forholdet til 8:1, reaksjonstid til 4 sekund og falltid til 2 sekund. Ein brukar tonekontroll (EQ) til å farge lydbiletet, og då fjerna eg alle frekvensane under 50 Hz og forsterka frekvensane mellom 5 – 7 kHz med eit par dB.

Critical Analysis of «Red Balloon»

32882

«Red Balloon» er ein 13-minutters thriller kortfilm regissert av Damien Mace og Alexis Wajsbrot. Den vart gitt ut i mai 2010, og er blitt nominert til mange festivalar. Filmen handlar om tenåringsjenta, Julie, som skal sitte barnevakt for ei lita jente kalla Dorothy. Fleire gongar i løpet av kvelden våknar Dorothy med eit skrik, og Julie går opp for å
få ho til å legge seg igjen. Julie skjønar at det er noko ved ein av bamsane til Dorothy som forstyrrar den lille jenta, og kontaktar mora hennar for å finne dette ut. På nyhendene fortel dei at det er ein person som har rømt frå eit mentalsjukehus, og vi får vite at denne personen er i samme hus som desse jentene.

Det eg likar med filmen er at ein får fram allereie i starten at dette er ei lita skrekkhistorie. Ein får vite kvar historia tek plass, og ved telefonsamtala skjønar at dette er ei jente som sit barnevakt. Uten dette ville ein kanskje trudd at dei var i familie.

Dorothy er mystisk og vanskeleg å skjønne seg på, og dette gjer historia litt ekstra spanande.
Det at filmen har ein «open slutt» syns eg er bra i slike skrekkfilmar, slik at ein kan tenke seg sjølv fram til kva som skjer med hovudpersonane. Likevel skjønar ein at Julie landar på bakken og blir skada på grunn av denne mentalsjuke personen, men vi får ikkje vite kva som skjer vidare.

Det at kameraet går bakover gjennom interiør og vindu, og deretter inn igjen i eit anna vindu føler eg blir litt mykje. Desse scenene føler eg er lagt inn kun for å bruke opp litt ekstra tid.

Tittelen på filmen er «Red Balloon». Denne raude ballongen kjem med i biletet i nokre klipp, men for meg gir den egentlig ingen meining. Etter det eg har forstått har forteljinga bak denne filmen, ingenting å gjere med ein raud ballong.

Fyrste gongen eg såg denne filmen kunne eg ikkje heilt skjønne kvifor denne mentalsjuke personen skulle vere i akkurat dette huset. Samtidig som at det virka som Dorothy hadde eit godt forhold til denne kanina. Ved å sjå den endå ein gong ser eg at personen som har rømt frå mentalsjukehuset, har namnet «Alister Radford». Dette er altså etternamnet til familien sitt hus. Vi får raskt sjå eit fotografi av Dorothy og ein person som har blitt tusja over. Dette betyr at kanina er trulig broren til Dorothy, og vil på ingen måte skade henne. Derimot ender Julie på bakken, og Dorothy går skadefri saman med denne kanina vidare.

Alt i alt syns eg dette var ein grei kortfilm. Sjølv ville eg ikkje gitt filmen dette namnet, med tanke på at filmen egentlig ikkje handla om ein raud ballong. Eg ville kanskje droppa scenene med inn og ut filming av huset. Elles syns eg forteljinga var interessant når ein fyrst forstod den. Nesten heile filmen er virkeligheitsbasert, og dette gjer at det skremmer oss mennesker litt ekstra. Det er ikkje slik at eg vil skrike ut til alle eg kjenner at dei burde sjå denne filmen, men dersom du likar skrekkfilmar kan eg gjerne anbefale den.

Oppgåve 7 – Lyddesign

Til denne oppgåva skulle vi hente nokre lydar frå Adobe. Vi skulle også spe på med lydar frå andre kjelder, og gjerne ta opptak av nokre eigne lydar og kombinere dette med dei nedlasta lydane.

På mitt lyddesign brukte eg mykje Adobe sine lydeffektar, men eg tok også med nokon lydar eg har tatt opp sjølv. Slik som til dømes stega, koppen som blir satt på bordet og vatnet frå springen. Elles har eg også funne andre effektar frå andre kjelder. Her er mitt resultat:

Oppgåve 6 – Lydvandring

Vi har fått i oppgåve å gjenta lydvandringa frå forrige veke. Denne gangen skulle vi ta lydopptak av turen. Siv Hagberg og eg henta ein Zoom-lydopptakar på skulen, og gjekk oss ein tur seinare på dagen. Målet var at vi skulle sjå korleis teknologien oppfattar lyden på vandringa vår. Vi skulle ikkje lytte til opptaket når vi gjekk.

Då vi kom tilbake til hybelen min lytta vi til lydopptaket vårt. Vi høyrte spesielt stega våras, bilane som køyrde forbi og en del latter. Der var også lydar av postkassene, bilen min, musikk, hosting og ein mann som snakka i telefon. Her er opptaket frå lydvandringa:

Vi skulle redigere lydar for å demonstrere det mentale vi oppfatta. Siv og eg bestemte oss for å legge inn ekstra lyd av regn og latter, sidan vi meinte at dette ikkje kom godt nok fram. Her la vi til desse lydeffektane, og resultatet blei slik:

Oppgåve 5 – Lydbilde

Vi fekk i oppgåve å lage ein enkel lydproduksjon i Audition. Vi skulle ta utgangspunkt i nokre lydfilar, og lage eit lydmiljø på ca. 20-30 sekund, og gjerne spe på med fleire lydar. Vidare skulle vi eksportere resultatet som MP3, laste det opp på SoundCloud og legge det ut her på bloggen.

Eg valte å bruke latteren, alarmsignalet, kawasakien, den amerikanske politibilen og bytrafikken. Målet mitt var å skape ein følelse av nokre ungdommar som har det artig på ein motorsykkel, men som skjønnar at dei gjer noko ulovleg når dei plutselig høyrer sirena til politibilen. I tillegg til dei lydane eg brukte frå ZIP-fila, la eg til ein «Oh no»-lydeffekt og bakgrunnsmusikk. Slik vart resultatet:

 

5 designs in 5 weeks: Easy as ABC

I design har vi fått i oppgåve å lage alfabetet av noko vi vel sjølv. Eg bestemte meg for å velje ei frukt, og endte opp med bananer. Slik blei resultatet:

collage banan

Vi skulle lage ein plakat der vi skulle vise bokstavane våras i handling. Sidan banan kan vere èin av fem om dagen, gjekk eg ut i frå dette og lagde denne plakaten: plakat banan

Arbeidskrav 2B

I denne oppgåva skal eg ta utgangspunkt i gruppeoppgåvene “retorikk” eller “bildeanalyse” som vi hadde for ei stund tilbake, for så å velje ein av desse å skrive ei akademisk oppgåve. Eg skal ta føre meg oppgåva om “bildeanalyse”. Marius Jensen, Magnus Horne, Sivert Hjelle, Kristine Fløholm Høyum og eg var på gruppe. Gruppeoppgåva gjekk ut på å velje eit fotografi, og vidare analysere dette med utgangspunkt i Peter Larsen sin prosedyre for bildeanalyse. Vi skulle vidare forberede ein 5 minutters munnleg presentasjon. Til denne oppgåva valde vi dette biletet:

e46129fa08087c78076c9305f957ea30

I boka «Medievitenskap: Medier – tekstteori og tekstanalyse» brukar Peter Larsen nokre punkt i sin prosedyre for bildeanalyse som er den fyrste beskrivelsen, biletet som utsagn, biletet som verkelegheitsfortolkning, biletet sine medbetydningar og biletet i bruk.

Unden den fyrste beskrivelsen av biletet identifiserar vi berre kva vi med ein gang ser. Vi tar til oss fargane og formene som biletet består av. Det er ikkje alltid praktisk erfaring og viten er tilstrekkelig, for å forstå kva som er avbilda. Altså for å kunne identifisere gjenstandar og begivenheitar som bileter framstillar, forutsettast det ein praktisk viten som vi ikkje alltid har. Nokon gongar er det biletene sjølv som er tvetydige, slik at det ikkje er mulig å identifisere bildeelementa uansett kor mykje vi veit. Dette punktet går på primær betydninga til biletet. (Larsen, 2008, s.64)

Bilete som utsagn spelar på kva biletet faktisk betyr, meininga bak dette, og kvifor vi skal sjå nettopp denne situasjonen. Dette går på kva fotografen prøvar å fortelje oss. Biletet framstillar stoffet sitt på ein bestemt måte. På same måte som alle andre bileter beskjærer det motivet, ser det frå ein bestemt synsvinkel, arbeider med fargar og komposisjon – og får på denne måten framheva visse trekk og gjort dei meir betydningsfulle. (Larsen, 2008, s.66-68)

Bilete som verkelegheitsfortolkning handlar om kor ekte og verkeleg eit bilete er. Det er viktig å understreke at det er snakk om eit bevisst val frå fotografen si side. På grunn av fotografiet sin realistiske karakter er vi ofte tilbøyelige til å sjå på fotografi som om dei var vindu mot verkelegheita. Fotografi er ein presentasjon, det vil sei ei fortolkning, ei bearbeiding av verkelegheita. (Larsen, 2008, s.70)

Biletet sine medbetydningar fortel om at det ligg meir i fotografiet. Bileter framstillar og fortolkar den sanselege verden, men dei er også bileter – og dermed en del av bildehistorien. Nokon gongar peikar dei sjølv veldig direkte og åpenlyst på denne historia: «Dei “siterer” andre bileter, dei spelar bevisst på likheita med velkjente, eldre bileter eller med bestemte bilettypar.» Her ser vi på sekundær betydninga til biletet. (Larsen, 2008, s.70)

Biletet i bruk er fyrst og fremt kva biletet skal og blir brukt til. Dette kan vere kva som helst, som til dømes postkort, reklame, demonstrasjon, cover og så vidare. Her får vi ei forklaring som kan utdype vår forståelse av biletet sitt innhald. På dei andre punkta er det snakk om kva og korleis, medan no er det snakk om kvifor.

Den fyrste beskrivelsen

Det vi umiddelbart ser i biletet er to personar i ei seng på eit hotellrom. Vi ser ei kvinne som held rundt ein mann, og dei viser at dei er glad i kvarandre. Med ei viss grad av kunnskap om store og kjende statuer i ulike land, kan ein lett skjønne at kvinna er friheitsgudinna i New York, medan mannen er kristusstatuen i Rio de Janeiro. Det er ikkje nødvendigvis teksten ein umiddelbart ser, men etter kvart som ein har studert kva som skjer i biletet vil ein sidan sjå på dette. Som sagt er ikkje alltid praktisk erfaring og viten tilstrekkeleg for alle, og for å forstå denne plakaten må vi derfor prøve å utvide vår viten, ved å spørre folk som veit meir. Det er dermed ikkje alle som vil skjønne kven desse personane skal forestille.

Her er mange bildeeelement på denne plakaten. På hovudet til kvinna i senga ser vi ei strålande krone, dette forbinder nok dei fleste med friheitsgudinna som befinner seg i New York. Nederst i høgre hjørne ser vi ein fakkel, akkurat slik som friheitsgudinna stolt held opp i været. Mannen i senga har armane strekt ut, akkurat slik som Jesus ofte blir avbilda. Håret til mannen og ansiktet er også ganske likt Jesus, og viser at dette er kristusstatuen i Rio de Janeiro. Røyken som mannen held i handa kan skildre at dei nettopp har hatt samleie. Lampen, nattbordet, gardinene og stikkontakta viser at dette er innendørs på eit hotellrom. Det opplysande skiltet øverst i høgre hjørne der det står “OTEL”, skildrar at desse personane befinner seg på eit hotell eller motell. Teksten “Make the world closer” tar ein del plass i biletet, men har ei stor betydning for meininga med biletet. Heilt nederst på plakaten er det ei gul stripe med teksten “Ukraine International Airlines” og ei flyvinge, som viser at dette kan vere ei reklame for eit flyselskap.

Bilete som utsagn

Det er ofte tittelen på eit bilete som kan gi forklaring på kva biletet skal bety, meininga bak dette og kva vi skal sjå. Tittelen til dette biletet må vere “Make the world closer”. Utan denne teksten gir biletet ikkje den same betydninga, og mottakaren vil mest sannsynleg sitte igjen med fleire spørsmål angåande biletet.

Friheitsgudinna i New York og kristusstatuen i Rio de Janeiro er to statuer som på verdskartet er plassert eit godt stykke i frå kvarandre. På biletet ser vi dei ligge saman i ei seng, med teksten “Make the world closer” rett under. Det produsenten av reklama prøvar å meddele til mottakaren, er at to forskjellige folk og plassar kan foreinast. Enkelt sagt, verda kan bli mindre. Heilt nederst på plakaten ser vi logoen til “Ukraine International Airlines” det får mottakaren til å skjønne at ved hjelp av fly kan ein enklare komme seg frå ein plass til ein annan.

redigert UIABileter er ofte ei flate som er delt opp i felter – eller som Larsen seier: «Dei ulike bildeelementa fordelar seg på flaten i relativt klart atskilte felt» (Larsen, 2008, s.66) Dersom vi gjer slik som Larsen gjor, og trekker ein diagonal frå øverste høgre hjørne ned mot venstre, får vi to felt. Slik som vi ser på biletet til høgre. Hovudsakleg er heile biletet ganske mørkt, men vi kan sjå at det øverste feltet har dei heilt mørkaste fargane.

Fyrste gangen eg og gruppa mi studerte dette biletet, begynte vi å tenke over kvifor lampen i det heile tatt skulle vere så synleg. Umiddelbart vil nok dei fleste sjå paret i senga, og nokon vil kanskje tenke at dei andre elementa i biletet er unødvendige. Her spesielt elementa i felt 1. Ikkje alle vil kanskje med det fyrste tenke gjennom dette, men dersom ein hadde fjerna desse bildeelementa hadde biletet fått ei anna betydning. Dersom vi fjernar lampen, nattbordet, gardinene og stikkontakta kan det plutseleg sjå ut som desse peronane befinn seg på ein heilt annan plass. Det kan til dømes sjå ut som dei er utandørs i ei seng på bakken. Igjen kvifor er det opplysande skiltet med «OTEL» så viktig i denne reklama? Dersom vi her hadde fjerna dette, kan det like gjerne sjå ut som personane er i eit hus eller ei hytte. Dette er altså viktig sidan det er snakk om eit flyselskap, som skal reklamere for nokon som er på reise.

Som det står i Medievitenskap-boka: «Bilete er ikkje berre ei flate der visse element er plassert øverst og andre nederst for å skape ein fin, spenningsfull komposisjon. Biletet er også eit rom. Vi som er tilskodarane til biletet, ser både biletet og inn i biletet. Valet av synsvinkel på bilderommet er viktig.» (Larsen, 2008, s.67)

Biletet har eit perspektiv ovanifrå i forhold til personane. Dersom dette var eit ekte fotografi, ville nok tilskodarane tenkt at fotografen stod i ei gardintrapp ved sidan av senga. Årsaka til at det er frå denne vinkelen biletet har blitt skapt, er nok for å få fokus på personane.

Bilete som verkelegheitsfortolkning

Sidan biletet vi har valt ikkje er eit fotografi, er det vanskeleg å sei så veldig mykje angåande akkurat dette punktet. Det som skjer i biletet vil vi nok aldri oppleve i verkelegheita. Ved litt søking på nett, viser det seg at dette heller ikkje er noko ekte reklame som Ukraine International Airlines har brukt. Reklama blei laga av Alexander Bozho til Altai Fake Festival, og skulle kun vere ein spøk.

Biletet kan likevel skapast på fleire ulike måtar, og dermed fortolke dette motivet eller eit lignande motiv på fleire måtar. Personane i biletet er svært alvorlege, men virkar som dei har det hyggeleg. Vinkelen på biletet kunne vore slik at ein såg mindre av personane og meir av rommet, men då ville poenget med statuene forsvunne.

Biletet sine medbetydningar

Biletet som er ei slags reklame for Ukraine International Airlines, kan ha mange medbetydningar. Personane i senga kan representere folk med forskjellige nasjonalitetar. Sidan friheitsgudinna finn stad i USA, kan ho representere ein person frå statane. Kristusstatuen kan representere ein brasilianer, sidan statuen er i Brasil. I tillegg kan desse statuene også representere to ulike land.
Dersom ein ikkje set fokuset på at personane i biletet er statuer, kan desse personane berre enkelt skildre to personar som er glad i kvarandre. Ved hjelp av eit flyselskap vil dette paret enklare møtast.
Her er endå fleire medbetydningar. Plakaten kan vise at ved hjelp av eit flyselskap, kan vi mennesker ha muligheita til å sjå desse to statuene på kort tid.
Det kan også berre vere ei slags skjult reklame for å lokke folk til å ha lyst å reise til New York eller Rio de Janeiro, som gjer at dei kan selje endå fleire billettar.
Reklama er relativt ny. Den blei laga i 2012 til Altai Fake Festival av kaFe Kiev. Når vi ser eit bilete, registerer vi kjapt og automatisk sånn omtrent kor tid det skal plasserast historisk. (Larsen, 2008, s.72) Vi kan sjå at dette er eit greit moderne bilete. Statuane kan gi oss ein følelse av gamlare tider, men ein kan enkelt sjå at reklama er ny. Teksten, hotellskiltet og linja nederst viser spesielt dette.

Biletet i bruk

Biletet eg har valt til denne oppgåva trudde eg og gruppa mi fyrst og fremst var ei ekte reklame, for eit flyselskap i Ukraina. Etter litt søking på nett, fann vi ut at det kun var ei falsk reklame. Den har og vil aldri bli brukt av dette ukrainske flyselskapet. Eg vil likevel no skrive som om at det faktisk er ei ekte reklame.
Biletet har ein meddelelsessituasjon. Dette vil sei at biletet har ein budskap som overførast frå ein sendar til ein mottakar. Biletet blei fyrst produsert av Aleksandr Bozhko, som vi hovudsakleg tenkte hadde fått eit oppdrag av Ukraine International Airlines. Hensikta med biletet er at folk skal sjå det, og få folk til å fly meir og innsjå at det er enklare å fly. Altså by seg fram for potensielle kundar. Denne reklama kan få ein tilskodar til å klikke seg inn på www.flyuia.com og bestille ei flyreise.

Dersom vi fokuserar på at dette biletet faktisk kun er laga for moroskuld, og kun er falsk har biletet ein annan meddelessituasjon. For det fyrste vil kanskje dei mest religiøse ta dette svært negativt, og ikkje akseptere at noko sånt blir vist på denne måten. Det er sagt at personane bak denne reklama prøvar å få fjerna det frå nett, men tydeligvis har dei ikkje lukkast med dette endå.

Oppsummering og konklusjon

I denne bildeanalysa har eg lagt merke til fleire ting enn eg normalt ville sett i ei reklame. Fyrst såg eg på primær betydninga, som går på kva det ein umiddelbart ser i Ukraine International Airlines si falske reklame. Dei som har kjennskap til dei kjende statuene i verda, kan sjå at dette er friheitsgudinna og kristusstatuen saman i ei seng. Vidare studerte eg kva biletet faktisk betydde og meininga bak dette. Her såg eg at biletet hadde fleire viktige bildeelement og kva handlinga bak desse var. Då det kom til punktet om verkelegheitsfortolkning, var det vanskeleg å uttrykje seg så mykje om dette, sidan biletet ikkje er eit fotografi. Ved å berre studere biletet i nokon minutt, kunne eg sjå at biletet hadde mange medbetydningar og det gjor alt mykje meir interessant. Sist såg eg på biletet i bruk, og eg tenkte fyrst at dette var ei reklame for Ukraine International Airlines. Der tok eg feil, men prøvde å ta utgangspunkt i at den faktisk var ekte. Etter denne bildeanalysa, har eg lært at det finns så mange forskjellige betydningar og viktige bildeelement i så mange ulike bileter. Det kan berre ta litt tid og faktisk legge merke til det!

Litteraturliste

Larsen, P. (2008) Medievitenskap: Medier – tekstteori og tekstanalyse. Fagforlaget Vigmostad & Bjørke AS

Design: Tidsmaskin

Vi fekk i oppgåve å velje ein plakat frå i dag som vi skulle «omgjere» til tidsperioden vi laga ein gruppepresentasjon om for nokre veker sidan. Amanda Eide, Stig Even Lillestøl og eg fekk tidsperioden 1980. Ut i frå denne plakaten skulle vi sjå på kontekst, typografi, fargar, produksjonsmetodar i forhold til slik det var i 1980. Gruppa mi bestemte oss for å velje ein Star Wars-plakat. Vi endte opp med denne her:

enhanced-buzz-11781-1385567510-29

Dette er ikkje det originalbiletet dei brukar på Star Wars-coveret til film nummer 7, men vi bestemte oss for å bruke dette likevel. Dersom vi skulle redesigna denne til ein plakat på 1980-talet, er det fleire ting som ville vore annleis. Det vi ser på denne plakaten er svært mykje mørke fargar, gjerne ein del svarte, triste og tunge fargar. Sjølv om biletet ikkje er 100% realistisk, kan tilskoderane få ein følelse av at dette kan vere meir ekte. Det er lite detaljar, og heller fokus på ein eller to viktige gjenstandar. Logoen er ikkje veldig stor, og er ikkje noko av det fyrste ein ser. Fonten har ei avrunda form i hjørna. Font-typen dei har brukt er antikva, altså med seriffar. Plakaten i seg sjølv har så lite skrift som mogleg, men det er fortsatt mulig å identifisere produktet.

star_wars_episode_4_original-poster
Slik såg plakaten til Star Wars ut heilt på slutten av 1970-talet. (1977)

I 1980 var det endå meir humor og mindre seriøsitet i plakatane. Det var greit å leike seg litt med fargane. Plakatane hadde ofte mange små detaljar. Filmcover kunne gjerne ha med mest mulig bildeelement, og ofte noko som kunne beskrive store delar av filmen. Ved eit blikk på plakaten frå 2015 ser ein raskt kva som er avbilda, medan filmcovera frå 1980 måtte ein ofte sette seg ned og studere. Tidligare var det mykje meir bruk av animasjon, spesielt i Star Wars-plakatane. Logoen kunne absolutt ta stor plass på plakaten, og vere det fyrste blikkfanget for tilskoderane. Fonten var ofte meir firkanta, og det kunne gjerne vere mykje tekst. Font-typen dei har brukt er grotesk, altså utan seriffer. Plakatane var kanskje litt meir «kaotisk» enn korleis ting er i dag.

Fargepaletten til plakaten til filmen i 2015 ser slik ut:Skjermbilde 2015-11-12 kl. 13.13.09

Fargepaletten til plakaten til filmen i 1977 ser slik ut:
Skjermbilde 2015-11-12 kl. 13.23.47

Vi ser det er relativt mykje dei same fargane, men det er brukt en del meir fargar før i tida enn på den plakaten i dag.

Kjelder:

– http://www.buzzfeed.com/paulaersly/star-wars-episode-vii-fan-posters#.hv4pnNGxZ

– http://s-usih.org/wp-content/uploads/2015/05/star_wars_episode_4_original-poster.jpg

– https://color.adobe.com/

« Older posts