Arbeidskrav – MID111

Introduksjon

I dette arbeidskravet skal eg presentere nokre av hovudfunna frå tekstane “Barn og Medier 2014” av Medietilsynet og “En mobil hverdag” av Kristin Øye. Eg skal og drøfte om den metodiske tilnærminga til tekstane påverkar funna som er gjort.

 

Teori

Vi skil mellom to typar undersøkingsmetodar, kvalitativ og kvantitativ metode. Kva dei ulike metodane inneber ligg kanskje i orda, men ein kvalitativ metode er ei djupare undersøking der ein går i detalj på kvar enkeltperson. Dette opnar for meir opne spørsmål og meir detaljerte svar, men med lita bredde. Kvalitativ metode er meir tidkrevjande enn kvantitativ metode, og intervju er typisk for kvalitativ metode.

Kvantitativ metode går ut på å spørje eit breitt mangfald menneske. Både elektronisk og fysiske spørjeskjema er typiske for kvantitativ metode, og er som regel raskt å gjennomføre. Etter undersøkinga kan analysen starte. Analysen i kvantitativ metode er basert på tal og statistikkar ein har utarbeidd ut frå spørjeundersøkinga.

Kvalitativ metode opnar ofte for bruk av kvantitativ metode i etterkant, då kvalitativ metode gjerne skaper teoriar og hypotesar, og kvantitativ metode testar dei.

Metode

I Barn og medier 2014 blei undersøkinga utført over 8 veker, i samarbeid med 71 skular rundt om i landet. Undersøkinga vart utført av Ipsos MMI. Det vart sendt ut fysiske spørjeskjema til skulane, altså brukte dei kvantitativ metode. Lærarane fekk tilsendt skriv med ofte stilte spørsmål og svar til desse. Det var verva 3537 elevar til undersøkinga, og dei mottok 1950 svar, altså ein svarprosent på 55%. Kjønn, alder og geografi blei og registrert, og svara er vekta basert på dette. Barna i undersøkinga var mellom 9 og 16 år (4. til 10. klasse).(Medietilsynet, 2014, s.13)

Ifølge rapporten “(…) kan vi med 95% sikkerhet si at forskjellene er reelle.” (Medietilsynet, 2014, s.13)

I En mobil hverdag blei undersøkinga utført med både kvalitativ og kvantitativ metode. (Øye, 2010, s. 26) Deltakarane er avgrensa til Oslo, og her meiner ho at mangfaldet er stort. Difor velde ho seg ut tre grunnskular med strategisk plassering. (Øye, 2010, s. 27)

Skole 1 ligger i vest i Oslo. Den har ca 450 elever, og relativt få av dem har utenlandsk opprinnelse. Skole 2 ligger øst i Oslo. Den har ca 300 elever, og mange av dem har utenlandsk opprinnelse. Skole 3 ligger i nærheten av Oslo sentrum. Den har ca 500 elever, og få er av utenlandsk opprinnelse. (Øye, 2010, s. 27-28)

Undersøkinga vart utført på papir, og Øye var på skulen og kunne svare på spørsmål til undersøkinga. Dette første til at enkelte svar måtte forkastast, då fleire enn oppgitt antal kryss hadde blitt sett. (Øye, 2010, s. 32) I tillegg til papirundersøkinga vart det gjort gruppeintervju. Kvar gruppe bestod av 4-8 elevar, men dette varierte mellom skulane. Kvar gruppe vart intervjua i 20 minutt, med få unntak. (Øye, 2010, s. 32-33) Intervjua vart spelt inn på lydopptakar for å transkriberast i etterkant. Det var 104 elevar som deltok i undersøkinga, 56 gutar og 48 jenter. (Øye, 2010, s. 34)

 

Drøftingsdel

Hovudfunn Barn og medier

98% av born i alderen 9-16 år har tilgang til TV, 95% har tilgang til PC eller Mac, 94% har tilgang til DVD eller Blueray-spelar, 86% har tilgang til spelekonsoll og 82% har tilgang til nettbrett. Gutar har mindre tilgang på nettbrett, PC eller Mac, men har betre tilgang på TV, spelekonsollar, DVD og Blueray-spelarar. Halvparten av borna seier at dei oftast ser film, TV-program eller TV-seriar saman med andre. Halvparten spelar oftast data eller TV-spel saman med andre, men 66,7% er oftast åleine når dei brukar internett. 75% er åleine når dei brukar mobil. (Medietilsynet, 2014, s.8)

Blant unge i alderen 9-11 år er det program frå Disney Channel som er mest populært. Dess eldre dei vert, dess meir spreidd vert preferansane. Frå 12-års alderen veks interessene mot “The Big Bang Theory”, “Two and a Half Men” og “Family Guy” for gutar, og “Pretty Little Liars eller “The Vampire Diaries” for jenter. “Farmen” er populært for begge kjønn over 12 år, og kan finnast på topp-5 lista til begge kjønn. “The Walking Dead” er populært for begge kjønn i alderen 15-16 år. (Medietilsynet, 2014, s.9)

77% oppgjev at dei brukar internett dagleg, og dei mest brukte internettenestene er videotenester, søkjemotorar og musikktenester. Jentene brukar oftare nettstadar og chatteprogram, medan gutar brukar videotenester og sider for nyhende. 65% oppgjev at dei lastar opp bilete, og 51% lastar opp video. (Medietilsynet, 2014, s.10)

Sjølv om dataspel er meir utbreidd hos gutar (98% spelar), spelar heile 90% av jentene og dataspel på fritida. Jentene sin bruk er generelt meir utbreidd på nettbrett og telefon, medan gutane er meir på spelkonsollane og på PC. Dei mest populære spela er “Minecraft”, “FIFA” og “GTA” for gutar, Minecraft for dei yngre medan GTA og FIFA for dei eldre, samt “Call of Duty” og “Battlefield” for dei eldre gutane. Jentene trekkjer meir mot “SIMS”, “Hay Day” og “Candy Crush”, medan Minecraft og “MovieStarPlanet” er mest populært for dei yngre jentene. 87% av born i alderen 9-16 år oppgir at foreldra har kjennskap til spela. Gutane sine meir enn jentene sine. (Medietilsynet, 2014, s.9-10)

94% av borna har tilgang på mobiltelefon, og 83% har eigen smarttelefon. Dei vanlegaste tinga å bruke mobilen til er å sende og motta SMS, og å ta bilete. Jenter i aldersgruppa 15-16 er overrepresentert i alle kategoriane for mobil. For same målgruppa veks Snapchat og Instagram inn på topp 5 lista. (Medietilsynet, 2014, s.8) Gutane trekkjer mot Youtube og Facebook, medan jentene trekkjer mot Instagram og Snapchat. (Medietilsynet, 2014, s.10)

13% har opplevd at nokon har vore slemme med- eller mobba dei på internett eller via mobilen i løpet av det siste året. 7% har blitt trua over internett eller mobil, og 11% har opplevd at nokon har lagt ut bilete av dei som gjorde dei triste eller sinte. Jentene er overrepresenterte her. Fleire jenter enn gutar (52% mot 38%) seier ifrå om noko som skjer på internett. Nesten halvparten av dei som rapporterer oppgav at dei fekk hjelp. 70% veit kven dei skal kontake dersom dei blir utsatt for digital mobbing. (Medietilsynet, 2014, s.11-12)

 

Hovudfunn En mobil hverdag

45.2% av dei registrerte svara kjem frå skule 1, medan begge dei to andre skulane har nesten like mange registrerte svar. (26% for skule 2 og 28.8% for skule 3) (Øye, 2010, s. 36) Resultatet er derfor ikkje nøytralt med tanke på plassering i Oslo. Det gir derfor meining at 94.2% svarer ja på at dei er fødd i Noreg, 86.5% svarer ja på at mora er fødd i Noreg og 82.7% svarer ja på at faren er fødd i Noreg. (Øye, 2010, s. 37)

Alle som tok undersøkinga har mobil, og dei fleste hadde fått sin første mobil medan dei var mellom 8 og 11 år. Vi ser at 21.6% svarar at det ikkje er viktig med mobil, og 40.2% svarar at det er litt viktig. Altså 61.8% meiner det ikkje er spesielt viktig. (Øye, 2010, s. 36) Då elevane fekk spørsmål om kva dei likte å bruke telefonen til, svarte 79.6% sende eller motta SMS, 69.9% å snakke i den, 69.9% musikk, og 48.5% å ta bilde. Dei andre svara hadde mykje lågare verdiar. (Øye, 2010, s. 45)

Då dei fekk i oppgåve å svare på kor ofte dei gjorde ulike ting med mobilen, svarte 81.6% at dei brukte klokka dagleg, medan 1.9% aldri brukte klokka. Andre ting mobilen ofte vart brukt til dagleg var å sende og motta SMS (45.6% og 49.5%), musikk (39.8%) og alarm (29.4%), medan ta bilde og video (39.8% og 27.9%) og spele spel (25.5%) var ting elevane gjorde kun eitt par gongar i veka. (Øye, 2010, s. 47)

Når det gjeld vekentlege samtalar med mobil, svarte 2.9% at dei har ingen samtalar, 37.5% svarte 1-4, 31.7% svarte 5-9, og 19.2% svarte at dei har 10-14 samtalar i veka. Då dei vart spurte kven dei snakka med kom det fram at det var for det meste mor (81.7%), vener (55.8%) eller far (51%). (Øye, 2010, s. 48-49) For SMS var svara for vekentlege SMSar 5.8% for 0, 45.2% for 1-7, 25% for 8-15 og 14.4% for 16-29. (Øye, 2010, s. 56-57)

Desse to tekstane har ganske ulik metodisk tilnærming. I En mobil hverdag vert det kun valt grunnskular frå Oslo, og over 45% av svara kjem frå skulen på vestsida. Enkelte svar måtte kastast, og Øye var der for å svare på spørsmål i person. Ho gjorde også intervju og gjekk meir i detalj på enkelte saker. Nokre spørsmål gjekk ut og ho såg at et par spørsmål var ueigna eller dårleg tilpassa. I Barn og Medier 2014 var det eit mykje større mangfald og eit meir automatisk system. Spørsmåla er grundig formulert og eg stolar meir på denne undersøkinga.

 

Konklusjon

Begge tekstane viser at nesten alle, om ikkje alle, har tilgang til nett og mobil og andre teknologiske reiskap. Dei viser og at gutar og jenter ofte følgjer ulike mønster med tanke på vaner og program dei nyttar seg av.

Den metodiske tilnærminga er viktig med tanke på kva for eit resultat ein ønskar å oppnå. Førebuing er viktig, noko som Øye viste i si masteroppgåve. Sjølv om En mobil hverdag viser kor vanskeleg det er å gjere ei slik oppgåve, kom Øye godt ut av det og viste godt korleis grunnskulen i Oslo er representerte.

 

Referanseliste

Red Balloon – an analysis

«Red Balloon» is a short film directed and produced by Alexis Wajsbrot and Damien Mace. Distributed by Hurricane Production, this 13-minute short thriller was released in 2010 and has since been nominated for several awards, and even won one.

The film’s official release is available at vimeo.

The film itself is about a babysitter and the family’s only child, Dorothy.  Dorothy has some issues falling to sleep and the babysitter repeatedly tries to calm her down and get her to sleep. Dorothy hints towards a pile of stuffed animals in the corner, as if that’s what’s making her uneasy. The babysitter, unable to see the connection, despite the outbreak of a mental unstable killer being all over the news has to call Dorothy’s parents before realizing the killer is in the house. And thus the overly cliche thriller sound-kit is being put to use to create some sort of an ending.

There is some very good scenes in this film, but my problem lies in its attempt to stay professional despite its lack of production value. There’s all sorts of «luxury effects», while even the voice-over isn’t completely synced. I noticed this fairly early and this bugged me throughout the film. Get the basis right before adding the topping!

 

Analysis

The opening scene is well made. We’re being walked into the house as if we were a ghost. This introduces the setting in a natural way and alters the atmosphere to fit this story’s universe. The conversation also shows how the babysitter is just another teenage girl who cares mostly about having fun and partying. The downside of this scene is that it sets the expectations of the film fairly high, which is perhaps not what you want from an otherwise mediocre short film.

The next scene is the first time the babysitter enters Dorothy’s room. Here’s where the lip-sync just doesn’t stay consistent and you can sort of see the illusion of «the professional film» start to crack on the surface. Next up is the logic break of «I’ll leave the door open so you’ve got a little bit of light» into closing the door shut. The bond between dialogue and action is thus broken, barely 3 minutes into the film.

Back in front of the TV, the babysitter seems to be watching a movie, then randomly switches back and forth between the news and the movie. At first sight this actually looks as an emergency news override, but when we see no reaction from the babysitter we understand that she switched to the news, then back to the movie without any reason. If anything, this scene shows how not to show browsing channels and also just makes the viewer question a pointless action rather than the story it’s trying to convey.

Now the camera goes on a whim, out the window into some branches and pretty much crashes with the window on the floor above. This is the sort of «luxury effects» you don’t want until you’ve fixed the basics. All this movement does it underlining that it’s still pouring down outside and hints towards something happening on the floor above.

«Shh. She’s going to hear us» pretty much ignites the thought of «the hell?», and when the next scene is the babysitter waking up to someone (Dorothy?) singing upstairs the previous line seems destructive to the flow of the film. After hearing the line «Shh. She’s going to hear us» several times, I’m convinced that the one saying it is Dorothy. I’m still trying to understand why Dorothy would say that.

The next scene is pretty confusing, to me anyway. The mirror shows Dorothy smiling with a derpy face, then it cuts to Dorothy being all sad again. At this point I’m starting to question Dorothy.

Back outside. Rain. News. Babysitter sleeping. The following scene can only be explained as a nightmare, and the only effect it has is setting the story up for a tension-heavy continuation. That, and introducing the red balloon.. in a dream. Dorothy stares at the red balloon, then she looks down and «BO», scary face into scream. I feel like the red balloon feels sort of random and almost displaced, as if they needed something symbolic but had already written the story.

After a few seconds of heavy breathing while the news is going in the background, we hear a very, what I would call low quality and non-fitting «waaaa» from upstairs. The pause lets the viewer listen to the news for a while, which is actually relevant information for the story. The use of sound design is well done for that detail. Nothing but cliches and panic follows, which I’m not even going to bother to analyze in-depth.

Stuff worth mentioning from here on:

  • I like the scene where Dorothy points at the pile of stuffed animals, however the lip de-sync is making me crazy.
  • The babysitter fails to grasp anything and calls Dorothy’s mom. The phone call is very poorly made in terms of audio.
  • Cliche thriller audio-kit with unnatural and de-synced heavy breathing.
  • We can see Dorothy being obducted in the window from outside, yet she’s standing inside in a later scene. Is she on the criminal’s side?
  • The babysitter decides to run into the house after seeing Dorothy being obducted, despite it not being her child and with her fleeing just thinking there might be a criminal in the house in the scene before. This, knowing police is on their way. There is a possibility she has some sort of connection to Dorothy, whether it’s within family or just as a friend but I still find it weird.
  • (Cliche?) Power outage as soon as the babysitter enters the house, sets tension.
  • The red balloon appears again without any explanation and fails to present any form of meaning, making the title of the film somewhat useless.
  • The 20-something seconds long summary at the end was nothing but disruptive and unnecessary. The babysitter didn’t even know all these things since she was asleep during the relevant news, though I feel the viewer should know if they paid attention during the film.

 

Final verdict

If you have 10-15 minutes to spare this might still be worth your time. Just don’t look for mistakes or flaws like I did. The first time I watched it I had a pretty good time. I didn’t think it was anything spectacular but perhaps a 7/10. After analyzing I’d give it more of a 4/10.

There is some well-made scenes that does a good job of expressing what the creators had in mind and if you’re able to withstand the poorly synced lip sync at times and sort of cliche occurrences, this can be a nice short thriller that you might find enjoyable. Though I found this film flawful I still felt the tension the first time I watched it.

Arbeidskrav 2B

KMD_Pram

Biletet er henta frå http://adsoftheworld.com/sites/default/files/styles/media_retina/public/images/KMD_Pram.jpg

Introduksjon

Denne oppgåva handlar om retorisk analyse av bilete. Eg vil bruke metoden til å sjå nærare på dette reklamebiletet til KMD, som eg meiner passar godt til denne type analyse. Dette var i utgangspunktet ei gruppeoppgåve, der vi i samarbeid gjorde ei kort retorisk analyse av same bilete, og presenterte denne for klassa. I denne oppgåva vil eg gå grundigare inn i teorien rundt emnet, og forklare den ved hjelp av biletet, samtidig som eg gjev ei meir utfyllande retorisk analyse av biletet.

Teori

Kva er så ei retorisk analyse? For å forstå dette må vi først sjå nærare på sentrale omgrep innanfor dette området. Retorikk er eit vidt tema, og eg skal ta føre meg den analytiske delen, Rhetorica studens.

Retoriske grunnbegrep

I retorikken har vi fleire bevismiddel, der dei viktigaste og mest kjende er etos, patos og logos.

Etos viser til livshaldninga, eller kanskje moraloppfattinga til enkeltmennesket. (SNL, 2011a) Sunn fornuft og tillit vert også knytt opp mot etos, og dersom eit medium byggjer på sunn fornuft, kan vi seie at det byggjer på etos. Dette handlar om truverdigheit til avsendaren.

Patos viser til kjenslene til enkeltmennesket, og overtyding i den forstand. (SNL, 2011b) Kjensler er viktige når det gjeld motivasjon, og patos er difor eit viktig verkemiddel ein kan spele på dersom ein skal overtyde eller motivere nokon. Dette handlar om å vekke kjensler hjå mottakaren.

Logos viser til fornuft og logikk i argument, og er viktig i argumentasjon, då ein viser til det logiske og fornuftige. (SNL, 2011c) Dersom ein argumenterer med logiske argument og bruker fornuft aktivt i mediet, seier ein at ein spelar på logos. Dette handlar om å vekke refleksjon hjå mottakar.

Alt dette handlar om å overtyde, og å få mottakaren på lag.

Teikn

Frå semiotikken (teiknlære) har vi følgjande teori om teikn:

Charles Peirce hadde eit tredelt syn på teikn. Han delte teikna inn i tre forskjellige “grupper”: symbol, ikon, og indeks.

Med symbol meinte han “verbalspråket”, dei fysiske, tilfeldige teikna. Eit døme på dette kan vere tekst eller allment kjente symbol som til dømes ein trekant med utropsteikn i (åtvaring) eller ein flamme (brannfarleg). Ein må likevel vere klar over at symbol og fargar kan ha ulik tyding som varierer mellom kulturar, nasjonalitet, religion osv.

Med ikon tenkte han på visuelle teikn som liknar på det dei står for. Døme på dette kan vere rullestol-ikonet, som illustrerer handicap-tilpassing. Dette gjeld også for fotografi. “Et fotografi av statsministeren er et ikonisk tegn for statsministeren.” (Gripsrud, 2011, s. 126)

Med indeks meinte han at teiknet viser til noko. Det som er vist kan vise til noko som skjer, eller har skjedd, utan å direkte avbilde det. Til dømes kan knust vindauge tyde på hærverk, innbrot, ulykke, vald mm. Dette kan sølvsagt oppfattast ulikt, frå person til person utifrå tidlegare erfaringar, bakgrunn, kultur osv. (Gripsrud, 2011, s. 125-126)

Biletleg formidling

Biletleg formidling er “delt inn i” fire prinsipp som alle heng saman; retorisk nærleik, retorisk realisme, retorisk umiddelbarheit og retorisk fortetting.

Nærleik

Kjeldsen skriv om kor viktig visuelt nærvær er for retorikken. “Jo nærmere noe føles desto sterkere vil det oppleves.” (Kjeldsen, 2015, s. 281) Altså, dess meir mottakaren kjenner seg att i personane på biletet, eller situasjonen biletet viser – dess sterkare påverkar biletet deg som person. Det biletet formidlar forandrast, alt basert på korleis mottakaren har det, haldningar til saker osv.

Realisme

Kjeldsen skil mellom ikonisk og indeksikalsk realisme.

Ikonisk realisme går utifrå at “bildet er realistisk i den forstand at det ligner det som er avbildet, eller har en viss form for virkelighetspreg.” (Kjeldsen, 2015, s. 283) Det handlar altså om å “minne om” røyndomen, ikkje nødvendigvis å avbilde den. Ikonisk realisme skaper visuelt nærvær, og presenterer ein representasjon av noko, i staden for å avbilde det direkte. Dette skaper kjensler, uttrykk og respons hjå enkeltmennesket.

Indeksikalsk realisme er motsett, og viser heller til dømes eit fotografi eller eit videoopptak som “fangar” røyndomen slik han var der og då. Indeksikalsk realisme har dokumenterande eigenskapar, og er ein av dei mest effektive formene for visuell retorikk. Eit fotografi viser til dømes at ein person var nett ein stad på akkurat eitt tidspunkt, eller at noko ser akkurat slik eller slik ut. (Kjeldsen, 2015, s. 283)

Umiddelbarheit

Retorisk umiddelbarheit er, ifølge Kjeldsen, teorien om korleis eit bilete eller kunstverk fortel si historie. I staden for å få innhaldet presentert som i bøker, eller fortalt, altså lineært ord for ord, kapittel for kapittel, avsnitt for avsnitt – så får vi heller alt presentert på ein gong. Enkeltmennesket gjer seg då opp umiddelbare tankar og inntrykk om biletet, og desse er sentrale med tanke på korleis biletet blir oppfatta av vedkomande vidare. (Kjeldsen, 2015, s. 284)

Fortetting

Retorisk fortetting byggjer vidare på teorien frå retorisk umiddelbarheit, og i Kjeldsen står det blandt anna at:

En viktig forutsetning for retorisk fortetning ligger i at bildet forener både estetisk og argumentativ påvirkning. Et annet viktig bidrag til fortetningen er at bilder har en særegen evne til på samme tid å formidle mening både som et kontroversielt (det vil si symbolsk eller tropologisk) og et motivert (det vil si ikonisk) tegn og dessuten til å forene disse former for representasjon. (Kjeldsen, 2015, s 285)

Eit bilete har alltid ei konkret tyding, og kanskje og ei indirekte, sekundær tyding. I eit bilete er det ikkje nødvendigvis berre det ein ser, men ofte også ei eller fleire meir eller mindre skjulte meiningar i biletet.

 

Drøftingsdel

Kva ser vi her?

På biletet ser vi nederste halvdel av ein person, kledd i ein lys trench coat, og med svart bukse og svarte støvlettar. Personen held i ei barnevogn. Ut av vogna ser vi to lange bein hengande over kanten. Desse beina er kledd i olabukse og tøysko. Dei står i ei steinlagd gate eller liknande. Vi ser litt av eit bygg i bakgrunnen.

På eit mørkare felt nederst til venstre i biletet er det tekst. Nede til høgre ser vi ein logo.

Tolking

På grunn av påkledinga tolkar eg det slik at personen som står er ei kvinne, og at beina i vogna tilhøyrer ein ganske vaksen gut. Det er ikkje vanleg å trille ungdommar i barnevogn, og dette bryt då med forventingane og dermed logikken. Denne framstillinga vert nesten komisk.

Det står ingen stad at kvinna i biletet er mora til guten, men sidan ho går kledd i klede som avgir ei forventing, og at ho opptrer i samsvar med forventingane, kan vi tenke på henne som eit slags symbol for “mamma”.

Bakken er våt, og vi trekk då konklusjonen at det nyleg har regna. Dagar med regn er grå og triste dagar, som kan tolkast som at grå kvardagar har prega barndommen til denne guten. Det blir litt vagt dersom ein skal tenke at våt bakke er indeks for regn, som er ikon for triste og dårlege tider. Men våt bakke kan kanskje sjølv vere eit symbol på noko?

Barnevogn kan vere symbol for “barn”. Vi ser barnevogner overalt, og tenkjer automatisk på små, søte babyar og unge foreldre. Det at det då er ein vaksen gut som heng ut frå vogna bryt med forventingane, og det vi veit om symbolet frå før. Vi blir litt i stuss og lurer på kva som foregår. Likevel tek det berre nokre få sekund før hjerna har tenkt seg fram til kva som har skjedd med barnet. Dette er jo livets gang.

Vi kan tenke på heile representasjonen som høg grad av ikonisk realisme. Ikonisk realisme genererer definitivt kjensler, uttrykk og respons hjå mottakaren her. Bodskapen lyser av “få tid til barnet ditt, medan det framleis er eit barn!”. Før ein veit ordet av det, er den dyrebare tida med det vesle barnet ditt over, og det er ikkje lenger tid til å leike i parken, eller ta turar i barnevogna. Kanskje var mora for oppteken som ung, med arbeid, hobbyar, problem som oppsto osb., og no er det for seint. Tida kan ein, som kjent, ikkje skru tilbake. Meldinga om at ein må handle no kjem klart fram, og er i seg sjølv eit verkemiddel for å få mottakaren til å reagere.

KMD, som står bak reklamen, spelar her på både etos, patos og logos. Etos fordi dei her spelar på truverdet til annonsøren. Kanskje veit dei at det er mange som ikkje brukar nok tid med borna sine medan dei er små, og spelar på det når dei brukar denne reklamen. Patos fordi reklamen spelar på kjenslene til mottakaren. Det dårlege samvitet hjå ei kvar mor vil slå inn for fullt. Samtidig vert fornuft og argumentasjon brukt (logos) utan å eigentleg seie så mykje direkte. Barnet har vakse “for fort”, og alle veit at tida kan ikkje skruast tilbake! Mottakaren kan lett bli overtydd; og vere samd i bodskapen.

Teksten og logoen forsterkar denne bodskapen. “KMD – IT med indsigt” står det nede til høgre i biletet. KMD er eit dansk IT-firma som fremjar argument som “Eit selskap som bryr seg” og “Eit selskap som tek omsyn til ditt familieliv”.

Biletleg formidling

Dersom ein til dømes er ei mor som føler at borna veks opp alt for raskt, og at ein ikkje får bruke den tida ein hadde tenkt med dei, vil ho ha heilt anna oppfatning til reklamen enn ein ungkar som ikkje har ungar. Denne annonsen vil også tiltale til dømes eit ungt par som planlegg å stifte familie. Kanskje har dei vener som slit med tidsklemma, og kjenner til born som nærast veks opp i barnehagen og med utslitne foreldre med dårlig samvit. Kanskje har dei allereie born og ynskjer seg meir tid saman med dei? Sidan svært mange vil kjenne seg att i reklamen, gjeld retorisk nærvær i aller høgste grad for dette biletet.

Som nemnt tidlegare er biletet eit godt døme på ikonisk realisme. Det har klare preg av røyndom, men vi skjøner fort at dette ikkje er ei indeksikalsk framvising; ikkje ei framsyning av røyndomen. Det er jo ikkje slik verda faktisk er – mødre stappar ikkje vaksne søner ned i små barnevogner, og dreg dei gjennom gågata… eller? Biletet representerer røyndomen, og skaper difor visuelt nærvær.

Dei umiddelbare tankane eg gjorde meg då eg såg dette biletet, var at mora vil vere saman med barnet sitt, men at det allereie er for seint. Sonen har no vakse opp; kanskje har mora vore for oppteken då dei begge var yngre, til å få bruke den tida ho hadde tenkt å bruke med han? Kanskje har tida gått frå henne? Kanskje har ho ikkje eigentleg lagt merke til at guten har blitt stor? Eg får litt kjensle av “kvar vart dagane av?”. På dette biletet ser vi ein vaksen mann i ei barnevogn, men samtidig tenkte eg at her hadde mora ikkje fått god nok tid som ung til å bruke med sonen sin. Kanskje er ho ei angrande mor som vi burde lære av?

Ved nærare ettersyn, og etter å ha lese teksten i annonsen kjenner eg at for sjølv meg som er ung, verkar bodskapen overtydande. Eg vert interessert i annonsen, sjølv uten born. Eg kan tenkje meg korleis dette må vere, og ser verdien av å kunne bruke tid i lag med borna sine.

Teksten seier at dei tek hensyn til familieliv ved å gi lengre feriar og fleire fridagar dersom du har små born eller anna som krev tida di. Dei skriv også om korleis karriera di vil bli forma etter ynskjer og interesser, og presiserer balansen mellom arbeid og fritid.

Konklusjon

I denne retoriske analysen har eg funne ut at reklamen til KMD treff eit vidt publikum med verkemidla og bodskapen dei har brukt. Det vil verke forlokkande for mange å søke jobb hjå dette firmaet.

Heile annonsen minner oss om at livet er kort, og at småbarnsperioden er kort og aldri kjem tilbake. Den minner oss om kva som er viktig i livet.

KMD tek hensyn til ditt familieliv, og tilbyr meir “humane” forhald dersom du har unge born som tek av fritida di.

 

Referanseliste

Erdal, I.J (2015) Retorikk, teori og analyse

https://docs.google.com/presentation/d/1bGGpEl6SURvnkTmnAZtEopX1MiZ1iiGkdJqghrgtVLs (03.11.15)

Gripsrud, J. –  “Mediekultur, mediesamfunn”, Universitetsforlaget AS (2011)

Grue, J, SNL (2011a)
https://snl.no/etos (03.11.15)

Grue, J, SNL (2011b)

https://snl.no/patos (03.11.15)

Grue, J, SNL (2011c)

https://snl.no/logos%2Fretorikk (03.11.15)

Kjeldsen, J. E – “Retorikk i vår tid”, Spartacus forlag AS (2015)

Oppgåve – Analyse av bilete

225aed7041f4800f82dc509c0eb53cb8

Eg skal analysere biletet over utifrå Peter Larsen si analyseprosedyre, som er å finne i “Medievitenskap: Medier – tekstteori og tekstanalyse” (2008) av Peter Larsen, s. 79.

 

Vi ser ein gul pinneis snudd på hodet på blå bakgrunn. Under står det “Velkommen til årets første ute-is”, og under der igjen finn vi ein logo med ein stor “A” og ein mindre “B” i seg. Rundt A’en og B’en er det to sirklar, danna av dottar og prikkar. “Aker brygge” står det under logoen. Blåfargen er lys rundt isen, og mot toppen av biletet, men vert mørkare blå mot botnen.

Den primære betydninga av biletet er altså å reklamere for “årets første ute-is”, som er ein gul pinneis. Vi tenker på sol og sommar, varme og familietid med deilig is, og dette er relativt opplagt i biletet.

9b97c2ceacfd08bb12136bf8f2d0380d

Dersom vi går inn på den sekundære betydninga av biletet tek det ikkje lang tid før eg, som 20-år gammal ung mann, ser for meg eit glas med øl, med skum på toppen. Dette er ei muleg skjult, sekundær betydning som ligg i biletet. Eg er neppe den einaste som såg for meg øl’en, og eg tenkjer at dette ligg felles for mange vaksne menneske, altså ein felles assossiasjon innanfor ei gruppe menneske; ein konnotasjon.

Det viser seg at det vert også seld øl på Aker brygge, tilfeldig? Neppe. Det er her alkoloven kjem inn. Det er nemleg ikkje lov å reklamere for alkohol i Noreg, men i dette biletet ligg det potensielt øl-reklame skjult som ei is-reklame – ei dobbelreklame! Biletet fekk sjølvsagt merksemd, og vann faktisk pris. Reklama vann “Den Gylne Idé” som arrangerast av “Nordic Council of Shopping Norge”.

Det er ikke så ofte at kjøpesentre klarer å skape debatt, men Aker Brygge fikk svært mye ut av en relativt begrenset kampanje. Juryen la særlig vekt på at en så liten og enkel idé kan gi så mye oppmerksomhet og engasjement i både tradisjonelle og sosiale medier (Juryleder for Den Gylne Idé, Christine Lampe)

 

Kjelder

Oppgåve – Retorisk analyse av bilete

KMD_Pram

Kva ser vi her?

Vi ser nederste halvdel av ei dame, kledd i ein kvitt plagg, men med svarte sko og bukse. Ho held held i ei barnevogn med eit barn i. Barnet er kanskje ikkje slik ein tenker på eit barn som benytter barnevog; barnet er nemleg “vaksent”. Vi ser at barnet er alt for stort til å bruke barnevogn, og dette bryt då logikken. Vi ser kun beina til “barnet”, og det har på seg olabukse og tøysko.

Dei står i ei gate, eller på ein stad der det er lagt stein på bakken, og vi ser litt av eit bygg bak dama. Bakken er våt, og vi trekk då konklusjonen at det nyleg har regna. Det er skrift under dama i eit svart tekstfelt, nede til venstre, og ein logo nede til høgre i biletet.

 

Teikn

Teikn kjenner vi frå semiotikken, og vi veit at dei der blei delte inn i tre, etter Peirces syn; ikoniske teikn, indeksialske teikn og symbolske teikn.

Barnevogn kan vere symbol på “barn”. Det at det då er ein vaksen gut som heng ut frå vogna bryt med forventingane, og det vi veit om symbolet frå før. Her blir logikken, logos, brutt.

Det står ingen stad at dama i biletet er mora til guten, men sidan ho går kledd i klede som avgir ei forventing, og at ho opptrer i henhold til forventingane, kan vi tenke på dei som eit slags symbol for “mamma”.

Det blir litt vagt dersom ein skal tenke at våt bakke er indeks for regn, som er ikon for tristheit og dårlege tider. Men våt bakke kan kanskje sjølv vere eit symbol på noko?

 

Metafor

Vi kan tenke på heile akta som ein stor metafor, som lyser av “få tid til barnet ditt, medan det  framleis er eit barn!” Før ein veit ordet av det, er den dyrebare tida med det vesle barnet ditt over, og det er ikkje lenger tid til å leike i parken, eller ta turar i barnevogna. Kanskje var mora for opptatt som ung, med arbeid, hobbyar, problem som oppsto osb.

Det er her firmaet som har skapt biletet kjem fra. KMD – “IT med indsigt”. KMD er eit dansk firma som fremjar argument som “Eit selskap som bryr seg” og “Eit selskap som tek hensyn til ditt familieliv”.

KMD spelar her på både etos, patos og logos. Patos fordi reklama spelar på kjenslene til mottakaren, samtidig som fornuft og argumentasjon vert brukt (logos) utan å eigentleg seie så mykje direkte. Etos fordi dei her spelar på livshaldninga til mottakaren, kanskje veit dei at det er mange som ikkje brukar nok tid med borna sine medan dei er små, og spelar på det når dei brukar denne reklama.

 

Billedlig formidling

Billedlig formiding vert tenkt på som ei «firdeling».

Retorisk nærvær

Dess meir mottakaren kjenner seg att i personane på biletet, eller situasjonen biletet viser – dess sterkare påverkar biletet deg som person. Det biletet formidlar forandrast, alt basert på korleis mottakar har det, haldningar til saker osv.

Dersom ein til dømes er ei mor som føler at borna veks opp alt for raskt, og at ho ikkje fekk bruke den tida ho hadde tenkt med dei, vil ho ha heilt anna oppfatning til reklama enn ein ungkar som ikkje har ungar.

Retorisk realisme

Når ein tenkjer på retorisk realisme, brukar ein ofte å skilje i ikonsk og ikdeksikalsk realisme. Eg meiner at begge to passar til biletet, og vil difor “blande” dei litt.

Ein kan tenke på biletet som eit “avtrykk av verkelegheita”. Det er jo ikkje slik verda faktisk er – mødre stappar ikkje vaksne søner ned i små barnevogner, og dreg dei gjennom gågata… eller? Biletet har eit verkelegheitspreg, i den forstand at det liknar på den “ekte verda”.

Retorisk umiddelbarheit

Om ein ser eit bilete, får ein ikkje ei forteljing fortalt bit for bit. Ein får heile historia servert samtidig, “at the blink of an eye”. Då er umiddelbare tankar ein del av det å sjå eit bilete.

Dei umiddelbare tankane eg gjorde meg då eg såg dette biletet, var at mora prøver, men det er allereie for seint? Sonen har no vokst opp; kanskje har mora vore for opptatt då dei begge var yngre, til å få bruke den tida ho hadde tenkt å bruke med han?

Retorisk fortetning

Retorisk fortetning heng saman med retorisk umiddelbarheit. Vi ser biletet “no!”, og gjer oss opp umiddelbare tankar. Då kjem spørsmålet; klarer ein å sjå den sekundære betydninga? Eit bilete har alltid ei konkret betydning, og kanskje og ei indirekte, sekundær betydning.

På dette biletet ser vi ein vaksen mann i ei barnevogn, men samtidig tenkte eg at her hadde mora ikkje fått god nok tid som ung, til å bruke med sonen sin.

 

Kjelder

Plakatsammenligning

Gruppe: Jon Einar, Siv, Ola og Caroline

cassandre-_l'atlantique-19311317185509749Her ser vi en plakat om et skip som er fra 1931.

Det som kjennetegner design fra denne tidsepoken er geometriske figurer, forenkling av det man ser, sterke kontraster og få farger. Figurene er ofte laget av maskinproduserte materialer som metall og plast. (Design is History, s.a.)

Typografien, kanskje spesielt fonten, er typisk for den tiden plakaten er fra. Sans Seriff (grotesk) ble utviklet av blant annet “The Bauhaus”, og var populær for tiden. (Design is History, s.a.)

Hensikten med disse retningslinjene var ikke å avbilde virkeligheten slik vi oppfatter den, men å bruke enkle figurer for å understreke et poeng.

I denne plakaten ser vi helt klart trekk av det som er nevnt ovenfor. Båten er nesten firkantet, og det er tydelige linjer i designet. De eneste fargene som er brukt er svart, gul- og blånyanser. Ved hjelp av disse virkemidlene fremstiller det båten på en veldig majestetisk måte.

Fargene som er brukt er typiske for tidsperioden. Se fargepalett nedenfor.

1920s-colors-pin-vinatgedancer-com

 

 

titanicDenne plakaten er en kinoplakat for filmen om Titanic, fra 1997. Her ser man både likheter og forskjeller mellom denne og den forrige plakaten. Likheter i plakatene er f.eks. at vi har båten i senter og typografien som på begge er grotesk. Forskjeller kan være at i den nye plakaten varierer det mer mellom fontene, og at det er fotografisk fremstilling i det nye, mens i det gamle er det brukt en grafisk fremstilling (tegnet eller malt).

Disse plakatene er både sammenlignbare og ikke. På den ene siden er disse like med tanke på at de begge fremstiller et skip, og det er brukt mye av de samme fargene, men på den andre siden er de ikke helt sammenlignbare på grunn av at de ikke er plakater for det samme. Den ene er for en reise, mens den andre er for en film/kino. Vi synes at disse har så mange likheter at vi synes de er sammenlignbare.

 

Referanseliste:

Debbie Sessions, «Fabrics and Colors of 1920’s Fashions» (2013)

http://vintagedancer.com/1920s/fabrics-and-colors (11/11/15)

Design is History (s.a.)

http://designishistory.com/1920/ (21/10/15)

Gold Posters (2015)

http://www.goldposter.com/33722/ (21/10/15)

Pleasance, C. (2013) Daily Mail

http://www.dailymail.co.uk/news/article-2448575/Tourism-adverts-bygone-time-Collection-Art-Deco-posters-luring-travellers-world-set-sell-200-000.html (21/10/15)

 

 

reReDesign av CSS-lekse(r)

Dette er det «endelege resultatet»: https://minerva.hivolda.no/~jonef/MID131/CSS/Oppgave_v42/ 

Sida er veldig grunnleggande, med (kanskje litt for) ryddig kode. Eg har vendt litt på innhaldet i <main>, kun fordi dette var det vi hadde om i vår gruppe forrige veke. Det er lagt inn tilbakevending ved hover over biletet. Både stilark, internal og inline skal vere i bruk… trur eg.

Elles har eg lagt delt inn sida i  <header>, <navigation>, <main> og <footer>, og prøvd å gjere alt så enkelt og oversiktleg som muleg. Det mest avanserte er kanskje navigatoren, som lenker til litt av kvart.

Arbeidskrav 2A

Introduksjon

Denne oppgåva handlar om semiotisk analyse av bilete. Eg vil bruke metoden til å sjå nærare på biletet “En nasjon i sorg”, som eg meiner passar godt til denne type analyse. Dette var i utgangspunktet ei gruppeoppgåve, der vi i samarbeid gjorde ei kort semiotisk analyse av same bilete, og presenterte denne for klassa. I denne oppgåva vil eg gå grundigare inn i teorien rundt emnet, og forklare den ved hjelp av biletet, samtidig som eg gjev ei meir utfyllande semiotisk analyse av biletet.

10899-1-stoltenberg_0.lightbox

Årets bilde 2011: “En nasjon i sorg”, tatt av Tommy Ellingsen for Stavanger Aftenblad 23. juli 2011. (Aftenbladet, 2012) Biletet er tatt utanfor Sundvolden hotel (NRK, 2012), og biletet fanga kjenslene og stemninga som var under, og kort tid etter, terrorhandlingane 22. juli 2011.

 

Teori

Kva er så ei semiotisk analyse? For å forstå dette må vi først sjå nærare på sentrale omgrep innanfor dette området.

Semiotikk er læra om teiknbrukande åtferd (SNL, 2009), medan semiologi er lære om teikn. Språkforskaren Ferdinand de Saussure meinte at teikn har to sider: det konkrete, materielle uttrykket og idêmessig innhaldet vi legg i det. Dette kalla han for signifikat og signifikant. (Gripsrud, 2011, s 117) Charles Peirce meinte at alt er teikn (Gripsrud, 2011, s. 124), og delte teikn inn i tre undergrupper: symbol, ikon og indeks. (Gripsrud, 2011, s. 125)

Saussure skilte altså mellom teiknet sitt “fysiske”, materielle uttrykk; signifikat, og sjølve tanken, førestillinga bak teiknet; signifikant. Ifølge Gripsrud kan signifikatet vere strekar, prikkar, figurar, lydbølgjer og anna som er meir eller mindre handgripeleg. Vi oppfattar signifikatet og forbinder det etter visse koder slik at det får betydning for oss, altså signifikant. (Gripsrud, 2011, s 117)

Ulike folk kan altså sjå same signifikat, men oppleve ulik signifikant. Dersom ei forsamling får presentert ordet “hund”, vil kvar enkelt ha ei ulik førestilling av ein hund, kanskje ein stor schäfer eller ein liten chihuahua? Kanskje naboen sin hund, eller kanskje ein førarhund?

Peirce hadde eit tredelt syn på teikn. Han delte teikna inn i tre forskjellige “grupper”: symbol, ikon, og indeks.

Med symbol meinte han “verbalspråket”, dei fysiske, tilfeldige teikna, likt slik Saussure tenkte på signifikat. Eit døme på dette kan vere tekst eller allment kjente symbol som til dømes ein trekant med utropsteikn i (åtvaring) eller ein flamme (brannfarleg). Ein må likevel vere klar over at symbol og fargar kan ha ulik betydning som varierer mellom kulturar, nasjonalitet, religion osv.

Med ikon tenkte han på visuelle teikn som liknar på det dei står for. Døme på dette kan vere rullestol-ikonet, som illustrerer handicap-tilpassing. Dette gjeld også for fotografi. “Et fotografi av statsministeren er et ikonisk tegn for statsministeren.” (Gripsrud, 2011, s. 126)

Med indeks meinte han at teiknet viser til noko. Det som er vist kan henvise til noko som skjer, eller har skjedd, utan å direkte avbilde det. Til dømes kan knust vindauge tyde på hærverk, innbrot, ulykke, vald mm. Dette kan sølvsagt oppfattast ulikt, frå person til person utifrå tidlegare erfaringar, bakgrunn, kultur osv. (Gripsrud, 2011, s. 125-126)

Denotasjon er den første og direkte oppfatninga ein får når ein tek ein samansett tekst innover seg. Dette er felles for alle, og er det til dømes eit bilete viser “fysisk”. Vi kan tenke på denotasjon som ei grunnbetydning av teksten, det ein faktisk ser.

Eg har allereie vore inne på korleis ulike menneske oppfattar teikn ulikt. Konnotasjon er meir som ei analyse, og her leitar ein etter den meir indirekte oppfatninga av den samansette teksten. Det kan tenkast på som ein felles assosiasjon, men er meir kulturelt etablert, og har derfor grunnlag i kulturen, og ikkje i individet. Korleis ei gruppe menneske tolkar ei tekst, kjem an på kva forkunnskapar dei har. Dette kallar vi konnotative koder. Dette vil forandre seg etter kvar ein bur, kva interesser ein har osv. (Gripsrud, 2011, s 119-121)

En viktig del av bakgrunnen for at skillet mellom denotasjon og konnotasjon ble lansert, var at tegnenes innhold er omskiftelig i tid og rom, og ikke endegyldig fastslått en gang for alle i en absolutt binding mellom et uttrykk og et bestemt innhold. Samme uttrykk kan bety forskjellige ting for ulike mennesker til ulike tider. (Gripsrud, 2011, s. 119)

 

Drøftingsdel

Her skal eg ta for meg sjølve analysen. Først tek eg for meg denotasjon, altså det første eg ser, det som “faktisk er på biletet”, og deretter går eg inn i djupna og tolkar biletet ved bruk av konnotasjon. Teori som vert brukt er forklart ovanfor.

Denotasjon

Bildet er eit svart/kvitt foto der to menn i dress som klemmar kvarandre er i fokus. Den eine mannen står med ryggen vendt mot kamera, medan den andre, som er vendt mot kameraet, har eit ansiktsuttrykk som viser både sorg og sinne. Det ser ut som dei klemmar hard, og vi ser ei hand som er “bora inn” i skuldra til den andre.

Ved sidan av dei, står det to menn som også er i fokus. Den eine mannen har på seg i dress, og ser svært betenkt ut. Det ser ut som han stirrar med eit tomt blikk på noko til venstre for fotografen. Den andre mannen i fokus står heilt til venstre i biletet, og har på seg halvformelle kle. Han har og på seg eit halsband med noko som ser ut som ein form for ID, og har eine armen skjult under jakka. Han er den einaste på biletet som ser vekk frå kamera.

I bakgrunnen, ute av fokus, ser vi ei lita mengd folk samt nokre tre og ein kvit vegg eller mur. Det er vanskeleg å sjå detaljar, ettersom bakgrunnen er ute av fokus, men alle ser mot dei i forgrunnen. Mellom dei i forgrunnen og dei i bakgrunnen står det to mørke bilar som “rammar inne” dei som er i forgrunnen.

Eg synes det er klart at stemninga i biletet er trist og at noko spesielt skjer eller har skjedd. Det ser ut som at situasjonen kan vere alvorleg, og utifrå beredskapen rundt subjektet, forstår vi at dei to mennene i fokus er viktige personar.

Konnotasjon

Mannen som klemmar og som ser mot oss, har eit ansiktsuttrykk som fangar merksemda umiddelbart. Det er skarpt, og vi ser klart at mannen er veldig opprørt, og det er mogeleg han får trøst frå han med ryggen til. Ansiktsuttrykket vert sett på som indeks, og indikerer sorg og sinne. Også fargane til biletet spelar ei sentral rolle her.

Ansiktet på mannen ved sidan av viser mykje av det same som hos den triste mannen, men kanskje ein alternativ reaksjon. Ansiktsuttrykket hans uttrykkjer makteslausheit og avmakt, og er, som det andre, ein indeks. Det peikar på noko som har skjedd i tida før biletet blei tatt. Kva er det som har skjedd?

Det at biletet omhandlar ein klem er litt spesielt. Det å klemme kort når ein møtast er stort sett vanleg i vestleg kultur i dag. Det som er litt spesielt med denne klemmen er at det er ein mykje meir emosjonell klem. Dette er ikkje berre ei helsing, men det er ein kanskje trøstande klem. Dei klemmar hardt, og det at handa vert “bora” inn i skuldra viser styrken i omfamninga? Dette tyder på sterke kjensler. Det som er heilt klart, er at klemmen her har større betydning enn berre ei helsing. Dersom vi skal tolke klemmen, vil eg plassere den som indeks. Den peikar tilbake til det som har skjedd, og vi lurer på kva som har skjedd atter ein gong. Er dette far og son?

Det er tydeleg at mannen til venstre i biletet er politimann, grunna politi-IDen han har hengande rundt halsen. På ID-en er det bilete av ein politi-logo, eit internasjonalt symbol. Som einaste person i biletet som ser i ei anna retning enn mot kamera og dei klemmande mennene, ser vi at denne mannen har ei anna rolle. Politimannen ser speidande ut, og er potensielt klar til å handle, moglegvis held handa under jakka hardt om ein pistol?

Det kan tolkast at bilane som skil mennene i forgrunnen frå mengda i bakgrunnen, har funksjon som ei barrikade sidan dei står så tett og nært på. Dette kan vere for å hindre uønska situasjonar, og er meir dekkande enn politisperringar, og praktisk dersom ein må kome seg ut av området kjapt. Dette er ein kanskje vag tolking, men bilane skapar ei stemning i biletet uansett. Dei i bakgrunnen kan ikkje berre kome bort og helse på.

Det tek mindre enn eit sekund før eg ser at den triste mannen er Jens Stoltenberg, tidlegare statsminister, og leiar i Arbeiderpartiet. Dette er, sjølvsagt, fordi eg er nordmann. Eg kjenner sjølvsagt igjen konteksten biletet er frå, og det trur eg ikkje eg er åleine om. Dette biletet er frå tida rett etter terrorhandlingane 22. juli 2011, den største og einaste terrorhandlinga som har skjedd på norsk jord i moderne tid. Dette var ei periode med sorg og kaos, og som har endra nyare norsk historie dramatisk. Alle nordmenn burde kjenne att dette umiddelbart.

Den personen som vert klemt kjenner eg og att – ettersom han var mykje på TV før og etter hendinga, og hadde ein relativt unik hårsveis. Det er Eskil Pedersen, dåverande leiar i Arbeidernes ungdomsfylking (AuF), Arbeiderpartiet sin ungdomsorganisasjon. Han var på Utøya og opplevde terroren på nært hald. Mange rundt han mista livet, og han var nok spesielt prega av hendinga. Det var jo folk han kjente, og folk han var glad i. Dette forklarar kanskje den harde klemmen. Kanskje klemmer Pedersen like hardt tilbake? For Stoltenberg vert kanskje dette augeblikket eit sterkt møte, sidan han sikkert forstår situasjonen og er glad for å sjå att det vi kan gå ut ifrå er ein kompis, like mykje som ein politisk kollega.

Det at det er dåverande statsminister og leiar i Arbeiderpartiet som har det triste ansiktsuttrykket, og ikkje til dømes mannen ved sidan av, Knut Storberget, spelar ei sentral rolle. Det fungerer som eit ikon både for statsministeren, og for leiaren i Arbeiderpartiet, sjølv om det er nye folk i rollene i dag. Stoltenberg bar ein symbolsk tittel, og handlingane hans vil avspegle forventingane knytt til den rolla han hadde. Når eg ser biletet tenker eg ikkje på ledaren i NATO som klemmer informasjonssjef i Nortura – eg ser statsministeren som klemmer leiaren i AuF etter ei sterk, dramatisk og følelsesladd hending.

Som eg nemnde tidlegare er ikkje valet av svart/kvitt tilfeldig. Det var nemleg “både grønt og litt rødt som ellers ville tatt bort litt av oppmerksomheten. Det er sterkere i svart/hvitt, og så er det jo en trist hendelse.” (Journalisten, 2012) Dessutan seier fotografen i same intervju at ansiktsuttrykket til Stoltenberg kjem tydlegare fram dersom biletet var i svart/kvitt. Det at ansiktssuttrykket til Stoltenberg står i fokus er kanskje nøkkelen til biletet sin suksess, det er i alle fall ein viktig egenskap biletet har.

I konnotasjonen over ser vi klart at kontekst og forkunnskap er viktig dersom ein skal analysere dette biletet heilt ut. Sjølv ein som ikkje har kjennskap kan sjå at stemninga er dyster og trist, og at det nylig har skjedd noko alvorleg. Det er og mogleg å tolke ut ifrå biletet at beredskapen er høg, men dersom ein ikkje kjenner til personane i biletet stoppar det kanskje der. Dersom personen gjer research og leitar etter kontekst, vil han plutseleg forstå meir av samanhengen.

Denne saka fekk jo internasjonal merksemd – det var jo ei alvorleg og stor sak. Dersom ein hugsar att ansiktet til Stoltenberg, eller kanskje har fått kjennskap til han ved seinare høve, er dette kanskje nok til å skjønne kva biletet omhandlar.

 

Konklusjon

Det er heilt klart at for å analysere biletet fullt ut, må ein ha kjennskap til dei personane som er i fokus, kanskje spesielt Jens Stoltenberg. Ved å tolke biletet på ein analytisk måte, forstår ein kor mykje kroppsspråket har å seie i eit bilete, kanskje spesielt i akkurat dette biletet. Ein kan kome ganske langt uten å ha forkunnskap, dersom ein ser på bl. a. teiknbruk.

Dette biletet vart jo kåra til årets bilete for 2011. Det er jo ikkje noko fint bilete reint visuelt, men dersom ein analyserer biletet, slik som eg nettopp har gjort, skjønar ein fort kvifor akkurat dette vann. Tommy Ellingsen fanga augeblinken der kroppsspråk, teikn, stemninga osv. var nok til å fortelje nok om situasjonen, til at ein utan forkunnskap forsto kva det handla om, i ei viss grad i alle fall. Dette, i kombinasjon med forkunnskapen gjorde dette til eit perfekt bilde til bruk i norsk media, og dei med forkunnskapen skjøner umiddelbart konteksten og tidsrommet når dei ser biletet.

Semiotisk analyse høyrast kanskje ufatteleg avansert ut først, men då eg lærte meg teorien var sjølve analysen ein leik, og eg fann nye sider ved biletet som eg tidlegare ikkje hadde sett.

 

 

Referanseliste

Erdal, I.J. – Medietekstar – teori og analyse (2015a)

https://docs.google.com/presentation/d/1jXq4AQ-QSvyAX66hFwmsw56vT4G750LMG85UpK9qQm4/edit#slide=id.p (02.10.15)


 

Erdal, I.J. – Akademisk arbeidsmåte og -skriving (2015b)

https://docs.google.com/presentation/d/1zrJ7gQYZkdM8DvDsQCP5Sr5ye_saCuQPzHh-P8ImeDg/edit#slide=id.g1026b480d_00 (02.10.15)


 

Geard, K. – Journalisten (2012)

Johansen, G.S.

http://journalisten.no/2012/02/tommy-ellingsen-tok-arets-bilde-2011 (08.10.15)


 

Gripsrud, J. –  “Mediekultur, mediesamfunn”, Universitetsforlaget AS (2011)


 

Olsen, O.R. – Aftenbladet (2012)

http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/Dette-er-arets-bilde-2933220.html (07.10.15)


 

Svendsen, L.F.H. – SNL (2009)

https://snl.no/semiotikk (07.10.15)


 

Universitetet i Oslo

http://www.uio.no/studier/emner/hf/imk/MEVIT1510/h07/undervisningsmateriale/seminargruppe2.pdf (07.10.15)


 

Wangberg, I.S. – NRK (2012)

Nilsen, A.A., NRK

Sæby, I.M.K., NRK

http://www.nrk.no/kultur/_arets-bilde-2011_-1.8007080 (08.10.15)