Fotoøvelsar, oppgåve 2

I dag har eg jobba med ei rekkje nye øvingar i foto.

Lenkje til bileta finn du her.

Haustfoto, by: Når eg skulle ta dette bilete fekk ikkje inspirasjonen eg trengde og det var vanskeleg å finne eit fint motiv med ein brukbar bakgrunn. Eg vart ikkje noko særleg fornøgd med nokon av bileta, men valde ut dette som det mest brukbare. Personen er plassert nesten i det gylne snitt (han burde vere litt meir til venstre trur eg), nederst til høgre og skapar saman med delar av bakken ein forgrunn. I bakgrunnen ser vi ei rekkje hus og ein lampe som skal vise at det er eit meir urbant miljø. Det var veldig fint vær i dag så biletet gir eit inntrykk av at det er varmt, noko som motverkar bodskapet då det skulle vere “haust”. Biletet er ikkje særleg balansert og er tyngre på venstre side.

Haustfoto, natur: Fast bestemt på å ikkje gjere same feilen som ved forrige bilete, kledde eg meir på personen i biletet og prøvde å skjule himmelen slik at det skulle framkalle sterke haustfølelsar. Eg gjorde biletet mørkare i photoshop for å forsterke bodskapen, då mange knytter hausten med mørkare tider og det gav eit skumlare og meir mystisk motiv. Personen skapar forgrunnen og skogen bakgrunnen. Stien i bilete skapar dybde og dreg blikket innover, svingen på enden hjelp med å føre blikket tilbake til personen. Eg prøvde å plassere personen i ett hjørne i det gylne snitt og enden på stien i det motsatte.

Kontrast: For kontrastbiletet mitt ville eg først bruke form eller størrelsekontrast. Men eg hadde problem med å finne eit passande motiv, så eg gjekk for fargekontrast i staden. Mindre interessant, ja, men det enkle motivet og dei sterke fargane gir eit nokså harmonisk bilete. Eg brukte ei stor blendaropning for å halde blikket festa på blada, men eg ser i ettertid at eg kunne ha brukt litt mindre blendaropning for å få resten av blada i fokus.

Symmetri: Eg fann eit eldre naust som eg synast var ganske fint, og det var symmetrisk, så eg brukte då det som motiv for dette bilete. Eg har basert meg på vertikal symmetri då det var slike naustet var symmetrisk, og dette gir ei kjensle av høgd og styrke. Naustet strekk seg på ein måte mot himmelen, og det pil-forma taket forsterkar dette.

Asymmetri: Eg har her brukt asymmetrisk plassering av motivet, dvs at motivet ikkje er plasser på ein måte som skapar symmetri, men ein oppnår balanse gjennom meir rom på motsatt side. Skyggen som strekk seg til den andre sida av biletet skapar også ein form for vertikal asymmetri. Biletet baserar seg også sterkt på kontrastar.

Linje: Diagonale linjer skapar ei kjensle av bevegelse, sikk-sakk linjer gir ei kjensle av dybde. I mitt bilete har eg basert meg på ei sikk-sakk linje som går diagonalt. Linja blir skapt av taka på nausta som står på rekke og rad innover fjøra. Det er også ei diagonal linje nederst på nausta. Begge linjene dreg augene innover, og for å gi dei noko å slutte ved har eg plassert eit kvitt bygg ved enden.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to Fotoøvelsar, oppgåve 2

  1. DAT IMAGESHACK.

    Men uansett, du hadde temmelig gode bilder på kontrast, linjer, etc. Byfoto var rimelig tragisk (mye støy), men vi får vel kanskje skylde på modellen der.

    Likte trikset med skyggen på symmetribildet.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>