Accessibility

“Access by everyone regardless of disability is an essential aspect”

“Web accessibility means that people with disabilities can perceive, understand, navigate, and interact with the web, and that they can contribute to the web”

Vurder om nettstaden VG.no fyll krava til WCAG 2.0 og WAI-ARIA

WCAG 2.0 = Web Content Accessibility Guidelines

  • Om ein fører musepeikaren over eit bilde står det kven som har tatt bilde, kven som er på bilde eller overskrifta til saken bilde høyrer til.
  • Nokre bilde manglar gyldig ALT-tekst.
  • Videoar startar automatisk når du trykker på ein sak som inneheld ein video, men ein kan velje å pause den. Norske videoar har ikkje tekst, men engelske videoar osv. har teksting. Videoane har ikkje teiknespråktolking.
  • Ein kan enkelt skille vanleg tekst frå lenker, då lenkene har raud skrift og får understrek når du fører musepeikaren over den.
  • Ikkje alltid like god kontrast mellom bakgrunnsfarge og farge på skrift.
  • Ein kan bruke TAB på tastaturet, den går nedover heile sida.
  • Det er ingenting som glimter på framsida til VG.no. Videoar på nettsida kan glimte, men der er ingen advarsel om at videoen kan føre til anfall.
  • På framsida kan ein trykke både på overskrifta og bilde for å komme inn på ein sak. Om ein trykker på ein sak under t.d. ”Rampelys” står det < Rampelys oppe i venstre hjørne slik at ein kan trykke på den for å sjå alle sakane under kategorien ”Rampelys”. Om ein vil tilbake til framsida kan ein trykke på VG-logoen. I tillegg finn ein meny uansett kva underside ein er på, slik at det er enkelt å t.d. bytte til ”Sport”.
  • VG si nettside er på norsk (bokmål) og det går ikkje ann å endre språk for eksempel til nynorsk og samisk. Når du er inne på ein sak kan ein velje å få større skrift slik at det blir enklare å lese om ein har dårleg syn.
  • Nettsida fungerer på ein logisk måte, ingenting er vanskeleg eller sjokkerande.

WAI-ARIA = Accessible Rich Internet Applications

 

 

Usability

”Usability usually refers to the elegance and clarity with which the interaction with a computer program or web site is designed”

 Generelt om brukskvalitet

Brukskvalitet er den opplevde kvaliteten av eit produkt i bruk.

Brukskvaliteten til en god nettside er ikke hvor flott den ser ut, men hvilken informasjon den gir og hvor enkel den er å bruke.

Ifølgje Jacob Nielsen har eit system brukskvalitet når det er:

  • Lett å lære
  • Effektivt
  • Lett å huske
  • Relativt feilfritt og feiltolerant
  • Behagleg å bruke

Steve Krug, om testing av brukskvalitet:

  • If you want a great site, you´ve got to test.
  • Testing one user is 100 percent better than testing none.
  • Testing one user early in the project is better than testing 50 near the end.
  • The importance of recruting representative users is overrated.
  • The point of testing is not to prove or disprove something. It´s to inform your judgement.
  • Testing is an iterative process.
  • Nothing beats a live audience reaction.
To favorittnettsider frå Jacob Nielsen sitt univers

http://www.nngroup.com/articles/ 

http://www.nngroup.com/reports/

 

ressursar om Usability som framstår som truverdig

Boka “Don´t Make Me Think: A Common Sense Approach to Web Usability” av Steve Krug.

http://www.ia.hiof.no/evalit/9_Brukskvalitet.pdf

http://www.uxbooth.com/articles/10-usability-lessons-from-steve-krugs-dont-make-me-think/

 

CSS1-3

Korleis CSS har utvikla seg

  • CSS = Cascading Style Sheets (Stilark)
  • CSS er eit språk som blir brukt for å definere utsjånaden på filer skrive i HTML eller XML
  • CSS1 – blei publisert 17. desember 1996, laga av Håkon Wium Lie og Bert Bos
  • CSS2 – blei publisert i mai 1998
  • CSS2.1 – 2004-2007 (fiksa error osv. i CSS2)
  • CSS3 – første utkast av CSS3 kom i 1999, består av mange modular
  • CSS4 – finnast ikkje

Punkt frå artiklar som har lært meg noko

  • Ein bør ikkje berre tenke på utsjånad når ein laga ei webside, ein bør tenke på yting (slik at sida ”loada” fortare.
  • CSS og HTML blir gjengitt betre enn JavaScript.
  • Ein kan få problem med JavaScript om ein brukar ein litt gammal nettlesar, det kan komme opp ei blank side utan at ein får noko forklaring på kva ein skal gjere.
  • Når innhaldet på ei dynamisk webside er gjengitt av ein server, treng gjengivelsen berre å fungere på akkurat den serveren. Kan bruke ”client” for at koda skal virke for alle.

 

Kjelde

https://en.wikipedia.org/wiki/Cascading_Style_Sheets#CSS_1

http://alistapart.com/article/let-links-be-links

http://alistapart.com/column/instant-web

http://www.sitepoint.com/12-little-known-css-facts/

http://www.sitepoint.com/12-little-known-css-facts-the-sequel/

http://cdn.playbuzz.com/cdn/83c1b6fb-2476-4865-938f-ed8a1caee854/f103f5e1-8e8d-4b97-b7bb-7a250887e0e4.jpg

Lydteori

Øvingsoppgåve 5:

1. Hva er samplingsfrekvens og bitrate, og hvorfor må du kjenne til disse begrepene?

Kva slags kvalitet digital lyd har er avhengig av oppløysinga og samplingsfrekvensen. Samplingsfrekvens er kor mange gongar i sekundet straumstyrken til ein lyd blir målt. Denne bør vere to gongar så høg som den høgste frekvensen i det fysiske lydsignalet.

Bitrate er eit mål for overføringshastighet som blir oppgitt i kbps (kilobiter per sekund). Bitrate fortel oss kor mykje info som blir overført per sekund. Til høgre bitrate til betre lydkvalitet og meir lagringsplass.

Ein må kjenne til disse to omgrepa då dei har med digitalisering av lyd å gjere, og er viktig med tanke på kvaliteten på ei lydfil når den skal eksporterast og/eller komprimerast.

2. Nevn to utbredte lydformat med ulikt bruksområde. Hvilke egenskaper særpreger disse?

Det finst ulike lydformat slik som MP3, WAV, AAC og WMA. MP3 står for MPEG-1 (Moving Picture Experts Group) Audio Layer 3. MP3 kan komprimere (lossy) lyd, og blir for det meste brukt til å overføre lydfiler på Internett. Sidan MP3-filer er komprimerte tek dei ikkje så mykje lagringsplass.

WAV derimot er ikkje eit lydkomprimeringsformat. WAV-filer blir som regel brukt i profesjonelt lydarbeid då all lydinformasjon blir lagra.

3. Hvordan oppretter og sletter du lydspor i Audition?

Ein kan opprette eit lydspor i Adobe Audition på ulike måtar;

File – Import – File,

File – New – Audio File,

File – Open

Eller drage ei fil inn i programmet.

For å slette eit lydspor kan ein klikke på bossbøtta under Files eller Delete på tastaturet.

4. Hva er forskjellen på et mono- og et stereoopptak? Hva skal du velge når du gjør opptak av én lydkilde med én mikrofon kontra to mikrofoner kontra tre mikrofoner?

I eit stereoopptak kjem lyden frå to kanalar og dannar eit større og breiare lydbilde enn i eit monoopptak der lyden berre kjen frå éin kanal. Det er lettare å få instrumentet representert (fleire nyansar og detaljar) i eit stereoopptak, men i eit monoopptak kan ein behandle signalet med til dømes delay og klang i etterkant for å gjere det betre.

Ved bruk av éin mikrofon skal ein velje monoopptak, og ved bruk fleire mikrofonar skal ein velje stereoopptak.

5. I hver «kanalstripe» (lydspor) finner vi solo- og mute-funksjonene. Hva bruker vi disse til?

Vi brukar solo-funksjonen når vi vil spele av eit lydspor, og mute-funksjonen blir brukt for å gjere eit lydspor lydlaust.

6. Hvilke tastatursnarveier (eng: keyboard shortcuts) vil du anbefale medstudentene dine å lære seg når de skal behandle lyd i Audition?

Ctrl + s = Save

Ctrl + z = Undo

Ctrl + y = Redo

Ctrl + i = Import File

Ctrl + o = Open File

Ctrl + Alt + dra = Mark

Space = Play/Stop

7. Hvordan zoomer du inn og ut i Audition? Har denne funksjonen noen tastatursnarvei?

Ein kan zoome inn og ut ved å klikke på forstørringsglaset ned mot høgre i Editor eller bruke tastatursnarveiane Alt + = og Alt + -.

Eller scrolle?

8: Hva er forskjellen på «Edit View», «Multitrack View» og «CD View» i Audition?

Edit view – Her kan ein redigere ei lydfil i waveform.

Multitrack view – Her kan ein redigere fleire lydfiler og flytte rundt på dei.

CD view – Her kan ein lage CD’er

9. Hva er krysstoning (eng: crossfade) godt for? Hvordan gjøres det i Audition? Hvordan skiller krysstoning seg fra inn- og uttoning (eng: fade-ins, fade-outs)?

Krysstoning er når to lydspor går inn i kvarandre slik at overgangen frå eit lydspor til eit anna blir naturlig.

Krysstoning skil seg frå inntoning og uttoning då krysstoning er når to lydspor overlappar kvarandre, medan inn- og uttoning er at lyden blir svakare/sterkare i starten og/eller enden av eit lydspor. Krysstoning gjeld altså samanheng mellom to lydspor, og inn- og uttoning gjeld berre intro og uotro.

I Audition gjer ein dette ved å dra de ulike lydspora over kvarandre.

10. Hva menes med at et lydsignal «klipper» eller «vrenger» (eng: peaks)? Hvordan kan du forhindre slik «klipping»?

Om eit lydsignal «klipper» eller «vrenger» betyr det at opptaket har for høgt volum (desibel). I Audition kan ein sjå om desibelnivået er for høgt ved hjelp av ein målar. Når lyden er veldig høg begynner det å skurre.

Lydproduksjon

Lenke til øvingsoppgåve 4:

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/187329077?secret_token=s-LFsIc” params=”color=00cc11&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

– Volumjustering

– Tidsforskyving

Retorisk bildeanalyse

Arbeidskrav 2B

702491_10153389164141029_1550985180_n

Innleiing

Eg har valt å ta utgangspunkt i gruppeoppgåva om retorikk, der gruppa eg er på analyserte eit bilde (Ryste, 2014). Oppgåva var å velje eit bilde som vi skulle analysere ved bruk av omgrep henta frå kapittel 11 om visuell retorikk frå Kjeldsen si bok Retorikk i vår tid. Bildet vi skreiv om er av ein gut som røykar og held eit våpen. I denne oppgåva skal eg analysere bildet grundigare enn kva vi gjorde i gruppearbeidet.

Grunnen til at eg valte å fordjupe meg i retorikkoppgåva er fordi eg synes bilde vi analyserte i gruppearbeidet om retorikk er spennande. Vidare i denne oppgåva kjem det ein teoridel der relevant teori blir presentert. Her vil eg altså kome med definisjonar på ulike ord og omgrep som kjem igjen seinare i oppgåva. Deretter kjem ei analyse og drøfting der eg brukar teorien som allereie har blitt presentert medan eg fortel om bildet. Eg vil avslutte med ei oppsummering og konklusjon, her vil eg fortelje kva eg meiner om bildet.

 

Teori

Semiotikk

Semiotikk er læra om korleis vi kommuniserer og forstår verda gjennom teikn, og semiotikken er relevant for retorikken då kommunikasjonen skjer ved hjelp av teikn (Kjeldsen 2014, s. 264). Under semiotikk finn vi denotasjon og konnotasjon. Denotasjon er den første direkte tydinga, altså det ein ser med ein gong, og konnotasjon er den andre indirekte tydinga, altså det ein tolkar ut frå det ein ser (Gripsrud 2011, s. 119).

Bilde liknar ikkje på noko, men skal førestille noko. Vi opplever som regel at bilde liknar på noko vi kjenner att. Bilde eller teikn som skapar meining gjennom slik likheit blir kalla ikoniske teikn, og ikoniske teikn er motiverte. Ein anna type teikn er, symbolske teikn. Symbolske teikn skapar meining gjennom konvensjon, disse kan vi berre forstå om vi på førehand har fått tydinga eksplisitt forklart. Den tredje typen teikn er indeksikalske teikn, som er teikn som viser ein årsaksforbindelse (Kjeldsen, 2014, s.265).

 

Retorikk

Retorikk er læra om verbalspråket (Kjelden, 2014, s. 17), og ei retorisk ytring er skapt av menneske for menneske (Kjeldsen, 2014, s. 15). Bilde skaper retorisk evidentia og persuasio, og disse heng saman med fire kvalitetar for biledleg formidling; retorisk nærvær, retorisk realisme, retorisk umiddelbarheit og retorisk fortetting (Kjeldsen, 2014, s. 281).

Nærvær

Bilde kan framkalle kjensler og det skjer primært gjennom retorisk etterlikning, mimesis (Kjeldsen, 2014, s. 267). Ein kan oppleve nærvær på forskjellige måtar. Ein opplever ei hending sterkare viss den til dømes skjer i nabolaget ditt enn om den skjer i ein annan by eller i eit anna land. Til nærmare noko følast, til sterkare vil det altså opplevast (Kjeldsen, 2014, s. 281 ).

Realisme

Det finst to typar retorisk realisme som eit bilde kan skape, ikonisk realisme og indeksikalsk realisme. Ikonisk realisme vil seie at bildet er realistisk på den måten at det liknar det som er avbilda, eller har ein viss form for verkelegheitspreg. Indeksikalsk realisme derimot skjer i bilde som fungerer som eit avtrykk av verkelegheita (Kjeldsen, 2014, s. 283).

Umiddelbarheit

Vi oppfattar umiddelbarheit når vi ser på bilde. Ein treng berre å opne auga, og i løpet av eit augeblikk har ein sett det som er framfor ein. Sjølv om ein ser alt med ein gang, kan ein bruke lang tid på å utforske bildet (Kjeldsen, 2014, s. 284).

Fortetting

Det som skaper retorisk fortetting er det havet av informasjon og emosjonell substans som er pressa saman i eit enkelt bilde, og det finst ulike typar fortetting (Kjeldsen, 2014, s. 284). Emosjonell fortetting betyr at eit enkeltståande bilde, eller få enkle trekk i eit bilde, kan utløyse ein meir omfattande emosjonell respons (Kjeldsen, 2014, s.286). Slik fortetting skjer ofte i samanheng med retorisk nærvær, realisme og umiddelbarheit (Kjeldsen, 2014, s. 287).

Retoriske tropar

Metafor er eit ord eller uttrykk som blir brukt i overført tyding. Ein snakkar om ein ting for å uttrykke ein annan ting (Grue, 2011). Metaforar er samanlikningar der ein ikkje brukar ordet «som», ein har altså ikkje med samanlikningsordet.

Metonymi er når ein brukar ord eller uttrykk som har nær omgrepsmessig relasjon til det eigentlege ordet eller uttrykket, slik som at ein til dømes seier «røyk» i staden for «sigarettar» (Simonsen, 2009).

Dokumentarisk funksjon

Bilde utfører ein dokumentarisk funksjon ved at dei fungerer som stadfesta indeksikalsk bevis. Fotografi kan altså vise kva som har skjedd og framstår som bevis på at de faktisk har skjedd på akkurat denne måten (Kjeldsen, 2014, s. 269).

 

Analyse og drøfting

Slik som det står skrevet i innleiinga skal eg no analysere eit bilde ved hjelp av omgrep henta frå Kjeldsen si bok Retorikk i vår tid, omgrepa som blir brukt er i hovudsak henta frå kapittel 11 om visuell retorikk, men eg har også brukt andre kjelder, slik som internettsider.

Den direkte tydinga av bildet, altså det vi først ser, er eit barn med raude klede og ei hue som er blå og kvit. Barnet røykar ein sigarett og held eit våpen. Bak barnet ser vi ein haug med mykje rot. Etter å enkelt ha sett over kva som er i bildet, kjem konnotasjonen. Det første eg tenker er at guten på bildet er ein barnesoldat i eit krigsherja område. Ut i frå bildet ser ikkje guten særleg prega ut over situasjonen han er i, noko som kan tolkast ut frå dette er at det vi ser er ein del av kvardagen til guten. Det ser ut til at han er godt påkledd noko som kan tyde på at han er i eit land der det kan vere kjølig i lufta. På grunn av at han bærer eit automatvåpen kan ein tenke seg at han er i eit farleg område, og at han kanskje held vakt for noko.

Eg prøvde å søke på internett for å sjå om eg fann noko fakta om bildet, men eg ville ikkje lese så mykje om det då dette kunne øydelegge for tolkinga mi. Det eg har funne ut er at guten på bildet heiter Ahmed, er sju år og er i Syria. Då bildet blei tatt var det borgarkrig i Syria, og guten står vakt framfor ei barrikade som skal beskytte opprørarar for snikskyttarar(Soltis, 2013).

I og med at det er eit fotografi og vi oppfattar fotografiar annleis enn bilde og tekst, kan vi seie at det har retorisk umiddelbarheit, vi oppfattar heile fotografiet på ein gong. Bildet framstår som autentisk då barnet er skittent, røyker og bærer eit automatvåpen. Bildet representerer krig, fattigdom og barn som blir brukt i krigshandlingar. Det har ei dokumentarisk effekt fordi det viser korleis barn kan ha det i land med krig og fattigdom. Den dokumentariske funksjonen blir forsterka av ei rekke indikatorar, skrotet i bakgrunnen og våpenet kan for eksempel indikere at det er i eit krigsherja området. Bildet har eit verkelegheitspreg fordi det fungerer som dokumentasjon og er derfor indeksikalsk.

Bildet består både av indeksikalske teikn og ikoniske teikn. Haugen med rot i bakgrunnen kan vere eit indeksikalsk teikn på krig og fattigdom, medan våpenet kan vere eit ikonisk teikn. Det som er ikonisk med våpenet er at akkurat den type våpen, altså AK-47 ofte blir brukt av opprørsstyrkar og i geriljakrigføring. Landet Mosambik har til dømes ein AK-47 avbilda i flagget sitt. (Arntzen, 2014) Fargane på våpenet kan også vere eit symbolsk teikn på Syria. Den nedste delen av våpenet er farga i grøn, kvit og svart, som er dei same fargane ein finn i flagget til Syria.

Sidan bildet har eit sterkt visuelt uttrykk appellerer det til kjensler, kanskje spesielt til folk som har eigne barn. Vi kan til dømes bli triste av å sjå dette barnet fordi vi veit at barn eigentleg ikkje bør røyke og bære våpen, eller ein kan bli sint når ein tenker på dei som har gitt barnet lov til dette. Bildet kan altså frambringe ulike kjensler, alt etter kven personen som ser på bildet er.

Ein kan også føle nærvær når ein ser på bilde, til nærmare noko er, desto sterkare vil det opplevast. For oss som er frå Noreg eller andre vestlege land føler vi kanskje ikkje spesielt nærvær til dette bildet, og derfor vil det ikkje føre til at vi utfører ei handling for å til dømes hjelpe barnet som er avbilda. Bildet har altså ikkje retorisk nærvær fordi ingenting i bildet er kvardagsleg for oss. Men vi kan likevel føle litt nærvær fordi vi ser eit menneske, og kan tenke at på innsida er guten akkurat som andre menneske. Han har ikkje sjølv valt å vokse opp på den måten han har gjort og det er derfor ikkje han sin feil at han må gjere det han må gjere, slik som å til dømes bruke våpen. Her kjem det fram at verda er urettferdig, og at vi ikkje må vere sinte på den lille guten, men dei vaksne som han har rundt seg i livet sitt.

Ettersom bildet er av ein barnesoldat, og ikkje ein vaksen soldat, gir det oss eit meir alvorleg syn på krigen. På denne måten skapar bildet meining, diskusjon og kjensler. Det at vi ser eit barn som gjer handlingar som eigentleg er meint for vaksne, gjer at bildet har ei slags kontrast. Det er altså kontrast mellom den unge guten og det han styrar med. Dei ulike elementa som er i bildet, slik som sigaretten og automatvåpenet skapar ei emosjonell fortetting. For foreldre spesielt blir det her kanskje skapt ei emosjonell fortetting fordi dei mest sannsynleg ikkje kan førestille seg sine eigne barn som soldatar i ein krig. Dei vil heller sjå glade og leikande barn. Når foreldre ser dette bildet kan dei fort bli triste, i forhold til når dei ser glade barn som får dei til å smile.

Bildet inneheld metaforar og metonymi. Våpenet i bildet kan for eksempel vere ein metafor på styrke, då dei som bærer våpen som oftast får makt over dei som ikkje har våpen. Blikket til guten og det at han har ein sigarett i handa kan vere ein metafor på det å vere «kul». Sjølv om det eigentleg ikkje er kult å røyke, blir sigarettar ofte brukt i bilde for å skape ei avslappa og kul stemning. I tillegg kan bildet fungere metonymisk ved at det representerer Midtausten, fattigdom og krig. Det som kan vere med på å representere dette er til dømes våpenet og utsjånaden til guten .

Verda vi lever i er ofte urettferdig, og det kan ein sjå i bildet. Nokre har varme klede, mykje mat og hus der kvar person har sitt eige soverom, medan nokre så vidt har tak over hovudet og må jobbe hardt for å få tak i den maten dei treng. Dei aller fleste i Norge er ganske heldige med korleis dei veks opp, og har få store bekymringar. Bildet kan altså vere med på å vise kor ulike oppvekstvilkår menneske kan ha, og at det gjer at ingen er heilt like, og derfor kan ha ulikt syn på same sak.

Bilde som dette får fram følelsar, spesielt når dei har ei dokumentarisk effekt. Då er det ein ser ekte, og derfor blir ein meir påverka av å sjå det. Det vi ser i bildet er ganske sterkt, og dei ulike elementa i bildet er med på å gjer bildet sterkt. Elementa eg tenker på då er i hovudsak våpenet og sigaretten. Det er uråd å sjå bildet utan å bli tankefull og påverka, det er altså eit bilde til ettertanke.

 

Oppsummering og konklusjon

Når eg var ferdig å lære den nødvendige teorien om retorikk, og etter at eg hadde studert det valte bildet starta eg å skrive oppgåva. Oppgåva mi starta med ei innleiing, så kom teoridelen, og deretter analyse og drøfting. Etter å ha jobba med dette har eg kome fram til ei oppsummering og konklusjon der eg fortel kva eg synes om bildet.

Eg likar bildet godt, eg synes det er spennande og eg blir nysgjerrig av å sjå på det. Første gong eg såg bildet, såg eg det åleine utan tekst og det var derfor eg blei nysgjerrig, og lurte på kor bildet har blitt tatt og kven guten er. Det at ein lurar på ting om bildet gjer at ein studerer det og kanskje ser på det fleire gongar, og det kan bety at bildet er bra. Dette bildet var grunnen til at eg ville utdjupe retorikkoppgåva i staden for den andre bildeanalysen vi hadde gruppeframføring i.

Det som gjer bildet spesielt bra er at guten er hovudfokuset og sjåaren får augekontakt med han. Når vi ser auga til personen er det lettare å tenkje seg til kva personligheit personen har, og korleis han eller ho har det i det augeblikket bildet blei tatt. Noko anna som eg synes gjer dette bildet bra er kontrasten det har. Kontrasten gjer at sjåaren stoppar opp, tenkjer meir over bildet, og det er denne kontrasten som gjer bildet ekstra sterkt. Sjølv om bildet viser noko negativt er det altså eit godt bilde som viser ulikheitene som finst i verda.

 

Litteraturliste

 

Bildeanalyse

Gruppearbeid – Martin, Øystein, Atle, Mari og Louise

o.8259

I denne presentasjonen skal vi analysere eit fotografi ved hjelp av Larsen si prosedyre for bildeanalyse. Vi valte å analysere reklamebildet for DKNY MEN som er ei reklame for ei herreparfyme.

Det vi i første omgang ser er ein mann med ei kvit skjorte, ein by med skyskraparar, og ei flaske i forgrunnen. Heilt til venstre ser vi noko mørkt som mest sannsynleg er ein del av ein skyskrapar. Bildet har også tekst, saman med byen står det « A man a city a dream», og nedst i midten står det «DKNY MEN Introducing the new fragrance»

Bildet er tredelt der det viser forskjellige ting, altså er det tre bilde i eitt. På høgre side har vi eit nærbilde av ein pen mann, i midten ser vi eit bilde av New York med Empire State Building som er tatt i fugleperspektiv, og til venstre ser vi noko mørkt som kan likne på ein vegg. Parfymeflaska er i forgrunnen av bildet og skal tydeleg vere i fokus, då dette er ei reklame for parfyme. Ein kan sjå at flaska er forma litt som ei bygning og går i linje med Empire State Building som er ved sidan av flaska.

Bilda og flaska er i gråfargar og det gjer at dei tre bilda flyt inn i kvarandre, og at dei blir sett på som ei heilheit. Det har ei flate som er delt opp i felt, der det er lyst på eine sida og mørkt på den andre sida. Bildet er lysast på høgre side der mannen er, dette er nok for å framheve han sidan han er ein viktig del av reklamen.

Hovedbetydninga til bildet er at det er ein reklameplakat for DKNY si herreparfyme. Bildet blir altså brukt for å få menn til å ville kjøpe produktet. Den sekundære betydninga er at om ein identifiserar seg med ein pen og metroseksuell mann er dette produktet ein bør kjøpe. Flaska i bildet koplar saman bilda i bakgrunnen og blir på den måten bindepunktet. Parfymen skal altså representere det bildet står for.

Teksta som er på bildet har samanheng med det som er avbilda, «A man» er mannen «A city» er New York og «A dream» er drømmen om å være vellykka, litt slik som i det kjente uttrykket «The American Dream». New York er ein kjent by og gir då assosiasjonar til eit liv i storbyen som mange drøymar om. Sagt på ein enkel måte er altså mannen, byen og parfymen drømmen.

Avsendar er dei som har laga parfyma, altså DKNY. Bodskapet er «kjøp parfymen og oppnå suksess». Målgruppa er menn frå 20-50, med hovudfokus på menn med ambisjonar og et ønske om å lykkast. Mottakar er alle som ser plakaten, medan den implisitte lesar antageligvis er ein mann i 30-40 årene.