Analyse av kortfilmen Red Balloon

Red Balloon

 

Filmen «Red Balloon» av Alexis Wajsbrot er ein kort skrekkfilm som nødvendigvis ikkje formulerer eit definert bodskap, men som framleis gjør ein veldig god jobb med å formidle ein fortelling innanfor skrekk-sjangeren. Ideen bak prosjektet kan være å utvikle ein film som gir ein skremmande atmosfære samtidig som den vil få fram ein historie utan å vise kva som eigentleg skjer. Sjølv synest eg filmen skapar ein klisjé skrekk-atmosfære og får fram ein historie som er meir detaljert ein kva ein ser på fyrste visning. Filmen er  regissert, produsert og skrive av Alexis Wajsbrot og Damien Mace og varer i ca. 17 min (med rulletekst, 13 min utan) og vart publisert på film-plattforma «Vimeo» i mai 2010. Ein kan tru at filmen er scenesatt i Storbritannia, sidan personane i filmen snakkar med britisk dialekt.

 

«Red Balloon» omhandlar ein kvinnelig babysitter med namn Julie som passar på ei lita jente med namn Dorothy medan foreldra hennar er ute. I løpet av kvelden medan Julie ser på tv, kjem det opp ein nyheitsreportasje om ein mann ved namn Alister Radford som har rømt frå mentalsjukehus i London. Dorothy er nokså urolig gjennom kvelden, og Julie må opp fleire gongar for å roe ho ned. Tredje gongen Julie er oppe hos Dorothy peiker ho på ei kanin-dokke som ligger i hjørnet av rommet. Etter Julie har gått ut av rommet ringer ho mora til Dorothy og spør kvifor ho er så redd for denne kanin-dukka. Då seier mora at Dorothy aldri har hatt ei slik kanin-dukke og Julie får panikk og spring ut av huset då ho høyrer ei dør som smeller. Ute i regner ringer Julie politiet, men ser i vindauget at Dorothy blir dratt vekk av noko. Ho spring derfor inn igjen i huset som no er utan strøm. Då Julie ser ein rød ballong og finner Dorothy. Samstundes som Julie ber Dorothy om å komme med ho ut, kjem kanin-dokka opp bak Julie. Her får vi eit  «flashback» på tv-reportasjen, grinda framfor huset som seier «Radford» og eit bilete av Dorothy med ein anna person utan ansikt. Det er her me får eit inntrykk av at Alister eigentleg er broren til Dorothy. Etter dette blir Julie drepen og biletet går i svart.

 

 

Fyrste gongen eg såg filmen, opplevde eg historia som ganske klisjé.  Samstundes er skodespelarane til tider ikkje særleg over bevisande. I scena der Julie snakkar med mora på telefon og ho nemner at Dorothy aldri har hatt ei kanin-dokke får ho panikk som om Julie nettopp hadde blitt drepen. Og sjølv om ein kanskje ikkje ska slå for hardt ned på ein barne-skodespelar er det også enkelte scener der ho smiler når ho kanskje ikkje burde. Sjølv om det ikkje vert så mykje sjel og personleik i alle karakterane, er dette kanskje heller ikkje nødvendig i ein film som omhandlar eit så kort tidsrom.

 

Det er enkelte film-effektar som er brukt for å få fram historia og oppbygginga av spenninga. Til dømes ser vi bilete av Dorothy og det som viser seg å være Alister, i eit scene der kamera går baklengs ut av rommet og gjennom vindauga, for så å gå opp i andre etasje. Sjølv om ein kan kritisere filmen for å bruke denne effekten «for mykje» kan ein samstundes sei at det er nødvendig for historia. Heilt i byrjinga av filmen ser vi også kamera gå gjennom vindauget for å komme inn til Julie, seinare får vi vite via nyheitsreportasjen at Alister rømte frå mentalsjukehus ved å bryta seg ut gjennom eit vindaug. Ein kan derfor tru at det er Alister som går gjennom vindauga i byrjinga på filmen. Denne effekten blir derfor eit viktig punkt til bakgrunnen til historia. Ein anna effekt som er med på å bygge opp atmosfæren i filmen, er bruk av regn i dei siste scenane. I byrjinga av filmen regner det ikkje ute, men seinare då Julie finn ut kva som skjer og spring ut, har det begynt å regne, moglegvis for å symbolisere kaos.

 

Eit anna viktig element med filmen, er tittelen og samankoplinga mellom den faktiske røde ballongen. Når ein leser tittelen på filmen, vil ein kanskje begynne å sjå etter ballongen så snart filmen startar. Dette gjor at eg la mykje meir merke til ballongen i motseiing til kanin-dokka som låg i hjørnet. På lik linje blir Julie også distrahert av ballongen då ho leiter etter Dorothy på slutten. Dette kan være eit element forfattaren har vald å bruke for å skjule dei detaljane som avslørar at Alister moglegvis er broren til Dorothy.

 

På ei anna side, er ballongen rød, som også ofte vert brukt som ein åtvarande farge, som til dømes eit stopp-skilt. Kvar gong me ser ballongen er Alister i nærleiken, det er den eine situasjonen då Julie drømmer om ballongen og jenta, og ein kan då tolke det som at det er gjennom Alister sine auger me ser kameravinkelen som etterfølgjer. Som viser til at han er i nærleiken.

 

Har skaparen av filmen fått fram det han ville? I min oppfatning vil eg sei ja, men for å tolka bakgrunnshistoria og handlinga skikkelig må ein sitte seg ned og sjå filmen fleire gongar før ein får med seg alt. Dette gjør det nødvendigvis ikkje til ein dårleg film, men det kan være ein stor del av publikum som gir opp på filmen sidan dei trur dei har fått med seg heile handlinga første gongen. Sjølv ville eg bare anbefalt denne filmen til folk som er glad i skrekk-filmar og som er oppmerksame på detaljer.

 

  • Magnus Horne

Lydvandring ft. Torstein on the mic

Lyd-oppgåve 6

Hælla!
Eg og Torstein tok oss ein lydvandring frå IB, til BK der me høyrte litt rundt med zoomen og ein shotgun-mic. På turen fekk me lydar frå blant anna bil, bekk, snøball mot stolpe, onger som leker, døra på BK, kaffi i kopp, is-te som blir rista, kaffi som blir drokke, og sko som sklir mot gulvet. Var veldig interresant å høyre på alle desse lydane i etterkant. Eg la alle mine favoritt lydar saman på ein track i Audition, og la det så ut på Soundcloud. Vedlagt er linken til opptaket.

  • Magnus Horne

Arbeidskrav 2B: Bildeanalyse

804723_1115904818422066_1591299098_n

Foto: Alexander Bozhko

Innleiing

I denne oppgåva skal eg ta for meg ei bildeanalyse av ein falsk reklame laga av Alexander Bozhko der eg har basert prosedyren på den av Peter Larsen (2008) sin analyseprosedyre. Bilete eg har vald er ein reklame for flyselskapet UIA (Ukraine International Airlines) som eg og gruppa mi har henta frå Pinterest, men i seinare undersøking fann me ut at reklamen var falsk og bare lagd i samanheng med ein konkurranse (http://workthatmatters.blogspot.no/2012/11/jesus-has-quickie-with-lady-liberty-in.html). Eg har vald dette biletet på grunnlaget av eit gruppearbeid eg og gruppa mi har framført tidlegare. I løpet av oppgåva skal eg ha ein teoridel, der eg forklarar enkelte fagbegreip som er relevante for analysen, og i tillegg beskrive analyseprosedyren til Larsen. Etter dette skal eg sjølv analysere biletet med hjelp av Larsen sin prosedyre. Eg skal ta for meg det første vi ser i bilete, etterfølgt av biletets sekundære betyding og til slutt skal eg snakke litt om meddelelsessituasjonen, komposisjonen og  sjølvsagt målgruppa som dette biletet appellerer til. Etter dette skal eg komme med ein konklusjon og oppsummering som ein avslutning på oppgåva.

 

Temaet i oppgåva vil for det meste gå ut på kor bra biletet ville ha fungert som reklame, men eg skal også sjå nærmare på kva bilete gjør som kan bli ein negativ faktor for enkelte målgrupper. Eg meiner dette er eit relevant tema, ettersom det openbart er ein grunn til at UIA valde å ikkje ta i bruk denne reklamen. For å finne dette ut må me derfor ta for oss ein bildeanalyse og derfor skal eg no gå litt meir inn på kva ein bildeanalyse faktisk er.

 

Teori

For å forstå kva ein bildeanalyse er, trenger vi å ha kunnskap om nokon enkelte fagbegreip. Det første som blir brukt i ein slik analyse kallar me for «primærtydinga». Ein kan samanlikna dette med det faglige begrepet denotasjon. Som Larsen skriver det er primærtydinga som følger: «Under denne første beskrivelsen av bildet identifiserer vi bare  kva det viser» (Larsen Medievitenskap side 64.) Enkelt sagt går dette ut på at vi skildrar det første vi ser og oppfattar på biletet.

 

Sjølvsagt ser vi ikkje bare på hovudelementa og objekt når vi ser på primærtydinga. Me tar også for oss fargar, bakgrunn og mindre element som til dømes ulike former. Dette er det vi kallar «avbildingar», som fungerer som representasjonar for noko anna. Eit døme på ein representasjon kan være ein person i eit bilete: Sjølve biletet står i staden for den personen det viser.

 

Når vi analyserer er det også viktig å ikkje sjå på biletet som ein flate med ulike elementær på forskjellige plasser. Som Larsen skriver det må vi sjå på biletet som eit rom: «Bildet er også et rom. Vi som er bildets tilskuere, ser både på bildet og inn i bildet.» (Larsen side 67). Dette er viktig i forhold til synsvinkelen til biletet, og kan ha mykje å sei for det neste punktet i denne teoretiske delen, nemlig den sekundære betydinga.

 

Etter vi har sett på alle elementa i biletet begynner vi deretter å analysere biletet. Det er her vi stiller oss spørsmål om kva biletet eigentleg betyr eller utrykker, og kva det skal brukast til. Det er dette kallar vi for den sekundærtydinga. Til dømes kan me ta eit eksempel frå Larsen, der han analyserer eit norsk postkort, som avbildar Preikestolen: «Bildet sier: Dette er Norge – Sol, sommar, storslagen natur.» (Larsen side 68). Biletet viser enkelt og greitt Preikestolen og litt natur, men det forteljar oss om Norge. I tillegg er det eit norsk flagg bak på postkortet og skrifta «Norge» som viser til dette.

 

Men dette kjem ikkje til å ha noko effekt på ein avsendar som ikkje er kjent med det norske språk eller flagg. Det er her vi kjem inn med begrepet «medbetyding». På grunn av tidligare etablert lære, oppvekst, erfaringar og sosial krets, vil du som publikum lese desse medbetydningane på din måte, hadde det vert ein person frå Sør-Amerika som skulle sett postkortet til Larsen, er det sikkert ikkje den personen hadde lest og oppfatta det på same måte.

 

Å analyser eit bilete med hjelp av tidligare etablerte konvensjonar, betyr å finne «konnotasjonen» eller «den andre tydinga». Når vi leser eit bilete er det ofte at ein finn medbetydingar som til og med avsendaren ikkje har tenkt over, dette er grunna dei ulike assosiasjonane enkelte folk bærer.

 

Men både avsendar og mottakar kan ha ulike assosiasjonar til ulike element. Så når avsendaren har eit bodskap som han vil formulere, kan det ofte skje at mottakaren finn fleire bodskap enn avsendaren meinte å ha med. Det er her me går inn på det siste faglige begreipet som er viktig for analyseprosedyren til Larsen, nemlig «meddelelsesituasjonen» (Larsen Medievitenskap side 75). Her tar vi meir for oss kva biletet skal brukast til. Fram til dette punktet har vi bare tatt utgangspunkt i at vi ikkje veit kva samanheng biletet er blitt laga i. Som Larsen beskriver det: «(…) Det er ofte nødvendig å foreta en slik første isolasjon av et bilde når man ønsker å analysere det så detaljert som mulig.» (Larsen Medievitenskap side 75.)  Det er først når vi snakkar om meddelelsessituasjonen at vi bringer inn bildet i bruk.

 

Når avsendaren lagar biletet tenker han ofte på kva biletet skal brukast til. Bildets innhald vil derfor alltid være preget av avsendarens bevisstheit. Om han til dømes skal lage eit postkort, som Larsen har til dømes i boka si, må han tenke på kva bilete som vil være mest oppmerksam for turistane som skal kjøpe det. Altså avsendaren må bestemme seg for kva måte han må utføre arbeidet for å best nå ut til  publikum.

 

Analayse

No som me har sett på dei enkelte faglige begreipa som er relevant for Larsen sin analyse, kan me no begynna å analysera biletet eg har vald. Me begynnar først med den primærtydinga:

 

Del 1: Primærtyding

Det første vi legger merke til er de to personene som ligger i senga og kosar seg, det lyser eit blått lys midt på dei som kjem frå eit hotell-skilt utanfor rommet. Vi ser eit nattbord og ein lampe ved sida av senga, grunna skiltet, lampen og senga skjønner vi raskt at dei to personane opphelder seg på eit hotellrom. Me kan få eit inntrykk av at hottellet ikkje er av dei dyraste, men dette kjem vi tilbake til seinare. Me ser raskt fargekontrastane mellom den røde lampen og det blå hotell-skiltet, og så har vi den blå senga og det lilla golvet. Men det vi kanskje legger merke til med ein gong er også at dama i senga har ei krone på seg, og mannen ligger med henda strekt ut, og seinare ser vi ein sigarett i handa. Nedst i høgre hjørne ser vi ein fakkel, og under der igjen får me auge på UIA logoen. Ved bruk av logoen og ordtaket «Make the world closer»  får vi inntrykk av at dette er ein reklame for eit flyselskap.

 

Når vi ser ordtaket og logoen skjønner vi tydeligare at dei to personane i senga, faktisk er 2 store monument. Dama med krona blir ein representasjon av friheitsgudinna frå Staten Island, New York i USA, medan mannen blir ein representasjon av kristusstatuen som står i Rio de Janeiro i Brasil. Grunna dei mørke fargane og skuggane får vi ein «sein kveld i storby» atmosfære, samstundes som me har paret i senga blir det kanskje meir ein «romantisk sein kveld i storby».

 

Sjølv om det ikkje vart brukt mange elementær i biletet er det samstundes litt vanskeligare å lese reklamen med eit augeblikk. På ei anna side spelar alle elementa ei viktig rolle inn i reklamen, avsendaren mest sannsynleg har vert nøye med val av element for å få fram bodskapet sitt.

 

Del 2: Sekundærtydinga

 

No som me har sett litt på dei enkelte elementa i biletet, kan me gå litt djupare inn for å sjå på den sekundære betydinga. Her skal eg snakke litt om dei skjulte medbetydingane og konnotasjonar som er relevante og sjølvsagt kva biletet utrykkar.

 

Ved hjelp av elementa som eg snakka om i del 1, kan vi kome fram til at reklamen handlar om kor gode UIA sine flyreiser er. Dei er enkelt og greitt så effektive at ein kan være både i New York og Rio De Janeiro på same tid, eller innom begge stadane på same dag. Skaparen har brukt sex som eit hovudtema i denne reklamen. For ein kjem ikkje særleg mykje nærmare ein person utan å ligge saman med personen. Dette poengterer avsendaren ved å skape den romantiske atmosfæren vi ofte ser i filmar, bilete og andre mediar som skal representere moderne elskov.

 

Ta til dømes sigaretten som mannen i biletet held i handa si. Dette er eit typisk element som blir brukt: sidan folk ofte vil slappe av etter å ha hatt sex, er det ikkje uvanleg å tenne ein sigarrett. I tillegg har vi dei to nakne kroppane som er eit stort fokus i biletet, vi er vant til å sjå begge monumenta med alle kleda på, ikkje utan.

Når ein skal selje noko er det vanleg at ein har produktet med i reklamen. Sidan flyselskapet UIA, som mange andre flyselskap, ikkje har eit fysisk produkt er det kanskje meir vanleg å ha noko fly- eller reiserelatert tema i reklamen. I denne reklamen er det meir monumenta, vingen og UIA logoen som gjør at vi oppfattar hensikta med reklamen. Flyselskapet er faktisk så bra at dei kan forene 2 store monument.

 

Monumenta kan også være representasjonar av forskjellige folkeslag. Sidan me veit at friheitsgudinna er plassert i USA, kan me tru at ho representera ein person frå USA. På same måte kan me seie at kriststatuen presenterer ein brasilianar. Dette kan også seie litt om kven reklamen appellerer til. Sjølv om dette er eit flyselskap frå Ukraina er elementa i biletet satt opp slik at ein kan skjønne og forstå, og kanskje til og med kjenne seg igjen, uansett kvar ein er frå. Men det appellerer kanskje meir til ein amerikanar enn til ein nordmann, sida friheitsgudinna kan skape ein viss nasjonalromantisk følelse for ein amerikanar.

 

Men om vi ser på artikkelen som vart lagd ut av skaparen av reklamen får vi informasjon om at reklamen ikkje vert lagd for å brukas av UIA: «This work was intended to be sent to the Altai Fake Festival.» (http://workthatmatters.blogspot.no/2012/11/jesus-has-quickie-with-lady-liberty-in.html).  Reklamen vart bare nytta til ein festival kalla «Altai Fake Festival», og skulle ikkje representere flyselskapet UIA i det heile. Grunnen til dette er kanskje fordi kriststatuen i biletet ikkje bare kallar fram ein assosiasjon med statuen i Rio De Janeiro, men den kan også enkelt assosierast med den faktiske Jesus Kristus frå bibelhistoria.

 

Dette kan ha ei negativ innvending på ein del folk som har eit seriøst forhold til religion, å vise Jesus i ein slik setting er ikkje noko som ein gjør i til dømes kyrkja. På ei anna side er det eit modig tema å kombinere sex og bibelen, og dette gjør kanskje at det appellerer til fleire av den yngre generasjonen .

 

 

Del 3: Meddelelsessituasjonen

Til siste del av analysen til Larsen, skal vi no sjå litt på meddelelsessituasjonen (Larsen side 75). Vi veit på førehand med hjelp av artikkelen, at reklamen aldri var meint til å bli offisielt publisert på vegne av UIA. Men det er framleis ingen tvil om at avsendaren har tenkt at reklamen skal ha eit inntrykk på publikum då han lagde den. Dette er ein reklame som står ut i forhold til andre flyreklamar. Det me kanskje vanlegvis ser for oss i ein flyreklame, er passasjerar på flyet eller bare flyet åleine. Her har avsendaren tatt i bruk illustrasjonar i staden for fotograf, dette er eit godt verkemiddel og det seljer «produktet» godt.

 

Reklamen skapar også stor merksam då det tar i bruk eit nakent par. Spesielt sidan Jesus er med i biletet, blir dette biletet litt meir kontroversielt. Som sagt så kan dette bety at det er den yngre generasjonen (16-30 år) som blir målgruppa. Dette er hovudsakelig fordi ein kan tenke seg til at dagens ungdom er meir opptatt ovanfor sex og samliv enn den eldre generasjonen. I tillegg er dei kanskje meir opne for kontroversiell reklame, sidan det skaper litt humor. Sjølv synst eg reklamen fungerer bra, men det er kanskje ikkje noko eit flyselskap som UIA kunne tatt i bruk, sidan Ukraina er eit land som kanskje tar religion litt meir seriøst enn til dømes Norge.

 

Konklusjon

Som oppsummering, synst eg denne reklamen fungerer godt på tross av at den offisielt aldri blei brukt. Om vi ser bort frå den religiøse samanhengen så er det framleis ein god måte å vekke merksam og få publikum til å følgje med. Typografien er enkel, og fargane og kontrastane gjør at auget fell lett på biletet. Dette skapar samstundes ein god atmosfære og ein får eit morosamt, enkelt bodskap som påverkar publikum. Er det noko eg ville ha endra på, så er da skrifta som seier «Ukraine International Airlines». Hadde denne teksten vert litt større og klarare hadde ein skjønt raskare at det var ein flyreklame det er snakk om. Sjølv  om ein har med skrifta og logoen, tar det framleis ei lita stund før ein innser kva reklamen handlar om. Igjen er bruken av Jesus og friheitsgudinna i biletet nokså kontroversielt, og det kan ha negative følger i enkelte land, slik som blant anna Ukraina, eller USA.

Personlig synst eg berre det er eit kult og morosamt konsept, men eg har ikkje dei same konvensjonane som ein amerikanar til dømes har. Alt i alt er det forståelig at UIA ikkje tok i bruk denne reklamen, men personlig synst eg det er ein reklame som fungerer bra og den seljer bodskapen godt. Eg ville kanskje trudd at eit anna flyselskap kunne tatt denne reklamen i bruk, men dei fleste flyselskap held seg ofte seriøse for å tiltrekke seg flest mogleg kundar.

 

 

Litteraturlister:

Fagbøker:

  • Peter Larsen (RED.) Medievitenskap: Medier – tekstteori og tekstanalyse (2. utgave) Fagbokforlaget.

Nettsider:

 

  • Magnus Horne

Design oppgåve – Tidsmaskin

Tidsmaskin: Plakatdesign i dag vs. 1920

Mange sentrale trekk ved stilen på 1920-talet kom frå ideane som blei utvikla med Bauhaus. Bauhaus var ein skule i Tyskland som var revolusjonerande innan kunst, design, arkitektur, og typografi. Dei utvikla ein minimalistisk stil som gjekk igjen innan alle desse retningane. Dei utvikla ein heilt ny grotesk skrifttype som er inspirasjonskjelde til klassiske fontar som f. eks Helvetica. Den enkle og minimalistiske stilen spredde seg fort, og blei snart ein standard. Det er denne stilen ein ofte tenkjer på når ein ser tilbake på 1920-talet.

1920: Plakater med få og tydelige element, brukar sjelden meir enn 3 til 4 fargar. Ofte komplimenter farger, til dømes Raud og gul. Mye bruk av Pastellfarger, ikkje reine farger. Fontbruken er grotesk, som henter sin inspirasjon frå Bauhaus-stilen, som er kjent for sin minimalistisk stilbruk. (Henta frå http://www.designishistory.com/1920/the-bauhaus/

Om vi som ei gruppe skulle gjort Mad Max-plakaten til ein plakat som ser ut som ein frå 1920-tallet hadde den vert teikna for hand og det hadde vært mindre element. Og dei ulike elementa, hadde antageligvis hatt kvar sin farge, helst komplimentære fargar.

Typografien ville vi også ha endra. Vi ville hatt ein tynnare skrifttype i grotesk stil, då dette var vanleg for epoka. I tillegg skulle skrifta ha vore einsfarga. Kanksje skulle skrifta tatt opp litt meir av bildet også.

Personer på gruppa: Magnus Horne, Emil Lewe, Hallstein D Mala og Kristian Kapelrud

12192874_10156110733575307_1696777126_osq_mad_max_fury_road_ver11

 

Litteraturliste:

The Bauhaus Dessau (s.a). The Bauhaus
Hentet 2015, 05. november.

http://www.designishistory.com/1920/the-bauhaus/

 

  • Magnus Horne

Bildeanalyse “Ukraine International Airlines commercial”

I denne oppgåva skulle gruppa mi og meg finne eit bilete på internett og så analysere ved hjelp av bildeanalyse-prosedyren til Larsen frå boka hans. Bilete me valgte var ein reklame frå Ukraine Airlines som vert utan tittel, men på grunn av orda på biletet kan me kalle “Make the world closer”.

804723_1115904818422066_1591299098_n

Foto: Ukraine International Airlines

Start med å beskrive det du umiddelbart ser på biletet

To persona som kosa seg på hotellrom.

Identifiser ulike bildeelement

Vi ser enkelte enkelte bilde-element i plakaten som er viktig å poengtere, til dømes hatten til dama viser at det er friheitsgudinna. Armane og hovudet til mannen viser at det er Kristusstatuen frå Rio de Janeiro. Det lysande “hotel”-skiltet viser publikum at personane som er avbilda er på reise. Lampen, kommoden og gardinene viser at det er eit hotellrom. Utan dette kunne det sett ut som det var kor som helst, som for eksempel på bakken utanfor eit hotell. Nederst i høgre hjørne ligg det ein fakkel. Teksten som seier “Make the world closer” er stor men enkel, og det er dette som får fram meininga med biletet. Visst man ser godt etter kan man også se at Jesus holder en røyk i sin høyre hånd.

 

Beskriv biletet si primære betydning

Primær betydninga er at friheitsgudinna som er i New York, og Kristusstatuen som er i Rio de Janeiro er hovudsaklig langt unna kvarandre. Men på bildet ligg friheitsgudinna og kristusstatuen i ei seng i lag, og under står det “Make the world closer” som skal få mottakaren til å tenke at to kjendte landemerker kan forenast og dette kan være ein antydning til at forskjellige folk og plassar kan forenast. Enkelt sagt, bilete vil framvise at verda blir mindre.

 

Analyser biletet si sekundære betydning

Den sekundære betydninga er at ved hjelp av Ukraine International Airlines kommer en seg fra en plass til en anna

Statuane kan representere folk med forskjellige nasjonaliteta. Som her kan friheitsgudinna representere en amerikaner, mens kristus-statua kan representere ein Brasilianer.

Friheitsgudinna og Kristusstatuen kan også vise at to land kommer nærmere kvarandre med å ta fly.

Dei to statuane kan også vise at ved hjelp av flyselskap kan persona som er glad i kvarandre enklere møtes


Hotell-skiltet gir oss ikkje bare inntrykk om at personane er på eit hotell, men også at dei er på reise. Ditte kan også ha ein skjult medbetydning og bety at UIA har inkludert hotell i flyreisen.

Meddelesessituasjon

Dette er det siste punktet i analysemodellen.  Meddelesessituasjon dreiar seg om å forklare kvifor bilete seie det det seie. Bileter seier som regel meir ein kva ein vil sjå med første augeblink.  Bilete kan t.d forklare tidepoke det er teke i og eventuelle virkemiddel som er tatt i bruk her.  Medelesessituasjon dreiar seg med med dette hovudsakleg om å stille spørsmålet “kvifor” kvifor er det lagt inn slik og kvifor er dette brukt sånn osv.


I bilete ovanfor ser vi både kristus statuen og friheidgudinna. Dette er statuer som vi finn i 2 hvidt forskjellige områder i verden. Dette vil ein kun forstå vedhjelp av den rette viten (kunskapen). ved å legge til det hotelskiltet inne på rommet tror eg er brukt for å få verdenen til å verke mindre, dette gjeld også ved å plasere friheitsgudinna og kristus stasuen rett ved kvarandre. Det er brukt på denne måten for å få fram budksapen om av viss ein reiser med “UIA” så er verdenen mykje te.

 

  • Magnus Horne

Retorikk Analyse “The vulture and the little Girl”

Gruppa vår fekk i oppgåve å lage ein retorisk analyse av eit valgfritt bilete og lage ein presentasjon på 5 minutter. Me valgte biletet “The vulture and the little girl” som vart fotografert av Kevin Cart på 1990-tallet i Sudan, Afrika.

The-vulture-and-the-girl

Foto: Kevin Cart

Retoriske troper i bilder

Metonymisk (Eifeltårnet – Paris) Det metonymiske i bildet er den mørkhuda ungen på bakken og det fattige landskapet rundt = Afrika

Metaforisk (Tiger): Når vi ser en gribb så kommer tanken på at et bytte er i nærheten. Gribber holder seg hos bytter som er svake og døende, i dette tilfellet det lille barnet på bakken.

 

Semiotikkens tegnbegrep

Tegn, noke som står for noke anna, representasjon: eit tegn er noko som står for anten ein person eller ein gjenstand alstå eit objekt. I dette bilete representerst barnet som hovud objektet. tegn brukast til å henvise eller representere noko anna. Biletes tegn er kva objektet er og holder på med.

 

Ikoniske teikn: Noko som forsøker å forestille noko, viss vi ser eit bilete som har likheits teikn med noko vi har kjennskap til. Bilete av barnet og gribben har vi kjennskap til ved hjelp av vi sjølv er mennesker og veit korleis vi skal sjå ut sann omtrent, og gribben kjenner vi til fra for.eks filmar eller fortellinger. Bilete eller tegn som skaper meining gjøna slike likheiter kallast for ikoniske teikn.

Indeksikalske teikn (Skispor):  Dette er teikn som tyder på at noko har vert her, eller noko som sitt att fra ei handling som har tatt føre seg på dette området. Dette kan vi kalle for ein “årsaks eller nærheitsrelasjon”

Symbolske teikn: Gribben symboliserer død pga. konvensjon. Symbolske teikn er brukt i tekster som ved hjelp av reglar, lover og eventuelt normer(uskreven regel) brukt for å beskrive ting. når vi seier “Magnus” så representerer det ordet ein person. dette fungerer ved hjelp av lover og ikkje minst tradisjon. Symbolske teikn er ikkje basert på likheit slik som ikonske teikn er, men er blitt bygd opp gjennom tidene. Gribben vil derfor symbolisere død eller at noko er i ferd med å døy, pga reglar og koder.

 

Retoriske funksjonar i visuelle uttrykk

 

Beveger følelsane:

Bildet spiller på det sympatiske i oss mennesker. Vi føler med jenta som ligg på bakken. Bildet vekker følelsane for mange fordi dei vil tenke “Kvifor har fotografen brukt tid på å ta dette biletet, i staden for å hjelpe barnet?”. Nettopp dette har Carter fått mykje kritikk for.

 

Illustrerer:

Biletet illustrerer eit lite barn som sitter på huk. I bakgrunnen ser vi en gribb og et tørt landskap.

 

Dokumenterer:

Biletet dokumenterer tilstandene i Sudan som er prega av hungersnød og elendighet.  

 

Påvirker hukommelsen:

Biletet påvirkar hukommelsen sidan det spelar såpass mykje på følelsane til mange, at det er vanskeleg å gløyme. Eg sjølv huska det heilt frå 7 år tilbake.

 

Har retorisk flertydighet:

Alle bilder er fleirtydige. Og korleis vi forstår bildet avhenger av korleis vi tyder det. Om vi berre ser bildet og ikkje veit noko informasjon om det på forhånd så endrast bildet si stemning.
Fortellinga bak dette biletet er: Journalisten, Kevin Carter, skulle fotografere og dokumentere kor elendig forholda var i Sudan på 1990-talet. Han satt i 20 minutt og venta på at gribben skulle forsvinne, og jaga han til slutt vekk. Kva som skjedde vidare med jenta veit ingen. Han vann Pulitzer-prisen for dette biletet, og fekk så mykje kritikk for at han ikkje hjelpte ungen at han tok sjølvmord.

Uten å vite historia bak biletet gir heile biletet ei anna betydning, og kanskje ikkje like mykje følelsar.

Retoriske kvaliteter i bildet:

Nærvær:

Jo nærmare nåkke føles, jo sterkare vil det oppleves. Dette bildet er tatt i Sudan i Afrika og er veldig sterkt. Det kan hende visst bildet hadde blitt tatt i Europa, at bildet hadde føles enda sterkere.

Realisme:

Bildet er realistisk i den forstand at det ligner på det som er avbildet, at det har eit virkeligheitspreg. Vi veit at dette bildet er tatt i Sudan på 90-tallet, og at fotografen fikk masse kritikk for ditte bildet ettersom han valgte å ta bildet og ikkje hjelpe ungen.

Umiddelbarheit:

Det umiddelbare vi oppfatta av bildet er ungen og gribben. Vi ser at ungen er tynn og skrøpelig og har det vondt. Samtidig som vi ser gribben i bakgrunnen venter på at ungen skal dø.

Konklusjon:

Retorikk handlar om å overtale. I retoriske tilfeller har me ein sendar, (Kevin Cart) budskap (det biletet visar) og mottakar (publikum/ dei som ser bilete). Budskapet til Cart kjem godt fram med dei elementa han har brukt i fotoet. Men når vi får vite om måten han tok bilete på, og dei konsekvensane som følgde blir budskapet fort øydelagt.

 

  • Magnus Horne

CSS Oppgåve 3

I denne oppgåva skulle me ta utgangspunkt i det me jobba med i timen og sette det inn i nettsida våras. Du kan sjå nettsida mi her.

Det eg har gjort er å sette inn ein transformation. Det vil seie eg har satt inn eit objekt og transformert det til å gjøre ein 2-dimensjonal eller 3-dimensjonal bevegelse. Dette gjor eg med kommandoen matrix, som du kan sjå  nedanfor.

( -ms-transform: matrix(1, -0.3, 0, 1, 0, 0); /* IE 9 */
-webkit-transform: matrix(1, -0.3, 0, 1, 0, 0); /* Safari */
transform: matrix(1, -0.3, 0, 1, 0, 0); /* Standard syntax */ )

Denne kommandoen gjør at eg får opp ei gul blokk på sida, og sidan eg har transformert han i delvis 2D så blokka drar seg skrått oppover sida. I tilleg har eg lagd til litt tekst som også strekker seg skrått oppover.

Eg synst dette er spesiellt kult med tanke på skrivta i og med at det er sjeldant ein finn skrå tekst på nettsider.

  • Magnus Horne