DIGITAL PLATTFORM – EI INNFØRING

Vi har fått ei grundig innføring i bruken av sosiale medium og nyttige ressursar som vi kan bruke kontinuerleg i vår hektiske studiekvardag. Det er mange læringsverktøy som er heilt ukjende for meg, medan andre har eg brukt aktivt i fleire år.

Her er nokre døme:

Twitter

Twitter

Twitter er ei populær mikrobloggteneste der du kan skrive korte oppdateringar, populært kalla «tweets» på maks 140 teikn. Her vel du sjølv kven du vil følgje, og då får du deira oppdateringar i din nyheitsstraum. Eg har brukt Twitter i mange år, så dette er ikkje akkurat noko nytt for meg. Eg brukar denne tenesta hovudsakleg som privatperson, men det er vanleg at mange seriøse aktørar og bedrifter benyttar seg av denne tenesta som ein måte å marknadsføre seg på i tillegg til å halde ein dialog med sine kundar.

Evernote

Evernote

Evernote tar vare på dine notater og du kan opprette mange ulike kategoriar for å halde styr på all informasjonen. Denne digitale løysninga gjer det mykje enklare for deg å organisere til dømes handlelister, eksamensdatoar og diverse andre ting som kan vere nyttig å hugse. Dette har eg vore litt innom tidlegare, men eg ser fram til å kunne nytte meg meir av dette geniale verktøyet i studietida.

Pinterest

Pinterest

Pinterest er eit nettsamfunn og oppdagelsesverktøy der du har ei oppslagstavle fylt med bilder, videoar og lenkjer til nettstader som kan vere interessant for deg. Du vel sjølv kva for kategoriar du vil abonnere på og du kan dele det med dine venner. I denne tenesta legg ikkje brukarane ut sitt eige innhald, men deler gjerne sine interessante funn i det store verdsveven med andre som har felles interesser.

– Marita Solheim

Kjelder:

Dinside.no – Aldri glem noe igjen

Wikipedia – Twitter

Pinterest