FOTO – ØVING MED KAMERAINNSTILLINGAR

I denne oppgåva skulle vi sette kameraet vårt i manuell modus og fotografere tre ulike oppgåver med ulik blenderåpning, brennvidde og lukkertid. Ei utfordring for alle som kanskje ikkje har brukt manuelle kamerainnstillingar så mykje.

Blenderåpning
Ved grava1
f/5.0 – 1/500 sek – ISO 200 – 40mm

Ved grava2f/16 – 1/40 sek – ISO 200 – 37mm

I det første biletet er det ikkje personen som er i fokus, men grava og buketten. I det andre biletet kjem personen og sorga mykje tydelegare fram. Personen vert ikkje lenger så anonym. Med liten blenderåpning fekk eg ikkje noko bestemt fokus. Medan med stor blenderåpning kunne eg velje eit fokus, alt etter kva eg ville framheve i mitt bilete. Komposisjonsmessig har eg brukt «det gylne snitt» bevisst. Dybdeskarpheten vart liten med stor blenderåpning.

Brennvidde
Ferie1
f/5.6 – 1/250 sek – ISO 400 – 55mm

Ferie2f/5.6 – 1/250 sek – ISO 400 – 24mm

Ferie3f/5.6 – 1/250 sek – ISO 400 – 84mm

Mange legg ut idylliske feriebilete som kanskje ikkje fortel oss korleis det eigentleg er. Det prøvde eg å formidle med denne bildeserien. Etter kvart som ein endrar brennvidde ser vi at personen eigentleg ikkje er så happy. Det er heller ikkje varmt og eksotisk. Vedkommande er på ei volleyballbane i staden for ei sandstrand. Det er mange av oss som blir lurt av slike bilete på sosiale medium.

Lukkertid
Lukkertid1f/5.0 – 1/125 sek – ISO 100 – 41mm

Lukkertid2f/5.6 – 0,8 sek – ISO 100 – 50mm

Med kort lukkertid kan du fange små detaljar svært tydeleg. Lang lukkertid passar veldig bra dersom du vil få fram at noko er i bevegelse. Det kan vere ei utfordring å ta bilete med lang lukkertid fordi vi beveger for mykje på kameraet. Då kan det vere ein fordel å bruke stativ. Lukkertida kan forandre biletet totalt. Med lang lukkertid ser det rennande vatnet ut som spindelvev.

– Marita Solheim 

WEB – DESIGNARPROFIL

Beskrive ein tag
Vi fekk i oppgåve å beskrive ein tag, eg har valt Button – Det er kort fortalt ein knapp du kan trykke på. Knappen kan føre deg vidare til eit innhald. Enten i form av bilder eller tekst. Ulike nettlesarar brukar ulike standardtypar for eit element med «button» Eksempel: <button type=»button»>Trykk her</button>

Designarprofil
Vi fekk i oppgåve å kode og forme utsjånaden til ein eigen designarprofil i Adobeprogrammet Dreamweaver. Eg har så vidt vore bort i dette programmet før, men der er fortsatt enormt mykje å lære. HTML-kodar har eg jobba med på min private blogg, så det kunne eg heldigvis litt om frå før av.

Designarprofil

For å utforme denne nettsida brukte eg kodeverktøy kombinert med visuelle verktøy i Dreamweaver. Det er som sagt eit ganske ukjent program for meg, så her vil eg nok bli flinkare etter kvart. Eg la inn eit par bilete frå ei fotooppgåve i tillegg til eit par av mine eigne Instagrambilder. Eg måtte justere størrelsen på bileta ganske mykje for å få dei til å passe inn på sida mi.

Eg brukte formatet JPEG og justerte bileta ned til 600×400 og 200×200. Det var ikkje så enkelt å få det slik som eg ville ha det. Enkelte delar av nettsida ville midtstille seg, medan resten sto venstrestilt. Eg fann ut at berre ein bitteliten feil i ein tag kunne enkelt rote til heile dokumentet mitt. Det var vanskeleg å finne den eine feilen.

HTML eller CSS?
HTML handlar om innhald, medan CSS handlar om utsjånaden på innhaldet. HTML står for HyperText Markup Language og det er språket ein brukar for å danne struktur på sjølve innhaldet. CSS står for Cascading Style Sheets og er det språket ein brukar for å skape stilen og utsjånaden på dokumentet. Stilinformasjonen kan integrerast i samme dokument eller vere ei eiga fil.

HTML og CSS
Eksempel på HTML                                      Eksempel på CSS

For å oppsummere det kort så har eg lært mykje meir om Dreamweaver og ser fram til å kunne nytte meg av dette verktøyet i weboppgåvene vi får framover. Det er mange som synest HTML-kodar er vanskeleg å jobbe med, men eg synest faktisk at det er ganske kjekt når du først har forstått det mest grunnleggjande.

– Marita Solheim

FOTO – FIRE AVISREPORTASJAR

Vi fekk i oppgåve å ta fire bilete til ulike reportasjar i ei lokalavis i Volda/Ørsta. Vi jobba i grupper under sjølve fotograferinga, men alle tok fire ulike bilder kvar.

Bygningsarbeid1A) Artikkelen handlar om byggeskikken i Volda, der det vert stilt spørsmål ved om nye forretningsbygg er stygge og skjemmande og øydelegger landskapet. Bør ein stille krav til at nye bygg oppførast i tradisjonell stil?

Når eg las oppgåva tenkte eg med ein gong på rådhuset i Volda. Det nye rådhuset er omringa av gamle bygg. Både samfunnshuset, kulturskulen og fleire andre bygg rundt rådhuset kunne trengt ei stor opprustning. Biletet viser i alle fall at det fortsatt er mykje bygningsarbeid på gong i dette området.

Eg er ikkje heilt nøgd med bildekomposisjonen min, fordi gravemaskina kanskje vert litt for dominerande. Det blir for lite luft rundt gravemaskina og svært mange forstyrrande element som tek for mykje merksemd. Meininga var at eg ville framheve bygningane i bakgrunnen også. Det er likevel fine fargekontrastar i biletet.

NAVB) Artikkelen handlar om aukande arbeidsledighet i regionen.

Eg likar veldig godt fargane i biletet, sjølv om jakka til den arbeidsledige forsvinn litt på grunn av den raude veggen. Det er klart at det kanskje blir litt klisjé at alle som er arbeidsledige går i joggedress, har med seg Nillepose og rotar rundt i bosset. Eg måtte likevel finne ein stereotype for å fram essensen i biletet.

Fugleperspektivet har kanskje ein skjult metafor. Vi ser litt ned på dei som er arbeidsledige og ikkje er like velståande som oss sjølve. Ved å bruke fugleperspektiv vert objektet ganske ynkeleg og makteslaus. Det er sjølvsagt ikkje slik det bør vere ideelt sett, men det er dessverre sånn i samfunnet vårt. Status og klasse betyr mykje meir enn vi vågar å innrømme.

Aktivitet i skateparkenC) Artikkelen handlar om skateparken og kor positivt dette tilbudet er både for barn, ungdom og unge vaksne.

Dette biletet viser at folk i alle aldrar kan bruke skateparken. Dessuten treng det ikkje berre å vere skating der. Då vi var i skateparken var der berre born og ungdommar med sykkel og sparkesyklar. Det viser at skateparken kan brukast på ulike måtar og at den er åpen for absolutt alle. Både barn, ungdom og vaksne kan bruke skateparken og dei treng ikkje å vere profesjonelle i det dei held på med.

Eg synest det var vanskeleg å fotografere i skateparken på grunn av det skarpe lyset. Heile skateparken har kvite element og det var heller ikkje med på å gjere det noko enklare. Måtte justere mykje på kamerainnstillingane undervegs i fotograferinga. Det dukka også opp etiske spørsmål, sidan eg fotograferte barn. Heldigvis var i alle fall far til den yngste guten til stades og godkjende biletet mitt.

ValD) Artikkelen handlar om at ein må få dei unge til å stemme ved valet.

Eg likar at forhenget er halvvegs igjen, og at vi får ein liten sniktitt på den unge jenta som er i ferd med å avgje si stemme. Ho ser litt usikker ut, men det er vel heilt vanleg for dei fleste ungdommar som skal stemme. Ein har kanskje ikkje sett seg heilt inn i politikken på førehand, for det er faktisk ganske komplisert.

Det er mange speglar inne i dette stemmeavlukket, så det var litt utfordrande og få eit bra fotografi med riktig lyssetting. Eg måtte passe på at det ikkje dukka opp eit speglbilete eller ein refleksjon som eg ikkje ville ha med i biletet mitt. Eg likar godt det varme lyset i biletet. Det er med på å skape ro og tryggheit.

– Marita Solheim

FOTO – «PILLOW FIGHT» OG «EN NASJON I SORG»

The Beatles - Pillow Fight«Pillow Fight» Foto: Harry Benson

«Harry Benson var egentlig på vei til Afrika for en avis da han fikk oppdraget. Han ville mye heller til jungelen enn å ta bilder av et band, men ble beordret til Paris for å møte The Beatles. Da dette bildet ble tatt, hadde manageren, Brian Epstein, nettopp fortalt bandet at de hadde nådd førsteplassen i Amerika. Benson hadde hørt at de hadde hatt putekrig et par dager før, noe John Lennon benektet. Like etterpå tok han opp en pute og deiset den i bakhodet på Paul McCartney.»
– Dagens Næringsliv

Dette biletet likar eg veldig godt fordi det uttrykkjer ei enorm glede og ein får også eit inntrykk av at store stjerner som The Beatles har god humor og ikkje tar seg sjølve så høgtideleg.

Det er mykje som skjer på dette biletet, men likevel synest eg at komposisjonen er veldig bra. Det er tydelege linjer i biletet. Blikket festar seg først på Paul McCartney, før det vidare går diagonalt nedover til senga.

Fotografen har definitivt klart å formidle glede på ein heilt utmerka måte. Biletet er svært dynamisk og har ein asymmetrisk balanse, noko som verkeleg er med på å få fram energien i biletet.

Ein nasjon i sorg«En nasjon i sorg» Foto: Tommy Ellingsen

22.juli 2011 er ein vond dato for oss alle. Eit av bileta som gjorde sterkt inntrykk på oss var dette møtet mellom Jens Stoltenberg og Eskil Pedersen på Sundvolden Hotell kort tid etter dei grufulle hendingane ved regjeringskvartalet og på Utøya.

Det er god dybdeskarphet i biletet. Ein kan sjå mange utydelege menneske i bakgrunnen som likevel er med på å framheve den triste stemninga i biletet. Biletet er dessuten i svart-kvitt, noko som også er med på å få fram den grufulle atmosfæren.

Ein har tatt i bruk «det gylne snitt» – Jens Stoltenberg og Eskil Pedersen står ikkje midt i biletet og klemmar. Eg synest også det er viktig å få fram at det ikkje bør vere så feil eller tabu at to menn gjer kvarandre ein ordentleg klem. Sjølvsagt er situasjonen heilt ekstrem i dette tilfellet, men det bør uansett ikkje vere så høg terksel for at to menn skal kunne klemme.

Det er heilt klart at fotografen har prøvd å formidle den kaotiske og uverkelege stemninga som oppstår i etterkant av eit grufullt terrorangrep. Det har han absolutt klart med glans. Det er mange sterke følelsar som vert sett i sving når du ser på biletet. Heile denne uverkelege dagen går som ei fæl reprise i hovudet mitt.

Oppsummering
Kontrastane mellom desse to bileta er enormt stor. Det viser glede og sorg i kvar sin ende av skalaen. Det er i alle fall ingen tvil om at begge bileta gjer like sterkt inntrykk på meg, på kvar sin heilt unike måte.

– Marita Solheim

Kjelder:

The Beatles – Pillow Fight

En nasjon i sorg – 22.juli 2011

Dagbladet – Årets bilde

Dagens Næringsliv – De tok verdens mest kjente bilder

GRUPPEARBEID – WEB

RayKay
www.raykay.com

Vi fekk i oppgåve å analysere delar av ein valfri nettstad med utgangspunkt i enten multimedia eller lenkjer. Vi har bestemt oss for å fokusere på lenkjer.

Om nettsida
Ray Kay (Reinert Olsen) er ein verdskjent filmregissør og fotograf frå Haugesund. Han er busett i Hollywood og har det som mange vil kalle draumejobben. Han har nemleg regissert musikkvideoar for verdskjente stjerner som Justin Bieber og Lady Gaga.

Det er sjølvsagt viktig å ha ei oversiktleg nettside til sin portfolio når ein kan smykke seg med så mange kjente namn på sin CV. Ray Kay har sannsynlegvis både pengane, evnene og eit sosialt nettverk til å få til nettopp dette.

Lenkjer
Lenkjer er det som bindar heile nettsida saman og gjer sida brukarvennleg. På nettsida til Ray Kay er det enkelt å navigere seg rundt og forstå innhaldet uten problem.

Navigasjonslenkjer er lenkjer som kan hjelpe deg med kor du skal starte og korleis du skal navigere deg rundt på nettsida. Headeren øverst på nettsida er eit godt døme på dette. Ofte kan du komme tilbake til startsida ved å trykke på headeren eller ein eventuell logo som er godt synleg på nettstaden.

Presentasjonslenkjer er lenkjer som presenterer, til dømes reklamelenkjer som viser produkta. Dette har ikkje Ray Kay så mykje av, men det er heilt naturleg fordi nettsida hans er ein portfolio. Ei samling av eigenprodusert innhald.

Relasjonslenkjer fører deg til ei anna side med samme tema eller likt innhald. Dei er relaterte til det du nettopp har lest. Lenkjer til sosiale medium der du kan følgje med på alt det som Ray Kay publiserar er eit godt døme på dette.

Kategoriar
På nettsida til Ray Kay finn du musikkvideoar, foto, bio, feed og kontakt. Ray Kay er både ein dyktig fotograf og regissør, det er tydeleg å sjå når du går inn på dei ulike kategoriane. Det er enkelt å forstå at nettsida er ein portfolio av arbeidet til Ray Kay etter kvart som du navigerer deg rundt. Det er også enkelt å finne ut kor du kan få tak i Ray Kay og samarbeidspartnarane. 

Lenkesemiotikk
Lenkesemiotikk er ord som også er ei lenkje. Du legg kanskje merke til at lenkjene skiftar farge eller endrar skriftstørrelse når du peikar på ordet. Pila kan også endre seg til ein peikefinger og du skjønar då at det er ei lenkje du er i ferd med å trykke på. Det er vanleg å bruke “les meir” eller “klikk her” for å komme vidare til meir innhald. Ray Kay har også brukt lenkjer til ulike typar sosiale medium der du kan følgje med på kva han publiserar. 

– Marita Solheim

GRUPPEARBEID – TEKST

Save paper - Save the planet

Vi fekk i oppgåve å gjere ein semiotisk analyse av eit sjølvvalgt bilete som vi fann på nettet. Gruppa vår bestemte seg for å analysere ein svært treffande reklame frå den verdsomfattande miljøorganisasjonen World Wide Fund for Nature

Denotasjon
Denne reklamen viser ein dorulldispensar med teksten «Save paper – save the planet» i tillegg til eit lite kart over Sør-Amerika. Ei hand er i ferd med å ta litt papir ut av dispensaren som er fylt med grønt papir. Vi ser då på neste bilete at kartet vert mørkare.

Konnotasjon
Kartet over Sør-Amerika skal representere heile verda, det finn vi ut ved å lese slagordet øverst på dispensaren. Denne dispensaren er «gjennomsiktig» slik at etter kvart som det grøne papiret forsvinn vil kartet naturlegvis endre farge. Tanken bak denne dispensaren er å få folk til å bruke mindre dopapir. Med andre ord så vil avsendaren få folk til å tenkje meir på miljøet.

Fargar
Den grøne fargen på papiret er sjølvsagt brukt bevisst i denne reklamen. Grøn er ein farge som skapar naturlege assosiasjonar til å tenkje miljøbevisst. Med andre ord kan vi seie at grønfargen tilsvarar regnskogen. Det vil sjølvsagt få alvorlege konsekvensar for regnskogane om vi ikkje tar dette miljøproblemet på alvor. Vi må bruke mindre papir. Den svarte bakgrunnsfargen gjev også eit godt bilete på kva som vil skje dersom vi ikkje tenkjer på miljøet. Svart er ein dyster farge og gjev ein riktig kontrast til grønfargen.

Teikn
Logoen til avsendaren kjem tydeleg fram rett bak slagordet. Pandabjørnen er med på å gjere mottakaren bevisst på at dette handlar om å ta vare på naturen og miljøet. Når det vert tomt for papir vil kartet bli heilt mørklagt, og det er eit sikkert teikn på at vi ikkje har vore miljøvennlege.

Tekst/språk
Avsendar er WWF – World Wide Fund for Nature og ved å bruke eit slagord er det automatisk mykje enklare for mottakaren å hugse bodskapen med denne reklamen. «Save paper – save the planet» er eit internasjonalt slagord som kanskje nesten høyrest litt for enkelt ut, men det enkle er ofte det beste. Det kan hende at mottakaren får ein liten tankevekkar når vedkommande les kva som står på dispensaren. Det er i alle fall eit typisk slagord som mottakaren mest sannsynleg vil hugse til seinare.

Oppsummering
Eg vil tru at mange får seg ei lita aha-oppleving når dei ser denne reklamen. Vi er kanskje ikkje heilt klar over at vi kan vere miljøbevisste medan vi gjer noko så kvardagsleg som å gå på do. Avsendaren har definitivt eit godt og tydeleg bodskap.

– Marita Solheim

FARGAR I VISUELL KOMMUNIKASJON

Funksjonelle fargar
Iste

Vi kan sjå at designet på Iste har ein tydeleg funksjon. Det er i samsvar med innhaldet i flaskene. Det er ei meining med alle fargane som er tatt i bruk. Mottakaren skal ikkje vere i tvil om kva slags smak vedkommande kjøper.

For å skape merksemd
Rademar_feet

Når vi ser noko svært uvanleg, slik som denne reklamen frå sportskjeden Rademar har vi ein tendens til å stoppe opp og rette merksemda vår mot det vi ser. Det kan vi kalle stoppeffekt, og det får mottakaren til å stoppe opp og reflektere over bodskapet. Den raude fargen forbinder vi også med stopp, så her har dei gjort eit klokt val for å skape merksemd.

Skape ein atmosfære
Mamma Mia

For å få folk til å sjå ein film er det viktig å skape ein riktig atmosfære ved promoteringa. Du dannar deg fort eit bilete om kva filmen handlar om ved å sjå på det visuelle. På denne filmplakaten frå musikalfilmen Mamma Mia har dei brukt blåfargen bevisst fordi den gjev sterke assosiasjonar til hav. Med litt bakgrunnskunnskap veit ein kanskje at denne filmen handlar om eit middelhavsbryllaup og er spelt inn i på greske øyer. Då passar desse fargane bra.

Informere
Informere

Vi kan nytte fargar til å informere. I dagens samfunn er apps eit nyttig verktøy som stadig blir meir populært. Det er viktig med riktig bruk av fargar. Du tenker kanskje på YouTube når du ser den raude fargen og Twitter når du ser lyseblå. Det skal vere oversiktleg og enkelt å finne fram i eit nytt verktøy, og då er det viktig å ta i bruk fargar som passar til innhaldet.

Struktur
Strukturar
Eit kart kan bli mykje meir ryddig og oversiktleg om ein brukar fargane som eit hjelpemiddel. I dette kartet over Spania har ein klart dette på ein glimrande måte. Det er smart å kombinere tekst og fargar i eit stilig design. Kartet ser med ein gong mykje meir attraktivt ut. Fargane passar til det vi forbinder med Spania.

Lære
How to focus

Det er kanskje litt enklare å lære av eit stilig design med illustrasjonar enn å lese gjennom eit kjedeleg tekstdokument. Riktig bruk av farge er sjølvsagt viktig. Dei svarte symbola er enklare å sjå på ein gul bakgrunn i staden for direkte på den grøne. Du får ein litt større kontrast og fangar då merksemda til mottakaren. Mottakaren får kanskje meir lyst til å lese teksten fordi det var eit ryddig og oversiktleg design med god fargebruk.

– Marita Solheim