FOTO – FIRE ULIKE TEMA

Oppgåva gjekk ut på å fotografere fire ulike og valfrie motiv der alle bileta skulle ha ein tittel som var bestemt på førehand av fotolæraren.

1.Tema for biletet er «sur haust» og bodskapen du skal få fram er at «livet er greit for det»!
2. Fritt tema og bodskap. Biletet sin tittel skal vere: «Speglbilete»
3. Fritt tema og bodskap. Biletet sin tittel skal vere: «Vindu mot verda»
4. Fritt tema og bodskap. Biletet sin tittel skal vere: «Aleine mot resten»

Sur haust – livet er greit for det!
IMG_6906
f/5.6 – 1/250 sek – ISO 800 – 18mm

Eg fotograferte søskenbarnet mitt, Andrea. Det var ikkje så enkelt å få fram «sur haust» sidan det ikkje regna på fleire dagar. Det var eigentleg litt rart, sidan regn er eit svært vanleg fenomen her på Vestlandet. Komposisjonsmessig likar eg at Andrea er plassert i det gylne snitt. Lukkertida kunne sikkert vore endå raskare, men eg likar at det er svært dynamisk og mykje liv i biletet. Personen er i fokus sjølv om det er mange blad som flyg rundt ho. Haustfargane kjem godt fram ved hjelp av rognebærtreet i bakgrunnen.

Speglbilete
IMG_7086f/4.0 – 1/200 sek – ISO 1600 – 24mm

Maiken fekk vere modell på dette biletet. Her skulle kniven vere i fokus, medan jenta skulle sjå søt og uskuldig ut i spegelen. Teddybjørnen og blusen med blonder er ein fin kontrast til kniven jenta skjuler bak ryggen. Eg likar godt at rommet har lyse fargar og skapar ein slags rosafarge i biletet. Det er verkeleg med på å få fram dei store kontrastane mellom det gode og det onde. Det er ein svært passande atmosfære i biletet, og eg er godt fornøgd med komposisjonen. Dessuten er det veldig vanskeleg å sjå om jenta smiler eller ikkje. Det forsterkar uroen i biletet. Vi blir ikkje heilt kloke på kven denne jenta eigentleg er.

Vindu mot verda
IMG_6944f/5.6 – 1/125 sek – ISO 800 – 27mm

Søskenbarnet mitt, Hanna sat og speida utover Jølstravatnet med ein vakker og idyllisk solnedgang. Solnedgangen var faktisk endå finare i verkelegheita, så eg sleit veldig med å finne riktige kamerainnstillingar her. Hanna er fint plassert i det gylne snitt og eg synest at biletet er harmonisk. Eg er i alle fall godt fornøgd med komposisjonen.

Aleine mot resten
IMG_6898f/4.5 – 1/100 sek – ISO 800 – 27mm

Her har eg brukt fugleperspektiv som eit bevisst verkemiddel for å få fram at jenta er ganske liten samanlikna med dei høge personane som står i ring rundt ho. Ansiktsuttrykket til Andrea fortel at ho er litt redd og det kan sjå ut som ho kanskje vert plaga av dei mørkkledde personane som omringar ho. Det er berre Andrea som er kledd i fargar, det kan også vere med på å fortelje oss at dei andre er onde. Ho er heller ikkje plassert midt i biletet, og det likar eg veldig godt. Med andre ord så har eg brukt både fargar, lys og komposisjon bevisst.

– Marita Solheim

FOTO – ØVING MED KAMERAINNSTILLINGAR

I denne oppgåva skulle vi sette kameraet vårt i manuell modus og fotografere tre ulike oppgåver med ulik blenderåpning, brennvidde og lukkertid. Ei utfordring for alle som kanskje ikkje har brukt manuelle kamerainnstillingar så mykje.

Blenderåpning
Ved grava1
f/5.0 – 1/500 sek – ISO 200 – 40mm

Ved grava2f/16 – 1/40 sek – ISO 200 – 37mm

I det første biletet er det ikkje personen som er i fokus, men grava og buketten. I det andre biletet kjem personen og sorga mykje tydelegare fram. Personen vert ikkje lenger så anonym. Med liten blenderåpning fekk eg ikkje noko bestemt fokus. Medan med stor blenderåpning kunne eg velje eit fokus, alt etter kva eg ville framheve i mitt bilete. Komposisjonsmessig har eg brukt «det gylne snitt» bevisst. Dybdeskarpheten vart liten med stor blenderåpning.

Brennvidde
Ferie1
f/5.6 – 1/250 sek – ISO 400 – 55mm

Ferie2f/5.6 – 1/250 sek – ISO 400 – 24mm

Ferie3f/5.6 – 1/250 sek – ISO 400 – 84mm

Mange legg ut idylliske feriebilete som kanskje ikkje fortel oss korleis det eigentleg er. Det prøvde eg å formidle med denne bildeserien. Etter kvart som ein endrar brennvidde ser vi at personen eigentleg ikkje er så happy. Det er heller ikkje varmt og eksotisk. Vedkommande er på ei volleyballbane i staden for ei sandstrand. Det er mange av oss som blir lurt av slike bilete på sosiale medium.

Lukkertid
Lukkertid1f/5.0 – 1/125 sek – ISO 100 – 41mm

Lukkertid2f/5.6 – 0,8 sek – ISO 100 – 50mm

Med kort lukkertid kan du fange små detaljar svært tydeleg. Lang lukkertid passar veldig bra dersom du vil få fram at noko er i bevegelse. Det kan vere ei utfordring å ta bilete med lang lukkertid fordi vi beveger for mykje på kameraet. Då kan det vere ein fordel å bruke stativ. Lukkertida kan forandre biletet totalt. Med lang lukkertid ser det rennande vatnet ut som spindelvev.

– Marita Solheim 

FOTO – FIRE AVISREPORTASJAR

Vi fekk i oppgåve å ta fire bilete til ulike reportasjar i ei lokalavis i Volda/Ørsta. Vi jobba i grupper under sjølve fotograferinga, men alle tok fire ulike bilder kvar.

Bygningsarbeid1A) Artikkelen handlar om byggeskikken i Volda, der det vert stilt spørsmål ved om nye forretningsbygg er stygge og skjemmande og øydelegger landskapet. Bør ein stille krav til at nye bygg oppførast i tradisjonell stil?

Når eg las oppgåva tenkte eg med ein gong på rådhuset i Volda. Det nye rådhuset er omringa av gamle bygg. Både samfunnshuset, kulturskulen og fleire andre bygg rundt rådhuset kunne trengt ei stor opprustning. Biletet viser i alle fall at det fortsatt er mykje bygningsarbeid på gong i dette området.

Eg er ikkje heilt nøgd med bildekomposisjonen min, fordi gravemaskina kanskje vert litt for dominerande. Det blir for lite luft rundt gravemaskina og svært mange forstyrrande element som tek for mykje merksemd. Meininga var at eg ville framheve bygningane i bakgrunnen også. Det er likevel fine fargekontrastar i biletet.

NAVB) Artikkelen handlar om aukande arbeidsledighet i regionen.

Eg likar veldig godt fargane i biletet, sjølv om jakka til den arbeidsledige forsvinn litt på grunn av den raude veggen. Det er klart at det kanskje blir litt klisjé at alle som er arbeidsledige går i joggedress, har med seg Nillepose og rotar rundt i bosset. Eg måtte likevel finne ein stereotype for å fram essensen i biletet.

Fugleperspektivet har kanskje ein skjult metafor. Vi ser litt ned på dei som er arbeidsledige og ikkje er like velståande som oss sjølve. Ved å bruke fugleperspektiv vert objektet ganske ynkeleg og makteslaus. Det er sjølvsagt ikkje slik det bør vere ideelt sett, men det er dessverre sånn i samfunnet vårt. Status og klasse betyr mykje meir enn vi vågar å innrømme.

Aktivitet i skateparkenC) Artikkelen handlar om skateparken og kor positivt dette tilbudet er både for barn, ungdom og unge vaksne.

Dette biletet viser at folk i alle aldrar kan bruke skateparken. Dessuten treng det ikkje berre å vere skating der. Då vi var i skateparken var der berre born og ungdommar med sykkel og sparkesyklar. Det viser at skateparken kan brukast på ulike måtar og at den er åpen for absolutt alle. Både barn, ungdom og vaksne kan bruke skateparken og dei treng ikkje å vere profesjonelle i det dei held på med.

Eg synest det var vanskeleg å fotografere i skateparken på grunn av det skarpe lyset. Heile skateparken har kvite element og det var heller ikkje med på å gjere det noko enklare. Måtte justere mykje på kamerainnstillingane undervegs i fotograferinga. Det dukka også opp etiske spørsmål, sidan eg fotograferte barn. Heldigvis var i alle fall far til den yngste guten til stades og godkjende biletet mitt.

ValD) Artikkelen handlar om at ein må få dei unge til å stemme ved valet.

Eg likar at forhenget er halvvegs igjen, og at vi får ein liten sniktitt på den unge jenta som er i ferd med å avgje si stemme. Ho ser litt usikker ut, men det er vel heilt vanleg for dei fleste ungdommar som skal stemme. Ein har kanskje ikkje sett seg heilt inn i politikken på førehand, for det er faktisk ganske komplisert.

Det er mange speglar inne i dette stemmeavlukket, så det var litt utfordrande og få eit bra fotografi med riktig lyssetting. Eg måtte passe på at det ikkje dukka opp eit speglbilete eller ein refleksjon som eg ikkje ville ha med i biletet mitt. Eg likar godt det varme lyset i biletet. Det er med på å skape ro og tryggheit.

– Marita Solheim

FOTO – «PILLOW FIGHT» OG «EN NASJON I SORG»

The Beatles - Pillow Fight«Pillow Fight» Foto: Harry Benson

«Harry Benson var egentlig på vei til Afrika for en avis da han fikk oppdraget. Han ville mye heller til jungelen enn å ta bilder av et band, men ble beordret til Paris for å møte The Beatles. Da dette bildet ble tatt, hadde manageren, Brian Epstein, nettopp fortalt bandet at de hadde nådd førsteplassen i Amerika. Benson hadde hørt at de hadde hatt putekrig et par dager før, noe John Lennon benektet. Like etterpå tok han opp en pute og deiset den i bakhodet på Paul McCartney.»
– Dagens Næringsliv

Dette biletet likar eg veldig godt fordi det uttrykkjer ei enorm glede og ein får også eit inntrykk av at store stjerner som The Beatles har god humor og ikkje tar seg sjølve så høgtideleg.

Det er mykje som skjer på dette biletet, men likevel synest eg at komposisjonen er veldig bra. Det er tydelege linjer i biletet. Blikket festar seg først på Paul McCartney, før det vidare går diagonalt nedover til senga.

Fotografen har definitivt klart å formidle glede på ein heilt utmerka måte. Biletet er svært dynamisk og har ein asymmetrisk balanse, noko som verkeleg er med på å få fram energien i biletet.

Ein nasjon i sorg«En nasjon i sorg» Foto: Tommy Ellingsen

22.juli 2011 er ein vond dato for oss alle. Eit av bileta som gjorde sterkt inntrykk på oss var dette møtet mellom Jens Stoltenberg og Eskil Pedersen på Sundvolden Hotell kort tid etter dei grufulle hendingane ved regjeringskvartalet og på Utøya.

Det er god dybdeskarphet i biletet. Ein kan sjå mange utydelege menneske i bakgrunnen som likevel er med på å framheve den triste stemninga i biletet. Biletet er dessuten i svart-kvitt, noko som også er med på å få fram den grufulle atmosfæren.

Ein har tatt i bruk «det gylne snitt» – Jens Stoltenberg og Eskil Pedersen står ikkje midt i biletet og klemmar. Eg synest også det er viktig å få fram at det ikkje bør vere så feil eller tabu at to menn gjer kvarandre ein ordentleg klem. Sjølvsagt er situasjonen heilt ekstrem i dette tilfellet, men det bør uansett ikkje vere så høg terksel for at to menn skal kunne klemme.

Det er heilt klart at fotografen har prøvd å formidle den kaotiske og uverkelege stemninga som oppstår i etterkant av eit grufullt terrorangrep. Det har han absolutt klart med glans. Det er mange sterke følelsar som vert sett i sving når du ser på biletet. Heile denne uverkelege dagen går som ei fæl reprise i hovudet mitt.

Oppsummering
Kontrastane mellom desse to bileta er enormt stor. Det viser glede og sorg i kvar sin ende av skalaen. Det er i alle fall ingen tvil om at begge bileta gjer like sterkt inntrykk på meg, på kvar sin heilt unike måte.

– Marita Solheim

Kjelder:

The Beatles – Pillow Fight

En nasjon i sorg – 22.juli 2011

Dagbladet – Årets bilde

Dagens Næringsliv – De tok verdens mest kjente bilder