DESIGN – TIDSMASKIN

Vi fekk i oppgåve å samanlikne to ulike design frå to forskjellige tidsepokar. Vi skulle prøve å tenkje oss korleis eit design frå vår tid ville sett ut i eit heilt anna tiår. Gruppa vår fekk 80-talet. Det var ikkje så vanskeleg å finne konkrete døme på korleis design såg ut på 80-talet, sidan stilen var ganske karakteristisk.

NewOrder

Dette designet er frå 1981 og er laga av Peter Saville. Han har designa coveret for Factory Records og bandet New Order/Joy Division. Designaren har brukt ulike geometriske former for å skape ein viss balanse i tillegg til å skape blikkfang på coveret sin tekst.

Produksjonsmetode
Coveret vart laga før dei fleste folk hadde tilgang til datamaskin, og det er derfor naturleg å tru at den tradisjonelle produksjonsmetoden silketrykk har blitt brukt. Denne metoden var vanleg å bruke frå tidleg på 1900-talet. Frå 1960-talet vart det populært å bruke det på albumcover i musikkbransjen.

Fargar og typografi
Designaren har brukt ulike valørar av blå i lag med svart typografi som utgjer plakatens fargespekter. Typografien er sans serif, altså ein skrifttype uten seriffar. Vi kan kjenne igjen denne skrifttypen ved å sjå på den jevne størrelsen på strekane i skrifttypen.
Toolate

Dette er eit cover frå Drake sitt album frå 2015. Om den hadde vore laga på 80-talet ville nok teksten vore meir grotesk og ikkje «skriveskrift». Ein ville mest sannsynleg hatt geometriske former og andre element på coveret. Coveret ville heilt sikkert hatt andre fargar. Kanskje pastellfargar. Oppsettet ville sikkert vore ganske likt med tanke på balanse og tilnærma symmetri. Midtstilt design.

Når vi ser på to albumcover frå heilt ulike tidsepokar kjem det i alle fall tydeleg fram at datamaskina har hatt stor betydning for korleis ein kan utvikle eit design. Det er ikkje nødvendigvis slik at alle design ser betre ut i vår tid, men ein har i alle fall eit enklare verktøy for å få det sluttresultatet ein ynskjer å oppnå.

– Marita Solheim

Kjelder:
Peter Savile: http://www.designishistory.com/1980/peter-saville/
Screen Printings: http://www.screenweb.com/content/historys-influence-screen-printings-future#.VijYPhDhAxd

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *