DESIGNSKISSER – X-TRA SALT POTETCHIPS

Vi fekk ei oppgåve som handla om å redesigne emballasjen til eit produkt som sleit med å appellere til målgruppa si. Målgruppa skulle vere studentar mellom 18 og 30 år. Eg har teikna skisser til ein meir ungdommeleg variant av X-tra Salt Potetchips.

TEST: DinKost.no har vurdert næringsinnholdet i 69 typer salte snacks av potet, mais og ris.

Dette produktet hadde i utgangspunktet eit veldig enkelt og «billig» design etter mi meining. Det var på tide å freshe det opp litt. Dessuten hadde ikkje avsendaren noko særleg definert målgruppe, så det måtte eg også prøve å gjere noko med.

Eg hadde ingen konkret plan på korleis eg ville at designet mitt skulle sjå ut. Eg visste i alle fall at eg absolutt ikkje ville ha så mykje whitespace som det var på originalemballasjen til chipsposen. Dessuten ville eg prøve å forandre logoen.
Designskisse 1 og 2Designskisse 1: Fargane har eg ikkje forandra så mykje på. Designregel 11: Less color is more. Det skal vere chips over heile bakgrunnen. Logoen har eg forandra fordi eg ikkje likte den. Slik som den ser ut i mitt forslag trur eg dessuten at den vil nå ut til målgruppa betre. Likevel følte eg ikkje at denne skissa traff målgruppa slik som den skulle. Det var noko som mangla…

Designskisse 2: På møtet med gruppa mi fekk eg tilbakemelding om at eg måtte prøve å definere målgruppa litt betre. Det gjorde eg ved å bruke spenstigare fargar. Den sterke blåfargen skapar dessuten blikkfang. I tillegg til det har eg brukt ei chipsskål og ein mobiltelefon med øyreproppar slik at ungdommen vil føle at dei er målgruppa for denne chipsen. Designregel 1: Ha eit konsept.

Eg fekk også tilbakemelding om at «SALT» under logoen var litt for dominerande. Designregel 15: Typografi er like viktig som bilete/illustrasjon. Eg har inntrykk av at ungdommar er veldig opptatt av korleis typografien vert brukt på eit produkt.

Eg synest i alle fall at den andre skissa vart mykje betre enn den forrige. Å teikne skisser er likevel ein lang prosess, så det blir garantert fleire skisser før eg har det endelege resultatet.

– Marita Solheim

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *