FOTO – FIRE ULIKE TEMA

Oppgåva gjekk ut på å fotografere fire ulike og valfrie motiv der alle bileta skulle ha ein tittel som var bestemt på førehand av fotolæraren.

1.Tema for biletet er «sur haust» og bodskapen du skal få fram er at «livet er greit for det»!
2. Fritt tema og bodskap. Biletet sin tittel skal vere: «Speglbilete»
3. Fritt tema og bodskap. Biletet sin tittel skal vere: «Vindu mot verda»
4. Fritt tema og bodskap. Biletet sin tittel skal vere: «Aleine mot resten»

Sur haust – livet er greit for det!
IMG_6906
f/5.6 – 1/250 sek – ISO 800 – 18mm

Eg fotograferte søskenbarnet mitt, Andrea. Det var ikkje så enkelt å få fram «sur haust» sidan det ikkje regna på fleire dagar. Det var eigentleg litt rart, sidan regn er eit svært vanleg fenomen her på Vestlandet. Komposisjonsmessig likar eg at Andrea er plassert i det gylne snitt. Lukkertida kunne sikkert vore endå raskare, men eg likar at det er svært dynamisk og mykje liv i biletet. Personen er i fokus sjølv om det er mange blad som flyg rundt ho. Haustfargane kjem godt fram ved hjelp av rognebærtreet i bakgrunnen.

Speglbilete
IMG_7086f/4.0 – 1/200 sek – ISO 1600 – 24mm

Maiken fekk vere modell på dette biletet. Her skulle kniven vere i fokus, medan jenta skulle sjå søt og uskuldig ut i spegelen. Teddybjørnen og blusen med blonder er ein fin kontrast til kniven jenta skjuler bak ryggen. Eg likar godt at rommet har lyse fargar og skapar ein slags rosafarge i biletet. Det er verkeleg med på å få fram dei store kontrastane mellom det gode og det onde. Det er ein svært passande atmosfære i biletet, og eg er godt fornøgd med komposisjonen. Dessuten er det veldig vanskeleg å sjå om jenta smiler eller ikkje. Det forsterkar uroen i biletet. Vi blir ikkje heilt kloke på kven denne jenta eigentleg er.

Vindu mot verda
IMG_6944f/5.6 – 1/125 sek – ISO 800 – 27mm

Søskenbarnet mitt, Hanna sat og speida utover Jølstravatnet med ein vakker og idyllisk solnedgang. Solnedgangen var faktisk endå finare i verkelegheita, så eg sleit veldig med å finne riktige kamerainnstillingar her. Hanna er fint plassert i det gylne snitt og eg synest at biletet er harmonisk. Eg er i alle fall godt fornøgd med komposisjonen.

Aleine mot resten
IMG_6898f/4.5 – 1/100 sek – ISO 800 – 27mm

Her har eg brukt fugleperspektiv som eit bevisst verkemiddel for å få fram at jenta er ganske liten samanlikna med dei høge personane som står i ring rundt ho. Ansiktsuttrykket til Andrea fortel at ho er litt redd og det kan sjå ut som ho kanskje vert plaga av dei mørkkledde personane som omringar ho. Det er berre Andrea som er kledd i fargar, det kan også vere med på å fortelje oss at dei andre er onde. Ho er heller ikkje plassert midt i biletet, og det likar eg veldig godt. Med andre ord så har eg brukt både fargar, lys og komposisjon bevisst.

– Marita Solheim

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *