GRUPPEARBEID – FOTO

Freia

I denne oppgåva skulle vi analysere eit sjølvvalgt bilete ved hjelp av å bruke Larsen sin prosedyre for fotoanalyse frå kapittel 4 i boka Medievitenskap 2 frå 2008.

Primærbetydning
Den primære betydninga handlar rett og slett om å beskrive det ein ser på biletet. Å identifisere ulike bildeelement. Det første vi ser er to kyr med sekk på ryggen og lue med dusk på. Vi ser eit skilt som fortel oss noko om stadnamn i ulike retningar. I bakgrunnen ser vi ein fjelltopp og det er snø på bakken. Øverst i høgre hjørne ser vi ein tekst der det står «Nyhet – Melkesjokolade har fått litt Kvikk Lunsj i seg» i tillegg til ein illustrasjon av sjokoladen. Logoen til Freia er plassert øverst i venstre hjørne.

Sekundærbetydning
I den sekundære betydninga vil vi finne ut noko meir om kva biletet uttrykkjer. Skjulte medbetydningar og konnotasjonar er svært sentrale i denne delen. Det er enkelt å forstå at vi er på fjellet sidan det er mest snø der. Ein ser dessuten ein fjelltopp i bakgrunnen av biletet og eit skilt med informasjon om ulike retningar. Vi ser to kyr som har på seg typisk fjellutstyr, og det er vel ganske verkelegheitsfjernt. Det kan hende Freia har bytta ut folka med kyr fordi mjølka kjem frå kyr. Dessuten er det veldig viktig med god humor i slike reklamer. For å forstå reklamen bør ein kunne nokre felles konvensjonar og kodar frå før av. Denne reklamen hadde til dømes ikkje fungert så godt i Danmark. Dei har verken fjell eller det samme forholdet til den populære tursjokoladen Kvikk Lunsj.

Meddelelsessituasjon
I denne delen av analysen ynskjer ein å finne ut kvifor biletet fortel det som det fortel. Kvikk Lunsj er eit must for nordmenn når dei skal på skitur. Den populære tursjokoladen har vore ein folkekjær tradisjon ute i skisporet i mange år. Det ser ut som avsendaren Freia vil spele på nasjonalfølelsen. Det kjem dessuten tydeleg fram i slagordet deira «Et lite stykke Norge» Dei har bytta ut mennesker med kyr sidan dette tross alt er ein melkesjokolade. Alle veit at mjølka kjem frå kyr, så det er ingen dum idé av Freia. Strategien til Freia er vel at det er smart å kombinere dei to klassikarane Kvikk Lunsj og Melkesjokolade som nordmenn allerede har eit nært forhold til. Denne sjokoladen vil definitivt treffe ei stor målgruppe, sidan svært mange nordmenn likar både vakre vinterlandskap og tur i fjellet med sjokolade i sekken.

– Marita Solheim

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *