GRUPPEARBEID – RETORIKK

Obama - Hope

I denne oppgåva skulle vi analysere eit sjølvvalgt bilete ved hjelp av å bruke ulike begrep frå kapittelet «Visuell retorikk» i boka til Kjeldsen. Gruppa vår bestemte seg for ein plakat med presidenten Barack Obama.

Denotasjon
Vi ser ein mann i dress. Om du av ein eller anna merkeleg grunn ikkje veit kven denne mannen er, får ein likevel eit inntrykk av at dette er ein profilert og autoritær mann med mykje makt. Nederst på plakaten ser vi ordet «hope» i blå bokstavar. Ansiktet og bakgrunnen i biletet er delt i to av fargane raud og blå.

Konnotasjon
Det er president Barack Obama som er avbilda på denne plakaten. Ordet «hope» fortel oss at dette mest sannsynleg må vere ein slags kampanje. Vi veit at Barack Obama er presidenten i USA, så då er det svært sannsynleg at denne plakaten har blitt brukt i ein valkampanje.

Fargar
Venstre halvdel av biletet har ein kald blåfarge, medan høgre halvdel har ein varm raudfarge. Designaren har brukt fargekontrasten kald/varm som eit bevisst verkemiddel. Den gule fargen passar veldig godt inn i lag med resten av fargane.
Vi kan referere til designregelen «Less color is more» og konstatere at det har designaren klart med glans.

Den emosjonelle funksjonen
Noko vert framstilt slik at mottakaren får følelsen av at dei ser det med eigne auge. Det kan få fram følelsar som liknar på det vi ville opplevd dersom vi hadde sett det samme i verkelegheita. Denne funksjonen spelar på patos – altså den appellerar til folk sine følelsar.

Det er ingen tvil om at ordet «hope» har ei stor betydning i biletet. Om vi hadde tatt vekk det, ville folk tenkt at dette berre var ein enkel illustrasjon av eit portrett. «Hope» gjev oss ein følelse av noko vi kan klare saman. Eit demokrati. Ein folkekjær president. Blikket til Obama fortel oss at han er målretta og skal halde det han lovar for sitt folk.

Den illustrerande funksjonen
Denne funksjonen fortel noko om romlege relasjonar, avstand og størrelse. Den fortel oss også noko om visuelle forhold som form, farge og komposisjon.

Vi får i alle fall ein følelse av nærheit når vi ser på illustrasjonen av Obama. Han er tett på sjølv om han ikkje møter blikket til mottakaren. Augene hans indikerer på at han ser på eit objekt som er lenger vekke. Du får likevel ein følelse av at dette er ein person du kan stole på.

Fargebruken i dette biletet kan kanskje vere eit sjakktrekk frå designaren. Enkelte kan kanskje oppfatte dette som litt rasistisk om vi skal vere litt trangsynte. Her vil ein nøytralisere det heile ved å bruke andre fargar enn den mørke hudfargen til Obama. På den måten vil han ikkje bli definert som «den mørkhuda» og det kan dessverre vere ein fordel i det samfunnet vi lever i.

Den dokumentariske funksjonen
«Den dokumentariske funksjonen er fotografisk avbildning der den indeksikalske forbindelsen til det framviste fungerer som bevis for at noko har skjedd og korleis det skjedde.»

Det er vanskeleg å seie noko om den dokumentariske funksjonen dersom ein ikkje har kjennskap til Barack Obama. Dei fleste veit nok forhåpentlegvis at han er president i USA. Om ein kjenner til begrepet «propaganda» kan vi enkelt putte denne plakaten under det temaet. Både fargebruken og slagordet minner om eldre propagandaplakatar som vart brukt under krigstider. Ordet «hope» fortel oss dessuten at dette er ein kampanje og ikkje berre ein illustrasjon av Obama. Det handlar om politikk. Ein ynskjer å formidle noko positivt til mottakarane rett før eit val. Alle partane er sjølvsagt interesserte i å vinne folket i ein sånn situasjon.

Hukommelsesfunksjonen
«Hukommelsesfunksjonen er ikoniske framstillingar som har ei særleg evne til å hjelpe hukommelsen. Om ein skal hugse bileta til seinare er det nødvendig med noko tydeleg, konkret eller oppsiktsvekkande.»

Det er kanskje ikkje ein veldig oppsiktsvekkande plakat ved første augekast, men det som vil få meg til å hugse den er kanskje historia bak plakaten. Om eg ikkje hadde tatt meg tid til å lese den, ville eg kanskje ikkje hugsa plakaten av Obama like godt seinare. Andre vil kanskje hugse slagordet eller det skarpe blikket til Obama. Det kjem heilt an på auget som ser. Ein designar vil til dømes sjå spesielt på fargane og typografien som har blitt brukt på plakaten.

Historia bak plakaten
Plakaten er designa av den grafiske designaren Shepard Fairey. Han er spesielt kjent for den populære merkevara OBEY. Det vart også laga andre versjonar av plakaten, med orda «change» og «progress». Det var likevel denne varianten som var mest populær. Plakaten vart dessuten ein del av presidentkampanjen i 2008 då den vart godkjent av den offisielle kampanjen.

I januar 2009 etter at Obama vant valet kom det fram nye avsløringar om denne plakaten. Designaren hadde brukt eit foto frå ein frilansfotograf som han verken hadde opphavsretten eller løyve til å bruke. Det er med andre ord ikkje alltid så lurt å bruke bildesøk på Google som eit hjelpemiddel.

– Marita Solheim

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *