Arbeidskrav 10: Krug-presentasjon.

Eg hadde i oppgåve å presentere dei ti første sidene i kapittel 9, altso side 130-140.

Dette kapittelet handlar om brukartesting.

Det handlar om når og korleis du skal brukarteste. Krug meiner at brukartesting skjer for lite, for seint og for dei galne grunnane.

Krug forklarar også at det å teste på fokusgrupper ikkje er brukartesting. Dette fordi at det du lærar frå fokusgrupper er noko du skal lære svært tidlig i ein prosess, før du startar og designe.

Forskjellen på fokusgrupper og brukartesting er at fokusgrupper skal reagere på idèar og design som blir visst til dei, medan brukartesting handlar om enkeltmenneske som skal prøve å skjøne kva konseptet går ut på og korleis det virkar. Altså: fokusgrupper er vel og bra, men det forklarar ikkje om folk veit korleis dei skal bruke produktet ditt!

Det kjem fram også at det er svært viktig å teste! Når du og teamet ditt har arbeide lenge på eit produkt, kan dykk ikkje lenger sjå på det som nytt, og det er vanskelig å tenkje nye og kreative tankar. Brukartesting minnar oss på at ikkje alle tenkjer som deg, veit det samme som deg og brukar nettet på samme måte som deg. Ein ser at ting som er sjølvfølge for deg, ikkje er det for alle andre. Det er betre å teste ein person enn ingen, og det er betre å teste ein person tidlig i prosessen enn femti personar mot slutten. Testing er noko du gjer heile tida, du testar, får respons, svarar på responsen, fiksar, og testar igjen.

Så litt historie om brukartesting.:

Før vart dette sett på som noko som var ein dyr og energikrevande prosess, fordi ein måtte ha pengar til utstyr og labratorium til å undersøke i og ein måtte bruke mykje tid på å skaffe folk som kunne vere med. Dette er forsatt unnskylningar som fleire brukar for å ikkje brukarteste, men sannheita er at det ikkje er særlig dyrt og heller ikkje særlig tidkrevande om ein samanliknar det med om ein IKKJE testar. Då blir ein sittande å bruke ekstra tid på å eksprimentere og krangle likevel.

Krug samanliknar også korleis ein bør brukarteste om ein har tid og pengar til det, og korleis ein kan gjere om ein ikkje har tid og pengar. Det er lurt å ansette profesjonelle og velge testpersonar som er lik målgruppa, men ein kan også berre velje eit tilfeldig utvalg av personar . Det er også lurt å ha eit labratorium og eit observasjonsrom , men kan også bruke eit vanleg kontor.

Så, kor monge skal man teste?
Ifølge Krug berre 3-4 personar, fordi det er akkurat nok til å kunne oppdage problema, og kunne fikse dei på samme dag. Om ein testar fleire enn dette, kjem du berre til å få meir enn nok arbeid og du vil kanskje ikkje velje å ha fleire rundar meir brukartesting. Krug meinar at det er heller viktig med fleire rundar med testing, og heller teste på få personar.

 

Arbeidskrav 8: Gjer oppgåvanene i PHP-leksjonen.

Her ligg link til eit php-dokument eg laga, der eg laga til ein bursdagsinnbydelese med matriser og variabler. Heilt øverst i dette dokumentet ligg ein funksjon eg laga sjølv, som skulle ha samme funksjon som “echo”.

 

Her ligg link til eit html-dokument der eg laga eit skjema som ein kan fylle ut.

Og her ligg link til eit html-dokument der vi istaden for å vise resultatet av skjemaet i nettlesaren, så skulle det visast som ei html-fil. Dette gjorde vi ved å skrive fila med PHP-komandoar.

 

Kva skiljer html5 frå tidligere versjonar av språket?

Sidan html blei oppretta har utviklarane jobba iherdig med å gjere det enklare å bruke for brukarane. Dei lagar fleire retningslinjer og gjer kodene enklare.

html5 er ikkje ferdig enno, men er fortsatt under utvikling.

I html5 har dei blandt anna gjort dette:

-Du slepp å definere kva slags dokumentype (doctype) som blir visst, nyare nettlesarar er oppdatert slik at når dei ser starttag (f.eks. html eller css) så kjenne nettlesaren igjen kva slags dokument det er snakk om.

-Vi har no eigne “header” og “footer”-element, du slepp å ha dei inn i eit “div”-element.

-Vi har fått eigne “video” og “audio”-element, slik at vi slepp å definere plugin for kva filtype du vil dele.

Html5 er rett å slett enda enklare og bruke!

Her ligg ei side som viser dette “audio”-elementet.

Stildefinisjonar

Her ligg link til ei side eg har laga som viser korleis du kan knytte stildefinisjonar til html på forskjellige måtar.

På denne sida har eg båda kobla html-dokumentet til eit css-dokument og eg har skreve inn stiltekst direkte i html-dokumentet på både attributtnivå og dokumentnivå.

Holy Grail

Her ligg link til ei side eg har laga i høve CSS-2 forelesening vi hadde tidligare i år. Oppgåvene:

• Lag ei side du designar som ”The holy grail” og forklar på
sida eller i bloggen korleis CSS gjer at den ser ut som den
gjer.

• Legg til lister på sida di.
– Lag ein liggande meny øvst
– Lag lister med og utan punkt
– Lag lister med rollover-effekt.

Forklaring på kvifor designet ser ut slik det gjer:

  • Først og fremst har eg lagt inn koder for at sida skal ha luft på alle sider. 10% margin på høgre og venstresida, og 5 % margin på over og undersida.
  • Eg har laga laga ein “container” og delt det inn i ein mindtdel (content) og to sidekolonner (leftnav og rightnav)
  • Eg har laga lister både på toppen av midtkolonna og i sida til venstre. Her har eg lagt til koder for å få rollovereffekt og både med og uten punkter.
  • Eg har skreve inn at det skal vere forskjellig font på topp/botnline og på alt anna i body.
  • Eg har skreve inn koder som lager kant rundt midtkolonna, slik at det kjem klare skiljer mellom midtkolonna og sidekolonnene.

 

HTML si historie

HTML som stend for HyperText Markup Language er det mest kjende og brukte hypertekstsystemet, som fungerar som eit markeringspråk som formaterar nettsider og informasjon slik at det kan visast i ein nettlesar.

HTML blei skapt av Tim Berners-Lee på samme tid som han også fann opp Word Wide Web, og er ei tjeneste som gjer det mogleg å gjere mange typar informasjon tilgjengeleg på internett. Begge deler blei oppfunne for å dele intern informasjon ved CERN, fysikkinstituttet i Sveits i 1989.

I 1991-92 kom det fram ein idè om å  dele dette med omverda, og Tim utarbeida HTML+ som skulle kunne sendast ut på internett for alle.

I 1994 hadde fleire nettlesarar starta å bruke HTML, og ein fann ut at HTML+ var for dårleg definert. Dei laga då ein definisjon på HTML2 som hadde fleire retningslinjer.

Og slik er grunnen til at vi også har hatt HTML3 og no HTML 4, det skal utvide retningslinjer  og legge inn fleire koder.

Sidan 1998 har vi brukt HTML 4 og W3C og WHATWG arbeider no saman om å utvikle HTML 5.

Foto Veke 44

Denne veka fekk vi litt innføring i fotostudio.

Vi fekk i oppgåve i ta to portrettbilde til neste veke. Det eine skulle vere tatt i fotostudio, og det andre skulle vere eit karakterportrett. Det andre biletet skal skildre den du tek bilete av og det gjerne vere tatt utandørs. Eg har teke bilete av Mari :)

Dette har eg teke i fotostudio. Eg tykjer det blei eit fint bilete, med fin lyssetting. Eg brukte eit blits med softbox på den høgre sida og ein reflektor på den andre sidan. Reflektoren gjer at venstre sida av ansiktet vert delvis opplyst, sidan den reflekterar lyset frå blitsen. Eg har satt personen slik at ho sit på sida og ser inn i kamera ifrå sida. Dette tykkjer eg gir eit meir tredimensjonalt preg  og meir djubde i biletet.

 

Dette biletet har eg teke nede på Spinneriet i Volda. Mari er glad i å shoppe og å bruke mykje pengar, så vi tenkte at eit bilete med henne i hennar rette element hadde vore bra. Vi fekk tak i mykje handleposar som “rekvisittar” og knipsa i veg. Helst skulle vi kanskje tatt det ute, for her blei det forskjellige lysskilder på biletet. Her er det både lysrør og vindauge som lysar opp. Men vi meinte at innandørs med butikkar i bakrunnen gjorde slik at biletet fekk eit “shopping”-preg i seg og forsterka dermed bodskapen. Her har vi på gruppa også brukt reflektor på eine sida slik at den venstre sida av ansiktet skulle få meir lys, sidan det kom emst lys frå en høgre sida. Det er noko uklart, so ej skulle ha skrutt opp meir ISO’en , slik at eg kunne hatt kortare lukkartid.

Foto Veke 42

Denne veka har vi snakka om komposisjon. Korleis skal vi sette saman elementa som skal vere i eit bilete. Vi har snakka om «Det gylne snitt», symmetri og asymmetri, linjer, fargar og fokus.

I eine delen av oppgåve fekk i vi oppgåve å ta to bilete der temaet skulle vere haust. Eit bilete skulle vere naturbilete og det andre skulle vere bybilete. Det skulle vere minst eit menneske på begge bileta.

I naturbiletet mitt har eg tatt bilete av kjærasten min, medan vi gjekk på tur rundt Rotevatnet i Volda. Eg har plassert personen i biletet i det gylne snitt og eg har valgt å plassere han på den venstre sida, dette gjer at det er mykje luft på høgresida. Sjølv om biletet vert tyngre på venstresida, så er det meir riktig å ha luft på høgresida, sidan leseretninga vår går ifrå venstre til høgre. På biletet kan ein sjå hint av lav ettermiddagsol, og her er eindel «haustfargar» som tildømes oransje fargar på personen (hår, skjegg og fregner), og på tred og stråd rundt. Personen har på seg ei mørk grøn jakke, som er med på å forsterke haustkjensla. Ein kan også sjå eit blad som har visna øverst i høgre hjørne og vidare litt greiner rundt øverste kanten i biletet. Eg har valgt å ha lita djubdeskarpheit i biletet, og eg har fokuset på personen i biletet og greiene i forgrunnen øverst. Greinen bakerst skaper rørsle, fordi dei har diagnoale linjer og dei er ikkje fokus.

I bybiletet har eg teke bilete av Stian Raa, som også går MID. Eg tok biletet inni eit smug ved Telebygget i Volda Sentrum. For å få gatepreg har eg valgt å ta bilete inni eit smug, inntil ein murvegg med «tagging» på veggen. Eg har plassert personen i biletet i det gylne snitt, men denne gongen har eg prøvd det omvendte av naturbiletet. Eg har her plassert personen til høgre i biletet, slik at «tagginga» fekk stor merksemd på venstresida. Desse forsterker gatepreget og gir følelse av rørsle. Stian har på seg ei tjukk brun/grønn jakke og sjerf, dette gir preget av haust. Eg har stilt inn fargetemperaturen slik at biletet fekk eit lite gulskjær i seg, og dermed får Stian også oransje-skjær i håret, som igjen gir haustpreg. Biletet var originalt litt mørkt, så eg har skrutt opp lyset i Adobe Photoshop. Dessverre gjorde dette at høgre sida på biletet blei heilt utbrent. Eg ser at dette kunne ha blitt gjort på ein bedre måte.

I den andre delen av oppgåve skulle vi ta 4 andre bilete med valgfri sjanger og tema. Vi skulle tenke nøye gjennom komposisjonen i biletet. Vi skulle benytte elementa vi har snakka om som står skreve øverst i teksten. Eg har valgt å fortsette med haustbilete, det har vore nydelig vær i Volda dei siste dagane, så naturbilete blei naturleg for meg.

Bilete nr 1: Her har eg tatt bilete av ein blome. Eg har igjen valgt å ha lita djubdeskarpheit, ved å ha stor blendar og litt tele. Eg har valgt å ha fokuset i midten av blomen, fordi den har mange små og fine detaljar. Fokuset går gradvis ut med linjene som er i blada til blomen. Blomen er rund, og kan gi kjensla av ro, men sidan der er tydelig både diagonale, vertikale og horisontale linjer kan det gi kjensla av rørsle og begevelse. Dette er kanskje avhengi av auget som ser.

Bilete nr 2: Dette biletet har eg tatt langs stien rundt Rotevatnen i Volda. På førehand vil eg seie at eg her har eg sette opp kontrastane og gjort fargane enda meir tydelege i Adobe Photoshop. Bildet har ei ganske klar S-kurve, som eg sjølv meiner gir fantastisk dybde i biletet. Eg har forsøkt å gjere slik at enden endar på midten i biletet, og at treda startar her. Sidan det er vertikale linjer i dette biletet og det i tillegg er på ståande, så gir dette biletet inntrykk av høgde og styrke. Treda ligg på kvar si side i det gylne snitt, og det er store fargekontrastar mellom treda og vegen.

Bilete nr 3: Her hat eg tatt nærbilete av ei kongle. Her har eg også gjort fargane meir tydelige og stilt opp kontrastane i Photoshop. Det er veldig lita dybdeskarpheit på, eg har stor blendaropning har 50mm tele. Eg tykkjer sjølv at macrobilete og bilete med lita dybdeskarpheit er heilt nydelige og eg tek mykje slike bilete. Her går fokuset midt på kongla som er plassert i det gylne snitt, litt nede og litt til høgre. Her er det mykje linjer, både horisontale og diagonale, og dette skaper mykje rørsle. Alle dei små barnålane rundt kongla er ikkje i fokus og kan virke rotete. Det er tydelig at det er i ein skog. Eg tykkjer sjølv at dette er eit veldi behagelig bilete å sjå på.

Bilete nr 4: Dette biletet har eg tatt under eit stort tred med fantastiske fargar! Dette er også ei bilete med vertikale linjer og det er sterkt froskeperspektiv. Dette gir kjensle av høgde og styrke og gir ei god framstilling av eit tred. Samtidig går fokuset langs trestammen oppover og trestammen går litt i ei S-kurve øverst, dette fører blikker oppover og gir dybde. Det gir mykje rørsle med alle blada på biletet, og dette blir forsterka av kontrastane mellom blada og himmelen.

 

Foto-prosjekt veke 41


Denne veka hadde vi intro til foto-prosjektet, og vi snakka om dei mest grunnleggande tinga innan foto: Blendar, lukkartid, ISO, og brennvidde. Vi fekk øvingsoppgåver som vi skulle levere på fronter som omhandla alle desse tema.

A: Blendaropning

Blendaren på kameraet er opninga på objektivet på kameraet som slepp inn lys. Kor mykje lys du vil ha inn på bildesensoren kan du stille på. Har du stor opning, slepp du mykje lys inn på kameraet. Talet er då lite, f.eks 2.8. Har du lita opning, slett du inn lite lys. Talet er då stort, f.eks 22.

Forskjell på blendaropninga gir også forskjell på dybdeskarpheita ( Her spelar brennvidde også ei sentral rolle, men eg skal berre ta utgangspunkt i blendar no.)

Vi fekk i oppgåve å ta to bilete, eit med stor blenderopning og eit med lita. Kva er forskjela, og kan den utnyttast?

På desse to bileta har eg også forandra på lukkartida, slik at bilda skulle bli likt eksponert. Eine forskjellen er då at med større blendaropning, hadde det sluppe meir lys innpå biletet og det kunne lett ha blitt overeksponert, og på det andre undereksponert.
Men ein annan sentral forskjell er dybdeskarpheita. Med stor blendaropning får du lita dybdeskarpheit, det vil seie at det er lite som er skarpt i biletet.
Dess mindre blendaropning ein har, dess større dybdeskarpheit får ein. Du kan sjå på det nedereste biletet at det er mykje meir som er klort i dette biletet, fordi dybdeskarpheita er større.
Ein kan sjølvsakt utnytte denne eigenskapen, f.eks om du ønsker å sette fokuset på eit bilete på ein bestemt plass, slik at folk ser på det. Om alt er klort, kan det opplevast som støy om det er monge element i biletet.

Men om ein har veldig lita blendaropning, så vil heile biletet bli oppfatta som uskarpt, grunna diffraksjon, og fleire av lystrålane skiftar retning. Dette avhenger av kor lita blendaropning du har.

B: Lukkartid

Lukkartid er det som bestemmer kor lang tid lyset skal ha på å kome inn på bildesenoren i kamera.
Om du har kort eller lang lukkartid så vil dette påvirke i kva grad biletet vert eksponert.
Dess kortare lukkartid du har, så vil bilde bli mørkare, fordi det tek kortare tid å sleppe inn alt lyset.

Det vil også påvirke om biletet vert klort. Dess lengre lukkartid du har, desto meir vil det du tek bilete av OG kamerarørslene påvirka kor klort biletet verte. Det er vanskelig for ei menneskearm å halde kamera heilt stille, og har du svært lang lukkartid må du bruke stativ for at kamera skal stå heilt stille. Om du tek bilete av noko som bevegar seg så må du også ha kortare lukkartid for at det skal bli klort.

Vi fekk i oppgåve å ta bilete av eit motiv som bevegar seg, med forskjellige lukkartider.
Eg tok bilete av ein bil som kjørte.

 På biletet øverst brukte eg lang lukkartid, og på det nederste brukte eg kort. Resultatet vart at på det øveste blei alt rundt bilen uklart. Grunnen til at bilet er klar, er at eg fokuserar på den å følgjer den med kameraet menst den bevegar seg. På det nederste er lukkartida so kort at det meste vert klort.

Denne egenskapen kan igjen utnytte om ein vil skape fokus på ein bestemt ting i biletet. På det øverste biletet er det heilt klart fokus på bilen, men på det nederste er jo alt klort, så då kan det vere vanskelig å vite kva ein skal fokusere på.

C: ISO 

ISO er følsomheita som bildesensoren har til å ta opp lys. Dette kan ein stille på, f.eks på stadar der det er lite lys. Dess større ISO ein har, dess lysare blir biletet.
Men dess større ISO du har, dess meir bildeinformasjon vil bildesensoren ta opp, blandt anna bildestøy. Dette ser ikkje bra ut på bileta, så ein gyllen regel er at ein skal ha så liten ISO-verdi som mogleg i alle samanhengar for å spare biletet for støy.

Vi fekk i oppgåve å ta tre bilete av samme ting, men med ulike ISO-verdiar. Kva er forskjela?

Forskjela på desse bileta er at jo større ISO-verdi eg har, dess lysare vert bileta.

D: Brennvidde

Brennvidde er avstanden mellom bildesensoren og det optiske sentrum. Lita brennvidde vert kalla vidvinkel, og stor brennvidde vert kalla tele. Om du har lita brennvidde, har du større bildevinkel, så meir kjem med på bilete. Dette egner seg godt om ein skal ta landskapsbilete. Om du har stor brenvidde har du mindre bildevinkel og mindre vil kome inn på biletet. Dette egner seg godt til nærbilete.
Brennvidde gjer somsakt noko med dybdeskarpheita. Det større vidvinkel, det større dybdeskaprheit får du.

Vi fekk i oppgåve å ta to bilete av same tingen, som skulle ta like stor plass i biletet. Men eine biletet skule vere med vidvinkel og det andre med tele. Kva er forskjellen?

Forskjela på desse bileta er at på bilete eg har tele, så er bakrunnen mykje meir innsnevra. Det er lite anna som kjem med på biletet. På den nederste bilete, der eg har brukt vidvinkel, så er det mykje meir av bakrunnen som kjem med. Det gir også ein illuasjon av at ting er nærmare om du brukar tele istaden for vidvinkel.
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Web-prosjektet evaluering

Web-prosjektet har vore svært krevande for meg. Eg forstår lite om web, og dette er heller ikkje  innanfor mitt interessefelt. Eg har likt gruppeundervisninga, for då fekk vi gjer alt saman, slik at ingen blei hengande etter på arbeidskrava.
Eg har gjennom heile prosjektet hatt problem med å kome meg inn på studiebloggen, og har derfor ikkje fått blogga kvar slik som eit arbeidkrav tilseier. Eg har fleire gongar snakka med Svein om dette, og eg har sendt personleg melding til Torbjørn og Kjell om nokon av dei kunne hjelpe meg. Heldivis fekk eg tilslutt tilsendt nytt brukarnamn og passord, slik at eg ei veke før innlevering fekk meg inn på studibloggen.
Håper dykk kan ta hensyn til dette problemet. Eg har prøvt å skrive ein oppsumeringslogg ifrå kva vi gjekk gjennom kvar veke uansett.