Arbeidskrav 1 – MID 111

                                            MID111 våren 2015 ­- Arbeidskrav 1

I denne oppgåva skal eg presentere to spørjeundersøkingar gjort om ungdoms mobilbruk og samanlikne funn eg gjer i dei. Undersøkingane eg skal samanlikne er ”Mobilen – en extra kompis. En kvalitativ studie av mobilanvändning bland högstadieelever” av Henriksson, S og Rydhög, K, og ”En mobil hverdag: hvordan bruker en gruppe tolvåringer i Oslo mobiltelefon, og hvilken rolle spiller denne bruken i deres sosialisering?” Av Øye, K.
Gjennom denne teksta vil eg først presentere kva funn dei to undersøkingane gjorde kvar for seg, før eg prøvar å samanlikne funna og ser om eg finn fellesnemnarar i dei. Til slutt vil eg konkludere kva funn eg gjorde frå begge undersøkingane.

 

Første undersøking

Den første undersøkinga eg vil ta for meg er ”En mobil hverdag: hvordan bruker en gruppe tolvåringer i Oslo mobiltelefon, og hvilken rolle spiller denne bruken i deres sosialisering?” Av Øye, K. Undersøkinga er skreve som ei masteroppgåve i medievitenskap ved Universitetet i Oslo i 2010.
Undersøkinga tar for seg tolvåringar i Oslo, og deira forhold til mobil og mobilbruk. Undersøkinga vart gjort i 2007 med 104 deltakarar på 3 forskjellige skular i Oslo (Øye K. en mobil hverdag 2010 S).
Det Øye var interessert i å finne ut ved denne undersøkinga var korleis mobilen påverka ein 12 åring frå Oslo sin sosiale kvardag, og korleis den blir nytta som verktøy.
Øye gjorde si spørjeundersøking todelt. I første del, som tok for seg elevane sin generelle bruk utvikla ho eit spørjeskjema med 47 spørsmål som skulle svarast ved avkryssing av alternativ. Den andre delen, som dekka den sosiale biten med mobilbruken, var gjort ved munnlege gruppeintervju. Grunnen til dette var å skape eit overblikk og ein statistikk å bruke ved den generelle biten, og få meir utdjupa svar i forhold til den sosiale biten.
Øye tar for seg ei lengre analyse av svara sine før ho konkluderar med ” Basert på funnene i min undersøkelse blant 104 tolvåringer i Oslo i 2007, syntes mobiltelefonen å spille en relativt viktig rolle i tolvåringers sosialiseringsprosess. Det syntes å være flere positive enn negative følger av tolvåringenes bruk av mobiltelefonen. Ut fra det tolvåringene selv sa var mobbing via mobiltelefonen nærmest ikke-eksisterende, selv om småerting kunne forekomme.” (Øye K. en mobil hverdag 2010 S. 98)

 

Andre undersøking

Den andre undersøkinga eg vil ta for meg er “Mobilen – En extra kompis” av Henriksson, S og Rydhög, K. Denne undersøkinga er fra 2014 og tar for seg kva rolle mobilen spelar i unge sitt liv på skulen.  Problemstillinga deira er tredelt og lyd som følger: ”Hur upplever eleverna själva dagens mobilanvändning, hur använder de sina smartphones i skolan och hur påverkar det deras sociala interaktioner?
– Känner eleverna krav på att vara anträffbara och uppdaterade?
– Påverkar mobilanvändningen elevernas skolarbete, fritid och tankar om framtiden?” (Henriksson 2014. S. 2).
Også denne undersøkinga var todelt. I første del gjorde dei observasjonar i eit friminutt og ein skuletime i forhold til elevars mobilbruk der. I andre del hadde dei gjort intervju med 8 forskjellige elevar. Dette var gjort til dels for å sjekke om intervjuers observasjonar stemte overens med det elevane sjølv oppfatta, men også berre for å sjå kva elevane reflekterte rundt egen bruk.
Gjennom undersøkinga kjem det fram at mobilen har ei særs framtredande rolle på elevane sin skulekvardag, og blir brukt i det aller fleste settingar. Dette har både positive og negative konsekvensar. ” Utifrån lärarnas åsikter om mobilens påverkan är den å ena sidan ett problem i hög grad men också ett stort hjälpmedel på många vis. Vår empiri visar att eleverna var medvetna om mobilens påverkan både i skolan, på fritiden och i framtiden.” (Henriksson 2014. S. 41) er noko av det dei konkluderar med.

 

Undersøkingane opp mot kvarandre

Det første ein må ta høgde for når ein samanliknar to slike undersøkingar er om måla og framgangsmåtane deira stemmer rimelig overens.
Problemstillingane er ikkje identiske, men har likevel ganske like mål. Begge undersøkingar har som mål å finne ut korleis mobilen påverkar og spelar ei rolle i unge sitt liv.

Der dei skil seg litt er at den eine legg vekt på unge sitt forhold til mobilen i skulesamanheng, der den andre ser meir på den generelle mobilbruken i kvardagen.
Alderen på barna som er med i undersøkinga er også litt forskjellig. Den eine undersøkinga tar for seg 12 åringar, og den andre tar for seg litt eldre elevar. Sjølv om aldersforskjellen ikkje er stor kan det ha verknad på resultata, sidan barn i denne alderen utvikler og forandrar seg fort.
Den største forskjellen på undersøkingane meinar eg likevel er i når dei er gjort. Den eine undersøkinga var gjort i 2007, og den andre var gjort i 2014. I forhold til teknologien er dette eit hav av tid, og mobilane har veldig mange fleire og meir avanserte funksjonar i 2014 enn den hadde i 2007. Dette kan ein også legge merke til i undersøkingane, der fokuset på applikasjonar, bilete osv. var mykje meir framtredande i den nye undersøkinga. I den eldre frå 2007 var fokuset framleis meir på tekstmeldingar og ringing som hovudfunksjonen til mobilen.
Det kjem fram eit litt tydelig skilje her. I den nyare undersøkinga med dei litt eldre elevane spelte mobilen ei mykje større rolle i det sosiale livet til elevane. Samtalane og det sosiale samværet dreia seg veldig mykje rundt mobilane, og for fleire av elevane som var intervjua innrømma dei at mobilen spelte kanskje ei nesten for stor rolle i livet deira. Dei hadde hatt det vanskelig utan den.
I den eldre har mobilen mindre innverknad på den sosiale biten. Mobilen var meir eit verktøy  for å holde kontakt med venner og familie, og mindre eit midtpunkt for det sosiale livet.
I forhold til elevane si eiga holdning til mobilbruken kom begge undersøkingane fram til mykje av det same. Elevane har eit ganske positivt forhold til mobilbruken, men kjenner også til det negative aspektet av for mykje bruk. Elevane kjem også fram som meir reflekterte enn det ein kanskje først skulle trudd.

Konklusjon

Dette er to undersøkingar som undersøkar eit ganske likt tema, og på mange måtar kjem fram til ganske like resultat. Der dei skil seg mest frå kvarandre er at den eine er sju år eldre og vart gjort før smarttelefonens inntog. Dette resulterer i at sjølv om fokuset på mobiltelefon som eit statussymbol  fortsatt var veldig aktuelt i 2007, hadde den ikkje i nærheita av like mange funksjonar og program som ein mobil i 2014 kan komme med. Det faktum at sosiale medier som Facebook og Snapchat ikkje hadde gjort sitt inntog enda har nok også ei effekt her.
Det resultatet som samstemmer mest mellom undersøkingane er elevane si holdning til det sosiale aspektet mobilen bringer. Elevane verkar reflekterte i forhold til sin sosiale bruk av mobilen, men dei som tar del i den nyare undersøkinga innrømmer å være meir avhengige av mobilen.
Det eg tolkar ut av dei to undersøkingane er at ungdom si holdning til mobil er i grunnlaget ganske lik no som den var for sju år sida, men at mobilen tar større plass i kvardagen til ungdommar no på grunn av større og breiare funksjonalitet.

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>