Designoppgåve 1

Designoppgåve – analyse av mine tre eksempel

Ølflaske – Pilsner Urquell

https://nervouskitchen.files.wordpress.com/2011/02/pilsner-urquell1.jpg

Når ein ser på denne flaska er det første ein merkar det raude voksstempelet over logoen, dette fordi det er plassert over logoen og er raudt. Raud er ein sterk og varm farge som ofte trekk til seg merksemd og skapar energi. Etter dette er det logoen ein legger merke til, så kjem teksta og det dekorative skjoldet.

Den grønne fargen på logoen knytter den saman med flaska som og er grønn. Grønn er og ein tradisjonell ølflaskefarge. Gullfargen på skrifta under og på toppen er nok valgt for å skape ein meir eksklusiv effekt, dette er finare type øl.

Luftbruken på flaska er behagelig men ikkje overdrevet, ting er ikkje trykt saman, og alt er tydelig.

Fonten på logoen er ein veldig klassisk gotisk font, og gir assosiasjonar til eldre tider. Dette gir inntrykk av at det er ein eldre øltype, noko teksten også er med å bekrefte. Den er lett og lese, og er dekorativ. Resten av teksten er av ein enkel font, der mesteparten av bokstavane er store og i bold. Dette er lett å lese, men hadde blitt slitsomt om det hadde blitt mykje tekst, ettersom det skrik ut når det står slik.

Eg tykkjer dette er god design. Flaska er tydelig ei ølflaske, og gir uttrykk for å vere eit finare ølslag. Det kjem godt fram at det er ein klassisk ølsort som har vært brygga i lang tid, og held ved tradisjonane sine. Slike øl eg syns er spennande å prøve om eg ikkje har smakt den før.

 

Cd-cover: Bigbang – Poetic Terrorism

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/en/thumb/2/23/Bigbang-PT.jpg/220px-Bigbang-PT.jpg

Dette er eit cd-cover med veldig få element, men dei som er der er veldig tydlige. Det ein først ser er ansikta som stirrar mot deg. Blikkontakt søkar ein automatisk, og er veldig lett å bruke for å fange blikket til mottakar. Etter dette leg ein merke til Bandnavnet før albumtittelen på grunn av tekststørrelse og plassering.

Det er ikkje mykje fargar i bruk her, bakgrunnen er kvit, og ansikta er mørke sjablongar. Sida dei er mørke mot lys bakgrunn er dei da veldig tydlige. Skrifta er i ein mørk raudfarge, som og skil seg fra resten av designet i ganske sterk grad.

Luftbruken er varierande. Ansikta er veldig tett saman, og tittelen er tett i dei igjen, men ikkje heilt klistra inntil.

Fonten brukt på tittelen er ein litt street art/taggestil som gir ein god illusjon om at dette er meir som tegna enn designa på pc.

Albumet er generelt designa i ein stil som var veldig typisk i tida det vart gitt ut (2005). Den tagga skrifta, annsikta lagd i sjablong og den litt skitne bakgrunnen gir ein illusjon av at det er tegna for hand. Eg tykkjer det er veldig kult, men stilen er kanskje alt i alt litt oppbrukt i dag. Vannvittig kult for 10 år sidan!

 

Barbergel – Gillette fusion proglide

http://www.co-operativepharmacy.co.uk/assets/Pharmacy/catalogue/product/large/3588092.jpg

Logoen er det første ein ser her. Den er fargerik og har lyseffekter rundt for å stå meir fram enn resten av flaska. Etter følger ein naturlig teksten nedover ettersom den blir mindre og mindre, og er plassert midt på heile veien. Dei små bakgrunnsdetaljene kjem til slutt.

Det er to veldig sterke fargar i fokus her, blått og oransje. Den oransje fargen er veldig sterk, og er den ein først legg merke til. Den er ofte brukt for å symbolisere vitalitet og styrke, og har da appell til menn som er målgruppa til produktet. Blåfargen er brukt som ein representant for havet, som her skal vise til det reine. Når ein barberar seg vil ein ha det reint og fuktig, for ein mest mulig behagelig opplevelse. Den oransje fargen koblar og produktet til fusion proglide høvlane som og har oransje farge i seg. Dette er ein ganske utypisk farge for barberskumflasker, som oftast er blå, grå og/eller svarte.

Når det gjelder luftbruken er det to tydlige hovuddlar med tekst her, og resten er ganske luftig. Logoen er fin og for seg sjølv, mens resten av teksten under er samla lenger nede på flaska.

Det her mange fontar i aksjon på en gang her, noko som blir litt rotete og forrstyrrande. Grunnen er nok at slike merkevarer har egne logoar som brukar ein fast font, og eg trur både “gillette” “fusion” og “proglide gel” lider av det her. Fontane er kvar for seg enkle å lese, men at alle er

One thought on “Designoppgåve 1”

  1. Hei, Martin!

    Du skriv særs godt om design – med skikkeleg innlevelse samt god bakgrunnskunnskap. Du har tydeleg brukt tid på å analysere kvar minste detalj, og det synest eg er flott. Er heilt einig i det med Big Bang-coveret! Det var eit av dei tøffaste platecovera eg hadde i mi samling… og no er det ganske oppbrukt. Men ein må altså ta det for at det var produsert på tidleg 2000-tal, og at det då var “godt design”.

    Takk for flott analyse!

    S :-)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>