Design arbeidskrav 2 (del 3)

Her kjem ein gjennomgang av korleis eg utvikla redesignet av Trondhjems cowboygryte fra papirskisse til eit digitalt produkt

Eg tok utgangspunkt i den andre skissa eg laga til produktet skisse

og starta digitaliseringa derfra. Eg valgte å ikkje scanne inn ei utgangsskisse, men heller tegne den digitalt.

Eg starta med å bruke Adobe Illustrator for å tegne forma på produktet. Eg brukte Penn-tool for å lage til både koppen og hatten til eg var fornøgd med formene. Dette brukte eg ei stund på, for eg er ikkje veldig erfaren i dette programmet.
Når eg var ferdig med eit omriss eg var fornøgd med lagra eg både som illustrator fil og som pdf, og åpna pdf-fila i photoshop. Grunnen til at eg lagra i begge formata er at om eg vil tilbake å jobbe med omrisset er det bedre å ha illustrator-fila tilgjengelig

 

Neste steg eg gjorde var å få på plass bakgrunnen i etiketten. Og her starta eg å slite litt. Med lite erfaring i photoshop var det vanskelig å få omrisset til å legge seg fint over bakgrunnen, for å så klippe rundt. Noko anna som skapte problem her var at omrisset mitt hadde ein kvit bakgrunn, som skjulte heile bakgrunnen eg ville ha om eg la omrisset over. Løysinga eg brukte her var å viske vekk alt det kvite der eg ville ha bakgrunnen til å vise. Dette var ganske tidkrevande, og kunne nok vært gjort mykje enklare (kanskje med magic wand?). Etter ei stund gjorde eg meg ferdig med viskinga (og det blei kanskje ikkje 100% nøyaktig overalt, men viser ikkje godt igjen i det endelige produktet). På dette punktet var eg ikkje heilt sikker på korleis eg ville gjere det vidare, og tok det tilbake til illustrator for å lage detaljane på hatten og for å få på skrift. Eg lagra igjen to filer.

Grytasketsj

Tilbake i illustrator lagde eg bandet og stjerna igjen ved bruk av penn-tool. Eg sleit skikkelig med å få stjerna rett slik som eg ville det, men fant etterkvart ut at hjelpelinjene + å lage alle linjene like lange ved hjelp av lengdemålaren som kjem fram når ein drar strekar gjorde susen.
Fonten eg brukte fant eg på dafont.com, og den heiter “rio grande”. Eg valde den fonten, fordi eg ville ha noko som såg western aktig ut. Etter å ha lasta den inn, skreiv eg teksta eg skulle ha, og leika meg litt med størrelse og plassering. Når eg var fornød med det gjekk eg vidare. For å lage resten av hatten ferdig fant eg det enklast å ta en tur tilbake i photoshop, så eg kjørde samme lagringsprosess igjen.

Det resterande eg hadde var å fikse fargane slik eg ville det. eg prøvde å laste ned fleire bilete av cowbothattar, og bruke fargane fra dei i hatten. Dette fekk eg aldri veldig godt til, så eg gjekk heller for ein heilt svart hatt. Dette funka veldig bra med fargen på etiketten og, så eg var greit fornøgd med det. Skulle likt å kanskje brukt ein form for gradient for å prøve andre fargar, men fekk ikkje det til så godt.
Stjerna tenkte eg å få sølvfarga, men dei grå fargane i photoshop gjorde ikkje den jobben spesielt godt. Eg brukte difor gradient-tool for å skape ein skygge/glinse følelse i stjerna, som kan gi illusjonen av metall.
På dette punktet nærma eg meg rimelig fornøgd med skissa, men etiketten såg ikkje heilt bra ut, så eg gikk tilbake til idèen min om å ha gjennomsiktig nedre del, for å vise maten. Problemet eg støtte på her var det at eg ikkje fant ein god måte å vise maten inne i innpakninga. Eg hadde ingen bilde som funka, og tegning hadde heller ikkje vist det på ein god måte. Eg enda opp med å halde området blankt, for å representere der ein ser maten. For å gjere det blankt viska eg igjen, sikkert ein tung måte å gjere det på.
Eg prøvde også å jobbe litt med kontrastane og fargebalansen etc, men enda opp med å gjer lite utenom å gjer det litt mørkare.

Eg er delvis fornøgd med det endelige produktet, sjølv om det ikkje var nøyaktig slik eg såg det for meg. Hovudgrunnen til det, er nok at eg ikkje er dyltig nok i adobe-programma til å nøyaktig få fram tankane mine på skjerm. Eg følar likevell produktet representerar godt idèane mine, og får fram det viktigaste.

Det at eg bytta mellom illustrator og photoshop fleire gongar var kanskje ikkje nødvendig, men eg gjorde det slik eg var meste komfortabel med det. Eg brukte illustrator til tegning, og photoshop til det bildetekniske + fargar og effekter.

Her er eit bilete av det ferdige produktetGrytasketsj

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>