Design arbeidskrav 3 (del 3)

Her kjem ein gjennomgang av korleis eg utvikla logoen min frå papir til eit digitalt produkt

Eg starta med utgangspunktet i andre logoskissa eg laga. Den der M og O har armar og bein og har fått ei slags personligheit.

Eg valgte å tegne alt fra scratch i illustrator. Eg kunne kanskje brukt ei scanna skisse som utgangspunkt, men sidan skissa er mange ganske enkle rette strekar, følar eg det er enklare å få eit bra resultat om eg tegnar digitalt.

I illustrator tegna eg mesteparten av logoen med pen-tool. Eg starta med M-en og brukte hjelpelinjene i illustrator for å få han så bein som mogleg. når eg hadde laga halve M-en kopierte eg den og snudde kopien rundt. Da kunne eg feste dei saman og ha den lik på begge sider.
Armane var det eg brukte mest tid på å tegne, sidan det krevde meir kurver og fiklearbeid. Eg brukte samme kopitriks på venstrearmen til M-en for å lage O-en si høgre, sidan dei skulle gi kvarandre ein high-five.
O-en laga eg ved å bruke sirkel-toolen. Eg laga først ein sirkel som eg passa på var like høg som M-en, så laga eg ein mindre sirkel inni slik det faktisk blei ein O og ikkje berre ein stor klatt. Venstre handa til O-en laga eg også med Pen-tool.

Fargane leika eg litt med, men hadde på forhånd bestemt meg for at M-en skulle vere blå, og O-en skulle være raud. Dette fordi dei har “personligheit” som står i stil med fargane. Eg fann blå- raudfarge som eg likte, og gjekk for dei.

Teksta under var ganske rett fram, navnet mitt. Eg fant ein tekststørrelse som passa, og leika meg med fontar til eg fann ein eg likte. Eg ville ha ein ganske enkel font.

Eg hadde det mykje enklare med å lage logoen enn det eg hadde med redesignet. Dette har nok mykje med at eg hadde litt meir erfaring med programmet på dette tidspunktet, og logoen i seg sjølv har færre vanskelige detaljer enn cowboygryta har.
Eg er veldig fornøgd med korleis designet enda opp i forhold til skissa mi. High-fiven i forhold til å holde hender blei mykje kulare, og tok mindre plass. Eg droppa også å gi dei bein, for eg syns det vart så unaturlig på M-en, og det var rimelig unødvendig i det lange løp.

Slik vart det ferdige produktet.

Logo

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>