Teorioppgåve 2b Retorisk analyse

Arbeidskrav 2B                                                    Martin Lauvsnes Oddekalv

 

Retorisk bildeanalyse

I denne teksta har eg fått i oppgåve å arbeide vidare på eit gruppearbeid eg var med på å gjennomføre. Oppgåva gjekk ut på å velje eit bilete, og så analysere det ved hjelp av omgrep henta frå Jens E. Kjeldsen si bok ”Retorikk i vår tid”, kapittel 11: Visuell retorikk. I gruppeoppgåva valde vi eit bilete og laga ei fem minutters framføring om det, samt skreiv ei kort tekst. No vil eg gå litt djupare i analysen, samt greie ut om teori som omhandlar temaet.
Nederst i teksta vil du finne biletet som eg analyserte

 

Relevant teori

For å først kunne gjennomføre ei slik analyse er det viktig å definere dei forskjellige uttrykka ein brukar. I denne delen av teksta vil det komme ei kort skildring av dei forskjellige uttrykka, kva dei betyr og kvifor dei er viktige for denne analysen.

 

Denotasjon/Konnotasjon

Denotasjon/konnotasjon er analysebegrep som er kopla til måtar vi ser og analyserar på. Det er relevant i både tekst- og bileteanalyse. Jostein Gripsrud skriv: “De to betydningene har i den semiotiske teorien betegnelsene denotasjon (om den første “direkte” betydningen) og konnotasjon (om den andre, “indirekte” betydningen)”(Gripsrud 2011, s.119). Ein enkel måte å seie det på er at denotasjon er det ein ser, mens konnotasjon er det ein tolkar. Når vi som menneske ser noko, skjer begge prosessane rimelig samtidig, men når vi skal gå i ei djupare analyse er det lurt å skilje mellom dei to for ei betre oversikt av teamet.
I denne teksta vil eg bruke denotasjon og konnotasjon for å gjere ei enkel grunnanalyse av biletet før eg tar for meg dei retoriske aspekta.

 

Semiotikk

Semiotikk er læra om teikn og deira funksjonar. I boka si beskriv Kjeldsen det slik. ”Enhver form for retorikk må nødvendigvis ha en eller annen utforming. Når vi skriver leserbrev, bruker vi ord og setninger. Når filmskaper Leni Riefenstahl skulle vise nazismens storhet, bruker hun bilder. Og når en politiker debatterer, bruker hun både ord og fremføring til å overbevise. Her er stemmebruken, gestikulasjonen, mimikken, selv påkledningen deler av retorikkens utforming. I alle tre eksempler kommuniserer en orator gjennom tegn, enten det brukes ord, bilder eller fremføring. Læren om hvordan vi kommuniserer og forstår verden gjennom tegn, kalles tegnlære eller semiotikk.” (Kjeldsen 2014 S.264)
Innafor semiotikken delast ofte teikna opp i tre forskjellige typar: Ikoniske, symbolske og indeksikalske.
Ikoniske teikn handlar om å skape meining gjennom likskap. Når vi for eksempel ser ein ball på eit bilete er det fordi det liknar på det vi veit ser ut som ein ball. Dette er eit ikonisk teikn fordi det representerar nøyaktig det det er og ser ut som.

Symbolske teikn representerar noko som er innlært gjennom lov, reglar eller konvensjonar. Ser ein eit skilt som visar til herretoalettet skjønner ein det kunn fordi ein er opplært til at det skiltet betyr ”her er herretoalettet”

Indeksikalske teikn er noko som symboliserer noko som har skjedd eller tidligare har vært der. Eit fingeravtrykk er for eksempel eit indeksikalsk teikn på personen som har satt det.

Kjeldsen beskriv skilnaden på dei tre typane slik: ”Ikoniske tegn står altså i en likhetsrelasjon til sitt objekt, symbolske tegn står i en konvensjonell relasjon til sitt objekt, og indeksikalske tegn står i i en årsaks- eller nærhetsrelasjon til sitt objekt.” (Kjeldsen 2014 s.266)
Dokumentarisk effekt

”Bilder kan fungere som stadfestende indeksikalske bevis og utfører dermed en dokumentarisk funksjon. Vanligvis utføres denne funksjonen visuelt gjennom en fotografisk avbildning hvor den indeksikalske forbindelsen til det viste fungerer som bevis både for at noe er skjedd, og hvordan det er skjedd.” (Kjeldsen 2014 s.269)
Eit fotografi er altså ein representasjon av røyndomen og fortel om noko som skjer eller har skjedd.

 

Retorisk nærvær

”At det nære virker sterkere, skyldes en tett sammenheng mellom nærhet, viktighet og handling. Jo nærmere noe er, desto mer berører det oss, desto viktigere virker det og desto sterkere inviterer det til handling” (Kjeldsen 2014 s.281).
Det retoriske nærværet handlar om dei kvalitetane i ei handling som spelar på noko som er personlig nært mottakar. Om eg for eksempel ser eit bilete av ein flystyrt vil det berøre meg meir om eg ser det er i Noreg enn om det skjedde i Kina. Dette er på grunn av at eg bur i Noreg, og da vil hendinga følast nærmare meg personlig.

Retorisk realisme

”Bilder kan skape to former for retorisk realisme. Den ene er ikonisk. Det vil si at bildet er realistisk i den forstand at det ligner det som er avbildet, eller har en viss form for virkelighetspreg… Den andre formen for retorisk realisme er den indeksikalske. Denne forekommer i bilder som fungerer som ett avtrykk av virkeligheten. (Kjeldsen 2014 s.283)
Dette handlar om eit biletes evner til å framstille røyndommen, enten gjennom det vi ser, eller det biletet representerar.

 

Retorisk Fortetning

”Vi kan si at et bilde har retorisk fortetning når det oppfattes i et umiddelbart nå – nærmest i et øyeblikks eksplosjon av inntrykk og mening” (Kjeldsen 2014 s.285)
Den retoriske fortetninga handlar om mottakars umiddelbare oppfatting av bildet og det det representerar. Dette kan skje på grunn av diverse ting som for eksempel bakgrunn eller meiningar. Det handlar mykje om bildets eigenskap til å lokke fram kjensler.

 

Analysedelen

 

Denotasjon

Det første ein ser på biletet er ein gut. Han har på seg ei rød bukse og ein rød genser. På hovudet har han ei blå og kvit lue. Guten held ein sigarett i henda og ut av munnen hans kjem der røyk. Rundt skuldrene hans heng det eit stort gevær.
I bakgrunnen kan ein sjå mykje gamalt skrot. Det ein ser tydeleg er ei tønne, nokon gamle bildelar og ei leidning.

 

Konnotasjon

Når ein ser denne guten er det første ein kan tenke seg at det er ein barnesoldat. Han held geværet på ein naturlig måte som gir inntrykk av at han kjenner godt til det. Det faktum at han også røyker gir assosiasjonar til eit tøft miljø. Kleda er gamle og skitne, og er eit teikn på at guten er fattig og ikkje bryr seg om kva han har på seg. Handa til guten ser også ut som den ikkje er godt stelt, og er slitt. Det er også grunn til å tru det er kaldt der han er, for han er godt påkledd.
Skrotet i bakgrunnen gir grunn til å tru at guten bur i eit område som enten er krigsherja eller veldig fattig.

Retoriske teikn

I dette biletet er det ei god blanding av ikoniske, symbolske og indeksikalske teikn.
Biletet er tydlig eit portrett av guten og ein kan sjå kven han er, sjølv om ein nødvendigvis ikkje veit noko om han frå før.

Geværet guten held er også tydeleg og representerar det vi ser. Det andre ein kan sei om geværet er at det også kan fungere som eit symbolsk teikn. Det han held er ein form for AK-gevær (den mest berømte er AK-47), eit våpen som er masseprodusert og ofte brukast av geriljastyrkar rundt om i verden når dei skal kjempe. Det har blitt eit symbol fordi det ofte representerar desse mindre organiserte styrkane i konfliktar på grunn av at det er så tilgjengeleg og enkelt å bruke. Våpenet er også representert i både flagget og våpenskjoldet til Mosambik, og i flagget til den militære og politiske gruppa Hizbollah.
Ein kan med dette sei at geværet her symboliserar krig.

Bakgrunnen i bildet med alt skrotet representerer eit indeksikalsk teikn på at her har det vært mykje øydeleggingar, eller at området er ein skraphaug. Ting ligg slengt rundt heilt tilfeldig, og det ein ser av metall er rustent. Alt ser også gamalt og ubrukelig ut, og alt i alt er det eit teikn på eit fattig område utan mykje organisasjon.

 

Dokumentarisk effekt

Biletet framstår som autentisk og ein representasjon av verkelegheita til guten som er avbilda. Det er eit portrettbilete i det at det er oppstilt. Guten poserar ganske tydeleg for kamera og veit han blir tatt bilete av. Likevel er det lite som tyder på at situasjonen ikkje er ekte. Det at guten røyker og har det kroppsspråket samt dei kleda han har gjennspeglar det at han nok lev i denne situasjonen og biletet representerar han som person.
Ved å vise eit slikt bilete av ein barnesoldat i ei konflikt kan ein sei at biletet representerar krigen han er i, og visar at den er sann.

 

Retorisk nærvær

For meg som nordmann er det veldig lite i dette biletet som skaper nærvær. Ingenting av det biletet viser er knytt opp mot det eg har opplevd i verken mitt liv no eller min oppvekst. Dette gjeld nok og for dei fleste frå den ”vestlege verden” der ekte krig ikkje eksisterar for dei aller fleste barn.
Det er likevel grupper av folk i for eksempel Noreg som kan kjenne nærvær av eit slikt bilete. Flyktningar som har flykta frå landet sitt grunna krig og flytta hit, vil nok reagera sterkare på biletet på grunn av at det kanskje minnar dei om den krigen dei kanskje var en del av. Dette gjeld spesielt dei som flykta frå konfliktar der barnesoldatar var involvert.

Retorisk realisme

Dette biletet bær eit tydeleg krigspreg som ein reagerar på med en gong ein ser det. Eit barn som bærer våpen og røyker er ikkje noko ein vil sjå, og er totalt uhørt i vårt samfunn. Biletet kan på denne måten fungere som ein representasjon av krigen og det som er feil med den. Biletet framstår realistisk og fangar eit augeblikk som viser krig og fattigdom, sjølv om det ikkje er ei tydeleg konflikt i biletet.

 

Retorisk Fortetning

Eit slik bilete skapar mykje fortetning for mange. Biletet vil vekke oppsikt og skape reaksjonar frå dei fleste. Det at det er ein barnesoldat vi ser og ikkje ein voksen er ein viktig del av dette. Barn representerar noko uskyldig, og høyrar ikkje heime i krigssituasjonar. Når ein da ser eit bilete av ein som tydelegvis er så komfortabel med situasjonen som dette barnet framstår tenker ein med ein gong at han er pressa ut i situasjonen av vaksne eller av nød. For dei fleste som har barn vil nok dette skape ekstra sterke reaksjonar, fordi dei vil kunne sjå for seg sitt eige barn i ein slik situasjon.
Det at barnet røykar er og noko ein vil reagere på umiddelbart. I vårt samfunn har ikkje barn lov å røyke, og det blir uglesett. Når ein da ser eit barn som røyker som om det er det mest naturlige i verden, vil ein reagere med ein gong, fordi vi er opplært til at det ikkje skal være slik, og barnet har det nok ikkje godt.

 

Konklusjon

I denne analysa har eg gjort ei retorisk analyse av biletet. Det handlar mykje om kva biletet står for og representerar, samt kva kjensler og følelsar det kan vekke i dei som ser det.
Dette biletet kjem av ukjent opphav, så det er ikkje heilt sikkert at alt eg peikar på i denne teksta stemmer heilt med verkelegheita til biletet. Eg tykkjer det er spennande å analysere eit slikt bilete, fordi ein må tolke det veldig sjølv ut frå det ein ser og oppfattar av biletet. Har ein eit bilete med ein tittel og ein kjent kontekst kan ein analysere på ein heilt anna måte, for ein kan ha mykje meir kjennskap til situasjonen biletet er tatt i.

Eg reagerte personleg på biletet når eg først såg det. Barnesoldatar er ein veldig alvorlig og trist del av verden som uheldigvis eksisterar. Det faktum at han også røykar forsterka berre detta. Eg la også merke til kor vanvittig komfortabel guten virka i situasjonen, og det er ganske tydleg at det ikkje er hans første sigarett.

Det er eit bilete som nesten uansett kvar og til kven du visar det til vil det vekke sterke reaksjonar. Når eg ser det er eg veldig usikker på om det er tatt til personleg bruk, eller om det er eit bilete som media har brukt. Det er i alle fall veldig mykje å sei og meine om det.

 

Kjeldeliste

Gripsrud, Jostein (2011) Mediekultur, mediesamfunn.Universitetsforlaget
Kjeldsen, Jens e. (2014) Retorikk i vår tid. Spartacus forlag

702491_10153389164141029_1550985180_n

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>