Undervisningspraksisrapport

Den første dagen brukte vi på å vise elevane lydutstyret vi skulle ta i bruk i øvingsoppgåvene seinare på dagen, for så å lære dei om kva eit manus er. Vi hadde førebudd ein PowerPoint-presentasjon til første dagen, slik det skulle bli enklare for elevane å henge med i undervisninga. Etter at vi hadde introdusert dei for utstyret, gav vi dei enkle øvingsoppgåver der dei kunne bli kjent med utstyret i grupper. Desse oppgåvene gjekk ut på å først intervjue kvarandre i grupper, og deretter ta opp diverse lydar (les: ei dør som blir åpna/lukka, fotsteg), før dei til slutt skulle ta opp ei samansett innspeling med temaet “på veg til skulen”. Denne oppgåve gjekk ut på at dei skulle ta opp alle lydane som er til stades frå dei går ut døra si om morgonen, til dei kjem fram til klasserommet på skulen. Før vi slapp dei laus på oppgåva, gav vi dei forskjellige dømer på kva slags lydar dette kunne vere, sidan dei ikkje var så bevisste på kor mange lydar som faktisk er til stades frå før av. Mange synest at dette var til stor hjelp, og vi hjalp dei å skrive eit kort manus til oppgåva, for å terpe viktigheita av eit manus under produksjon. Etter at dei var ferdig med kvar oppgåve, la vi dei inn på ei datamaskin i løpet av friminutta og spelte dei av til elevane slik at dei fekk høyre resultata sine – noko som gav stort utbytte.

På slutten av dagen informerte vi dei også om at dei i grupper skulle lage anten ei nyheitssending eller eit høyrespel, der alle valgte å lage høyrespel. Vi gav dei då i lekse å kome med idéar kva dette høyrespelet kunne handle om, samt kva lydar ein måtte spele inn, til neste dag.

På tysdagen starta vi skuledagen med litt repitisjon av teorien vi hadde gått igjennom på mandag, før vi delte elevane inn i to grupper. Vi fekk hjelp av læraren deira til å dele dei inn i grupper, sidan vi framleis var litt usikre på kven som klarte å jobbe bra saman. Vi var fem studentar til saman, så vi fordelte oss på dei to gruppene med elevar, der eg og Maria var på ei gruppe, og Malene, Styrk og Eivind var på den andre gruppa. Vi sat dei deretter i gang med å skrive eit tankekart med dei idéane dei hadde komt fram til dagen før, og hjalp dei å bygge vidare på desse idéane. Vi merka oss tidleg at elevane var veldig opptekne av død og vold, og at dei ville ha med dette i høyrespelet. Vi prøvde derfor å få dei over på meir uskuldige idéar, og satte fokusen deira meir på den realistiske dramaturgien i historia. Dette var vellukka! Siste halvdelen av tysdagen gjekk med på å spele inn replikkar og lydar som skulle vere med i høyrespelet.

På onsdagen tok vi opp fleire lydar, før vi sat oss ned for å redigere høyrespelet. Vi viste elevane korleis ein klipte og limte lydklipp i Adobe Audition, og dei fekk prøve litt sjølv. Vi fann også lydeffekter på Internett som elevane ville ha med i høyrespelet. Vi blei godt ferdige med høyrespelet på onsdagen, og brukte siste delen av dagen på å høyre på resultata i plenum, før vi fekk tilbakemeldingar frå både elevane og lærarane. Vi kjøpte også is som avskjedsgave, noko som blei tatt godt imot.

Undervisningsopplegg – skulepraksis

I veke 19 hadde gruppa mi skulepraksis på Bratteberg skule i 6. klasse. Eg var på lyd-gruppa, der vi valgte å setje fokus på å lære elevane kor stor rolle lyd har i kvardagen vår. Dette gjorde vi med å introdusere dei for lydutstyr som mikrofon og lydopptakar, og lære elevane å bruke dette.

Du kan sjå undervisningsopplegget vi planla for elevane her: Undervisningsopplegg – skulepraksis

I utgangspunktet synes eg at vi sat opp ein veldig gjennomførbar og innhaldsrik undervisningsplan for elevane, der dei lærte mykje på kort tid. Vi brukte god tid på å gå gjennom nødvendig teori for at elevane skulle føle at dei hadde nok forståelse for kva vi skulle gjere dagane framover. Eg trur også at det var viktig med dei øvingsoppgåvene dei fekk gjere åleine i grupper på to eller tre, slik at dei fekk lære seg utstyret sjølvstendig. Vi fekk tilbakemelding om at nokon av elevane synes at det var litt mykje teori, og at det var “kjekkast” med dei praktiske oppgåvene, men her tenkjer eg at det er normalt at nokon føler det på denne måten. Det er sjølvsagt at i ei gruppe på ti elevar i 6. klasse vil det bli vanskeleg å tilfredsstille alle behov. Ellers opplevde vi at elevane synes at det var kjekt og lærerikt. Dei var engasjerte og aktive under idéfasen då vi skulle skrive mnaus, med mange kreative forslag. Noko vi merka oss var at elevane var veldig opptekne av død og vald, og at dei gjerne ville ha med dette i høyrespela, men vi klarte å få dei på andre tankar ved å kome med meir “uskuldige” forslag til høyrespela.

Observasjonspraksis/bransjepraksis

I veke 11 og 12 hadde eg observasjonspraksis på Media og Kommunikasjons-linja ved Volda vidaregåande skule. Praksisen varte i to veker, der eg i utgangspunktet skulle vere på skulen frå 08:10 til 15:00 kvar dag. Planen eg laga i samarbeid med kontaktpersonen min var at eg skulle følgje både første og andre klassa på Media og Kommunikasjons-linja, med formål å få eit større innblikk i kva didaktiske avgjersler lærarane tar, korleis dei tilnærmar seg klassa og elevane på ulike måtar og det psykososiale utbyttet av dei arbeidsmetodane under prosjekt, samt klassemiljø.

Dagane gjekk for det meste ut på å sitje i klasserommet i timane, å følge med på korleis undervisninga føregjekk. Eg såg blant anna korleis lærarane brukte ulike metodar i undervisninga og effekten av dette. Ein lærar brukte til dømes ein PowerPoint-presentasjon, og brukte ei tilnærming som førte til økt aktivitet i klasserommet og ein lærerik dialog mellom lærar og klasse, medan ein annan lærar førte ein mindre interessant monolog, noko som førte til at elevane ikkje via så mykje merksemd til læraren.

Eg fekk også sjå forløpet i eit av prosjekta deira, frå start til slutt. Dette starta med ei teoretisk innføring i emnet frå læraren, før klassa blei delt inn i grupper. Dette var veldig interessant, sidan eg før gruppeinndelinga deltok på ein diskusjon med lærarane om korleis gruppene skulle delast inn. Lærarane ville nemleg gjere eit forsøk på å fordele elevane etter kompetanse, sidan dei merka seg tendensar til at der var elevar som ikkje gjorde fullt så mykje som dei andre under prosjektarbeid. Reaksjonane til elevane då desse gruppene blei fordelt var eigentleg som forventa; dei som normalt gjer mykje på gruppearbeid var glade for at dei hadde kome på gruppe med likesinna, medan dei som er mindre aktive reagerte negativt og kom med klager då dei blei sett i gruppe med elevar av same sort. Etter gruppeinndelinga ville dei gruppene som er mindre aktive snakke med læraren, der dei fekk tips og råd for å kome i mål med prosjektet dei også.

Undervegs i prosjektet var der veldig god kommunikasjon mellom læraren og elevane, der læraren gav informasjon om deadline, milepålar, samt brukte god tid på å snakke med kvar gruppe, der dei fekk ei grundig tilbakemelding på ideen sin. Gruppene hadde etterkvart ein presentasjon der dei gjekk igjennom dramaturgi, prosessmodellen, planlagte innstillingar på utstyr, forteljarteknikk, storyboard, verkemiddel, tidsplanar og kva slags visuelle verkemiddel dei ville ta i bruk. Der var stor variasjon i konsepta til gruppene, der nokon var noko ambisiøse, medan andre var ein smule forenkla.

Alt i alt føler eg at eg fekk stort utbytte fra observasjonspraksisen min på Media og Kommunikasjons-linja, sidan eg fekk vere som ei “fluge på veggen”. Eg har fått eit innblikk i korleis dei ulike prosessane i læring fungerer, ulike måtar å tilnærme seg på, undervise, formidle, presentere og rettleiing.

MID115 FILM

I starten av dette semesteret blei klassa delt opp i to grupper, der den eine gruppa byrja med lydprosjekt og den andre med filmprosjekt. Eg er på den gruppa som skal ha filmprosjekt no dei neste fire vekene.

Hittil har undervisninga gått ut på det tekniske med filmkamera, der vi har fått utdelt ulike øvingsoppgåver. Øvingsoppgåvene har vore nyttige, sidan vi allereie i neste veke skal få utdelt eit oppdrag frå ein reell arbeidsgivar. Vi har gått igjennom øvingsoppgåvene i plenum, der vi har fått tilbakemeldingar, noko som også har vore nyttig.

Instagram – digital forteljing

Instagram er eit sosialt nettverks-fenomen som blei utvikla av Facebook inc. På instagram kan du laste opp bileter på profilen din, og på denne måten dele det med andre. Det er eit sosialt nettverk sidan der der interaktivitet; du kan like og kommentere bileta til andre, og dei kan like og kommentere bileta dine. Det sosiale nettverket blei lansert i oktober 2010, og har sidan den gong fått om lag 80 millionar brukarar. Når du lastar opp eit bilete på profilen din, kan du legge til enkle effekter til biletet, og om ønskeleg dele det på andre sosiale medium som f.eks. Twitter eller Facebook.

Funksjonelt og bra nettverk
På mange måter er Instagram eit veldig funksjonelt og bra sosialt nettverk, men der er de same ulempene og fordelene som ved andre sosiale nettverk. Spørsmålet om kvar grensa går for kva bilete ein leggjer ut, kva ein kommenterar, kva bilete ein likar, kven ein vél å følgje, kven ein godtar som følgjar, møter deg med ein gong du trykker på «registrer som bruker». For dei som ikkje er erfarne mediebrukarar kan det vere nyttig med funksjonen der du kan velje at du skal godta dei som sender deg forespørsel om å følgje deg. På denne måten kan du filtrere litt kven som kommenterer kva på bileta dine, med tanke på fornærming både ovanfor deg sjølv og omverda.

Positive og negative sider
Personleg ser eg både positive og negative sider med eit sosialt medium som Instagram. Det er på same måte som Facebook noko som opptek tida di – og til tider er dette ein negativ ting. Eg sit gjerne å surfar på Instagram under forelesningar, av og til under middagen, og gjerne på fest. På den andre sida er det positivt med ein slik kanal, sidan du kan halde kontakt med både kjendte og kjære. Du kan halde deg oppdatert på kva vennane, familien eller kjærasten gjer på. Mange brukar også Instagram som ein stad der dei kan lagre alle dei gode minna dei har.

Å dele og ta vare på glede
Alle ynskjer å oppleve glede i kvardagen. Mange opplever det, men det er ikkje alle som får det til kvar dag. Det er i desse stundene at det er viktig å halde fast i dei gledene ein har opplevd før, og å ta nytte av desse. Det er dog ikkje alltid like lett å hugse alle stundene ein har kjendt glede; då ein hadde vennane eller familien sin rundt seg, då ein smilte ifrå øyre til øyre, og kjendte at denne kjensla skulle ein ynskje at ein kunne kjenne på for alltid. Det er difor veldig greit å nyttig å ha sosiale nettstadar som Instagram, der ein kan laste opp desse augeblikka. Instagram lagrar bileta du lastar opp på profilen din, slik at du kan sjå tilbake på desse på ein grå dag.

I mi digitale forteljing har eg brukt bileter som eg har publisert på Instagram for å fortelje ei historie. Denne historia er eit godt eksempel på korleis nettverket kan bli brukt til å lagre minner for livet. Nedanfor kan du sjå bileta eg brukte i den digitale forteljinga, sidan den var for stor for å laste opp her.
Eg hadde mi eiga stemme som voice-over, der eg fortalte om bilda og festivalopplevinga eg og vennane mine hadde.  

       

 

 

 

Reklame

VG-reklame
Henta herifrå: http://www.kampanje.com/reklame/article5795659.ece

I VG sin nye reklame har dei stor fokus på at de fleste historier har fleire sider. Dette viser dei bl.a. Med å vise ulike kvardagslege og typiske situasjonar der det er ei bra fasade, medan det på baksida ikkje er fullt så bra. Bodskapen dei vil selje til mottakaren gjennom produktet er at VG er ei fri og uavhengig presse, med den redaksjonen som har vunne flest prisar for kritisk og undersøkjande journalistikk. Prisen mottakaren må betale for produktet, sett bort ifrå den 20-kronaren det kostar, er tillit til avisa. Ein må då sjå vekk ifrå at VG er ein kommersiell aktør som opererar med mål om å skape forteneste. Dette er noko som normalt vil påverke innhaldet i ei avis o.l., sidan det ikkje er alt stoff som sél. Det er difor vanskeleg å stille seg ukritisk til kva som blir sett på dagsorden. Det er også vanskeleg å stille seg ukritisk til sakene som blir formidla gjennom kanalen, sidan dei sit med mykje makt der dei sjøl vél korleis dei vil vinkle sakene utifrå korleis dei vil at mottakaren skal oppfatte den. Plasseringa til reklama er gjennom TV, noko som gjer at det treffer veldig mange mottakarar. Sendetida på reklama vil likevel påverke kven som får sett den, noko som sjølvsagt er gjennomtenkt utifrå statistikkar på lesarar. VG har valgt å promotere seg sjølve med å legge vekt på at dei gjennom markedsundersøkingar i fleire år har skåra høgare enn fleire av konkurrentane sine. Dei legg også stor vekt på at dei vil fremme verdiane sine som bidragarar for den kritiske og undersøkande journalistikken og at VG har ei viktig samfunnsrolle som vaktbikkje og å settje saker på dagsorden. Desse verdiane formidlar dei gjennom dei nemnte situasjonane som har fleire sider, samt ei forteljarstemme som nemner desse verdiane. Når dei filmar dei ulike situasjonane brukar dei kvardagslege situasjonar som kan skje med kven som helst, for å påverke pathos. Dei bruker også aktivit lyssetjing for å setje stemningsleie hjå mottakaren. Forteljarstemma brukar også dei retoriske verkemiddla ethos, pathos og logos, for å styrke kommunikasjonen med målgruppa og mottakarane.

VG har definitivt segmentert målgruppa si, for å betre kunne kommunisere med den. Dette har dei gjort med å velje sendetid ut ifrå kva tid målgruppa er ferdig på jobb, og innhald ut ifrå sosial tilhørigheit, utdanning, alder o.l.

 

Zalando.no-reklame
http://www.youtube.com/watch?v=Yj-3j4PBzqQ

I Zalando.no si reklame vil dei få fram at dei har et stort utval av alt ei kvinne måtte trenge; sko, kleder og vesker frå tusenvis av ulike merker. Bodskapen i reklama er ikkje stort meir enn dette, sidan den etter mi meining eigentleg er veldig flåsete. Prisen mottakaren må betale for produktet, sett vekk ifrå den økonomiske kostnaden for evt. Kjøp frå nettstaden, er ikkje nokon. Det einaste det vil koste er tid og energi for å gå inn på nettstaden og surfe rundt. Promoteringa for nettstaden skjer gjennom TV-reklame. Bodskapen blir formidla ved at ein mann informerer om namnet på nettstaden, kva ein kan finne der, og brukar humor i det han blir framstilt som ein panisk mann som rådar alle andre frå å tipse kona si, søstra si osv. om Zalando.no. Reklamefilmen er teke med eit handhaldt kamera for å gjere filmen meir kvardagsleg og truverdig, der han også viser døme på kva ein kan kjøpe på nettstaden i bakgrunnen.

 

Med tanke på kva endringar produsentane kunne ha gjort for å forbetre kommunikasjonen, er der ikkje så mykje å seie på i VG-reklama. Dei brukar retoriske verkemiddel for å forsterke kommunikasjonen, både med stemmebruk, visuelle effektar og informasjon/fakta. Reklama appellerar absolutt til mottakaren sine kjensler, både med sympati til dei “bak-fasade”-klippa dei viser, i tillegg til det reklama kommuniserer om viktigheita med å ha ei fjerde statsmakt.

Zalando-reklama synest eg derimot dei kunne ha produsert på ein heilt anna måte. Etter mi meining er det ei flåsete reklame, der dei stigmatiserer kvinner og deira forhold til shopping online. Eigentleg synest eg ikkje noko om det, sidan dei sét kvinner i ein bås. Det er sjølvsagt ei reklame med humor, men etter mi meining vél dei å spele litt for mykje på shopping-hysteriet som nokre kvinner har.

For å konkludere litt har ikkje desse reklamene så mykje til felles, i vertfall ikkje kvalitetsmessig. Dei tilnærmar seg mottakaren på veldig ulik måte, samt veldig ulik produksjonsmessig.

 

 

 

Me, myself & I

Eg heiter Pia, er 19 år gammal og er født, oppvokst og busett i Volda. Før eg starta på Mediekunnskap, gjekk eg på Media og Kommunikasjons-linja ved Volda vidaregåande skule. Eg vil likevel ikkje påstå at eg sit inne med over gjennomsnittet medieproduksjons-kompetanse, slik som mange gjerne gjer etter å ha gått på same eller liknande linje. Grunnen til dette er at eg var veldig selektiv og målretta då eg gjekk på denne linja, og fordjupa meg difor berre i det eg fann interessant på dette tidspunktet, som var skriving. Eg fekk likevel litt erfaring innan radio og variert lydproduksjon, men svært lite foto-, film- og lyderfaring.

Den einaste erfaringa eg har med medieproduksjonar er frå prosjekt på vgs., samt ei kort arbeidsperiode hjå lokalavisa Møre.

Det hørest kanskje ut som eg ikkje har mykje å stille med, men dette endra seg etter at eg byrja på Mediekunnskap. Eg starta med eit inntrykk av at det ville bli repetisjon av Media og Kommunikasjon, men der tok eg feil. Eg åpna Adobe Dreamweaver for første gong i mitt liv under webprosjektet vi hadde, og endte opp med ei godt funksjonell nettside. I tillegg til dette har eg lært meir innan Adobe Indesign og Photoshop, samt grunnleggjande fotografering.

I prosjekta vi har framføre oss dette semesteret, som er ein videoproduksjon og ein lydproduksjon, trur eg at eg vil kunne bidra til litt forskjellig. Strukturering, leiing, og å sjå ting i det større biletet o.l. er ting eg vil kunne bidra med, i tillegg til grunnleggjande ferdigheiter i Adobe Audition og Adobe Premiere. Eg har også interessa mi for skriving, noko som er nyttig mtp. manus o.l. Dei største faglege utfordringane for meg innan desse prosjekta, trur eg vil bli det tekniske ved filming – men vi er jo her for å lære!

Mappeoppgåve foto

Oppgåva mi gjekk ut på å lage ein biletserie som skulle fortelle noko om ei bygd, i mitt tilfelle Volda. Biletserien skulle vere som eit portrett av Volda, og eg valde å løyse den som eit dokumentarisk prosjekt. Sidan alle veit korleis Volda ser ut frå før av, med ferge, kaféar, oppoverbakkar, Studenthuset Rokken, o.l., tenkte eg å vise ei side av Volda som ikkje mange tenkjer over. Dei fleste hus har ei fasade som ser veldig bra ut framan ifrå, men kva gøymer seg på baksida? Nettopp det får du sjå i min biletserie «Voldas baksider».

I den dokumentariske sjangeren skal ein dokumentere sanninga, og ein kan difor ikkje iscenesette bileta. På grunn av dette har eg snike meg rundt i Volda og tatt ein kik bak hus som ser ordentlege ut på framsida, men tvert imot på baksida.

 

Det eg ynskjer å kommunisere med biletserien min er å vise Volda sine baksider. Volda er ikkje berre kaféar, studentar og ferger, men det er også rotetet bak fasaden til Ola og Kari Nordmann. Eg har komponert biletserien min med å bruke miljø bevisst. Dette er for å vise at det er alle som kan ha rot bak fasaden, i motsetnad til å skilje ut enkelte menneske. For å styrke kommunikasjonen mellom kvart enkelt bilete og mottakaren, har eg valgt ut skrot og stadar som mottakaren vil kunne relatere til.

Foto: oppgåve 2

Oppgåve 2 var todelt, der vi i del A skulle ta eit naturfoto og eit byfoto der temaet er “Haust”. Det skulle vere minst eit menneske i begge bileta, og vi skulle benytte oss av det gylne snitt for å komponere bileta. Deretter skulle vi greie ut om kvifor vi valde å ta bilda vi tok utifrå fototeori.

NaturfotoISO-verdi: 100     Blenderåpning: f/4,5     Lukkertid: 1/80     Brennvidde: 35mm

På biletet ser vi ein sti inne i ein skog med oransje og grøne haustfargar, der ein person er på veg mot enden av stien. I forgrunnen treffer personen på biletet to punkt i det gylne snittet, og i bakgrunnen treffer enden av vegen (oppe i venstre hjørnet) også det gylne snittet. Dette gir balanse i biletet. Stien/vegen i biletet skapar ei perspektivlinje i biletet, noko som leiar blikket innover i biletet og skapar ei kjensle av dybde og avstand. Personen på biletet går i den retninga som naturlig vil bli oppfatta som “enden” av stien, og dette gir mottakaren eit kvilepunkt.

ISO-verdien er lav fordi der var mykje naturleg lys ifrå før av, lukkertida er rask fordi eg ville få med eit detaljane av rørsla i beina til personen. Brennvidda er høg fordi eg ville få rett plassering av byrjinga og enden av stien. Blenderåpninga er relativt lav, men ikkje så lav at det påverkar biletet på ein negativ måte.

ByfotoISO-verdi: 250     Blenderåpning: f/4     Lukkertid: 1/320     Brennvidde: 35mm

På dette biletet er det langt fleire element å feste auget til enn på det forge biletet, nettopp for å illustrere eit byfoto. I ein by er det bilar og bygningar, i tillegg til det er der mange tre både i forgrunn og i bakgrunn som viser tydelege teikn på at hausten er komen. I forgrunnen ser vi ein person som er plassert i det gylne snittet nedst til høgre. Vidare i bakgrunnen har vi det gule treet plassert i det gylne snittet. Denne typ bruk av det gylnet snitt gir som tidligare skrive ein balanse til biletet. I biletet er der også to horisontale parallelle linjer; den linja skyene over fjella skaper, og den linja bilvegen lagar. Desse linjene gir stabilitet og ro i biletet, inn i mellom alle dei pulserande elementa.

ISO-verdien er relativt lav fordi der var mykje naturleg lys ifrå før av, lukkertida er rask (les: raskare enn på forge bilete fordi bilane beveger seg raskare enn stega til personen på biletet ovanfor) fordi eg ville få med detaljane i rørsla til bilane. Eg ser dog i ettertid at det kunne ha vore eit godt verkemiddel å ha brukt ei lavare lukkartid for å få bilane sin bevegelse til å bygge meir under “byens” pulserande kjensle. Brennvidda er den same som på biletet ovanfor, for å få med fleire element og kunne plassere dei i det gylne snittet. Blenderåpninga er relativt lav, men ikkje så lav at bakgrunnen blir uklar eller skapar støy.


I del B skulle vi ta fire ulike bileter i valfri sjanger og med valfritt tema. Vi skulle benytte symmetri, asymmetri, linjer og kontrast for å komponere bileta, med fokus på eit av verkemiddela i kvart bilete. Deretter skulle vi greie ut om kvifor vi valde å ta bileta vi tok utifrå fototeori og kva det gjer med korleis vi oppfatter biletet.

 Asymmetri


ISO-verdi: 400     Blenderåpning: f/4     Lukkertid: 1/400     Brennvidde: 27mm

På dette biletet ser vi to tre i ulik høgd plassert på ei mark, og i bakgrunnen ser vi eit vatn og nokre fjell. Det første eg vil nemne i samband med dette biletet, er at himmelen blei overeksponert på grunn av ISO-verdien i samband med det naturlege lyset.
Plasseringa til trea gjer at biletet er asymmetrisk, og der er også ein storleikskontrast og fargekontrast mellom trea. Trea skaper også ei vertikal linje i biletet noko som gir inntrykk av vekst og styrke. Det at biletet er på høgkant forsterkar også kjensla av høgde og styrke. Der er også to andre linjer i biletet, linja ved graset og vatnet, og linja som er ved fjella og himmelen. Desse linjene er like “tunge” i den forstand at dei dekkjer like mykje luft i bunnen og toppen av det høgaste treet.

Biletet har lav blenderåpning for å gi størst fokus på trea i forgrunnen, lukkertida er rask på grunn av potensiell støy av rørsle i vatnet og brennvidda er høg for å få nok luft rundt treet.

LinjerISO-verdi: 400     Blenderåpning: f/4     Lukkertid: 1/250    Brennvidde: 28mm

På dette bildet kan du sjå eit stort tre som ligg til venstre, ein sti som er til høgre og ein del skog rundt. Treet og stien skaper to parallelle linjer, som skaper rørsle i biletet. Bildet vil sikkert bli oppfattet som ein smule kaotisk – dette er fordi der er to typer linjer i dette biletet; treet og stien er horisontale, medan alle kvistane og greinene som stikker ut ifrå treet, samt alle trea i bakgrunnen er vertikale. Det store liggjande treet er veldig tungt i biletet, og med alle dei vertikale linjene i tillegg, blir det ubalanse i biletet. Elles er biletet teke med middels ISO-verdi, noko som burde ha vore stilt ned på, sidan det glimtet vi ser av himmelen i bakgrunnen ser overeksponert ut. Blenderåpninga er lav, noko som større fokus på framgrunnen enn bakgrunnen. Lukkertida er kurrant, og brennvidda er stilt slik for å ikkje få med enden av treet, for å gi ein lik “start” på linja som stien har.

  

 SymmetriISO-verdi: 400     Blenderåpning: f/4     Lukkertid: 1/400     Brennvidde: 18mm

 På dette biletet kan du sjå ei rekkje med fjell og himmelen som speglar seg i vatnet. Speglinga gjer at biletet er symmetrisk. Brennvidda er litt lav for å kutte biletet rett, i samband med å få med like mykje av fjellet både oppe og nede. Lukkertida er rask for å unngå potensiell støy av rørsla i vatnet. Endringar i både blendaropninga og ISO-verdien kunne moglegens gjort biletet betre teknisk; mindre overeksponering, og meir fokus på bakgrunn. Tyngda i biletet ligger på det største fjellet som er til høgre, men der er framleis balanse i bildet pågrunn av den horisontale linja som er midt i biletet, der skillet mellom spegling og realitet er.

 

Kontrast

ISO-verdi: 100     Blenderåpning: f/10     Lukkertid: 1/160     Brennvidde: 30mm

På bildet ser vi ein lyktestolpe med himmel som bakgrunn. Lyktestolpen er i midten av biletet, noko som gjer at det er balanse i biletet. Den skapar også ei vertikal linje i tillegg til at det er på høgkant, som gir inntrykk av høgde, styrke og vekst. Kontrasten eg vil fremme i dette biletet er fargekontrast og formkontrast: dei harde linjene til lyktestolpen, imot dei mjuke formene til skyene i bakgrunnen, i tillegg til kontrasten mellom den rette linja på stolpen og den runde lykta på toppen av stolpen. Så har vi fargekontrasten mellom den svarte/mørke stolpen og den kvite/grå bakgrunnen(skyene). Den runde lykta blir også eit stoppunkt i biletet.

ISO-verdien er låg, fordi der var veldig mykje naturleg lys ifrå før av. Blenderåpninga var relativt høg, for å få dybdeskarpheit.