Arbeidskrav 2b – teori – retorisk analyse

Arbeidskrav 2B – Retorikk

WWFLUNGS

I denne oppgåva skal eg ta for meg eit bilete av WWF og gjere ei retorisk analyse av det. Biletet er teke/redigert av World Wide Fund for Nature. WWF er ein internasjonal natur- og miljøvernorganisasjon med nettverk i meir enn 100 land.

Vi blei delt inn i dei same gruppene som vi ha når vi laga ei semiotisk analyse. Grunnen til at eg skal gjere ei retorisk analyse av dette biletet, er for å sjå kva verkjemiddel som er brukt og kva meininga med biletet er. Eg skal no gå djupare inn på det denotative og konnotative, den dokumentariske effekta, retoriske nærveret, retoriske realisme, retorisk umiddelbarheit og retorisk fortetning, etos, patos og logos.

Teori

I eksempelet med “People´s Temple” var retorikken den komunikasjon som Jim Jones utførte. De taler han holdt og de tekster han skrev. Slik praktisk retorikk, det å overbevise og påvirke hverandre, utfører vi hele tiden. Vi forsøker å overtale våre venner til å se en film i stedet for en annen. Vi forsøker å overbevise våre ektefeller eller samboere om at vi utfører vår del av husarbeidet. Andre forsøker å få oss til å stemme på et bestemt parti, bygge en bro, kjøpe en vare eller støtte en organisasjon. Alt dette er praktisk og anvendt retorikk på samme måte som den antikke oratorens utfoldelser på talerstolen. På latin brukes uttrykket rhetorica utens om slik anvendt retorikk. Som adjektivbetyr utens egentlig “å ha penger å bruke”. Ordet er i familie med utilitas som betyr nytte. Det er altså snakk om kommunikasjon i bruk. (Kjeldsen 2009. s 15) Eg skal no gjere ei retorisk analyse av biletet slik vi kjem under “huda” på det og får sjå kva verkjemiddel som er brukt.

Denotasjon og konnotasjon

Det er to sentrale begrep når det gjeld generelt ei analyse av eit bilete. Denotasjon er det ein verkeleg ser på biletet. “den første, “direkte” betydningen” (J.Gripsrud, 2011, s119) Den er alltid fastsett, og kan ikkje forvekslast med assosiasjonar eller personlege opplevingar.

Konnotasjon, “den andre, “indirekte” betydningen” (J.Gripsrud, 2011, s 119) er slik vi assosierer og eller tolkar biletet. Om to personar ser på same biletet, kan dei ha to fullstendig forskjellige tolkingar. Ved eit eksempel, eit bilete av world trade center, der ein veldig ung person ser på biletet og tenkjer at det der er høge og nydelege bygningar, som passar fint inn i byen. Kan ein eldre person sjå på biletet og tenkje på 11/9-2001. Kanskje han/ho hadde ein bekjent som jobba eller var i New York når det skjedde. At personen har tidlegare erfaringar og livserfaringar som gjer at ho veit kva slags som skjedde den dagen.

Ein viktig del av bakgrunnen for at skiljet mellom denotasjon og konnotasjon blei lansert, var at tegna sitt innhald er omskrifteleg i tid og rom, og ikkje endegyldig fastslått ein gong for alle i ein absolutt binding mellom eit uttrykk og eit bestemt innhold. Same uttrykk kan tyde forskjellige ting for ulike menneske til ulik tid. Det som ein gong ha positive konnotasjonar, kan i ei anna tid ha negative. (J.Gripsrud, 2011, s 119)

Dokumentarisk effekt

Bilder kan fungere som stadfestende indeksikalsk bevis og utfører dermed en dokumentarisk funksjon. Vanligvis utrøres denne funksjonen visuelt gjennom en fotografisk avbildning hvor den indeksikalske forbindelsen til det viste fungerer som bevis både for at noe er skjedd, og hvordan det er skjedd. (Kjeldsen 2009. s 269) Eit fotografi er altså ein representasjon av verkelegheita og fortel om noko som skjer eller har skjedd.

Retorisk nærvær

At det nære virker sterkere, skyldes en tett sammenheng mellom nærhet, viktighet og handling. Jo nærmere noe er, desto mer berører det oss, desto viktigere virker det og desto sterkere inviterer det til handling. (Kjeldsen 2009. s 281) Retorisk nærvær handlar om dei kvalitetane i ei handling som spelar på noko som er personleg nære mottakaren. For eksempel om eg ser eit bilete i lokalavisa om eit bil-kræsj, vil det berøre meg meir enn at eg ser eit bilete i ei anna lokal avis i noreg.

Retorisk realisme

Bilder kan skape to former for retorisk realisme. Den ene er ikonisk. Det vi si at bildet er realistisk i den forstand at det ligner det som er avbildet, eller har en viss form for virkelighetspreg. Et bilde med ikonisk retorisk realisme vil fremkalle responser som minner om dem det viste vile ha fremkalt i virkeligheten…Den andre formen for retorisk realisme er den indeksikalske. Denne forekommer i bilder som fungerer som et avtrykk av virkeligheten. (Kjeldsen 2009. s 283) Det handla om biletes evne til å framstille verkelegheita, entan det biletet representerar, eller gjennom det vi ser.

Retorisk umiddelbarheit

Visuelle kunstverkers umiddelbare påvirkning kjennetegnes av noe intuitivt: “et kunstverk orverrasker oss alltid; det har utrettet sin virkning før vi er bevisste om dets nærvær”.39 Visuelle kunstformer appellerer ikke til den bevisste persepsjon eller tanke, men til den intuitive oppfatning av følelser. Vi kan kalle det for 2sanselig umiddelbarheit”.40 (Kjeldsen 2009. s 284) Umiddelbarheita finst naturlegvis ikkje berre i store kunstverk, men også i naturlege vanlege daglegdagse bileter.

Retorisk fortetning

Vi kan si at et bilde har retorisk fortetning når det oppfattes i et umiddelbart nå – nærmest i et øyeblikks eksplosjon av inntrykk og mening. (Kjeldsen. 2009. s 285) Det handlar om den umiddelbare oppfatninga mottakaren får av biletet og det som biletet representerar. Situasjonen viser kanskje noko, men kan vise indirekte til noko anna.

Etos, patos og logos

For det første, skriver Aristoteles, 18 kan overbevisning skje gjennom talarens karakter (ethos): “Talerens karakter gjør sin virkning når talen fremføres slik at den gjør taleren troverdig” (Kjeldsen 2009. s33) Truverd er viktig om ein skal overbevise nokon. For eksempel så har ein større sjangs å tru på ein tannlege som anbefalar ein tannkrem, enn ein tilfeldig person. Ein skapar ei slik truverd gjennom erfaring, kunnskap, engasjement og gode hensikter.

For det andre skjer overbevisning gjennom tilhørerne “når talen setter dem i en viss sinnsstemning” (pathos). (Kjeldsen 2009. s 33) Legen kan fortelle ei historie om ein person som ha fått råtne tenner etter at han ikkje brukte den tannkremen som han anbefalte. Patos spelar på kjensler, gjennom positivt eller negativt ladde ord.

For det tredje skjer overbevisning gjennom “selve det som sies” (logos), når vi på basis av de overbevisende momenter i hvert enkelt tilfelle demonstrerer sannheten eller det som synes sådan”.(Kjeldsen 2009. s 33) Logos spelar då på fornuft og rasjonalitet. Gjennom fakta og påstandar som kan dokumenterarst, etterprøvast og kontrollerast.

Analysedelen

Denotasjon

Vi ser eit ope landskap med kun sentrerte plassar med skog. To midtstilte større skogar. Vi kan sjå at ein liten del av skogen er borte. Der brunfargen er,  ser vi jord, menneske, bilar og felte tred. Nederst til høgre i biletet ser vi ein panda med bokstavane WWF under seg.  Til venstre for logoen står der «Before it´s too late, wwf.org».

Konnotajson

På biletet ser vi ein skog som er delvis høgd ned. Dei to “skogane” vi ser på biletet er forma som lungene til eit menneske. Du kan assosiere det med at om ein høgg ned skogen, så forsvinn livet. Tred og skog skapar oksygen, samme som lungene gjer. Slik at vi er heilt avhengig av regnskogen

Dokumentarisk effekt

Biletet syner at regnskogen er ikkje slik den ein gong var. Dei to sentrale skogane i midten, som representerar «lunger», manglar ein del på høre sida av seg. Å mangle ein del av lunga er ikkje bra. Dette er noko menneska har gjort i hundrevis av år (å høgge ned regnskogen). Elva og vatnet som har rent gjennom skogen har tørka vekk på grunn av at trea og graset er overkjørt og røska vekk av menneska. Dette gjer då at plassen der det er brunt er alt liv borte og alt dødt.

Retorisk nærvær

Dette biletet har eit retorisk nærvær fordi vi alle har lunger og vi i den vestlige delen av verda kan kjenne retorisk nærheit i biletet med tanke på regnskogen som må reddast før den forsvinn heilt. Gjer vi ikkje noko no, så forsvinn regnskogen, noko som gjer at oksygen som blir skapt gjennom planter og tred forsvinn, og vi døyr ut til slutt utan.

Retorisk realisme

Ikonisk realisme:  Ikonisk realisme baserar seg på at biletet er realistisk i den forstand at det har ei viss form for verkelegheitspreg – det treng ikkje å vere det virkelege, men eit uttrykk som liknar virkelegheita og dermed skapar overbevisning og nærheit.                   Og slik ser det ut i biletet, det ser ut som ei avbildning av regnskogen. Biletet framstår realistisk, og fangar eit augeblikk som visar at vi må ta vare på regnskogen før den forsvinn, sakte men sikkert.

Indeksikalsk realisme: Den indeksikalske realismen er også stor, du får eit inntrykk i av at biletet er eit avtrykk av verkeligheita. Sida det er ei avbileting av regskogen, som mest sannsyneleg er redigert.

Retorisk umiddelbarheit

Vi oppfattar kva vi ser, vi ser at skogen er forma som lunger, og er på vei til å forsvinne, noko som liknar på død. I staden for å forklare biletet kjapt med ord ha det blitt ei “lettare” forklaring av ein skog som er på vei til å forsvinne. Du får eit meir emosjonelt “bilete” når du ser fotografiet, i staden for å få det forklart.

Retorisk fortetning

Dette biletet vil skape mykje fortetning for mange. er at det skal sjå moderne og ekte ut, men samtidig få fram budskapet sitt. Som er at høgg vi ned regnskogen, høgg vi liv.

Etos

Etos er eit verkemiddel som blir sterkt brukt i biletet, fordi WWF er ein internasjonal miljø- og naturvernorganisasjon. Som då skapar truverd gjennom si erfaring og kunnskap og si gode hensikt om naturen og miljøet på jordkloda.

Patos

Patos er også eit verkemiddel som er brukt i biletet, men kanskje ikkje så mykje som etos. Teksta nede til høgre seiar “Before it´s too late”. Som spelar på negativt ladde ord. Vi må gjere noko med regnskogen før det er for seint. Det er ikkje så mykje som skal til for kvar enkelt, men vi har fortsatt tid til å hjelpe.

Logos

Biletet spelar også på logos, som får mottakaren til å bruke sunn fornuft. Sjølvsagt må ein hjelpe regnskogen slik den ikkje blir nedhøgd. Vi treng den for å leve på denne jordkloda. Den brune delen på biletet er ein “påstand” som kan dokumenterast. Vi har alle sett eit bilete eller ein video av store areal med skog som er høgd ned. Gjennom dei “påstandane” kan vi etterprøve og gjere eit raskt søk på internett om regnskogen som blir høgd ned og få masse eksempel. Dette er tre sterke retoriske verkemiddel som blir brukt i biletet.

Konklusjon

I denne analysa har eg gjort ei retorisk analyse av biletet frå WWF, som vi i gruppa valgte når vi fekk ei gruppeoppgåve som skulle framførast. Med tanke på Jens E. Kjeldsen´s metodar og teoriar om retorisk analyse i boka “Retorikk i vår tid”. Eg har reflektert og referert Kjeldsen og Gripsrud for å få ei større forståing av verkemiddela som blir bruk i ei slik retorisk analyse.

Dette biletet hadde eg ikkje sett før vi valgte det. Difor var det spanande å få gå djupare og under “huda” på biletet for å sjå kva WWF har gjort i produksjon for å få mottakaren til å få vekt følelsane og fornufta i eit slik bilete.

 

Faglitteratur:

Jens E. Kjeldsen – Retorikk i vår tid – 2.utgave, 2009.

Jostein Gripsrud – Mediekultur, mediesamfunn – 2011.

 

Nettressursar:

WWF biletet : http://img.mota.ru/upload/wallpapers/source/2011/08/24/09/00/27381/P8Aq4aX0Yn.jpg

Design: Tidsmaskin

Tidsmaskin

I denne oppgaven skulle vi sammenligne et design i fra 1960-talet og nå.

Gruppen vår, Preben, Håkon, Espen, Ruben og Jeanette, valgte en Batman filmplakat i fra 1966 og en i fra 2012. I første omgang har vi tatt de to ulike plakatene og sett litt på førsteinntrykket vi fikk ved første øyekast.

 

Her er en oversikt over de forskjellige fargepalettene brukt i de to plakatene:

Batman 1966 fargeprofil

Dark Knight Fargeprofil

Førsteinntrykk og stemning

Selv om dette er to filmer med samme hovedkarakter er dette, basert på førsteinntrykk, snakk om to vidt forskjellig type filmer. Filmen i fra 1966 virker som om den har lagt hovedfokus på humor, og en får nesten assosiasjoner til et teaterstykke, mens “The Dark Knight Rises” spiller med på det mystiske. Plakaten i fra 1966 er kaotisk, men har friske farger og mye aktivitet. “The Dark Knight Rises” er i hovedsak dyster der en eksplosjon er det som gir farge til plakaten. I tillegg avslører plakaten svært lite om hva filmen handler om. Alle andre karakterer i filmen er også borte, som gir hovedfokuset på logoen og Batman selv.

Det går frem litt uklart hva Batman: The Movie handler om siden så mange karakterer er tilstede. Det eneste vi kan konkludere med er at alle bandittene er med i filmen.

I senere Batman filmer har de som regel valgt å fokusere på Batman selv.

 

Draktene:

Batman drakten i filmene er så ulike at man nesten ikke skulle tro de var samme “person”, det eneste som er likt på de to er flaggermusmasken som de har på hodet, og noen likheter i beltet som han har rundt livet. Drakten fra filmen på 60 tallet virker mer som et teaterkostyme da det ikke virker som det er satt sammen av noe spesielt annet enn noe

man kunne ha laget hjemme, mens filmen fra 2012 er mye mer profesjonelt designet og ser mye bedre ut enn den andre. I film 1 (60) så sitter drakten slapt rundt kroppen og skuespilleren er ikke akkurat av det sterkeste laget, han er ganske rund og lubben mens i film 2 (2012) å er drakten mye mer designet for å fremme styrke og vise frem mest mulig muskler. Drakten virker mye mer badass ut og drakten gir et mye mer skremmende uttrykk enn film 1. Fargene er også fjernet fra drakten, i den første så har han tre farger rød gul og svart (blåish), mens i film 2 så går det mer i svart og gråtoner, som gjør han mer mystisk og skremmende, mens film 1 ser mer komisk ut. De har altså forlatt komedien som den originale Batman filmen var og har gått over til å være mye mer alvorlig.

 

Farger:

I «Batman: The movie»-plakaten, har de brukt fargene gul, «himmelblå», rød, grønn, hvit og sort. Denne sammensettingen gjør at de skriker mot deg, som var eit fellestrekk på 60-talet. Det gjer at ein fikk ein litt meir «humoristisk» sans av plakaten.

 

I «The Dark Knight Rises» blir fargane svart, låveraud, kvit, brun, ein slags beige og ein slags granateple farge. Dei mørke fargane gjer at det blir ei mørk og dyster stemning. Dei er også ganske like og blandast mykje betre, noko som gjer at det er lettare for auget å sjå på og det blir meir interresant.

 

Plakatene viser til når de ble laget

Fram til 1960-tallet var de fleste filmplakater illustrerte plakater. De inkluderte ikke bilder fra filmen eller av hovedpersonene, men detaljerte og virkningsfulle illustrasjoner av disse.

Fra 1960-tallet skjedde en forandring. I løpet av dette tiåret begynte man å legge inn bilder av skuespillere i plakatene. Fonten ble også viktigere og lagt mer vekt på. Den skulle ikke lenger være bare til informasjon, men også skape en stemning om filmen.

 

I plakaten fra “Batman: The movie” fra 1966 ser vi dette tydelig. De har fotografert de viktigste skuespillerne og lagt det til i plakaten. Fonten for filmtittelen er også lagt mye mer arbeid i enn en vanlig plakat fra før 1960. Men tegn fra tidligere tider er også tydelige, da mye av plakaten fremdeles er illustrert, og tekstboksen med informasjon om skuespillerne og andre medvirkende ikke er lagt mye vekt på (“Creative Overflow,” 2011)

 

Plakaten til “Batman: The Dark Knight Rises” er mye mer moderne. Har har man brukt et bilde av hovedpersonen, og ved hjelp av moderne hjelpemidler har man laget Batman-logoen i bakgrunnen. I motsetning til den andre plakaten, som prøver å stappe så mange elementer inn som den kan, er denne plakaten sparsommelig, og tittelen, og selv den informative teksten er ganske liten og så-og-si anonym. Fokuset ligger i det visuelle som er sentralt i bildet, mens det som er rundt er mørkt og tilsynelatende uviktig. Mest av alt er plakaten designet med moderne smak i baktankene. Den tar hensyn til det som blir sett på som tidens “normal” innen plakat-design, i motsetning til den gamle der den måten å produsere en plakat på var ny og banebrytende. Den ser nok gammel og umoderne ut nå, men om 50 år så tenker sikkert en ny generasjon mennesker akkurat det samme om plakaten til “The Dark Knight Rises” (“Creative Overflow,” 2011).

 

Fokus:
På 60 tallet var film plakater fremdeles temmelig nytt av yrke. Mange av plakatene var svært inspirert av teater plakater. Dette ser vi også her på denne plakaten frå 1966. Det virker som om at plakaten ikke vet hva den vil fokusere på. Komposisjonen er satt opp slik at øynene ikke får noe anker i designet. De ulike elementene på plakaten er godt separerte, men øyet blir ikke dradd til noen av de. Like mye oppmerksomhet er gitt til logoen som til skurkene på båten, personene i framgrunnen og Batman selv. Også listen over skuespillere har fått en stor plass på designet.

Vi kan nå ta å sammenligne dette med The Dark Knight Rises plakaten. Her er ikke fokuset på karakterene, men heller på stemningen. Der er brukt mindre farger, og der er et veldig bestemt fokus på batman sitt hodet og dette får de til ved å ha den flaggermus formede himmelen i bakgrunnen som en ramme. Her er også brukt mindre tekst størrelse, og veldig anonym tekst for at den ikkje skal dra oppmerksomhet fra motivet på plakaten.

 

Font:

Det er ikke brukt et stort utvalg av fonter på noen av plakatene. På begge er det brukt en kombinasjon av en eller annen grotesk font, og den typiske film plakat fonten Triple Condensed Gothic Light, som vi ser på skuespiller listen. Den groteske fonten som er brukt på Dark Knight Rises plakaten ser ut til å være en Franklin Gothic font. Logoen til 1966 plakaten er bøyd så det er litt vanskelig å se hva som er brukt der. Ellers er det også brukt litt forskjellige fonter på logoene til DC Comics, Warner Bros og andre assosierte med filmen, men dette var ikke mulig å endre, så det går jeg ikke inn på.

 

Budskap:

I form av budskap er de to svært forskjellige. Den første filmen, som nevnt før, ligner veldig på teater plakater. Plakaten har et veldig humoristisk, nesten litt useriøst uttrykk. De har brukt batman i tekst, og i form av logo, veldig aktivt for å vise, og introdusere, folk til hva dette handler om. Det er derfor vi også ser mange av karakterene, plakaten ville formidle mye informasjon på en gang. Dark Knight Rises plakaten bruker mye mindre plass på å formidle ting som karakterer, og hva det handler om. I motsetning til 60 tallet, kjenner nå alle til Batman, derfor er det ikke nødvendig å skrive superhelt namn, eller vise til logoen noe mer enn himmelen i bakgrunnen som viser abstrakt til denne formen. Der er mye mer fokus på stemning, og plakaten prøver å gi seerne forventninger om en mørk og dyster action film.

 

Kilder:

 

Font:
Da Font (29. januar 2011). Hentet 5. november 2015 fra http://www.dafont.com/forum/read/5633/what-s-the-font-for-movie-credits

Font Meme (ukjent publiseringsdato). Hentet 5. november 2015 fra http://fontmeme.com/the-dark-knight-rises-font/

Batman: The Movie (1966) plakat
http://www.imdb.com/media/rm4123051520/tt0060153?ref_=tt_ov_i

Batman: The Dark Knight Rises (2012) plakat:
http://www.thedarkknightrises.com/downloads.php

Om plakatdesign
Creative Overflow (5. mai 2011). Hentet 5. november 2015 fra creativeoverflow.net/the-90-year-evolution-of-movie-posters/

 

Gruppeoppgåve – Retorikk

WWFLUNGS

Vi blei delt inn i same gruppene som vi ha når vi laga ei semiotisk analyse. No skal vi lage ei retorisk analyse av eit bilete.

Denotasjon

Vi ser eit ope landskap med kun sentrerte plassar med skog. To midtstilte større skogar. Vi kan sjå at ein liten del av skogen er borte. Der brunfargen er,  ser vi menneske, bilar og felte tred. Nederst til høgre i biletet ser vi ein panda med bokstavane WWF under seg.  Til venstre for logoen står der «Before it´s too late, wwf.org».

 

Konnotajson

På biletet ser vi ein skog som er delvis høgd ned. Dei to “skogane” vi ser på biletet er forma som lungene til eit menneske. Du kan assosiere det med at om ein høgg ned skogen, så forsvinn livet. Tred og skog skapar oksygen, samme som lungene gjer. Slik at vi er heilt avhengig av regnskogen

Dokumentarisk effekt

Biletet syner at regnskogen er ikkje slik den ein gong var. Dei to sentrale skogane i midten, som representerar «lunger», manglar ein del på høre sida av seg. Å mangle ein del av lunga er ikkje bra. Dette er noko menneska har gjort i hundrevis av år. Elva og vatnet som har rent gjennom skogen er har tørka vekk på grunn av at trea og graset er overkjørt og røska vekk av menneska. Dette gjer då at plassen der det er brunt er alt liv borte og alt dødt.

Retorisk nærvær

Dette biletet har eit retorisk nærvær fordi alle har lunger, og alle veit kva som skjer om heile regnskogen forsvinn. Vi forstår kva som skjer når vi regelrett øydelegg naturen.

Retorisk realisme

Ikonisk realisme:  Ikonisk realisme baserar seg på at biletet er realistisk i den forstand at det har ei viss form for verkelegheitspreg – det treng ikkje å vere det virkelege, men eit uttrykk som liknar virkelegheita og dermed skapar overbevisning og nærheit.                   Og slik ser det ut i biletet, det ser ut som ei avbildning av regnskogen.

Indeksikalsk realisme: Den indeksikalske realismen er også stor, siden det er ei avbilding av regskogen, som mest sannsyneleg er redigert.

 

Retorisk umiddelbarheit

Vi oppfattar kva vi ser, vi ser at skogen er forma som lunger, og er på vei til å forsvinne, noko som liknar på død.

Retorisk fortetning

Biletets fortetning er at det skal sjå moderne og ekte ut, men samtidig få fram budskapet sitt. Som er at høgg vi ned regnskogen, høgg vi liv.

 

CSS3 Veke 43

I forrige CSS time vart vi delt inn i forskjellige grupper som fikk kvar sine element til å vise fram til resten av klassa. Gruppa mi fikk text effect, font og multiple columns. Eg har re-designa ei side eg laga frå starten av, som ser nydeleg ut.

 

https://minerva.hivolda.no/~prebensa/MID131/CSS/redes3.html

Arbeidskrav 2a – Tekstanalyse

Arbeidskrav 2a – Tekstanalyse

<> on October 10, 2014 in Monrovia, Liberia.
<> on October 10, 2014 in Monrovia, Liberia.

 

Denne oppgåva tek for seg ei analyse av eit bilete som vart teken den 10. oktober. 2014. Av fotografen John Moore/gettyimages ( http://www.gettyimages.no/detail/news-photo/woman-crawls-towards-the-body-of-her-sister-as-ebola-burial-news-photo/456999956 ) Grunnen til at eg skal lage ei analyse av dette biletet, er for å få eit betre innsyn i meininga og bodskapen ved biletet. Eg skal no gå djupare inn på og fokusere på det denotative, konotative, konteksta, symbol, ikon og indeksen i biletet.

 

Dette var i utgangspunktet eit gruppearbeid som vi fekk utdelt i teoritimen. Der vi skulle gjere ei semiotisk analyse av ei sjølvvalgt web-side og eit sjølvvalgt bilete. Gruppa vår “brainstorma” ei stund før vi valgte dette biletet. Biletet vi gjekk for, er ikkje ei reklame, men eit syn på den verkelege verda.

Eg startar no med å forklare det teoretiske og generelt kva ei analyse er, for så å gå vidare på denotasjon og konnotasjon. Så avsluttar eg med å skrive om kontekst, som handlar om bakgrunnsinformasjon, symbol, ikon og indeks.

 

Teori

Ein analyse er ein systematisk metode for å undersøkje eller forske på korleis ei stoffmengd eller eit sakskompleks er sett saman ved å dele det opp i mindre einingar. Ordet “analyse” kjem frå det greske ordet “analysis” og tyder oppløysing. (Wikipedia – sjå litteraturlista) Kvifor analyserar vi? Fordi det er interessant, og å kome under “huda” i eit bilete eller ei tekst.

 

Denotasjon og konnotasjon

Er to sentrale begrep når det gjeld analyse av eit bilete. Denotasjon er det ein verkeleg ser på biletet. “den første, “direkte” betydningen” (J.Gripsrud, 2011, s119) Den er alltid fastsett, og kan ikkje forvekslast med assosiasjonar eller personlege opplevingar.

Konnotasjon, “den andre, “indirekte” betydningen” (J.Gripsrud, 2011, s 119) er slik vi assosierer og eller tolkar biletet. Om to personar ser på same biletet, kan dei ha to fullstendig forskjellige tolkingar. Ved eit eksempel, eit bilete av world trade center, der ein veldig ung person ser på biletet og tenkjer at det der er høge og nydelege bygningar, som passar fint inn i byen. Kan ein eldre person sjå på biletet og tenkje på 11/9-2001. Kanskje han/ho hadde ein bekjent som jobba eller var i New York når det skjedde. At personen har tidlegare erfaringar og livserfaringar som gjer at ho veit kva slags som skjedde den dagen.

 

Ein viktig del av bakgrunnen for at skiljet mellom denotasjon og konnotasjon blei lansert, var at tegna sitt innhald er omskrifteleg i tid og rom, og ikkje endegyldig fastslått ein gong for alle i ein absolutt binding mellom eit uttrykk og eit bestemt innhold. Same uttrykk kan tyde forskjellige ting for ulike menneske til ulik tid. Det som ein gong ha positive konnotasjonar, kan i ei anna tid ha negative. (J.Gripsrud, 2011, s 119)

 

Kontekst

For å få ei grundig analyse og å forstå meininga og historia bak eit bilete er kontekst eit sentralt virkemiddel. Kontekst er historia bak biletet, når var det teke, kor i verda er biletet frå. Rett og slett informasjonen bak biletet, og felles sosial kunnskap.

Kontekst betyr direkte oversatt med-tekst. Dette dreiar seg om at teksta sine sosiale omgivelsar klingar med i teksta og at kunnskap om dei ofte er ei forutsetning for å forstå den over-hovudet. (J.Gripsrud 2011, s146-147)

 

Om vi ser for oss det kjendte biletet under her, med basketball-laget der dei sit på trappa med eit såkalla “hakekors” på brystkassa, kan tolkast feil om du ikkje har bakgrunnsinformasjon om det. Swastika, som det heiter, “hakekorset” blei brukt i ein religiøs samanheng før andre verdskrig og betyr “lykkebringar”.indiansklag

Symbol

Symbol bygg på tidlegare erfaringar, kunnskap, språk, altså konvensjonar. Eit døme på eit symbol kan vere eit kvitt flagg i krig, som betyr fred eller overgivelse.

 

Ikon

Eit ikon er noko som skal likne på det vi skal formidle. Det viser oss nøyaktig det som er meininga at vi skal tenkje på. for eksempel biletet av ein mann på herretoalettet og ei kvinne med skjørt på dametoalettet.

 

Indeks

Indeks treng ikkje å likne på det vi skal fortelje, men det har ein opplagd samanheng med det som det skal formidle. eit eksempel kan være røyk, som ikkje kjem av seg sjølv, som har ei kilde, som er flamme.

 

Analyse

No skal eg gjere ei analyse av biletet som er teken av fotografen John Moore. Først og fremst startar eg med å bruke omgrepa og teorien eg har nevnt tidlegare i teksta, for å få ei best mulig analyse av biletet.

 

Denotasjon

Som i biletet teke av John Moore, ser vi ei dame som ligg på alle fire og strekk seg mot ei båre. Vi ser tre kvitkledde menn som er fullstendig innepakka i dress, hanskar, og briller. Båra som dama strekk seg mot er pakka inn i plast. Dama er mørkhuda, utan sko og lite kledd. Husa ser ikkje skikkeleg bygde ut. Sand på bakken. Sol.

Her er det vi verkjeleg ser på biletet, det fortel ikkje noko om informasjonen eller historia bak biletet. Dei denotative tydingane vil meir eller mindre vere fastsette og opplevast likt uansett bakgrunn. Medan dei konnotative tydingane vil variere i all kommunikasjon. (J.Gripsrud 2011. s120)

 

Konnotasjon

Når vi ser på biletet kan det sjå ut som om der ligg ein død person på båra. Kvinna strekk febrilsk etter med ei hand, så det kan tenkjast at ho har ein relasjon til personen på båra. Personane som ber båra brukar kvite dressar, noko vi kjenn til gjennom spredning av eit virus eller epedemiar. Husa er ikkje av noko god kvalitet/standard, kvinna er mørkhuda og barføtt. Så vi kan tenkje oss at det er i eit afrikansk land. Vi kan gå ut i frå at det er ein epedemi.

I den konnotative delen prøvar vi å sjå på detaljane og finne ut kva som er historia bak biletet. Men det er viktig i følgje J. Gripsrud og å skilje mellom konnotasjonar og assosiasjonar.

Det er forøvrig viktig å notere seg at konnotasjonar må skiljast frå assosiasjonar. Konnatasjonar er kulturelt etablerte, kodifiserte, felles-assosiasjonar om en vil, mens assosiasjonar er individuelle, personlege. (J.Gripsrud 2011, s120)

 

Kontekst

Vi undersøkte historia bak biletet, altså konteksta. Og der fann vi ei litt “spesiell” historie bak biletet.

Ei kvinne kryp mot kroppen til det som ein gong var systera hennar, Meki Nagabe. Ei gruppe lokale hjelparar er på veg til å føre liket til 28 åringen vekk til kremering. Dette hende 10. Oktober, 2014. i Monrovai i Liberia. I fylgje nære slektningar var Nagame, som til dagleg jobba på ein marknad, på veg til eit lokalt hjelpesenter då ho kollapsa og døydde utanfor sin eigen heim, tidleg den morgonen. Tradisjonen om å gravleggje sine nærmaste er svært viktig i Liberiansk kultur. Noko som gjer at dei som har blitt smitta, blir kremert for å hindre vidare spreiding av viruset, blir ei enda større påkjenning for dei etterlatte. Verdens Helse Organisasjon (VHO) meinar at så mange som 4000 menneske i Vest-Afrika har døydd som fylgje av Ebola epedemien. (John Moore, faktaboks i biletet, sjå litteraturliste)

 

Symbol

Som nevnt tidlegare bygg symbol på konvensjonar, altså tidlegare erfaringar, språk, kultur osv. Dei tre personane i biletet har på seg kvite dressar og briller som symboliserar smittefare, ønske om å forbli frisk men samstundes hjelpe dei som er i nød. Ansiktsuttrykket til kvinna er eit symbol på sorg. Båra er eit symbol på at nokon har skada seg.

 

Ikon

Som nevnt tidligare er ikon noko som liknar på det vi skal vise fram. Som også nevnt tidligare i symbol, så er båra også eit ikon. Båra som er heiltrekt av pressening blir assosiert med skade og/eller dødsfall. Personane i dei kvite draktene er eit ikon for smittefare.

 

Indeks

Som sagt tidligare treng indeks ikkje å likne på det vi skal fortelje, men det skal ha ein opplagd samanheng. Annsiktsuttrykket til kvinna, “posituren” hennar om vi kan kalle det det, er ein indikasjon på sorg og desperasjon som er ein indeks på ei tragedie eller eit dødsfall.

 

Bodskapet

I biletet kan du forstå bodskapen på forskjellige måtar. Utan at du veit konteksta kan du forestille deg at bodskapen er at ein må hjelpe fattige ved å sende pengar, medisin og kle nedover til dei. Slik at dei får eit betre liv.

På den andre sida, når du får vite konteksta, får bodskapen ein litt annan vri. Vi må huske og ta godt vare på kvarandre og leve i nuet, nyte kvar stond og sekund vi har med kvarandre. For brått kan det være over.

Eit ganske brå vending i mellom bodskapen med og utan kontekst.

 

Oppsumering og konklusjon

Eg har no fyrst og fremst lært om akademisk skriving og prøvd så godt eg kunne å bruke relevant teori i oppgåvebesvarelsen. I denne oppgåva har eg fått prøve meg på akademisk skriving, oppsett og APA-stilen. Eg har jobba med å reflektere og referere andre for å få ei betre forståing av virkemidla som blir brukt i ei semiotisk analyse. Etter uttallige timar med tenking, skriving og grubling, har eg no forstått forskjellen mellom konnotasjon og assosiasjonar, og kor viktig ein kontekst er i ein analyse. Eg har definitivt lært mykje på svært kort tid, i og med at eg aldri har vore bort i slik skriving før. Problemstillinga handla først og fremst om å gjere ei semiotisk analyse av eit valgfritt bilete som ligg åpent på internett, med tanke på denotasjon, konnotasjon, kontekst, symbol, ikon og indeks.

Biletet i seg sjøl er kanskje ikkje det enklaste biletet ein kan analysere i si fyrste akademiske skriving, men eg har i alle fall prøvd så godt eg kan etter beste evne.

Faglitteratur

Jostein Gripsrud (2011) – mediekultur, mediesamfunn

 

Nettressursar

Analyse – Wikipedia: https://nn.wikipedia.org/wiki/Analyse

Biletet – http://www.gettyimages.no/detail/news-photo/woman-crawls-towards-the-body-of-her-sister-as-ebola-burial-news-photo/456999956

Swastika-biletet: http://indiancountrytodaymedianetwork.com/2012/06/26/swastika-day-organizers-point-symbols-native-origins-120654

 

Foto – Oppgåve 4

Vi fekk i oppgåve om å ta 4 bileter med forskjellige motiv. Det første var «sur høst», men at livet er greit for det.

Eg valde ein litt annan vri på dette biletet. Der alle kjenner til hausten, masse fargar, mørkare og mørkare, surt og kaldt.

Biletet er tatt tidleg ein morgon, der varme og nydelige fargar av sola kjem sakte men sikkert opp av horisonten. Når eg tok biletet tenkte eg akkurat dette, det er ein sur haust, men når eg får sjå denne sol oppgongen er livet greit for det.

IMG_5203-Edit

Bilete nr to skulle ver eit speilbilete.

Ein fin haustkveld i Ålesund, der det heldigvis var vindstille så eg fekk eit nydeleg speilbilete av båten og bygningane ved sjøen.speilbilde

 

Bilete nr tre skulle vere «vindu mot verden»

Her gjekk eg ein tur i parken og såg eit «vindu», innerama av nydelege haustfargar.

vindumotverden

 

Bilete nr fire var temaet «alene mot resten»

Her sit Kristian aleine på rekkverket og ser mot alle andre som er travle med sitt eget. «Sjølvsagt» uvanleg lite trafikk og folk i gatene..

aleinem

Redesign

Vi fekk i oppgåve å redesigne eit produkt som allereie er i butikken. vi fekk velje i mellom ein sjokolade, ein potetchips-pakke og ei hermetisk boks med spaghetti.

Eg valde potetchips´en frå X-tra.

pottis

Den fyrste skissa eg laga var denne.

IMG_2517

Der eg kunne få fram litt av «prosessen» av produksjonen av potetchips. Frå du ser potetene går gjennom kuttaren og dett ned i skåla som fersk potetchips. Eg fekk tilbakemeldingar om at det var ein kul idé som eg kunne bruke. Dei var litt spente på fargebruken på pakningen, men den har eg ikkje bestemt meg for enda.

Her er skisse nr 2.

 

IMG_2518

 

Her er ei litt betre teikna skisse, som med litt fargebruk og stødigare hand blir enda betre. Men dog ein del å forbetre på.

HTML Tag

Vi fekk i oppgåve om å finne ein tag som vi ikkje har lært oss enda.

<!DOCTYPE html>
<html lang=»no»>
<head><meta charset=»utf-8″></head>
<body>

<p>Havet er <span style=»color:blue;font-weight:bold»>blått</span> fjellet er  <span style=»color:brown;font-weight:bold»>brunt</span>.</p>

</body>
</html>

 

Havet er bl�tt fjellet er  brunt.

 

Link: http://www.w3schools.com/tags/tag_span.asp

Foto – Oppgåve 3

Vi fekk i oppgåve å ta bilete med forskjellig blendaråpning, forskjellig brennvidde og lang/kort lukkartid. Eg har aldri prøvd å trikse med innstillingane på kameraet før, så det tok si tid.

 

1.

ISO 200  –  120mm  –  F4  –  1/13

DSC_5160

 

ISO 200  –  70mm  –  F18  –  1/200rub2

 

 

2.

Her skulle vi ta tre bilete av ein medstudent med forskjellig brennvidde, der biletets meining endra seg for kvart bilete.

ISO 200  –  55mm  –  F25  –  1/60

je2

ISO 200  –  18mm  –  F22  –  1/60

je

Her står Jeanette og «kutter» hekken med ein ljå. På det fyrste biletet ser du henne med eit betenkt blikk, skifta vi brennvidda på kameraet får biletet ei heilt anna betydning, slik som eg gjorde her.

Her skulle egentlig vere eit bilete til, men eg har ikkje ei linse som let seg gjere å bruke større bennvidde. Ha eg hatt ei linse med fleire valgmuligheit, så ha du sett at ho ha kutta ganske mykje av hekken, og at der låg greiner på bakken.

 

 

3.

I denne oppgåva skulle vi ta to bilete, eit med rask lukkertid og eit med lang lukkertid

Biletet er av Ålesund på kvelden

Her er eit bilete med rask lukkertid. ISO 1600  –  18mm  –  F3.5  –  1/40.

foto4 – Versjon 2

 

ISO 1600  –  18mm  –  F20  –  30sek lukkertid

foto3

På det fyrste biletet ser vi Ålesund som ein litt dyster by. Lite lys og ellers ein trist by på kveldstid. På det andre biletet ser vi Ålesund med eit heilt anna blikk. Lys, munter og spanande. Rett og slett ein by du kunne ha tenkt deg å rusle deg ein tur i på kveldstid.

Så med lang lukkertid får du fram lyset på ein fin og varm måte, på kveld/nattestid.