Kritisk analyse – Red Balloon

«Red Balloon» er ein 13 minutt lang horror film av Damien Mace og Alexis Wajsbrot, den blei publisert i 2010 etter eit år med visning på ulike filmfestivalar.

Filmen handlar om ei ung jente som er barnevakt for vesle Dorothy. I løp av kvelden må den unge jenta stadig opp på romet til Dorothy fordi ho står i senga og gret.

Filmen startar bra med eit langt CGI one shot der vi får sjå kor vi er og kva menneske som er med i filmen. Fargar, vêr og lys setjer stemninga for sjangeren og vi blir introdusert til settinga for historia gjennom ein telefonsamtale ved barnevakta og ei venninde. Telefonsamtalen er eit enkelt og godt verkemiddel for å introdusere karakterane og historia, vi får kjapt all den informasjonen vi treng for å sjå vidare, dette er spesielt naudsynt med tanke på speletida på filmen. CGI’en ser av og til litt for datagenerert ut i mine auger og den andre one shot scena der kameraet bevegar seg inn og ut av huset gjennom hagen, verkar litt unødvendig.

I og med at underteikna er forferdeleg pysete såg eg berre halve filmen, og høyrde slutten, men fekk overhodet ikkje med meg kva som skjedde. Horror er diverre ein sjanger eg misslikar sterkt og held meg langt unna. Scener som berre er det for å skremje deg har eg aldri skjønt poenget med, og føler (utifrå det vesle eg har sett av diverse horror filmar) det er ein sjanger full av klisjear og dårleg historieforteljing. Eit kjapt google søk fortel meg at kaninbamsen i romet til Dorothy egentlig er ein mentalinstitusjonspasient ved namn Mr. Redford, og at han mest sannsynleg er faren til Dorothy.

Eg kan diverre ikkje gi noko god analyse av filmen sidan dette er ein sjanger eg ikkje taklar å sjå. På ein måte kan eg seie Mace og Wajsbrot fekk fram det dei ville med filmen, å skremme meg gjennom ei historie om ei barnevakt og bamsane til ei lita jente. Men så er eg heller ikkje noko godt eksempel.

Arbeidskrav 2B – visuell retorikk

 

Denne oppgåva tar for seg ei analyse av eit kampanjebilete av klesmerket United Colors of Benetton i samarbeid med Unhate Foundation, ein organisasjon som jobbar mot eit antihat-kultur gjennom kunst og reklame. Kampanjen blei lansert i november 2011. I analysa skal eg fokusere på den visuelle retorikken i biletet.  Fortsett å les Arbeidskrav 2B – visuell retorikk

Visuell retorikk

Overalt finst det bileter og visuelle utrykk som fungerar metaforisk, metonymisk eller på eit eller på eit anna tropologisk vis. Til dømes representerar ein tiger metaforiske kvalitetar som styrke, spenst og fart. Den franske semiotikeren Roland Barthes meinte at det eksisterer nokon generelle retoriske operasjonar som fungerar uansett uttrykksform, både i litteraturen og i biletet. Han meinte desse kunne finnast og klassifiserast ved hjelp av den retoriske figurlæra. (Kjeldsen, 2014)

Gruppa vår tok for oss eit kampanjebilete av United Colors of Benetton i samarbeid med Unhate Foundation, ein organisasjon som jobbar mot ein anti-hat kultur gjennom kunst og reklame. Kampanjen blei lansert i november 2011.

Fortsett å les Visuell retorikk

Arbeidsoppgåve 3 – HTML

Komprimering

Når ein legg ut bilete på verdsveven må ein gjerne komprimere dei for å laste dei opp, og slik at andre kan raskt laste dei inn gjennom nettlesaren sin. Ein tommelfinger regel for komprimering til web er gjerne at PPI (pixels per inch) er på  maksimum 72.

Skjermbilde 2015-10-01 kl. 23.46.58

Fortsett å les Arbeidsoppgåve 3 – HTML

Inntrykk og avisartikler

Bileter som gir inntrykk 

manncandy-cigarette

Sally Mann tar vakre, naturlege avkledde fotografi. Ho blei kjend gjennom prosjektet Immediate Family der ho tok bileter av barna sine. Det eg syns gjer bileta hennar spesielle er symbola, kjensla og den litt humoristiske ironien, som du blant anna kan sjå i dette biletet.
Dei estetiske grepa til Sally Mann appellerar også sterkt til meg, svart/kvitt tatt med 8×10 storformatskamera.

sallymann.com

Fortsett å les Inntrykk og avisartikler