MID128 arbeidskrav nr.1 “God/dårlig design”

Arbeidskrav nr.1 “God/dårlig” web-design
Eg har i dette arbeidskravet trekt fram to ulike heimesider med ulikt web-design.

I den første heimesiden har eg valt Rønningen Folkehøgskole som skal vere eit eksempel på ein “god” side med eit velfungerande og godt web-design.
I den andre heimesiden har eg valt Stryn kommune som eit eksempel på ein “dårlig” side med eit uoversiktlig og dårlig web-design.

Til arbeidskravet har eg tatt i bruk nokre retningslinjer:

  • Kven er målgruppen(e) til siden?
  • Skrifttype. Er den lesbar? Eller er den dekorativ?
  • Fargeval. Kvifor trur du desse fargane er valt?
  • Navigasjonsmenyen. Korleis verkar den?
  • Bildebruken
  • Kva bidreg elles til eit godt/dårlig inntryk når det gjeld webdesignet?


“Godt” web-design
Målgruppen for heimesiden til Rønningen Folkehøgskole er hovudsaklig rettet mot ungdom i alderen 19 år og oppover. Dette fordi denne gruppen nettopp er blitt ferdig med vidaregåande og som har planer om å ta seg eit friår før dei skal begynne på vidare utdanning. Eventuelt prøve seg innanfor fag som ein kanskje vil vidareutdane seg i.

I tillegg til ungdomar retter siden seg også mot begge kjønn og til mennesker med ulik kulturell bakgrunn.
Skrifttypen til heimesiden er både enkel og lesbar. Den framhever det som er nødvendig å vite for all informasjon om den enkelte linje. Det er brukt få skrifttypar noko som gjer at siden verkar oversiktleg og strukturert.
Fargevalet til siden er nøye planlagt og dei har brukt kombinasjonsfarger som går godt ilag. Det er brukt nøytrale farger som både framhevar overskirft, tekst, logo, meny, linker m.m. Fargen på logoen går igjen i andre opplysningar på siden. 
Navgiasjonen til siden er både enkel samt lett tilgjengeleg. Ein kjem raskt innpå dei sidene ein skal ved å trykkje på ein av undermenyane. Eit av føremåla til Rønningen Folkehøgskole sin heimeside er å få både unge og elre til å kunne navigere raskt fram og tilbake på dei enkelte sidene uten å rote seg bort.

Bildebruken til siden er både spennande, fargerik og noko av det som gir lyst til å undersøkje vidare.
Dei har brukt mange ulike bildetypar, alt frå stemnigsbilder, portretter, sportsbilder, landskapsbilder osv. Dette er også med på å gjere informasjonen spennande.
På nokre av undersiene er det lagt ut bilde slideshow slik at bildene vert vist i ein slags fim/presentasjon.

Eg tykkjer denne heimesiden presentere ein godt samansatt web-side med eit velfungerande web-design.
Den er brukarvennleg, informativ samt kreativt laget.

Link til heimesiden: http://www.ronningen.fhs.no/

 

“Dårlig” web-design
Målgruppen for heimesiden til Stryn kommune er hovudsaklig barn, unge og eldre. Her skal mykje informasjon om tenestane i kommunen formidlast.
Skrifttypen innpå siden er grei, men det er bruk mange ulike størrelsar som skaper eit rotete preg.
Det er også mykje skrift på siden slik at informasjonen lett vert borte.
Fargevalet er enkelt. Det er brukt få få farger og lite fargar for å framheve informasjonen.
Navigasjonen er på siden tungvind. Her må ein inn på fleire undersider for å nå fram til det ein leiter etter. Det er og uklart å vite korleis ein skal leite etter kva for informasjon.
Ein kan konkludere med å seie at sider som verkar opplagte er ikje gode nok.
Når det gjld bildene på siden kunne det vert brukt mange fleire som illustrerar dei ulike tenestane i kommunen.
Det hadde også vert med på å mjuke op i all teksten. Eks. under “Ung i Stryn”, her burde det ha vert bilder av ungdom i alle dei ulike tingene dei kan vere med på i kommunen. Slik som biblioteket, svømmehallen, ungdomskafè, idrettsparken osv.

Eg tykkjer heimesiden til Stryn kommune presenterer ein lite brukarvennleg web-side med eit lite velfungerande webdesign.
Den er rotet og vanskeleg å nå fram på. Her ligger ogå mykje gammal informasjon, noko som eg trur ikkje vert oppdatert jamnleg.
Siden framstår som kjedelig og uoversiktleg. 

Link til heimesiden: https://stryn.kommune.no/

One Response to “ MID128 arbeidskrav nr.1 “God/dårlig design” ”

  1. Hei, Simen!

    Du skriv engasjert og godt om sidene! Einaste eg kunne tenkt meg å lese litt meir om er dine tankar rundt kva fargane som er brukt på sidene evt. kan symbolisere. Vi snakka litt om dette i førsteklassa – at det ofte er ein “grunn” til at visse fargar er valt. Men eg synest du har gjort ein god jobb her!

    S :-)

Leave a Reply