MID128 arbeidskrav nr.2 Accessibility – tilgjengelegheit for alle

Arbeidskrav nr.2 ”Accessibility” – tilgjengelegheit for alle
Eg har i dette arbeidskravet funnet fram til ei norsk webside som eg tykkte hadde eit dårlig tilgjengelegheits potensiale.
I arbeidskravet har eg demonstrert ved hjelp av skisse og refleksjonsnotat korleis eg ville ha gjort denne websiden meir tilgjengeleg for alle, og har peika ut kva det er ved den noverande siden som ikkje fungerar godt ut i frå det som står i forskrifta på uu-skolen under universell utforming på nett.
http://uu.difi.no/veiledning/nettsider/uu-skolen

 

Siden til Superkul.no tykkjer eg framstår som ein uoversiktleg, rotete, dårlig oppbygd samt lite tilgjengeleg for alle.
Begynner vi med den øvste delen på siden ligger det eit slideshow av bilder som på meg verkar forstyrrande. Dette fordi det er brukt sterke fargar og andre effektar for å skulle hjelpe siden med å holde seg spennande og oppdatert.
På høgre siden er det blitt satt opp ein reklameserie som går nedover langs siden og som verkar lite gjennomtenkt, dette p.g.a at den tar opp store delar av plassen.

Hovudmenyen til siden tykkjer eg er grei, men ser på undermenyane som mindre interessante fordi mange av dei same varene går igjen på siden lenger nedover. Alt gjentar seg i slidemenyen på venstre side noko eg meiner vert bortkasta på ein slik webside kor kundane kan føle at dei vert overinformerte og kan “rote seg bort” på siden.
Bildene som ligg ute på siden viser varene og er framstilt på ein god måte tykkjer eg. Dette ser ein ved at dei fungerar godt samans med både prisbeløpet og funksjonen for “legg i handlekurven” ved sien av.
På sjølve forsiden finn eg det interessant i å sjå korleis dei har brukt bildene sine aktivt. Ved å halde musepeikaren over ein av varene vert bilde forstørret. Dette kan hjelpe personar som har svakt syn. 

Når det gjeld sidens kontaktinformasjon er eg i tvil om dens plassering er riktig i forhold til kundane. Personleg tykkjer eg den er blitt plassert tungvint sidan den er blitt lagt nederst på siden, noko som medfører at kundane må rulle seg nedover for å finne fram til den nyttige informasjonen. Dette kan vere med på å miste kundar samt medføre til mindre besøkjande til siden.

Skisse av den nye websiden
Arbeidskrav nr.2 Accessibility - tilgjengelegheit for alle (Skisse)I skissen til den nye websiden har eg tatt vekk det rullete bildeslideshowet som verka forstyrrande i byrjinga og har i staden plassert eit samansatt bilde (bildecollage) av nokre produkt/varer som skal verte solgt.
Eg har bestemt at det skal bli tatt i bruk dempande fargar (roligare) og med få effektar slik at siden opprettholder eit godt design.
Vidare har eg bestemt at all reklame skal tas vekk, dette fordi det verkar lite interessant og kan fort vere med på å miste kundane og deira kjøpslyst.

Eg har flyttet kontaktinformasjonen, søkjemotor og diverse andre linker til overmenyen.
Dette medverker til at kundane då får den informasjonen dei leiter etter med ein gong dei opnar siden.
Hovudmenyen med varene plasserte eg ut til venstre side og undermenyer når ein går innpå dei ulike. Eks. klede (undermeny) —> genser, t-skjorter, bukser m.m.

Eg har forstørret hovudbildet på skjermen med produkta/varene Her deles det inn i små bilder slik det er framstilt på siden til superkul.no. Eg endra elles ikkje noko meir på denne siden.

 

 

 

Leave a Reply