MID128 arbeidsoppgåve i timen. MID-Facebook-banner

Til fredag fekk vi i arbeidsoppgåve å lage eit banner for Facebook-siden til studieretninga Media, IKT og Design her i Volda.
Banneret skulle på best mogleg måte representere alle dei tre studieretningane på MID: Mediedesig, Medieutvikling og Medieproduksjon. Ein kunne og prøve å lage noko som verka samlande/felles for alle tre og som kommuniserte MID. 

Ein kunne bruke Adobe Photoshop eller Illustrator – eller ein kombinasjon av begge til denne oppgåva.

MID-Facebook-banner 
Eg har på mitt Facebookbanner framstilt dei tre ulike studieretningane som ein kan spesialisere seg innanfor gjennom studieløpet på Media, IKT og design og har brukt ein kombinasjon av både Photoshop samt Illustrator for å få fram dette.
På banner ser ein bilde av eit nettbrett, kamera og ein apple mac maskin. Eg har valt å bruke desse objektene sidan eg tykkjer dei framstiller dei ulike studieløpa på ein god og oversiktleg måte.
Simen Gald_MID-Facebook-banner

 

2 Responses to “ MID128 arbeidsoppgåve i timen. MID-Facebook-banner ”

  1. Hei, Simen!

    Eg likar så godt illustrasjonsstilen din! Den er heilt unik, og veldig sjarmerande. Eg synest også fontvalet var ypperleg, passar godt til ein handteikna illustrasjon med ein moderne, og litt formell font – samtidig som den er vennleg!

    Om dette skulle brukast til Facebook-banner måtte du ha passa på at “Media, IKT og Design” var flytta ein annan plass (ovanfor datamaskinen f.eks, om du ga litt meir luft rundt biletet) – sidan der skal stå diverse tekst og knappar.

    Eg trur dette kan vere veldig bra å ha i porteføljen din, om du gjer små endringar! Du kan jo evt. vise det som eit Facebook-banner når du presenterar det. Likar så godt fargepaletten også!

    Grunnen til at eg ikkje nominerte dette banneret var: Teksta si plassering. Og at vi viser ein Apple Mac. (Dette er ei Facebook-side for Høgskulen og ikkje Apple, så då må kanskje eplet bort)

    Men godt jobba!

    S :-)

    • Hei Silja!

      Takk for den hyggelige kommmentaren til Facebook-banneret.

      Eg synes du har heilt rett i at eg kanskje burde ha plassert fonten ein annan stad, i tillegg til å ta bort Apple sitt merke på maskinen. Føler det blir ein slags reklamering/promotering for eit av Apple sine produkt enn MID som studieretning her i Volda.
      Skal forsøke å få tatt det bort og så sender eg deg det ferdige resultatet ettersom eg vert ferdig. :-)

      Simen Gald.

Leave a Reply to Simeng Cancel reply