MID128 arbeidsoppgåve nr.3 Lag ein struktur for Skatepark-nettstaden

Eg har i denne arbeidsoppgåva arbeid saman med  Kim, Maiken og Shervin. Vi har definert kva innhald vi synes burde vere med som ein del av nettstaden for Skateparken Volda og har organisert dette i eit hierakisk oppsett.

Arbeidsoppgåve nr.3 Struktur
Regneark uten navn - Ark 1
Det første vi tenkte å ha på forsiden til nettstaden var ein Instagram (RSS-feed), nyhende og kart som viste oversikt og geografisk lokalisering over kor parken låg. Vidare ville vi ha eit visst antal undermenyar å kom fram til at fem undermenyar var nok. 

Den første undersiden valte vi skulle vere om parken. 
Inne på denne undermenyen tenkte vi å informere lesarane om opningstider, diverse reglar for bruk av parken, historien omkring når den vart bygd og kven som stod bak m.m. 
Vi ville at undersiden skulle vere enkel samt framstå som brukarvennleg for folk flest. 

Den andre undersiden tenkte vi skulle omhandle galleri med bruk av ein del bilder samt 1-2 videoar. 
Føremålet med undermenyen var å skape stemning rundt siden og for å auke besøkstalet til nettstaden. Ein av videoane som vi tenkte å ha på siden skulle vere ein instruksjonsvideo som instruerte barn og unge i korleis ein brukte riktig utstyr, utførelsen av ulike triks m.m.

Den tredje undersiden omhandla å bli medlem av Skateparken Volda. 
Vi tenkte at ved å bli medlem av siden kunne ein opparbeide seg ein del tilleggsgoder som f.eks. rabattar på sportsbutikkar, gratis mat og drikke under diverse arrangement m.m. Ein vil og ved å bli medlem få tilsendt nyttig informasjon som når ulike arrangement og konkurransar skal verte halde i tillegg til når kjendte utøvarar kjem for å halde opptrednar.

Den fjerde undersiden valte vi skulle vere konkurranse siden å skulle vere ein plass kor Skateparken Volda la vekt på ulike arrangement og diverse konkurransar som dei i løpet av året kom til å halde. 
Ein kunne her lese om når det skulle vere, klokkeslett og om diverse prisar. 
Lenger nede på siden tenkte vi å leggje til ein online-konkurranse og Instagram-konkurranse kor premiering av både høgast poengsum og bilde vant ein t-skjorte, genser, jakke eller gåvekort frå ein sportsbutikk. 

Den femte undersiden er kontakt oss og omhandlar nyttig informasjon omkring korleis ein kan nå tak i Skateparken Volda sine klubbmedlemmar og sponsorar.
Vi tenkte her å setje opp ein oversikt over kontakpersonar som folk kunne ringe eller sende epost til angåande spørsmål som dei hadde omkring skateparken, arrangementane, konkurransane, kurs m.m. 

 

 

Leave a Reply