Page 1
Standard

MEK111MID1 Medieproduksjon med barn i 6.klasse

Førre tysdag fekk vi i bloggoppgåve å skulle lage ein medieproduksjon for barn i 6.klasse. Ein skulle ta utgangspunkt i ein av casene i oppgåva og relfektere rundt moglege oppgåveløysingar. Målet var at ein som lærar måtte prøve å jobbe mot dette. Ein skulle reflektere rundt kva ein hadde lært på MEK111 og vise kva ein kunne bidra med i den digitale danninga og digitale kompetansen til elevane. 

Case nr.4 – Design
Det er fem elevar i ei designgruppe og det er berre jenter. Dei har lyst til å lage eit moteblad! Eller hesteblad. Eller eit blad om hunder. Eller berre ein fin plakat med både hestar og hundar. Dei blir ikkje samde.

Mål: Elevane skal igjennom arbeidet i design lage ein plakat ved hjelp av grafisk utforming. Programmer som Adobe InDesign, Illustrator og Photoshop er essentielle i dette arbeidet.
Plakaten skal innehalde både bilder, ulike fonter, fargar og kan ha i tillegg symmetriske figurar i seg.

Felles mål – Som lærar vil eg prøve å bistå så mykje eg kan i dette arbeidet og kan sjølvsagt vere med på å bestemme kva for idè som dykk kanskje bør gå for.

Innleiing – Heilt innleiingsvis trur eg nok at det å bli kjendt med gruppen og personane er det som burde kome først før ein begynner på sjølve arbeidet Eg hadde lete dei presentert seg sjølve og litt om kva for idèar og tankar dei hadde omkring dette arbeidsprosjektet. Vidare hadde eg høyrt litt meir på korleis dei tenkte å ville arbeide med det og kva utstyr og hjelp dei kom til å trenge frå meg som lærar. Her trur eg nok at eg hadde notert meg ned idèen deira for så å diskutert med dei om det var ein mogleg og fornuftig idè å gå mot.
Eg hadde vidare sett etter den personen på gruppen som var hovudansvarleg og spurt om korleis det med arbeidsfordelingen på gruppen føregjekk. I eit gruppearbeid må ein passe på at alle har noko å drive på med og at ikkje 1-2 personar sit med alt.

Hovuddel – Under arbeidsprosessen hadde eg prøvd å gått litt rundt for å sjå om det var nokon som trong hjelp av elevane.
Om det var å vise dei korleis ein stilte inn riktig lukkertid eller blender på eit kamera eller om det var å bruke eit grafisk design program til å kunne få fram stilige fontar og fargar. Ein veldig god plan hadde kanskje vert å vist elevane eit av sine tidlegare designprosjekt frå det førre semesteret. Eg trur det ville ha vert til inspirasjon for dei og kanskje hadde det hjulpet dem ennå meir i å kome i gong.  I denne prosessen er det viktig å overføre den lærdomen som ein sjølv har fått med seg. Ein skal ikkje hjelpe dei for mykje men heller gi dei ein liten “dytt i ryggen” som gjer at dei kjem seg fort på veg framover.
Ein del kompetanse har eg omkring det å bruke grafiske program som både InDesign, Illustrator og Photoshop og eg trur at den kompetansen kan eg fort overføre til desse elevane ved å vise dei enkle snarvegar og hyppige tastetrykk som gjer at ein fort kan få inn både bilder, tekst,. fargar osv.

Avslutning – Når gruppen føler at dei er begynt å nærme seg mål er min oppgåve som lærar å fort sjå over om det ser greit ut og om det er små betringer som kanskje bør gjerast før den endeleg blir visst fram.
Ein og fin idè er også å samlast rundt ein plass for å diskutere omkring arbeidsoppgåva og om det var kjekt, spennande, utfordrande osv. Elevane kjem her med innspel om korleis det gjekk og seier kva som var bra og mindre bra.

 

 

Standard

MEK111MID1 Å lage ein digitalforteljing

Sosiale medier, eit viktig verktøy om ein har lyst til å nå ny høgder
I den digitaleforteljinga valte eg å bruke sosiale medier og korleis dei har fått meg til å nå nye høgder innanfor fotografering og det å ta bilder.
Eg byrja med å seie kort om når tid eg starta å interessere meg for dette feltet og korleis det i etter tid hadde utvikla seg opp gjennom åra. Deretter fortalte eg vidare om at eg var innom ein fotografnettside på Facebook med namn “Unge Fotografar 13-25 år. Dette var ei gruppe kor ein skulle prøve å skape eit trygt, kreativt og inkluderande miljø for unge fotografar slik at dei kunne få delt sine bilder med andre for så å konstruktive tilbakemeldingar for å verte betre.
Eg gjekk her meir innpå vidare at eg i byrjinga var ein liten grann skeptisk om dette var ei gruppe å bli medlem i men som etterkvart som eg bladde meg nedover på siden innsåg at det kanskje var det.

Som ei avslutning på den digitaleforteljinga ville eg vise ein del av dei bildene som eg hadde tatt frå eg byrja ifjor haust på høgskulen og fram til i dag. Eg la på litt musikk slik at det skulle verte interessant og morosamt for dei andre som såg på.

Standard

MEK111MID1 Narratologi – Kva var så det igjen?

Narratologi – Kva var så det igjen?
Arbeidsgruppen vår fekk i oppgåve å halde ein liten presentasjon kring uttrykket narratologi, og sei kva det var for noko.

Eg hugsa frå i fjor haust at vi hadde om narratologi i ein av teoriførelesningane til Ivar John. Hukommelsen min var desverre ikkje fullt så oppfriska så eg måtte nok ta i bruk nokre pensumbøker og lese meg oppatt igjen for å finne ut kva uttrykket narratolog faktisk var igjen.
Uttrykket narratologi er med ei enkel setning “ein metode for korleis ein skal gå fram når ein analyserar ein forteljings oppbygging og struktur.”
I presentasjonen har vi dratt fram to modeller som ein innanfor narratologien brukar når ein skal analysere ein forteljingas oppbygging, frå byrjinga til klimakset/spenninga og til slutten. Som eit eksempel viste vi eit lite klipp frå forteljinga om “Askeladden og dei gode hjelparane.”
Vidare har vi dratt fram korleis narrativ teori skil seg ut gjennom tre betydningar: narrativ diskurs (indirekte og direkte), historie og forteljarhandling/narrasjon.
Mot slutten har vi kort oppsummert korleis ein kunne bruke dette uttrykket gjennom både film, lyd, foto, design, presentasjonar m.m.
Akkurat 7 slides bestod presentasjonen vår av.


Oppsummering av arbeidet og presentasjon
.

Vi har flittig brukt både pensumbøker og nettet for å kome oss fram til informasjonen og har i tillegg lagt vekt på dei tidlegare presentasjonane frå teoritimane i haust. Arbeidet har vi fordelt demokratisk  slik at alle på ein måte fekk noko som dei følte dei kunne snakke om.
Eg tykkjer vi fekk oppnådd det vi skulle i dag med å repetere eit gammalt uttrykk samt oppfriske minnet til dei andre medstudentane i klassen.
Tidsmessig følte eg vi holdt oss jamnt til tiden og at vi hadde god stemmebruk gjennom heile presentasjonen.
Som føremål håpar eg presentasjonen til gruppen betra hukommelsen til alle saman og at uttrykket narratologi ikkje lenger no er eit ukjendt uttrykk.
Link til gruppen sin presentasjon finn du her: