Page 1
Standard

MID115 Prosjektstart – Å lage ein kampanjenettside for Volda Rullarlag

Hei igjen! 
Etter at vi var blitt ferdig med det første prosjektet som omhandlet å lage ein kortfilm på 2-3 minutt stod neste prosjekt rett fram for alle sin føtter, for det var slik at i det nye prosjektet skulle ein lage ein kamanjenettside for Volda Rullarlag. Eg var utruleg heldig å fekk kome på gruppe med Thea Mathilde, Silje E.S, Shervin, Marius, Stian og Isabel. Som arbeidsgruppe trur eg vi kan få til ein spennande og morosam kampanjenettside for Volda Rullarlag med både informativ tekst, bilder og film i tillegg til designprofil.

Bakgrunn for skateparken og Volda Rullarlag
Det hadde lenge vert eit ønske om å kunne etablere eit skatemiljø i Volda kommune og allereie på 80-talet blei det først bygd treramper i sentrum. Desse skaterampane som etterkvart kom opp måtte takle både vær, vind, støy og andre forhold. Ein del av dei holdt ikkje det klimatiske forholdene ute på Nord-Vestlandet og hadde dårleg motstand mot denen typen underlag.

Plassering har vert ei av problemstillingane til Rullarlaget opp gjennom tiden. Mijøet rundt ungdomskulbben har jobbet i mange år for å finne områder som eigna seg for skating, og som kan halde eit permanent anlegg med god kvalitet for framtidig utvikling.

Det var i 2004 at saken om plassering vart behandla av Volda formannskap. Avtalen som vart sagt viste seg på kort sikt å ikkje vere gjennomførbar grunnet nedgravd kabelgate til hovudsentralen i kommunen for IT og telefon.
Fire år seinare i 2008 blei det forslått at ein skulle leggje til rette for skateparken på vestsiden av rådhuset. Forslaget var det mange som gjekk vekk i frå etter seinare tid.
Så etter mange år utaan å finne eit tilfredsstillande område for skateparken vart området rundt fotballanlegget på Rotset frigitt frå Statens Vegvesen noko som skapte grobotn for planlegging og idèar. Området som er på 850 kvadremeter kunne endeleg verte eit regulert område av
Volda kommune.
Den 08. Oktober 2012 vart Volda Rullarlag skipa og har i mandatet sitt drive fram med prosjektet om å lage skatepark i Volda kommune. Styret i Volda Rullarlag består av personar frå student/ungdomsmiljø, næringslivet og kommune og skal med ulik erfaringsgrunnlag og bakgrunn sikre best mogleg gjennomføringsevne for prosjektet.


 

Standard

MID115 Kommunikasjonsteori om merkevare

For nokre dager siden fekk vi i oppgåve å sjå ein dokumentarfilm inne på NRK sin nettside som heitte “Merkevarens Hemmelighet”. I filmen tok dei opp det med kor enkelt merker er blitt og kor styrrande og leiande dei har vert opp igjennom tiden. Det har på mange måtar blitt ein slags trend der alle skal og berre må ha merkevare klede.
Eg vil sei at då eg såg dokumentarfilmen vart eg ganske “paff” og forbløffa. Leiaren av programmet meinar eg etter min smak ikkje har ein einaste kunnskap og forståing rundt det med merkevarer. Han går mot forbipasserande på gata og spør dei undervegsom kva for inntrykk dei har til forskjellige merkevarer. Dei fleste er ganske så like i sin oppfatning som resten av oss av dei forskjellige merkane. Når Nike for eksempel nemnes tenkjer dei aller felste av oss på trening med godt fottøy og med jogging og sporty antrekk. Eg har sjølv ein del Nike merkevarer og brukar dei i forbindelse med trening og friluftsliv.
Programleiaren spør og kva merken har gjort for at ein skal bli bestemt og opptatt av nettopp deira sitt merke og kor ein på død og liv skal legge mange tusen kroner ekstra i ein eller anna sin lomme for at dei skal gjere oss lykkelege.

Som ein liten konklusjon meiner eg at eit lite merke som Moods of Norway sin traktor eller Lacoste sin krokoldille ikkje vil gjere oss til ein betre person. Ein må byrja å ta avstand frå slike tankar og heller bevege seg mot det sanne og riktige. Merkevarer er vel og bra men gir det oss noko tilbake?

200px-Old_Nike_logo