Page 1
Standard

MID131 CSS arbeidskrav nr.3 Videreutvikling

Eg er no blitt ferdig med det endelege utkastet til bildegalleriet nettstaden i CSS.
Etter mi meining tykkjer eg at nettstaden er blitt mykje betre både utsjånads- og innhaldsmessig.
Bildegalleriet som eg har laga er som sagt eit arbeidskrav i Media, IKT og Design. Eg har her fokusert på å presentere alle mine 14 bilder på ein oversiktleg men også ryddig måte ved bruk av ulike verktøy innanfor både CSS og HTML.
Målgruppa for denne nettstaden er først og fremst lærarar, medstudentar, andre studentar og fotointeresserte personar.
Designet til nettstaden har eg gjort i Adobe programmet Dreamweaver sitt CSS ark. Eg har der lenka eit stilark opp mot ein indeks og brukt ulike koder som “div”, “id” for å definere størrelse på headeren, navbaren, logo, img, body osv. Ved hjelp av hover-funksjonen i css har eg blitt i stand til å få lenkene i menybaren til å skifte farger ettersom ein held musepeikaren over dei.
Eg har når det gjelder bildene til galleriet både brukt Adobe Photoshop og Lightroom for å redigere, deretter å komprimere (900 pixel i breidda) og til slutt for å laste opp for web.

Som oppsummering tykkjer eg at arbeidsprossesen min har vert god og strukturert. Eg planla over 1-2 dagar korleis eg ville at nettstaden skulle sjå ut, samt at eg tok oppatt dei bilda som eg følte ikkje var gode nok. Av hjelpemiddel har eg vert flink å bruke både faglærar og medstudentane i klassen. Eg har fått gode råd og mykje bra feedback på det eg gjorde etter å ha levert første utkastet.
Eg tykkjer det har vert spennande og lærerikt å ha arbeidet med denne oppgåva og håpar at eg vil få nytte av det seinare! 

Link til Simen Gald’s Bildegalleri (Endelege versjon) http://minerva.hivolda.no/~simeng/bildegalleri/index.html

 

Standard

MID131 CSS arbeidskrav nr.2 Opprette eit bildegalleri

Hei folkens!
I dag har eg laga første utkastet til mi eiga bildegalleri nettstad. Nettstaden skal vere med på å presentere meg som fotograf samt ta for seg dei 14 forskjellige bileta som eg har tatt til den endelege fotoinnleveringa for hausten 2013.Denne innleveringsoppgåva hadde vi fått beskjed om i forkant at vi skulle lage. Faglæraren i CSS, Torbjørn Frandsen lista opp nokre viktige punkt på tavla som vi måtte rette oss etter før vi begynte å lage nettstaden. 

I CSS-oppgåva skulle ein gjere følgjande:

1. Innhald 
– Bruke dei 14 bileta frå den endelege mappa i Foto i MID131 og presenter dei på ein nettstad.
– Vis oversikt samt høve til å kunne fokusere på kvart enkelt bilete.
– Ei side som skal fortelje om utforminga, kva tekniske løysingar ein har valt, konseptet og målgruppa.

2. Teknisk løysing
– Studenten kan velje å basere HTML og CSS på absolutt posisjonerte element, bruk av float, CSS3 Flexbox etc.

3. Vurderingskriterium

– Teknisk løysing, konsept
– Nettstaden skal bruke CSS til å skilje design frå innhald.

Link til Simen Gald’s Bildegalleri (Utkast.1) - http://minerva.hivolda.no/~simeng/portfolio/index.html

 

Standard

MID131 Teori arbeidskrav nr.4 Akademisk arbeidsmåte- og skriving

Då var ein endelig ferdig med siste arbeidskravet i teori! Oppgåva vi fekk var å ta utgangspunkt i det gruppearbeidet som ein hadde presentert og innlevert i arbeidskrav nr.3 og omarbeide det om til ei akademisk oppgåve. 

Eg tykkjer det var ei grei oppgåve å få utlevert sjølv om eg aldri har skrevet ein akademisk tekst før og ikkje har fått noko særlig innføring i det frå tidlegare.
Men alt i alt følte eg at det gjekk greit å få skrevet, litt kronglete i starten med introduksjons- og konklusjonsdelen.
I denne oppgåva brukte eg flittig det eg hadde av lærebøker samt eigne tankar (empiri) bak bildet.
I arbeidsprossen satt eg ein god del på biblioteket saman med to andre frå klassa. Vi gav kvarandre tilbakemeldingar og gjekk over kvarandres skriving for å sjå om det kanskje var noko som kunne omgjerast eller viderutvikles.
Eg fekk ein del gode tilbakemeldingar som eg satt veldig stor pris på. Utan den trur eg nok ikkje at oppgåva hadde blitt så bra som han er no.
Når det gjeld litteraturlista/referansane har eg prøvd å setje han opp på ein ryddig og oversiktlig måte som skal gjere det enkelt for folk å sjå kor eg har henta min informasjon i frå.

Standard

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.5 Videreutvikling av logoskissa

No har eg laga meg tre flotte logoskisser som seier litt om kven eg er som person. I det neste steget skulle ein selektere ut den eine logoskissa som ein vil arbeide med (vidareutvikle). Dette arbeidskravet gjekk nettopp ut på det å vidareutvikle det ein hadde laga.  Som grafisk designer kan ein gjere om på fargevalet, skrift-stilen, legge på litt meir detaljar (skissere opp andre gjenstandar som ein føler kanskje burde vere med) osv.

LogoskisseMID131-fotografen Simen Gald

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.5 (Viderutvikling av logoskisse)Eg har i dette arbeidskravet vidareutviklet min logoskisse som var av kameraet og kameraveska. Av dei tre logoskissene eg skisserte opp i førre arbeidskrav følte eg at det var dette som både appellerte til meg men og mine medstudenter. Veldig mange snakker om at eg nesten alltid har eit kamera rundt nakken når dei møter meg. Difor  tenkte eg litt ved meg sjølv om å kanskje satse 100 % på denne logoen.

Det eg har fokusert på her er å føye til litt meir på sjølve kameraet men og det i bakgrunnen. Eg har på kameraet lagt på ein reim kor det står Canon på. Dette for å få fram akkurat kva for slags kameratype eg bruker. Fargane på reimen er svart med raud og litt kvit skrift. 

I bakgrunnen har eg skissert opp to lysstativ, dette for å få fram at studiofotografering er noko som eg liker å drive på med på fritida. Lysstativa vil eg skal vere svart frå botn til topp, og sjølve lampa vil eg skal vere kvit. Resten av fargane på både kameraet og veska er dei same som før. Eg har forklart fargane i arbeidskrav nr.4 (logoskisser). 

 

 

Standard

MID131 CSS arbeidskrav nr.1 Oppretting av stilark

Vi fekk utlevert vår første innleveringsoppgåve i CSS-faget på onsdagen. Oppgåva gjekk utpå å lage ein nettstad. Ein skulle lage ein nettstad med minimum to HTML-sider som var knytt til eit eksternt stilark. På sidene skulle ein lage CSS-reglar som er knytt opp mot eit spesifikt element (ID) og vise ulik typer innhald med HTML (bilete, avsnit, overskrift, lister, etc).
Innleveringsoppgåva skulle vere innlevert til fredag 11.10.2013.
Dette var ei grei begynner oppgåve for meg som ikkje har gått media på vidaregåande og som ikkje er så kjendt med Dreamweaver programmet med HTML og CSS. 

Link til Simen Gald’s stilark – http://minerva.hivolda.no/~simeng/stilark/index.html

 

 

 

 

Standard

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.4 Logoskisser

Skisse nr.1
Eg har valt å lage denne logoen fordi det fortel noko om kva studieretning eg går no. I tilegg til at det er ein av mine interesser/hobbyer.

Til kameraet vil eg det skal vere ein svart og grå farge. Til kameravesken vil eg ha ein meir lysegrå med mørkeblå bord rundt kantane. Namnet vil ha litt lysare blå. 

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.4

 

 

Skisse nr.2
Fiskestangen skal vere svart med blått handtak og gulfarga snelle. Sjølve fisken skal vere sølvfarga og svak blå (som ein makrell). Namnet kan vere i mørkeblå farge. Fiskestangen skal vere svart med blått handtak og gulfarga snelle. Sjølve fisken skal vere sølvfarga og svak blå (som ein makrell).   Eg valte å laga denne logoen fordi det å fiske er ein av mine store interesser og fordi eg fisker så ofte som eg kan når eg har moglegheit. 

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.4

 

 

 

 


Standard

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.3 Videreutvikling av skisse

Etter å ha laga ei skisse ut i frå eitt av tre produkt var neste oppgåve å bruke den konstruktive kritikken ein hadde fått, og gjere nokre forandringar i skissa. Arbeidskravet denne gongen var å utvikle skissa endå meir. Ein skulle som sagt ta i bruk dei kommentarane eller feedbacken ein hadde fått frå førre time med grafisk design der ein satt i grupper på tre-fire personar og diskuterte kring sitt design. Innleveringsfristen var fram til onsdag 02.10-13. Endringane ein hadde gjort ved skissa skulle innleverast både på Fronter og i studiebloggen. Det var viktig at ein hadde notert ned litt av kommentarane/feedbacken som ein hadde fått i frå medstudentane. 

Skisse nr.2 “Krukken”

Arbeidskrav 3. Grafisk design 02/10-2013Endringar eg har gjort ved designet

Ved endring av designet til hudkremen A-Creme prøver eg å framstille produktet som miljøvennleg og hudvennleg. Målet er at det skal verte fristande å kunne kjøpe produktet. Av tilbakemeldingar frå medstudentane i klassa er kanskje krukkeforma den enklaste å ta med seg og grei å ha i skåpet. 

Av kommentarar/feedback har eg valt å behalde fargevalet og designet til produktet. Det eg har endra på er utsjånad på etiketten. Nokre av medstudentane synes at etiketten på krukka var kjedeleg. Eg har difor valt å leggje til ein bord med nokre blad på. 

 

 

Standard

MID131 HTML- arbeidskrav nr.7

Oppgåve 1. Organisasjonar/selskapar (TONO, Kopinor og Norwaco)

TONO – er ein norsk organisasjon som vart stifta i 1928 under namnet Norsk Komponistforenings Internasjonale Musikkbyrå. Dei har som oppgåve å prøve å forvalte dei økonomiske rettigheitene i forbindelse med framføring og lydfesting av musikkverk ein har rettigheiter på. Medlemstalet i organisasjonen var på rundt 16 000 norske rettigheitshavere (2008) Når det gjeld forvaltingen av innspillingsrettigheter har TONO no overdratt det vidare til NCB (Nordisk Copyright Bureau). For meir informasjon sjekk heimesida til organisasjonen: http://www.tono.no/Om+Tono

 

Kopinor – organisasjonen Kopinor er ein del av eit kulturelt kretsløp. Det er eit stort selskap beståande av opphavsmenn og utgivere som til saman tilsvarar 22 medlemsselskap/organisasjonar. På dagleg basis forhandlar organisasjonen om avtalar om kopiering og annen bruk av åndsverk i både skule-, universitet og høgskuleverket, i tillegg til statleg, kommunal, administrajon, kyrkjer, trussamfunn og mange store delar av organisasjons og næringslivet. Ein del av avtalene deira omfattar fotokopiering og digitalkopiering. For meir informasjon sjekk heimesida til organisasjonen: http://www.kopinor.no/om-kopinor

 

Norwaco – Norwaco er ein opphavsrettorganisasjon som inngår mange avtalar om sekundær utnytting av levande bilete. Dei er ein organisasjon som krev inn vederlag for bruken, og fordelar han vidare til rettigheitshaverane. Mange av organisasjonens rettigheitshavere er opphavsmenn,utøvande kunstnarar, fotografar og produsentar osv. Organiasjonen er stor og omfattar meir enn 37.000 individuelle rettigheitshavarar. For meir informasjon sjekk heimesida til organisasjonen: http://www.norwaco.no/

 

 

 

Oppgåve 2. Datatilsynet

Datatilsynet er eit uavhengig forvaltingsorgan administrativ underordna Kongen og Fornyings- og administrasjonsdepartementet og opptrer som både eit tilsyn men og som eit ombud. Dei har som oppgåve å medverke til at den enkelte ikkje vert krenka gjennom bruk av opplysningar som kan knyttast opp til enkeltpersonar. Opprettinga av Datatilsynet blei gjort den 1.januar 1980. For meir informasjon om Datatilsynet sjekk heimesida: http://www.datatilsynet.no/

1. Spørsmål knytt til innhenting av personopplysningar via Internett: Dette er eit viktig spørsmål. Å vere trygg på at den informasjonen ein har gitt på nett sikres mot at andre kan få tak i han er ganske så viktig. Med ein anna persons informasjon kan kven som helst begå straffbare handlingar. For meir informasjon om Datatilsynets opplysningar knytt til “Inhennting av personopplysningar via Internett” sjekk heimesida: http://www.datatilsynet.no/Sikkerhet-internkontroll/Informasjonssikkerhet/Veileder-for-virksomheter-som-innhenter-personopplysninger-via-Internett/ 

2. Spørsmål rundt fødselsnummer: Eg tykkjer spørsmål rundt fødselsnummeret til ein person er ganske så viktig. Ein har alle eit fødselsnummer som viser når ein er født og på året. Å vite reglane som gjeld for bruken av dette er veldig viktig. For meir informasjon rundt fødselsnummer sjekk heimesida til Datatilsynet: http://www.datatilsynet.no/Sikkerhet-internkontroll/Fodselsnummer/

3. Spørsmål rundt kameraovervåking: Å vite at ein vert filma anten det er på jobben eller på eit kjøpesenter meinar eg er veldig viktig å bli opplyst om. Datatilsynet meinar at det er påbode å varlse om slik overvåking, slik at ein vert tryggare på at overvåkinga skal verke førebyggande. Det er ikkje mange som likar å stå på ein jobb der dei har eit videokamera bak i bakhovudet eller i nakken. For meir informasjon om bruk av kameraovervåking sjekk heimesida til Datatilsynet:  http://www.datatilsynet.no/Teknologi/Kameraovervaking/Plikter/ 

 

 

   Oppgåve 3. Andre personversressursar 

Personvernskolen

Personvernskolen- er først og fremst ein nettstad kor ein kan få hjelp/støtte til tolkning av personopplysningsloven- og forskriften. Ein kan på heimesida deira sjå etter forklaringar på paragrafar i loven og lese spørmsål og svar som omhandlar dette temaet. Eg har vert innom nettstaden nokre gongar og ser at den baserar seg på personvern i forhold til skule, noko som eg tenkjer er veldig viktig. Nettstaden er ikkje rotete og ein kan enkelt finne ut av f.eks kva for reglar som gjeld når det er snakk om publisering av bilete på skulens nettstad. For meir informasjon om Personvernskolen sjekk ut heimesida:http://www.personvernskolen.no/

 

Personvern

Dette er ein side som Avdeling for forvatlningsinformatikk ved Universitetet i Oslo har etablert. Sidens hensikt er å opplyse og stimulere debatten om personvern. Dette er ein oversiktleg side med gode og enkle menyval som gjer det lett å finne fram. Eg finn ikkje nok spesifikt som eg kan relatere til mitt studium på denne sida. Eg ser heller på det som ein side der alle og einkvar kan gå inn og finne svar på ulike spørsmål om personvern. For meir informasjon om Personvern sjekk ut heimesida: http://personvern.info

Link til arbeidskrav 7 – http://minerva.hivolda.no/~simeng/mid131/arbeidskrav7.html

Standard

MID131 HTML- arbeidskrav nr.5 og 6

Arbeidskrav 5. Lage ein mal
Lag ein mal for korleis du vil ha ei nettstad. Lag minst to sider som er basert på den malen, (templaten). Gjer endringar i malen og oppdater dei sidene som har brukt malen.

Link til arbeidskrav 5 – http://minerva.hivolda.no/~simeng/mid131/arbeidskrav5.html

 

Arbeidskrav 6. FTP (File Transfer Protocol)

FTP (File Transfer Protocol/filoverføringsprotokoll) er eit operativtsystem for overføring av filer for IP-basert nettverk. Overføringa av filer skjer ved hjelp av ein FTP-klient og ein FTP-server. Ein fin i dag mange ulike eksemplar på ftp-program. Eit eksempel er ftp-programma Transmit og Filezilla.

Nokre fordelar og ulempar ved FTP:

Fordelar: – opne løysing (mange som nyttar systemet), billig (ein kan finne dei i stardard ftp-prgramvarer eller finne det gratis) og funksjonell (kan handterast uavhengig av kva for maskin ein brukar).

Ulempar: – ukryptert kommuniksjon (all kommunikasjon går ukryptert og kan difor lesast av alle som har tilgong til kommunikasjonen mellom maskinene), vanskeleg for brannmurar å handtere (kan vere vanskeleg for ein brannmur og handtere, spesiellt viss det er mange overføringar som går parallerlt).

Link til arbeidskrav 6 – http://minerva.hivolda.no/~simeng/mid131/arbeidskrav6.html

 

Standard

MID131 HTML- arbeidskrav nr.3 og 4

Arbeidskrav 3. Komprimering av bilete
Ta eit bilete og klargjer det for Internett med fornuftig størrelse og oppløysing. Skriv opp kor mange Mb – Kb det var før komprimering og etter. Publiser det på ei nettsider og forklar der kort kvifor vi må gjere desse operasjonane før vi publiserar på nettet.

Når ein skal komprimere eit bilete for ein nettstad er det viktig at biletet har ein nogonlunde god størrelse og oppløysing. Dei fleste bileta som ein tar via kameraet er på ein del megabytes (mb) og vil ikkje vere gode nok for ein nettstads publisering. I forrige time gjekk Svein rundt med eit mobilkamera og fotograferte oss elevane. Eg likte ikkje heilt bilete og valte å bruke portrettbilete som eg tok første veka eg byrja på høgskulen. Oppgåva vi fekk i timen var å komprimere dette biletet i photoshop for så å lagre det på ditt område og så laste det opp i Dreamweaver programmet. Orginalfotografiet låg på rundt 1,42 mb mens når eg komprimerte det så gjekk det over til å bli på rundt 86,0 kb.

 

 

Original foto: 1,42 mb.
Etter komprimering: 86,0 kb

Link til arbeidskrav 3 – http://minerva.hivolda.no/~simeng/mid131/arbeidskrav3.html

 

Arbeidskrav 4. Tabell

Lag ein nettstad der heile nettstaden består av tabell.

Link til arbeidskrav 4- http://minerva.hivolda.no/~simeng/mid131/arbeidskrav4.html