Page 1
Standard

MID128 Arbeidskrav nr.3 Designprosessen del 2. Fortsettelse av designutkast for byrået “MID128″

Arbeidskrav nr.3 Designprosessen del 2. Fortsettelse av designutkast for byrået “MID128″
I dette arbeidskravet har vi på gruppen laget nye skisser i frå den feedbacken som vi fekk av arbeidsgruppen til Karina, Magnus og Øystein i forbindelse med designutkastet for designbyåret MID128. 

Vi bruke ein del tid saman med den andre gruppen på å få feedback på det som vi allereie hadde gjort fram til då, å såg på kva for forbetringspotenisale som låg hos den gamle som vi kunne ta med oss vidare til det nye designutkastet.
Nokre endringar måtte vi begi oss på å arbeide med vidare, slik som bruk av fonter, farger, plassering av diverse grafiske element m.m. Bruk av lesbare fonter, varme farger som verka innbydande, samt rammer rundt tekst var i følgje oss noko som vi burde sjå nærare på.
Designutkastet til websiden for designbyrået MID128 skulle vere ei side som skulle framstå som noko nytt og professjonelt.

Forsiden
forside (1)

På forsiden til designutkastet som vi har laget har vi øverste oppe til venstre gjentatt logoen men brukt både ulik farge samt font for å forsterke ord og uttrykk.
Vi har brukt sterke farger som framhever maskulinitet og femninitet samtidig som at fonten inne i sirklane er skrevet med kvit farge for å auke lesbarheiten hos folk flest. Overskrifta til logoen valte vi å plassere på skrå slik at det ikkje vart stivt og kjedeleg. På bakgrunnen har vi brukt lys besj farge som skal gjere siden både innbydande samt skape stemning og ro i det ein er innpå siden.
Vidare langs med linjen finn ein undermenyane “om oss”, “send filer” og “blogg”. Desse lot vi stå i oransj sidan det er ein varm farge som vi følte kunne gå i eit med bakgrunnsfargen til websiden. Oransj tykkte vi alle var ein varm farge som utstrålte mykje positiv energi og som i dette tilfelle gjekk godt samans med både logo og resten av det vi elles hadde på siden.
For å gjere websiden populær tenkte vi å leggje til nokre sosiale medier som folk flest besøkjer ganske ofte og som dei ferdast til dagleg innpå. Ikonene for Facebook, Twitter og Google Plus var dei vi tenkte var gode ambassadørar for denne siden å ville at dei skulle gå igjen på dei andre undermenyane.

Går ein vidare nedover på forsiden ser ein to bilder. Vi valte å ha dele boksen slik at det vart vist to bilder på ulik side. Eg tykkjer i dette tilfelle at det fungerte svært godt med tanke på resten av oppsettet som er med. Boksen kor dei to bildene er plassert inn i ville vi skulle vere eit slags slideshow som gjekk frå venstre mot høgre.
Eit lite slagord tenkte vi og kunne vere morosamt, samt vere med på å løfte byrået opp og fram. “Bare det beste er godt nok” var slagordet som vi på gruppen kom fram til.

Under bildet har vi laget til ein tekstboks kor det skal stå ein del generelle opplysningar rundt MID128 og om kven dei er som byrå. Vi har brukt litt av teksten frå arbeidsoppgåva men berre som midlertidig placeholder tekst. Eks. “Nyoppstartet bedrifter i Volda området som treng websider og annan grafisk design for å profilere seg. Består ofte av unge profesjonelle i alderen 20-40 år, opptekne av moderne og nytenkjande design, og er å finne på sosiale medier 24/7.”

Undermeny “Om oss”
om oss
Inne på undermenyen som omhandler “om oss” tenkte vi å beskrive dei tilsette som arbeider for MID128 byrået og seie litt om kven dei er, samt få fram kva for felt den enkelte personen har spesialisert seg innanfor. Det kan f.eks vere innan typografi, grafisk design, fotograf osv. 
Under spesialiseringsfeltet tenkte vi å ha epost adressen til den personen. Vi tenkte at her kunne kunden(e) kontakte dei om det var eit oppdrag som dei trengte hjelp til. 
Ute til venstre side har vi satt inn litt tekst som vi tenkte å justere litt på etterkvart. 

Vi laget to tekstbokser å la på bakgrunnsfarge slik at siden skulle verke spennande. Inne i boksen som viser bilde av dei tilsette har vi tatt å markert rundt rammene på bildene oransj slik at når ein klikkar innpå eit av bildene så vil meir synleg informasjon dukke opp i ein større tekstboks. 

Undermeny “Send filer”
send filer (1)

Inne på undermenyen som omhandler “send filer” har vi brukt same oppsett som frå den førre websideutkastet, men med ein dei forbetringar i. Vi har nemleg her lagt på ein del varme farger, å har forsterket teksten som skal vere inne i boksene slik at kunden(e) vert meir merksame på kva denne undermenyen går ut på. 
Siden skal verke enkel samt ryddig, å difor har vi tenkt på å ikkje la for mykje informasjon ligge ute på nettopp denne siden. 

Oppsummering:
Det vi har kommet fram til i dag gjennom fortsettelse på den nye websiden til MID128 byrået er at den verkar meir strukturert, ryddig, varm og ikkje minst kjønnsnøytral etter våres smak. På dei fleste siden har vi lagt inn placeholder tekst som berre skal ligge der grunnet at kun er eit førsteutkast. Vi kjem seinare til å legge inn den teksten vi trenger.
Vi har brukt varme farger for å forsterke uttrykket som denne siden skal gi til sine kunder og har plassert ulike grafiske elementer på stader kor vi følte det var riktig at dei skulle stå.
Det er som sagt ein del forbetringar som vi må gjere for at websiden skal verte godkjent blant oss på gruppen og hos kunden(e).
Med mykje god feeback frå den andre gruppe og andre føler eg vi har klart å opparbeide eit utkast som vi kan seie oss nøgde med. 

 

Standard

MID128 Arbeidskrav nr.3 Designprosessen del 1. Designutkast av webside til byrået “MID128″

Eg har i dette arbeidskravet arbeidet i gruppe med Isabel Farstad Drevik og Stine Fredheim Arntsen kor vi saman har laget eit webdesignutkast for det prisvinnande og beste designbyrået i bygda – “MID128″. 
Målgruppa til designbyrå skulle vere: “Nyoppstarta bedrifter i Volda-området som treng websider og anna innan grafisk design for å profilere seg. 
Består ofte av unge profesjonelle, 20-40 år, oppteken av moderne og nytenkjande design, er å finne på sosiale medier 24 timer i døgnet”

I arbeidsprosessen måtte ein tenkje på målgruppa samt det ein hadde lært i design, kva effekt fargar, biletbruk og tekst har. 
Ein måtte og tenkje på menyar, hovudmeny og vise gjerne korleis ein av undermenyane skulle sjå ut. Hovudfokuset er å tiltrekkje seg kundar, samt presentere webfirmaet på ein god måte. 
På siden til designbyrået skulle det vere mogleg å kontakte, ein skulle kunne lese siste nyheit, og ein ville gjerne ha tilgong til å sjå bilete av kven dei tilsette samt lese om dei. Å kunne Tweete eller nå dei på Facebook ved å sende melding var og ein av kriteria. 

Når det gjaldt tekst kunne ein ha placeholder tekst på det meste (men berre foreløpig) bortsett frå menyar/overskrifter. 
Biletbruk: Ein kunne bruke bileta som ein sjølv hadde tatt eller som viste litt om kva vi på MID gjorde for noko. Bileta kunne vere med på å dra opp interessen til å ville vere lenger inne på siden. 
Utsjånaden til logoen ville i stor grad påverke utsjånaden til websiden ein skulle lage. Kva fargar, font og utforming som logoen hadde var ofte det ein baserar eit design på. 
I arbeidskravet stod det at MID128 ikkje hadde ein eksisterande logo slik at ein her måtte prøve å utforme dette så enkelt eller avansert som ein ønska.

Våre næraste regionale konkurrentar var bl.a: Kib og Morits i Volda, Elle Melle i Ålesund og Fantastiske Osberget i Ulsteinvik, samt Farmhouse i Stryn. 

Arbeidskrav nr.3 Designprosses del 1.
Vi har på våres webside laget tre undermenyar, samt ein forside.
På forsiden tenkte vi å ha ein enkel sterilisert bakgrunn slik at vi kunne verte oppfattet som ordentleg og ryddig byrå.
Vi har lagt vekt på få elementar å har brukt fargar som vi på gruppen følte fortalte noko om MID128 og kven vi er.
Tre undermenyar går igjen på denne siden, å desse har vi markert oppe med svart skrift samt grønn under.
Forsiden skal vere ein velkomst side med lite tekst og kanskje 2-3 bilete.
Nederst på siden har vi lagt inn adressen til Høgskulen med både postboks, telefon og epost, slik at det skal verte mogleg å kontakte oss. dersom ein har spørsmål.

Forside

I første undermenyen som gjeld “kontakt” hadde vi tenkte å legge opp ei oversikt over dei  tilsette som arbeidet for byrået.
Vi tok utganspunktet i å bruke bilete av personane å ville med dette informere til kundane om kven vi er, kva felt vi har spesialisert oss innanfor, og om epost slik at ein kan kontakte oss ved diverse spørsmål eller andre ting. 

På siden går også logoen med MID igjen, samt undermenyane og adressen til Høgskulen i Volda under.
kontakt,pdf

I den andre undermenyen som omhandler “send filer” tenkte vi å ha enkle innstillinger for korleis ein kunne sende eposter og diverse andre filer til oss.
Vi har utarbeid eit oppsett ved at ein først har ein boks kor det står “Til” og deretter “Frå”, “Emne/tema” og til slutt “Tekstboks”.
Under har vi lagt til ein knapp kor det står “legg ved filer”. Dette gjer det enkelt samt ryddig å få sendt store filer som kan vere komprimert å gjort om til ein zip-fil.
send filer

I den tredje undermenyen som vi har gitt namnet blogg skal vere ein siden kor ein kan få lest siste nytt angåande byrået og kva for arbeid dei har gjort. Bloggen siden skal fungere slik at ein kan gått tilbake til gamle blogginnlegg for så å lese om kva for oppdrag dei enkelte tilsette har hatt opp gjennom tiden. 

 

 

 

Standard

MID128 arbeidsoppgåve i timen. MID-Facebook-banner

Til fredag fekk vi i arbeidsoppgåve å lage eit banner for Facebook-siden til studieretninga Media, IKT og Design her i Volda.
Banneret skulle på best mogleg måte representere alle dei tre studieretningane på MID: Mediedesig, Medieutvikling og Medieproduksjon. Ein kunne og prøve å lage noko som verka samlande/felles for alle tre og som kommuniserte MID. 

Ein kunne bruke Adobe Photoshop eller Illustrator – eller ein kombinasjon av begge til denne oppgåva.

MID-Facebook-banner 
Eg har på mitt Facebookbanner framstilt dei tre ulike studieretningane som ein kan spesialisere seg innanfor gjennom studieløpet på Media, IKT og design og har brukt ein kombinasjon av både Photoshop samt Illustrator for å få fram dette.
På banner ser ein bilde av eit nettbrett, kamera og ein apple mac maskin. Eg har valt å bruke desse objektene sidan eg tykkjer dei framstiller dei ulike studieløpa på ein god og oversiktleg måte.
Simen Gald_MID-Facebook-banner

 

Standard

MID128 arbeidskrav nr.2 Accessibility – tilgjengelegheit for alle

Arbeidskrav nr.2 ”Accessibility” – tilgjengelegheit for alle
Eg har i dette arbeidskravet funnet fram til ei norsk webside som eg tykkte hadde eit dårlig tilgjengelegheits potensiale.
I arbeidskravet har eg demonstrert ved hjelp av skisse og refleksjonsnotat korleis eg ville ha gjort denne websiden meir tilgjengeleg for alle, og har peika ut kva det er ved den noverande siden som ikkje fungerar godt ut i frå det som står i forskrifta på uu-skolen under universell utforming på nett.
http://uu.difi.no/veiledning/nettsider/uu-skolen

 

Siden til Superkul.no tykkjer eg framstår som ein uoversiktleg, rotete, dårlig oppbygd samt lite tilgjengeleg for alle.
Begynner vi med den øvste delen på siden ligger det eit slideshow av bilder som på meg verkar forstyrrande. Dette fordi det er brukt sterke fargar og andre effektar for å skulle hjelpe siden med å holde seg spennande og oppdatert.
På høgre siden er det blitt satt opp ein reklameserie som går nedover langs siden og som verkar lite gjennomtenkt, dette p.g.a at den tar opp store delar av plassen.

Hovudmenyen til siden tykkjer eg er grei, men ser på undermenyane som mindre interessante fordi mange av dei same varene går igjen på siden lenger nedover. Alt gjentar seg i slidemenyen på venstre side noko eg meiner vert bortkasta på ein slik webside kor kundane kan føle at dei vert overinformerte og kan “rote seg bort” på siden.
Bildene som ligg ute på siden viser varene og er framstilt på ein god måte tykkjer eg. Dette ser ein ved at dei fungerar godt samans med både prisbeløpet og funksjonen for “legg i handlekurven” ved sien av.
På sjølve forsiden finn eg det interessant i å sjå korleis dei har brukt bildene sine aktivt. Ved å halde musepeikaren over ein av varene vert bilde forstørret. Dette kan hjelpe personar som har svakt syn. 

Når det gjeld sidens kontaktinformasjon er eg i tvil om dens plassering er riktig i forhold til kundane. Personleg tykkjer eg den er blitt plassert tungvint sidan den er blitt lagt nederst på siden, noko som medfører at kundane må rulle seg nedover for å finne fram til den nyttige informasjonen. Dette kan vere med på å miste kundar samt medføre til mindre besøkjande til siden.

Skisse av den nye websiden
Arbeidskrav nr.2 Accessibility - tilgjengelegheit for alle (Skisse)I skissen til den nye websiden har eg tatt vekk det rullete bildeslideshowet som verka forstyrrande i byrjinga og har i staden plassert eit samansatt bilde (bildecollage) av nokre produkt/varer som skal verte solgt.
Eg har bestemt at det skal bli tatt i bruk dempande fargar (roligare) og med få effektar slik at siden opprettholder eit godt design.
Vidare har eg bestemt at all reklame skal tas vekk, dette fordi det verkar lite interessant og kan fort vere med på å miste kundane og deira kjøpslyst.

Eg har flyttet kontaktinformasjonen, søkjemotor og diverse andre linker til overmenyen.
Dette medverker til at kundane då får den informasjonen dei leiter etter med ein gong dei opnar siden.
Hovudmenyen med varene plasserte eg ut til venstre side og undermenyer når ein går innpå dei ulike. Eks. klede (undermeny) —> genser, t-skjorter, bukser m.m.

Eg har forstørret hovudbildet på skjermen med produkta/varene Her deles det inn i små bilder slik det er framstilt på siden til superkul.no. Eg endra elles ikkje noko meir på denne siden.

 

 

 

Standard

MID128 arbeidskrav nr.1 “God/dårlig design”

Arbeidskrav nr.1 “God/dårlig” web-design
Eg har i dette arbeidskravet trekt fram to ulike heimesider med ulikt web-design.

I den første heimesiden har eg valt Rønningen Folkehøgskole som skal vere eit eksempel på ein “god” side med eit velfungerande og godt web-design.
I den andre heimesiden har eg valt Stryn kommune som eit eksempel på ein “dårlig” side med eit uoversiktlig og dårlig web-design.

Til arbeidskravet har eg tatt i bruk nokre retningslinjer:

  • Kven er målgruppen(e) til siden?
  • Skrifttype. Er den lesbar? Eller er den dekorativ?
  • Fargeval. Kvifor trur du desse fargane er valt?
  • Navigasjonsmenyen. Korleis verkar den?
  • Bildebruken
  • Kva bidreg elles til eit godt/dårlig inntryk når det gjeld webdesignet?


“Godt” web-design
Målgruppen for heimesiden til Rønningen Folkehøgskole er hovudsaklig rettet mot ungdom i alderen 19 år og oppover. Dette fordi denne gruppen nettopp er blitt ferdig med vidaregåande og som har planer om å ta seg eit friår før dei skal begynne på vidare utdanning. Eventuelt prøve seg innanfor fag som ein kanskje vil vidareutdane seg i.

I tillegg til ungdomar retter siden seg også mot begge kjønn og til mennesker med ulik kulturell bakgrunn.
Skrifttypen til heimesiden er både enkel og lesbar. Den framhever det som er nødvendig å vite for all informasjon om den enkelte linje. Det er brukt få skrifttypar noko som gjer at siden verkar oversiktleg og strukturert.
Fargevalet til siden er nøye planlagt og dei har brukt kombinasjonsfarger som går godt ilag. Det er brukt nøytrale farger som både framhevar overskirft, tekst, logo, meny, linker m.m. Fargen på logoen går igjen i andre opplysningar på siden. 
Navgiasjonen til siden er både enkel samt lett tilgjengeleg. Ein kjem raskt innpå dei sidene ein skal ved å trykkje på ein av undermenyane. Eit av føremåla til Rønningen Folkehøgskole sin heimeside er å få både unge og elre til å kunne navigere raskt fram og tilbake på dei enkelte sidene uten å rote seg bort.

Bildebruken til siden er både spennande, fargerik og noko av det som gir lyst til å undersøkje vidare.
Dei har brukt mange ulike bildetypar, alt frå stemnigsbilder, portretter, sportsbilder, landskapsbilder osv. Dette er også med på å gjere informasjonen spennande.
På nokre av undersiene er det lagt ut bilde slideshow slik at bildene vert vist i ein slags fim/presentasjon.

Eg tykkjer denne heimesiden presentere ein godt samansatt web-side med eit velfungerande web-design.
Den er brukarvennleg, informativ samt kreativt laget.

Link til heimesiden: http://www.ronningen.fhs.no/

 

“Dårlig” web-design
Målgruppen for heimesiden til Stryn kommune er hovudsaklig barn, unge og eldre. Her skal mykje informasjon om tenestane i kommunen formidlast.
Skrifttypen innpå siden er grei, men det er bruk mange ulike størrelsar som skaper eit rotete preg.
Det er også mykje skrift på siden slik at informasjonen lett vert borte.
Fargevalet er enkelt. Det er brukt få få farger og lite fargar for å framheve informasjonen.
Navigasjonen er på siden tungvind. Her må ein inn på fleire undersider for å nå fram til det ein leiter etter. Det er og uklart å vite korleis ein skal leite etter kva for informasjon.
Ein kan konkludere med å seie at sider som verkar opplagte er ikje gode nok.
Når det gjld bildene på siden kunne det vert brukt mange fleire som illustrerar dei ulike tenestane i kommunen.
Det hadde også vert med på å mjuke op i all teksten. Eks. under “Ung i Stryn”, her burde det ha vert bilder av ungdom i alle dei ulike tingene dei kan vere med på i kommunen. Slik som biblioteket, svømmehallen, ungdomskafè, idrettsparken osv.

Eg tykkjer heimesiden til Stryn kommune presenterer ein lite brukarvennleg web-side med eit lite velfungerande webdesign.
Den er rotet og vanskeleg å nå fram på. Her ligger ogå mykje gammal informasjon, noko som eg trur ikkje vert oppdatert jamnleg.
Siden framstår som kjedelig og uoversiktleg. 

Link til heimesiden: https://stryn.kommune.no/

Standard

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.5 Videreutvikling av logoskissa

No har eg laga meg tre flotte logoskisser som seier litt om kven eg er som person. I det neste steget skulle ein selektere ut den eine logoskissa som ein vil arbeide med (vidareutvikle). Dette arbeidskravet gjekk nettopp ut på det å vidareutvikle det ein hadde laga.  Som grafisk designer kan ein gjere om på fargevalet, skrift-stilen, legge på litt meir detaljar (skissere opp andre gjenstandar som ein føler kanskje burde vere med) osv.

LogoskisseMID131-fotografen Simen Gald

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.5 (Viderutvikling av logoskisse)Eg har i dette arbeidskravet vidareutviklet min logoskisse som var av kameraet og kameraveska. Av dei tre logoskissene eg skisserte opp i førre arbeidskrav følte eg at det var dette som både appellerte til meg men og mine medstudenter. Veldig mange snakker om at eg nesten alltid har eit kamera rundt nakken når dei møter meg. Difor  tenkte eg litt ved meg sjølv om å kanskje satse 100 % på denne logoen.

Det eg har fokusert på her er å føye til litt meir på sjølve kameraet men og det i bakgrunnen. Eg har på kameraet lagt på ein reim kor det står Canon på. Dette for å få fram akkurat kva for slags kameratype eg bruker. Fargane på reimen er svart med raud og litt kvit skrift. 

I bakgrunnen har eg skissert opp to lysstativ, dette for å få fram at studiofotografering er noko som eg liker å drive på med på fritida. Lysstativa vil eg skal vere svart frå botn til topp, og sjølve lampa vil eg skal vere kvit. Resten av fargane på både kameraet og veska er dei same som før. Eg har forklart fargane i arbeidskrav nr.4 (logoskisser). 

 

 

Standard

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.4 Logoskisser

Skisse nr.1
Eg har valt å lage denne logoen fordi det fortel noko om kva studieretning eg går no. I tilegg til at det er ein av mine interesser/hobbyer.

Til kameraet vil eg det skal vere ein svart og grå farge. Til kameravesken vil eg ha ein meir lysegrå med mørkeblå bord rundt kantane. Namnet vil ha litt lysare blå. 

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.4

 

 

Skisse nr.2
Fiskestangen skal vere svart med blått handtak og gulfarga snelle. Sjølve fisken skal vere sølvfarga og svak blå (som ein makrell). Namnet kan vere i mørkeblå farge. Fiskestangen skal vere svart med blått handtak og gulfarga snelle. Sjølve fisken skal vere sølvfarga og svak blå (som ein makrell).   Eg valte å laga denne logoen fordi det å fiske er ein av mine store interesser og fordi eg fisker så ofte som eg kan når eg har moglegheit. 

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.4

 

 

 

 


Standard

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.3 Videreutvikling av skisse

Etter å ha laga ei skisse ut i frå eitt av tre produkt var neste oppgåve å bruke den konstruktive kritikken ein hadde fått, og gjere nokre forandringar i skissa. Arbeidskravet denne gongen var å utvikle skissa endå meir. Ein skulle som sagt ta i bruk dei kommentarane eller feedbacken ein hadde fått frå førre time med grafisk design der ein satt i grupper på tre-fire personar og diskuterte kring sitt design. Innleveringsfristen var fram til onsdag 02.10-13. Endringane ein hadde gjort ved skissa skulle innleverast både på Fronter og i studiebloggen. Det var viktig at ein hadde notert ned litt av kommentarane/feedbacken som ein hadde fått i frå medstudentane. 

Skisse nr.2 “Krukken”

Arbeidskrav 3. Grafisk design 02/10-2013Endringar eg har gjort ved designet

Ved endring av designet til hudkremen A-Creme prøver eg å framstille produktet som miljøvennleg og hudvennleg. Målet er at det skal verte fristande å kunne kjøpe produktet. Av tilbakemeldingar frå medstudentane i klassa er kanskje krukkeforma den enklaste å ta med seg og grei å ha i skåpet. 

Av kommentarar/feedback har eg valt å behalde fargevalet og designet til produktet. Det eg har endra på er utsjånad på etiketten. Nokre av medstudentane synes at etiketten på krukka var kjedeleg. Eg har difor valt å leggje til ein bord med nokre blad på. 

 

 

Standard

MID131 Grafisk design arbeidskrav nr.2 Skisser

I heimeoppgåve til neste onsdag (25.09.2013) skulle ein velje mellom tre produkt. Alle produkt slit med å appellerar til dagens unge. Ein skulle redesigne emballasjen til eitt av dei tre produkta. Det skulle lages 2-3 forskjellige skisser av det nye designet der ein prøvde ut ulike idear/layouter.
Målgruppa for alle tre produkt er: “Menn og kvinner, 20-30 år. Studenter på høgskulenivå som bur på hybel i ein småby/tettstad i Noreg”.

Skisse nr.1  “Flaske”
Den første skissa mi er lett å anvende fordi, korken på flaska er lett å lukke og  at flaska er lett å trykkje inn. Flaska er og lett å ha med i ein sekk/veske/toalettmappe, og den er smal og tek lite plass.    

Arbeidskrav 2. Skisse nr.1

 

Skisse nr.2 “Krukke”
Den andre skissa mi trur eg nok appellerar til ei anna gruppe innanfor same målgruppe. Den passar godt inn i eit skåp eller ei hylle på badet. Lett å skru opp og lett å få ut alt innhald.  

Arbeidskrav 2. Skisse nr.2

 

Skisse nr.3 “Dispenser”
Den tredje skissa trur eg nok appellerar til nokon i same målgruppe.  Den er lett å ha ståande på badet, punpa er lett å bruke etter kvar vask, men den er nok vanskelegare å få tømt. Eit pluss med akkurat dette designet er at ein kan bruke den til “refill”.    

Arbeidskrav 2. Skisse nr.3

 

Fellesbetegnelse for alle tre designa:
1. Eg har valt fargane offwhite, lysegrønn og mørkegrønn fordi det appellerar til begge kjønn. Det er “duse” fargar (fargar som passar inn i eit kvart rom).
2. Eg har valt tre forskjellige design som sannsynlegvis passar innanfor same målgruppe.
Eks. Damer som kanskje vel å bruke ei krukke eller ei dispenser, men som sannynlegvis kan velje ei flaske. Og felles dispenser som dei fleste også veljer.
3. Illustrasjonane eg har valt å framstå med er dei same skrifttypane og den same skrifta som folk vil gjenkjenne frå det designet.  Det er viktig med gjenkjennelseseffekten.